søndag 30. mars 2025

Bilete av starten på artikkelen eg fekk
 Namnet Jesus (i) i det gamle testamentet

Dette er tittelen på eit stykke av Arthur E. Glass (ii) som hamna i hendene mine ein eller annan gong uten at eg veit når eller kvar det kom i frå. Utgangspunktet for det han skriv, er tre spørsmål:

«Hva mente engelen Gabriel da han fortalte Maria at hennes barn skulle hete «Frelse»? Hvordan var jødiske navneskikker med tanke på identifisering av den person som bærer namnet? Hadde navnet noen referanser i Tanack, Det Gamle Testamentet?»

Både for jødane og for oss ikkje-jødar, er dei spørsmåla han formulerer viktige, for: «Viss Jesus er vår Messias og hele Det Gamle Testamentet taler om Han, hva kan det da komme av at Hans namn ikke er nevnt selv en eneste gang?»

Hebraisk namnetradisjon

Eg har nokre messianske venner seier at eit hebraisk namn er uttrykk for «personens essensielle natur». A.E.Glass skriv om «den dype betydningen av det hebraiske namn», og viser til Lameks sons namn «Noah» som betyr «Trøyst», «Eber» som kalte sonen sin «Deling» fordi det var då jorda vart delt, og patriarken Jakob som Gud gav namnet «Israel» som betyr «Guds fyrste». (iii)

Ein annan ting med hebraisk skrift som er rart for oss i vår del av verda, er at dei ikkje har store bokstavar. Heller ikkje arabisk. Dei manglar den indikatoren som våre språk har med stor førebokstav i særnamn. Dermed vil ein aldri finna ei skriftform tilsvarande «Jesus» eller «Frelsaren» i Tanakh. Der vil alltid stå «yeshua» (= frelse) . Ordet kan dermed referera seg til «yeshua = frelse» dvs. handlinga, eller vera særnamnet «yeshua =  «Frelsar» dvs. personen. 

Faksimile med forklaring av ordet Yeshuah
Konteksten er avgjerande

Det er samanhengen som avgjer om det er eit særnamn ein har føre seg, eller eit vanleg samnamnsord. Engelens bodskap til Josef har begge:

«Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage ande. 

Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus (= yeshua / = guten), for han skal frelsa (= yeshua / = handlinga) folket sitt frå syndene deira.» (iv) 

Det gamle testamentet / Tanakh

A.E.Glass brukar fleire døme frå Tanakh. Det første er Gernesis / 1. Mos. 49,18 der patriarken Jakob seier: «Eg ventar på di frelse, Herre.»  Uttrykket «di frelse » kan omsetjast både som det står her, eller også «din Yeshua / din Frelsar». (v)

Salme  91, 16 brukar orda: «Eg mettar han med eit langt liv og lèt han sjå mi frelse.» På same måte som sitatet over, kan det hebraiske ordet visa til både handlinga «frelse», og til «Frelsar» (= «… og let han sjå min Frelsar». Jmfr. Opb.22,3-4.)

Endå klårare er det i Jesaias 12, 2-3: «Sjå, Gud er mi frelse, eg er trygg og fryktar ikkje. For Herren er min styrke og min song, og han (vi) har vorte mi frelse. 3  Med glede skal de ausa vatn or kjeldene til frelse.» 

Denne teksten kan dermed forståast slik: «Sjå, Gud er mi frelse / min Frelsar, eg er trygg og fryktar ikkje. For Herren er min styrke og min song, og han har vorte mi frelse / min Frelsar. 3  Med glede skal de ausa vatn or kjeldene til frelse / kjeldene til Frelsaren.» (Jmfr. Joh. 7, 38.) 

Bilete eg tok av eit måleri i ein engelsk katedral
Eit overgangsvitnemål

Den  gamle Simon venta på «Israels trøyst», og sa (vii)

«Herre, no lèt du tenaren din fara herifrå i fred, slik som du har lova. 30  For mine auge har sett di frelse, 31  som du har gjort i stand like for andletet på alle folk, 32  eit lys til openberring for heidningane og til ære for folket ditt, Israel.»

