søndag 21. desember 2025

Minnesmerke på den jødiske
gravplassen i Trondheim
med namna på dei tyskarane drap

Ein god ide!

Snart er det julekveld og med den kjem dei obligatoriske gåvene, - både dei me treng og dei me har gleda (?) av å gå til butikken og byta når kalendaren viser nytt år. Eg for min del har sagt at eg ikkje vil ha julegåver, - med unnatak av til og frå barneborn og oldeborn. Dei har endå spenninga med både å gøyma og å finna pakkar under juletreet. Det er noko som til og med ein gamling vert glad av å sjå!

Ny vri på gammalt nytt

Ein dag for ein del månadar sidan dumpa det ned ei boka på stovebordet mitt med kommentaren: «Denne burde du lesa». Det var boka «Leksikon om lys og mørke» av Simon Stranger. i Temaet han tek opp i boka, er soga om Henry Rinnan ii, den mest kjende av dei som samarbeidde med tyskarane under krigen i Trøndelag, både som angjevar og torturist.

Omtalen på baksida av boka
Ideen med «leksikon», det vil seia alfabetisk inndeling av stoffet frå «a» til «å», og måten forfattaren kledde historiske data inn i forteljinga, var tiltalande. Personane, også dei av Stranger sin familie, fekk ansikt og vart «menneske». Dette gjeld og Henry Rinnan, personane rundt han, og dei som utgjorde det jødiske miljøet i Trondheim og omland.

I landet vårt har me berre to stader der det har utvikla seg levande jødiske miljø med synagogar som samlingsstad, Oslo og Trondheim. Synagogen i Trondheim var innvigd i 1925 då «Der mosaiske trosssamfunn» fekk kjøpa den gamle og vakre jernbanestasjonen. I dag held også «Det jødiske museum» til der.

Første jødane kom til byen på 1800-talet, og på det meste var det nokre hundre jødar i byen. Dei første var omreisande handelsmenn, men etter kvart kom det jødiske forretningar i sjølve byen. Bøkene presenter lesaren for soga til jøden Hirsch Komissar iii som kom til Trondheim i 1915. Han gifte seg i 1916 med Marie Wolfson som var vaksen opp der. Dei fekk tre born.

Framsida på boka eg las

«Leksikon om lys og mørke»

Familien Komissar dreiv klesbutikkar i Trondheim, mellom anna motemagasinet «Paris-Wien». Alt vart konfiskert nokså tidleg i krigsåra. Sjølv vart Hirsch Komissar arrestert i januar 1942. Han vart snart overført til Falstad fangeleir som er kjend for si mishandling av jødiske fangar. Saman med ni andre jødar, vart han så skoten i oktober same året.

Resten av familien reiste då til Oslo. Dei kom seg over til Sverige og overlevde. Etter krigen kom dei tilbake til Noreg og fekk spørsmål om å flytta til Trondheim for å hjelpa til med å få forretningane på fote att. Det var slik svigerfamilien til Simon Stranger kom til å bu i det huset Rinnanbanden hadde halde til. (Meir om dette finn du i boka.)

Slektstilknytinga til Stranger og familien si soge fletta inn i dei historiske fakta, er for meg berebjelken i begge bøkene eg skriv om i dag. Dei fortel om ein del av norsk soge som aldri må gløymast korkje av jødane overgrepa gjekk ut over, eller av oss «ikkje-jødar» som ser det heile utanfrå.

Framsida på bok nummer 2
«Museum for mordere og redningsmenn»

Dette er andre boka til Simon Stranger som eg lese. Her har forfattaren valt å ta lesarane på vandring gjennom eit tenkt museum. Gjennom 367sider har me vandra frå rom til rom, og sit etter endt vandring att med eit godt bilete av personane og samtida hendingane føregjekk i.

Som i «Leksikon om lys og mørke» kombinerer forfattaren kjende fakta med tankar han har gjort seg rundt det som hende, alt spunne rundt både enkeltmenneske og familierelasjonar.