Ordet «yeshua» i v. 30 kan bety både «frelse» og «Frelsar», men ut frå samanhengen her og vidare utover i Det nye testamentet er omsetjinga «For mine auge har sett din Frelsar, 31  som du har gjort i stand like for andletet på alle folk,…» endå meir logisk. Kvirfor? 

Fordi han stod der og lova Gud med «yeshua- barnet» i armane sine. Og det var den same ånd som var i dei gamle profetane som hadde varsla han og ført han til templet den dagen.

Den gamle Simons ord byggjer ei bru frå Det gamle testamentet sitt gudsliv og inn i det komande i Det nye testamentet….

---------------

(i) Det hebraiske namnet som på norsk vert «Jesus» eller «Frelsar», er «Yeshua». (Me finn det også skrive med «h» til slutt, slik det gjerne vert gjort i engelsk-hebraisk: «Yeshuah»). 

(ii) Kopien eg har, oppgjev som kjelde http://www.menorah,org/yeshname.html. Forfattaren, Arthur E. Glass, var nordamerikansk jøde, f.1881, d. 1957.

(iii) Dette er omsetjinga A.E. Glaser gjev. Det finst ei rekke slike utleggingar. Personleg likar eg «Han som kjempa med Gud» og som refererer seg til striden Jakob hadde ved Jabbok-vadestaden. (1.Mos / Genesis 32, 24-32). 

(iv) Matt.1,20-21.

(v) «Yeshua» kan omsetjast med «Frelsar», ei omsetjing som høver i mange tekstar.

(vi) Merk det personlege pronomenet «han».


(vii)
Luk. 2,25-32. 


Bibelsitata: er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve,

Bileta er mine eigne. 

Teksten «Jesus - Yeshuah» fann eg på internett og skreiv ei lita forklaring til.

Det er ikkje lov å\ bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 23. mars 2025

Utsnitt av tittelsida på heftet
«Sionismen. En artikkelsamling»

Bilete av side 80 i heftet
Etter å ha lese Lysestøls bok «Sionismen. Israels statsideologi» der han etter beste evne prøver å bevisa at jødane ikkje har noko historisk rett til landet, og heller ikkje har gått rett fram mot arabarane i området på ein sannferdig måte, er dette heftet godt å ha i handa. I motsetning til Lysestøl som har drege ut korte delar av det kjende personar har sagt og eller skrive, får lesaren her lesa heile artiklar til å trekkja konklusjonar ut frå.

Det svake punktet i heftet er at det ikkje vert gjeve bakgrunn for artiklane, til dømes datering og samanhengen forfattarane uttalte seg i. Som eit eksempel kan eg her nemna Andrei Gromykos artikkel «Det som taler for en jødisk stat» (i), som sikkert er det same som Lysestøl viser til på sidene 79-80 i si bok, og som eg skreiv om i bloggen for 16.02.25.

Bilete av side 26 i heftet
«Møte med «et land uten folk»

At Mark Twain (ii) skildrar eit nake, aude og trist land, er gammalt nytt, og det er vel det Lysestøl siktar til med tittelen han har brukt på eit kapittel i boka si. (iii) Andre del av artikkelsamlinga eg skriv om her, er «Det tomme land» (iv) der me får sitert namn som Ernst Frankenstein, Buckinham, Keith med fleire. Tre år før hadde Conder kalt Palestina «et ødelagt land» med stor nedgang i folketalet, herjingar av omstreifande beduinar, og så vidare.

Ein statistikk med offisielle (engelske) tal frå 1920-36  har denne rapporten (v):

«Palestina, som tradisjonelt har vært et land araberne emigrerte fra, ble etter første verdenskrig et land araberne emigrerte til. (…) Det foreligger ingen eksakte tall vedrørende omfanget av den arabiske immigrasjon mellom de to verdenskriger, men det anslås å ligge mellom 60 000 og 100 000. Hovedårsaken til at strømmen snudde, var jødenes utvikling av landet, noe som skapte nye og attraktive arbeidsmuligheter og i det hele en levestandard som var ukjent i Midt-Østen».