I daglegtalen ville me sagt at forfattaren har gjeve historiske fakta «kjøt på beina». Bøkene er lette å lesa og litt uvanleg organiserte sidan han har valt å organisera den eine som eit leksikon, og den andre som ei museumsvandring.

Slik eg opplevde det, plasserer forfattaren «meg» som lesar inn i «den-gong-då-tida». Han vil visa korleis ting skjedde og så langt han har funne ut, kvifor det ting vart som dei vart. For meg var opplevinga positiv. 

For meg er desse to bøkene nyttige og lærerike pakkar som bør finast under mange juletre!

Med dette ynskjer eg alle lesarane ei velsigna, roleg og god jul!

-------------- 

i Simon Stranger, f. 11.02.1976, voks opp på Lilleaker i Oslo. Har studert filosofi og religionshistorie ved Universitetet i Oslo, og har gått på forfattarstudie i Bø i Telemark. Han debuterte i 2003. «Leksikon om lys og mørke» kom ut i 2018, og «Museum for mordere og redningsmenn» i 2023.

ii Henry Oliver Rinnan, f. 14.05.1914, d. 01.02.1947, var frå Levanger. Vart kjend for si evne til å spora opp og fengsla medlemar av motstandsrørsla. Var leiar for den såkalla «Rinnanbanden» som hadde tilhald i huset som svigerfamilien til Simon Stranger budde i etter krigen.

iii Hirsch Zvi Komissar, f. 09.06.1887, drepen 07.10.1942 på Falstad. Oscar Mendelsohn har 11 referansar til han i boka si om «Jødenes historie i Norge». Han var utdanna ingeniør, men dreiv klesforretning i Trondheim.

Det er forbode å bruka  bilete og tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Foto av sidene i "Dag og Tid" i november 2025

Her ser du ein tosiders artikkel i «Dag og tid» av 28.11.25 som eg fekk tilsendt frå den faste lesaren som kjenner mi interesse for jødar. Du verden så velsigna det er å ha venner som veit kva eg les, og som hjelper meg med stoff!

Artikkelen gledde meg, endå så trist han var. Bjarte Bruland i greidde å skapa eit levande bilete av den jødiske advokaten Einar Nathan som miste livet i tysk fangenskap i lag med så mange andre av jødane som budde i Noreg då tyskarane hadde makta i landet vårt.

Bilete av eit menneskje

Eit av problema med deportasjonen av norske jødar, er at statistiske data og fagleg informasjon er så omfattande at lesarane ikkje greier å få auga på menneske bak tala. Men her har Bruland gjort eit godt arbeid, - i alle fall slik eg opplever det.

Overskrifta på artikkelen Bruland skreiv, er eit sitat frå noko Nathan sjølv skreiv i det jødiske månadsbladet «Hatikwoh» ii i 1938. 

Hovudillustrasjonen på nært hald.

Einar Nathan var fødd i 1886 og var av ei sentral slekt i det jødiske miljøet i Oslo. Bestefar hans var første forstandaren i «Det Mosaiske Trossamfund» då det vart grunnlagt i 1893, og faren, John Nathan, overtok same stillinga i 1898. iii

Bruland skriv elles om Nathan: «Han var ein av dei første – om ikkje den første – norske jøden som fekk akademisk utdanning. I 1904 tok han avsluttande eksamen som jurist ved Universitetet i Oslo.»

Antisemittisk forfylging?

Vidare skriv Bruland: «I 1926 vart han skulda for heleri av sølvtøy, og han vart frådømt løyvet til å drive som høgsterettsadvokat. Saka vart omtalt i aviser over heile landet. Då dommen vart lesen opp, braut han saman. I fortviling utbraut han: «Dei kunne like godt ha sperra meg inne på livstid»».