Eit frodig land.
På omvising på jødane sin første
jordbruksskule i Israel 
Lysestøl teiknar «sitt» bilete av det turistar kunne sjå i 1890 om dei tok den ottomanske jernbana frå Jaffa til Jerusalem. Han skriv:

«Dersom europeerne også tok seg en tur på den palestinske landsbygda, møtte de frodige appelsinplantasjer. (…) På togturen til Jerusalem passerte de reisende landsbyer og landbruksområder som viste de var kommet til et gammelt kulturlandskap dyrket av palestinske bønder, bosatt i over 1000 landsbyer.» 

Kanskje var det jorda til jødiske «effendis» dei fekk sjå? Lysestøl siterer Ben Gurions ord om jødane sitt arbeid som «effendis»: 

«Blant de første skuffelsene nevner jeg jødene frå første Aliya. De levde nå som effendis, som skaffet sin inntekt ved å leie billig arbeidskraft til sine plantasjer og gårder». (vi)

----------------

(i) I heftet side 27-29,

(ii) Mart Twain reiste rundt i Det heilage landet i 1867 

(iii) På side 76. i boka hans.

(iv) Side 7. Også denne artikelen manglar dei nødvendige data om  forfattarane og situasjonen utsegna er skrivne på bakgrunn av. 

(v) Side 9 der Palestine Royal Comissions rapport vert omtalt.

(vi) Frå side 81 i Lysestøl si bok. Understrekinga er gjort av meg der han i boka brukte kursiv.

Bileta er mine eigne.

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


søndag 16. mars 2025

Bilete av baksida av heftet eg refererer til
 Litt meir om sionismen

I ein tidlegare blogg var eg innom Andrei Gromykos tale i FN i 1947. Talen står i den israelske ambassadens artikkelsamling, og han seier:

«Når man skal vurdere de forskjellige planer for Palestinas framtid, er det nødvendig først å ta hensyn til den spesielle side av dette spørsmål. Vi må ikke glemme det ugjendrivelige faktum at befolkningen i Palestina består av to folkeslag, arabere og jøder. De har begge sine historiske røtter i Palestina. Dette landet er blitt begge disse folkeslags fedreland og begge inntar en viktig stilling i landet, både økonoimisk og kulturelt. …» (i)

Der er interessant at heilt fram til Ben Gurion hadde proklamert Israel som stat i 1948, vart folket i Palestina omtalt som «jødar» og «arabarar». Begge var registrerte i offentlege dokument som «palestinarar». Konstruksjonen av «det palestinske folket» er ei nyare og oppfinning utan fundament i dei historiske realitetane. 

Gromyko sa vidare i innlegget sitt: «Representanter for araberstatene hevder at en deling av Palestina ville være en historisk urett. Men dette syn på saken kan ikke aksepteres, om ikke annet fordi jødene tross alt har vært knyttet til Palestina gjennom en lang epoke av historien. Bortsett frå dette må vi ikke overse det faktum – og USSR-delegasjonen påpekte det allerede under den spesielle sesjonen i Hovedforsamlingen – at jødene befinner seg i en fortvilet situasjon på grunn av Den annen verdskrig. (…) Dere vet at det var ikke ett eneste land i Vest-Europa som klarte å beskytte jødenes interesser mot Hitlers vilkårlige handlinger og vold…» (ii)

Bilete av side 81 i heftet

Lysestøl brukar eit heilt lite kapittel (iii) på å bevisa at jødane ikkje har rett til landet dei i dag kallar Israel. Han viser til GT eller Tanakh og til den fortvila situasjonen jødane stod i under og etter den andre verdenskrigen. I tillegg til alt det andre han klagar jødane for, seier han at jødane utnytta empatien som då rådde i verda, til å «innta» Palestina og fordriva folket som budde der!

«FN bryter folkeretten». (iv)

Dette kapitelet startar med å forklara Lysestøl sitt syn på det som skjedde då England avslutta Palestina-mandatet. På sidene vidare kjem han med mange, og etter mitt syn, viktige usanningar. Han angrip FN for å ha blitt «et redskap for en minoritet» (= jødane), og går vidare inn på korleis delingsforslaget vart vedteke 29.11.1947 med 33 for,13 mot og 10 blanke. Alt jødane si skuld, for dette var det forslaget dei hadde støtta i UNSCOP. (v)

Frå debatten siterer Lysestøl Alfred Lilienthals bok «What price Israel?» då det var snakk om kvar jødane kunne slå seg ned: «La dem reise til Palestina hvor det er store landområder, en sterk økonomi og ingen problemer. Flyktningene kan lett få plass der». (vi)

Bilete av side 82 i heftet
«Rettferdighet mot araber og jøde»

Som referert før, støtta jødane FNs delingsforslag i 1947. Det var arabarane som nekta og gjorde at planane ikkje vart noko av. I artikkelsamlinga frå den israelske ambassaden står ein liten artikkel av Churchill med overskrifta du ser over. Der kan me lesa:

«Hvem ble Balfour-deklarasjonens løfte gitt til? Det var ikke til jødene i Palestina, ikke til dem som virkelig bor i Palestina. Det ble gitt til verdens jøder og spesielt til sionist-bevegelsen. (…) Løftet om et hjem for flyktninger, om et fristed, ble ikke gitt til jødene i Palestina, men til jødene utenfor Palestina, til den store, ulykkelige masse av adspredte, forfulgte, vandrende jøder viss brennende, uforanderlige og ukuelige ønske har vært et nasjonalt hjem». (vii)

Bilete av side 50 i heftet

Artikkelen forklarar vidare Churchills syn på samarbeidet med arabarane. Han meinar dei har vorte rettferdig handsama av England. Det meinte også oberst Lawrence som var den sentrale personen bak overgjevinga av 75% av mandatområdet (noverande Jordan) til arabarane. Dessuten, skriv Churchill: «Palestina-araberne har naturligvis for det meste kjempet mot oss…»

Ved sida av ser du eit utsnitt av Ben Gurions proklamasjon på frigjeringsdagen i 1948. (viii) 

Etter å ha arbeidt med Lysestøl si bok, sat eg att med ei rar kjensle. Det var nesten som om det var «Sions vises protokoller» (ix) eg hadde hatt i hendene mine….

-----------

Merknad: Bileta er mine eigne. Det "Fra Israels Uavhengighetserklæring" er kopi frå side 50 i boka.

(i) Frå side 27-28 i artikkelsamlinga. Så langt eg forstår, heldt han talen i 1947.

(ii) Frå side 28 i heftet. 

(iii) Kapitlet «Et jødisk folk, en jødisk nasjon» frå side 57 og utover.

(iv) Hovedkapittel frå side 121 og utover. 

(v) Bokstavane står for «United Nations Special Comitee on Palestina», ein komite som skulle utgreia spørsmålet for hovudforsamlinga. 

(vi) Frå side 126 i Lysestøls bok, med fotnote 194.

(vii) Frå side 33 i artikkelsamlinga.

(viii) Får side 50. 

(ix) «Sions vises protokoller» er ei bok som kom ut først på 1900-talet. Boka er eit antisemittisk verk som fortel om ein oppdikta jødisk-frimurar-konferanse  som skulle ha føregått samstundes med første sionistkongressen i Basel i 1897. 

Bileta har eg teke sjølv.

Det er forbode4 å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


søndag 9. mars 2025

Framsida på dagboka mi vart ekstra aktuell...
Benign paroksysmal posisjonsvertigo 

«Kva i all verda er dette?» - Det var det eg tenkte då eg vakna og oppdaga at jorda gjekk rundt.

Ja, eg visste frå før at jorda går rundt sola, og at ho i tillegg går rundt sin eigen akse. Det høyrde med til barnelærdommen som han far, læraren, prenta inn i oss enten me var på skulen eller ikkje. Om me låg i åkeren og renska ugras, eller me var ute og dorga etter taretorsken på fine vårkveldar, var det alltid noko han ville læra oss, eller lekse eller salmevers han ville sjå om me kunne.

Men hin morgonen gjekk ikkje jorda berre rundt sola, og heller ikkje berre rundt sin eigen akse. Ho gjekk rundt meg! Eg la hovudet ned att på puten, men like lite ville ho stå i ro. Turen til badet for å finne ei bøtte å kasta opp i, vart reine ekstremsporten!