Men protestane var mange, og i fleire aviser vart det gjeve uttrykk for at dette var politisk forfylging. «Berre ein månad etter at tingretten hadde teke høgsterettsløyvet og levebrødet frå Nathan, kom ankesaka opp i lagmannsretten. Denne gongen var rettsforhandlingane kortvarige: Nathan vart frifunnen på alle punkt,» står det i artikkelen.

Kamp mot antisemittisme
Illustrasjon med tittelen: 
Advokat Nathan: "...Hvad er det for
en mand man tør beskylde
for heleri?"

Etter som krigen nærma seg og den antijødiske propagandaen vart sterkare og sterkare, engasjerte Nathan seg i kampen mot uvesenet i aviser som Arbeiderbladet. Han prøvde og å starta ei foreining mot antisemittisme, og vart ein av dei norske jødane som markerte seg mest i denne striden. Då tyskarane hadde innteke landet, var det derfor naturleg at Nathan, på same måte som Sigrid Undset, fort kom i deira søkjelys.

Arrestert.

Første gongen han vart fengsla, var det likevel ikkje av politiske årsaker. Bruland skriv noko som kan berre vera ein anekdote, om møtet med to tyske offiserar på eit fortau i Oslo. «Og på fangekortet står det kvifor Nathan vart arrestert: Han hadde visstnok forulempa ein tysk offiser. Meir skulle det ikkje til for ein jøde.»

Den gongen vart han sitjande i Møllergata 19 rundt fire månader. Så vart han ført over til ein tysk konsentrasjonsleir i Åneby i Nittedal. Frå opphaldet der finst vitne på mishandlinga han fekk. Derfrå gjekk turen til Grini, der han vart slept ut att i juni 1941.

Hausten 1942 vart han fengsla på nytt, innrapportert av ein «fyllik og koneplagar av verste sorten», skriv Bruland. Etter eit kort opphald i Møllergata 19, gjekk turen til Grini der han vart fleire gonger sterkt mishandla, men overlevde.

19.november 1942 vart han og 18 andre jødar deporterte med «Monte Rosa». Artikkelen er illustrert med fangekortet hans datert 26. november 1942, og viser bilete av Nathan som kanskje er frå første fengslinga (Oslo 1941)?

Sluttord

Bruland sluttar artikkelen sin med: «Denne artikkelen er berre eit lite bidrag til å syte for at minnet om Einar Nathan ikkje forsvinn heilt i historia».

Jødane, då eg var i Krakow, lærde med at eit menneskje i jødisk tankegang døyr to gonger. Først er det den fysiske døden når hjarta har slutta å slå og kroppsfunksjonane har halde opp. Den andre, og verste døden, er når minnet om den avdøde ikkje finst lenger.

Derfor er denne artikkelen i «Dag og tid» med på å halda denne markante, norske jøden «i live» endå det har gått 80 år sidan han som ein av 6 000 000 jødar miste livet i nazistane sine umenneskelege leirar.

Med dette vil eg ynskja alle lesarane ei riktig GodJul!

----------------- 

i Bjarte Bruland, f. 11.04.1969, er ein historikar som er kjend for sin kunnskap om jødar i Noreg. Han tok doktorgrad i 2018 om «Holocaust i Norge. Registrering – Deportasjon – Tilintetgjørelse», og har gjennom mange år vore knytt til jødisk museum i Oslo.

ii Bladet vart starta i 1929 av det Mosaiske Trossamfund. Etter det som står på internett, skal bladet koma ut framleis.

iii Det står mykje om denne slekta i Oscar Mendelsohns bok frå side 213 og utover. Berre om Einar Nathan har Mendelsohn 23 henvisningar i personregisteret bak i boka!

Bileta har eg teke eller scanna frå avisa. 

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 14. desember 2025

 

«Jødisk innvandring til Bergen 1851-1933»

Dette var tittelen på eit foredrag Per Kristian Sebak heldt i serien «Mandagsforedrag» på Bymuseet i Bergen måndag 24. november. Dette var det siste foredraget i denne serien i 2025 og nummer 14 sidan starten på haust-semesteret i august. Foredraga startar klokka 12, varer rundt rekna ein time og tek føre seg eit svært breitt utval av emne. 