«Man går i fare hvor man går»

Dette høyrde eg sagt då eg var liten. H.A. Brorson skreiv «Jeg går i fare hvor jeg går» (i). På ekte nynorsk slik E. Blix omsette det, vart det: «Eg gjeng i fare kvar eg gjeng». Og då den meterbreie gangen på toppen av loftstroppa mellom soverommet og doen vart ei utfordring, forstår du kanskje korleis eg oppdaga kor sanne desse orda er!

Det latinske namnet eg brukte til overskrift, betyr noko så rart som «Krystallsykje». Den allvitande internettveven fortalde meg om nokre krystallar som hadde losna i nokre bogegongar eg skal ha inne i øyra, at sjukdomen var ufarleg og ville normalt gå over etter nokre dagar. Om det var noko trøyst!

Etter å ha kasta opp lenge etter eg hadde noko å få opp gjennom halsen, er eg i skrivande stund mykje betre. Så bra at eg kan starta å tenkja på andre ting enn at jorda ikkje vil stå still. Beste hjelpa vart å sitja i godstolen med eit teppe over beina - eg fraus i tillegg. Det å halda toppetasjen vertikal, vart beste medisinen for meg. Mitt velmeinande råd til deg og om du skulle få benign paroksysmal posisjonsvertigo er derfor å gjera nettopp det.

Framsida på boka eg lånte
Dokteren sa eg skulle sitja på senga og så leggja meg skiftevis mot høgre og venstre. Det var rådet han hadde å gjeva meg. Du får prøva du. Jorda ville ikkje slå seg til ro, enten eg gjorde meg til venstremann eller høgremann. Ergo valde eg å halda fram som gammal KrF-medlem, - i solid sentralposisjon. Bom i ro i godstolen. Det hjelpte!

«My story»

Bergen Bibliotek fortalde meg at eg var den åttande som venta på boka og at ventetida kunne verta lang. Men då eg gjekk til vårt lokale bibliotek, fekk eg boka berre etter nokre dagar. Ei bok eg hadde gledd meg til å lesa: Benjamin Netanyahu: «Bibi. My story». (ii) Men med sine 725 sider vart både boka og innhaldet for tung no. Eg las eit stykke, tok pause, og las litt til. Slik heldt eg på til Bibi var komen inn i diplomatiet. Då gav eg opp.

Boka er svært omstendeleg med mange detaljar, men er lærerik. Ikkje minst syntest eg Bibis bror, Yoni, trefte spikaren på hovudet då seksdagarskrigen var i emning  og han vart kalla inn i militæret:

«We’ll win», he said simply, «We have no other choice.» (iii) Betre kan det knapt seiast!

Som me veit starta krigen den 5.juni og slutta den 11. Då hadde Israel teke kontroll over Sinai, Judea, Samaria, Gaza og Golanhøgdene i tillegg til Gamlebyen i Jerusalem.

Eg lika også det Yoni skreiv til faren i Amerika etter han hadde vorte skadd i kamp, men likevel ville vera i Israel: 

Og baksida....
«We must kling to our country with our fingernails and with all our strength. Only if we do so will Israel remain the State of the Jews. Only them will they not write in the history books that once indeed the Jews roused themselves to action and held on to their land for two decades, but they were overwhelmed and once more became homeless wanderers. That is why I have to be here now». (iv)

Vektar-røyster

Den siste tingen eg vil ta fram frå det eg las, er at far til Bibi (v) såg den vonde utviklinga i Europa i 1930-åra.  Han skreiv:

  «Racial antisemitism is inciting a global war against the existence of the Jews, as a race that «poisons» human society. If racial antisemitism spreads, it will not only endanger Jewish rights but the existence of Jewish people everywhere». (vi)

Herzl og Jabotinsky arbeidde for å få jødane til å rømma frå områda der Hitler sine bødlar seinare skulle drepa 6 000 000 jødar. Til fånyttes, dessverre. Ze’ev Jabotinsky (vii) skreiv i 1938:

«For three years I have been imploring you, Jews of Poland, the crown of world Jewry, appealing to you, warning you unceasingly that the catasatrophe is nigh. (…) Time is growing short for you to be spared. I know you cannot see it, for you are troubled and confused by everyday concerns…(…) For God’s sake: let everyone save himself. So long as there is time to do so, for time is running short». (viii)

Kva ville desse tre sagt i dag om dei fekk oppleva den generaliserte antisemittismen og antisionismen som rår i verda? Dei levde i håpet om at ein dag skulle Eretz Israel stå fram or støvet. Kva ville dei sagt i dag då Israel er ein stat som dagleg kjempar for å overleva? Ville dei ropt Jebotinsky’s ord ut over verda:

Come now «for time is running short»?

------------

(i) Salme i «Troens rare klenodie», 1739, av H.A. Brorson, f 1694, d 1764 i Danmnark.

(ii) Utgjeve på Treshold Editions, New York, London, etc.,  år 2022. 

(iii) Sitert frå nedst på side 41. 

(iv) Sitat frå side 63 i boka.

(v) Benzion Netanyahu, f. Polen 1910, d. Israel 2012.

(vi) Sitat frå side 107 i boka. 

(vii) Ze’ev  / Vladimir Yavgenyevich Jabotinsky, f. Odessa 1880, d. USA 1940. 

(viii) Sitat frå side 108 i boka. 

Merknad: Eg har valt å ikkje omsetja sitata. 

Det er ikkje lov å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen utan skriftleg løyve frå meg.


søndag 2. mars 2025

Uversskyer....
 «Mors historie»

Dette er tittelen på Mona Levins (i) bok om familien hennar og tida før, under og etter andre verdenskrig 1940-45. Som i liknande bøker av og om jødar i Noreg, fortel ho om aktive, vel integrerte menneskje i sport og kulturliv, og i samfunnet generelt. Forteljinga om forfedrane hennar som kom til Noreg for å finna arbeid og ei trygg framtid, stemmer med soga til dei fleste jødane i landet vårt. 

Bakgrunnen deira var Aust-Europa, pogromar og overgrep dei vart utsette for på nytt og på nytt. Noreg oppfatta dei som eit trygt land. Om dei var fattige, kunne dei leva trygt her. Stort sett fekk dei driva arbeidet sitt i fred utan å møta større motstand etter Wergelands harde arbeid og fjerninga av grunnlovens paragraf 2.

Men noko endra seg etter første verdenskrig. Forfattaren siterer eit innlegg i Aftenposten frå 1924 om jødane: «De kommer inn som sildestimer. De setter sig fast over hele byen. Det er snart ikke en fruktbutikk, et utsalg av brukte klær, et lager av ure og annet kram uten at det står en smilende jøde bak disken. Osterhauggaten er fremtidens getto eller jødekvarter. Men bare vent, om noen tid finder vi dem som smarte eiere av villaer på vestkanten. (…) Snart har de foten innenfor en avis, en bank, Universitetet og Nasjonalgalleriet».(ii)

Levin kommenterer utsagnet med at «sildestimen» utgjorde frå 1918 til 1940 400 jødar, og at det aldri vaks fram noko «getto» her. 

Framsida på boka eg las
«De snikende truslene»

I dette kapitelet fekk eg lesa om det som skjedde i Europa i førkrigstida både før og etter Nürnberglovane, og teikna på Hitler sine planar for både Europa og for jødane som vart klårare og klårare. Forfattaren skriv:

«Nasistene ville gjøre Europa «Judenrein». Livet for jøder skulle gjøres så vanskelig at de ble nødt til å flykte. (…) Folkeforbundet, FNs forløper, ba den amerikanske presidenten Franklin D. Roosevelt om å gjøre noe, Han innkalte alle land i verden til et møte for å finne en måte å redde de tyske og østerrikske jødene på. Konferansen foregikk i Evian i Frankrike i juli 1938. 32 land deltok, deriblandt Norge, og det viste seg at ingen av dem ville åpne dørene. Tyskland kunne begeistret konstatere at skjønt alle kritiserte tyskernes handlinger, grep ingen den anledningen som nå bød seg til å hjelpe Europas jøder.  Historiebøkene er stort sett tause om dette».(iii)

Levin skriv at mellom 350-400 jødar som rømde frå nazistane, kom til Noreg i den tida.