Det som drog meg, var vinklinga til det jødiske miljøet i Bergen. Boka han hadde tidlegare gjeve ut om same emnet, hadde eg lånt på biblioteket før, og lånte ho på nytt for å friska opp det han skreiv.

Boka er interessant og informativ. Det eg derimot sakna var avklaring av forskjellege klassifiseringar for oss ikkje er historikarar. Til dømes skriv han om «vestjødar» og «austjødar». Slik eg las det, var det ei deling av dei askenasiske jødane sidan dei fleste han skreiv om, kom frå Aust-Europa. Men eg greidde ikkje å få eit klårt bilete av kvar området til «austjødane» og «vestjødane» var. Han brukte og uttrykket «sekulærjøde», uten at eg sat att med ein klår definisjon. Er det ein «sekulærjøde» ein som har gått over til statskyrkja eine og åleine for å få driva forretning, og som dermed formelt og juridisk er «ikkje-jøde»? Eller tilhøyrer «sekulærjøden» ein jødisk familie, men som ikkje bryr seg om eller tek avstand frå jødiske religion og tradisjon? 

Sebak sa at «austjøde» og «vestjøde» var nemningar som kom i bruk på 1800-talet, og at det ikkje hadde noko med delinga i askenasiske og sefardiske jødar å gjera. Den inndelinga var mykje eldre, sa han, Men eg vart ikkje noko klokare av den grunn.

«Det du ikkje har i hovudet, kan du finna på internett!»

Dette har vore eit slagord i norsk skule siste tiåra. Som gammal lærar prøvde eg meg fram, men vart ikkje så mykje klokare på den måten heller. 

Her er to døme frå Wikipedia: «Asjkenaziske jødar eller asjkenazím, òg kalla (høg)tyske jødar og austjødar, er den gruppa av jødar som tradisjonelt har jiddisch til morsmål og som dei siste kring 1000 åra tradisjonelt har holdt til i Sentral- og Aust-Europa.» ii

For meg er dette hovudverket om jødane i Noreg 
Ein annan stad hjå Wikipedia: «Vestlige jøder som stammer fra nordlige Frankrike, fra Nederlandene, historiske Tyskland, Østerrike-Ungarn, Sveits, og Skandinavia, og snakket opprinnelig vestlig jiddisch som hadde mindre andel av slavisk innflytelse enn andre jiddische dialekter.» iii 

Både «austjødar» og «vestjødar» var altså askenasiske jødar som snakka jiddisch! Og kvar finn eg vest-jødane som «stammer fra Skandinavia»? Dei eldste jødane eg veit om i Skandinavia, kom til Danmark og seinare Noreg frå den delen av Danmark som i dag høyrer til Tyskland. Men det var relativt sett i nyare tid, og vart dei «skandinaviske»?

«Ein dåre kan spørja meir enn ti vise kan svara», veit du, og eg er frimodig - eller dum - nok til å stilla slike spørsmål….

Presentasjonen på baksida...

Før og etter 1851.

Både i boka og i føredraget gjekk Sebak inn på dette året då jødane fekk lov å slå seg ned i landet vårt. Oscar Mendelsohn går i boka si grundig inn på den prosessen bak vedtaket. Han siterer dessuten endringa i grunnloven:

§ 1. Det i Lovgivningen inneholdte Forbud mod at Jøder indfinde sig i Riget, saavelsom de med hiint Forbud i Forbindelse staaende Bestemmelser sættes herved ud af Kraft.

§ 2. Loven af 16de Juli 1845 om dem, der bekjende sig til den kristelige Religion uden at være Medlemmer af Statskirken, udvides til ogsaa at gjælde med Hensyn til dem, der bekjende sig til den mosaiske Tro. iv 

Både i boka og i foredraget viste Sebak til jødar i Noreg før 1851. Til dømes på side 9 i boka står det at «Enhver som konverterte til kristendommen, fikk innpass til riket». Edv. I. Hambro vart døypt i Bergen i 1810, og etter berre to månader kunne han løysa «handelsborgerbrev uten at noen kalte han jøde». Han nemner og Glogau som vart døypt i 1813 i Mariakyrkja. Alt dagen etter fekk han handels-borgarskap, skriv Sebak. Dette som bevis på at dei som gjekk over til statskyrkja, kunne fritt bu og driva handel.

Mendelsohn omtalar desse to saman med Ludvig Mariboe i Kapittel III (frå side 53) i boka si. Der kan ein og lesa om hjelpa landet vårt fekk av desse tre, enten det var forsyning av mat eller pengar i den vanskelege tida då Noreg skulle vera ein sjølvstendig stat, men framleis under svenskekongen.

Sebak gjer eit poeng av at jødar som døypte seg, vart sett på som «ikkje-jødar», og at dei kort tid etter dåpen kom inn på område der dei tidlegare ikkje hadde hatt tilgang. Me veit at det vart sett på som ein siger for kyrkja når ein jøde døypte seg, og at dei gjerne fekk viktige personar som fadderar. I mange tilfelle tok jødane nye namn og eventuelt kalla seg opp att etter fadderen sin. Både i Spania og Noreg.

Frå innhaldlista i boka til Sebak
Det at «nye kristne» jødar vart så godt mottekne i Noreg, står sterkt i kontrast med realitetane i Spania. Der hjelpte ikkje omvendinga noko når inkvisisjonen forfylgde dei, og heller ikkje det å ha viktige personar som fadderar. Rett nok kunne dei nyomvende få gode stillingar og halda fram med å bu i byane, men inkvisisjonen folk fylgde dei med argusauge, klare til å ta dei.

Men andre ord var det mykje betre å vera «ny kristen» i Noreg enn i Spania der dei og vart kalla «maranos» og «krypto-jødar»! 

Jødane som kom til Bergen

Elles gjekk mykje av utgreiinga til Sebak om jødane i Bergen ut på at dette stort sett var kjedereaksjonar der folk kom hit på grunn av familie eller vener som hadde kome tidlegare. At mange av jødane her dreiv med same geskjeften, gjorde at det oppstod konkurranse mellom dei, noko forfattaren viste mellom anna med døme frå avisannonsar. Dette, i tillegg til at dei aldri var mange her, meinte han var årsaka til at det heller ikkje vart organisert jødisk skule eller synagoge i Bergen.

Kanskje tida endeleg er komen til at jødane i Bergen samlar seg for å ta vare på sin kultur og si tru her vest på våre kantar?

Til slutt vil eg ynskja alle jødar og venner av jødar i inn og utland 

ei velsigna Hanukkafeiring!

---------------- 

i Per Kristian Sebak: «Vi bli neppe nogensinne mange her – jøder i Bergen 1851-1945»

ii Kopiert frå: Asjkenaziske jødar – lokalhistoriewiki.no

iii Kopiert frå:  Jødisk etniske inndelinger – Wikipedia

iv Sitat frå side 206-207 i Mendelsohns bok. Den som er interessert i prosessen før vedtaket, finn inngåande informasjon i Mendelsohns bok Kapittel X, frå side 171 og utover.

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 7. desember 2025

 

Ein fordel å vera jøde!

«Kva føremon har då jøden? Eller kva gagn er det i omskjeringa? Mykje, på alle måtar! Fyrst og fremst at dei vart tiltrudde Guds ord. Kva så om somme var utrue? Skulle då deira utruskap gjera Guds truskap til inkje? Langt ifrå! Lat det stå fast at Gud er sannferdig, men kvart menneske er ein lygnar. Som det står skrive: Så du må kjennast rettferdig i dine ord og vinna når du fører di sak.» (Rom 3,1-4).