Modell av "det som ein gong var..."
Ei framtid i det engelske mandatområdet Palestina?

Om det skriv Levin: «Andre var sterkt påvirket av Theodor Herzls drøm om en jødisk stat i Israel. Den sionistiske bevegelsen fikk aldri noen stor oppslutning her i landet. De som var kommet hit, valgte Norge og tryggheten. De mest ideoligisk aktive reiste rundt og oppfordret jødisk ungdom til å være med å bygge et nytt liv i Det hellige land.» (iv) 

Men trass i at jødar som Kurt Dublon agiterte for eit eige land i det engelske mandatområdet, fekk dei lite gehør for tankane sine. I denne samanhengen skriv Levin noko eg aldri hadde lese før: 

«Så gikk det ikke lang tid før norske jøder ble oppfordret til å pakke seg nettopp til Palestina – «Palestina kaller» sto det malt med store hvite bokstaver sammen med hakekors, på vinduene til enkelte jødisk-eide forretninger».(v)

- og baksida
Levins familiesaga

Etter å ha lese boka frå perm til perm, vart eg sitjande og tenkja gjennom det eg har lese av og om norske jødar i den perioden Levin skreiv om. Så langt eg kan sjå, er fellestrekka generelle og samsvarande. Det gjeld bakgrunnen til dei som kom, måten dei arbeidde på, og korleis dei integrerte seg i det norske samfunnet. Eit felles mål for alle dei eg har lese om, synest å vera det same som Jo Benkow hadde, «å vera ekte norsk». Dei trudde og, då uversskyene tok til å tårna seg opp over Europa, at dette ville gå over. Dei overgrepa det gjekk rykte om, ville nok aldri nå landet vårt…

«Nordmenn arresterte nordmenn».  (vi)

Vonbrotet for norske jødar var stort og sårt etter som tida gjekk fram mot deportasjonane til Tyskland. Levin skriv: «Nordmenn arresterte nordmenn. I andre land sto Gestapo bak disse arrestasjonene. Oslos drosjer og drosjesjåfører var satt inn for å hente norske borgere, og stilte pliktoppfyllende på de forskjellige adressene hvor det bodde folk som var skyldige i én eneste ting: De var jøder».

At «nordmenn arresterer nordmenn», er normalt. Det skjer kvar dag med norske borgarar. Men for jødane som kjende seg integrerte i det norske samfunnet, og som no vart arresterte berre fordi dei var jødar, var det sjokkerande. Segregeringa som raseideologien og seinare nazismen hadde fostra fram, hadde dei oversett eller kanskje undertrykt i von om at «om ei stund vil alt verta som før».

Slik vart det altså ikkje. Segregeringa var framleis ein realitet for dei norske jødane som vende heim att. Levin skriv om «Den lange reisen hjem». (vii) Ho fortel om dei vanskane som familien og dei andre jødane møtte, og den motviljen den norske etterkrigs-staten hadde då dei skulle å retta opp att dei tap nazistiske overgrep hadde påført jødane i staten sitt namn. 

Det er ingen tvil om at «reisen hjem» vart unødvendig lang og hard for dei som kom tilbake. Det gjekk og altfor lang tid før norske styresmakter bad jødane om tilgjeving for overgrepa dei vart utsette for både før og etter krigen. 

Som for norske krigsseglarar, kom dei fine orda først då fleirtalet av dei låg i grava…

-----------

(i) Mona Levin, f. 19.11.1939 i Oslo. Forfattar av boka «Mors historie…en familiesaga», Kagge forlag, Oslo, 2015. (Den eg har lese, er frå 2. opplag.)

(ii) Frå side 30.

(iii) Frå side 37-38.

(iv) Frå side 39-40.

(v) Frå side 40. 

(vi) Frå side 149. 

(vii) Sitat fra side 213.

Biletet av modellen av templet i Jerusalem tok eg i 2015.

Det er ikkje lov å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skiftleg løyve frå meg.