Slik skriv jøden Paulus i brevet til romarane. Og til den unge Timoteus skriv han: «Heile Skrifta er innanda av Gud og nyttig til lærdom, til overtyding, til rettleiing, til oppseding i rettferd, 17 så Guds menneske kan vera fullkome, dugande til all god gjerning.» (2.Tim 3,16-17) Og «heile Skrifta» for Paulus var «Tanakh» eller «Det gamle testamentet». Resten av openberringane kom seinare....

Jesus var endå klårare som sa til den samaritanske kvinna at «frelsa kjem frå jødane» (Joh.4,22, siste del av verset.). Dette burde vera sanningar som skulle gjeva jødane stjernestatus, i alle fall mellom oss som reknar oss til same «sekta» som Paulus!

«Jødisk identitet er på nytt blitt en forbrytelse»

Dette er tittelen på artikkelen Michal Rachel Suissa har på side 10 i «Norge i dag» av 31.10.25. Ho dreg fram eksempel på antisemittiske overgrep i England, og også den dobbeltmoralen som eksisterer i vårt eige samfunn. Her er eit døme: «Toppen av hykleri ser vi i den venstreradikale sammensvergelsen mot jødenes land, Israel. Nylig avslørte Dagens Næringsliv at både SV, Rødt, LO og Palestinakomiteen sparer pensjon for ansatte i selskaper de selv vil svarteliste fra Oljefondet. De har altså ingen problemer med selv å tjene penger på investering i aksjer som de krever at staten skal svarteliste på vegne av oss andre».

https://palestinakomiteen.no/palestinakomiteen 

Ho nemner Palestinakomiteen som «arbeider for palestinernes rett til selvbestemmelse og frihet» og som i emblemet sitt har eit kart der Israel er ikkje-eksisterande! Ho skriv: «Vi har aldri hørt verken statsminister Jonas Gahr Støre eller hans utenriksminister, Espen Barth Eide, ta avstand fra Palestinakomiteen, som har hele Israel i logoen sin». Dette stod på trykk berre ei veke før statsministeren talte under «feiringa» av krystallnatta Palestinakomiteen med fleire hadde i Oslo 09.11.25!

«Fortel med kven du er lag med, så skal eg fortelja deg kven du er»

Dette var eit ordtak som eg fekk prenta inn som liten, og som skulle læra meg å velja venner som gjorde det som var rett og godt.

Statsministeren stilte opp på markeringa til Palestinakomiteen og held tale. Talen kan lesast på nettet ii. Det var fine ord som han sikkert meinte vel. Eg vil ikkje tru anna. Men ved ta del i «feiringa», viste han si støtte til dei som arbeider for å utrydda jødane og utsletta Israel! Den underliggjande pedagogikken hans var altså: Ikkje tenk på kva eg gjer, men gjer som eg seier!

Bakgrunnen for samlinga i Oslo er krystallnatta i Tyskland mellom 8. og 9. 11.1938. Det var den realistiske introduksjonen til dei umenneskelege handlingane mot jødane som det tyske naziregimet utførde fram til 1945. Minnedagen har vore feira av antisemittiske krefter i alle år.iii

«Dagens antisemittiske atmosfære i Europa varsler en ny inkvisisjon. Vi kjenner igjen fortellingene frå Holocaustoverlevende om at de følte at de ble en byrde for samfunnet. Jødisk identitet er på nytt blitt en risikofaktor. Igjen er det «in» med folkemordserklæringer som «From the river to the sea…» iv, skriv Suissa i artikkelen.

Men kvifor nemner Suissa inkvisisjonen?

Eg kan tenkja meg grunnen ligg i overskrifta: «Jødisk identitet er på nytt blitt en forbrytelse». Eg har skrive om turen min til Spania der eg ville læra om jødane si soge der. Den boka eg framleis les på, er «Los marranos españoles segun las fuente hebreas de la Època (siglos XIV-XVI)» av Benzion Netanyahu.v

I perioden før jødane vart kasta ut frå den Iberiske halvøya, gjekk mange av jødane over til kristendommen. Den katolske kyrkja, som var einerådande den gongen, fekk mange nye medlemmar, men hevda at desse «nye kristne» (som dei også vart kalla), i realiteten berre fingerte omvendinga si. For å sikra kyrkja si reine læra vart det innstifta ein eigen domstol som skulle undersøkja og dømma i tilfelle omvendinga ikkje var ekte. (Du finn meir om dette om du blar tilbake i blogginnlegga mine).

Netanyahu brukar første kapitlet i boka til å gå inn på kven desse «nye kristne», «cripto-jødane» eller «maranoane» vi var. Han slær fast at også jødiske historikarar har fylgt den tankegangen at desse «nye kristne» i realiteten var «jødar» og ikkje rette falske kristne. Han siterer her I. F. Baer som skriv at «fleirtalet av dei omvende var eigentleg jødar», og «Dei omvende og jødane var eitt og same folket, knytte saman gjennom religionen, skjebnen og det messianske håpet».

Netanyahu si tese for studiet er det motsette:

  1. Det store fleirtalet av «marranos» då inkvisisjonen vart innstifta, hadde skilt lag med jødedomen og var i realiteten kristne.

  2. Freistnaden på å identifisera alle «marranoane» som falske kristne, gjorde at inkvisisjonen fekk eit heilt feil utgangspunkt.

  3. Motivet for å gå fram på denne måten, var meir rasehat og politiske vurderingar enn eit ynskje om å bevara den rette læra. vii

Det avgjerande spørsmålet vart dermed jødisk identitet, så på den måten trefte Michal Rachel Suissa ein ømt punkt. Det er aktuelt også i dag.

--------

ii www.regjeringen.no

iii Mange av dei feira og 07.10.23, veit me. I dei områda ein del kallar «Vestbredden», har støtta til det Hamas og dei andre terroristane gjorde, auka, har ILTV lagt fram statistikk over. På protestmarsjar TV har vist bileta av, har eg sett plakatar som seier at det nazistane gjorde var ikkje nok, og «lovnader» om å fullføra det nazistane starta på «die Kristallnacht» i 1938!

iv Det er det som både Palestinakomiteen og det palestinske arbeidarpartiet synleggjer med sine emblem.

v Mi omsetjing: «Dei spanske «marranos» (= nyomvende, kristne jødar) slik me ser i hebraiske samtidskjelder. (Det 14. – 16. århundre)» av Benzion Netanyahu. (Parentesen er mi forklaring a ordet).

vi Omvendinga til desse jødane vart sett på med mistru, og snart dukka namn som «cripto-judio» og «marrano» opp. Det første indikerer «kryptisk» eller falsk omvending, Det siste er purke eller gris, eit grovt skjellsord særleg når det vert bruka mot jødar (eller for den del og mot arabarar).

vii Frå side 16-17 i boka.

Merknader: Bibelsitata er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve. Bileta er mine eigne.

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 30. november 2025

«Mannen som gikk fri»
Framsida på boka eg kjøpte

Dette er tittelen på boka Dag Steinfeld har gjeve ut om politiinspektør Knut Rød, leiar for politiet si utsending av norske jødar under krigen. Gjennom 326 sider får me som lesarar grundig informasjon om personen Knut Rød, om livet hans i det norske politivesenet, og om dei domsavgjerdene som frikjende han for all skuld i samband med at 687 norske jødar vart sende til dei tyske dødsleirane i Polen i 1942-43.

Måndag 27.10. var forfattaren i Knarvik og fortalde om boka og det han hadde funne i arbeidet sitt rundt den mest omdiskuterte frifinninga i norsk rettsvesen etter krigen. Interessant å høyra på, og lærerikt å lesa boka eg kjøpte. Interessant og å sjå reaksjonane boka skapte, først og fremst fordi det som skjedde med dei norske jødane har vore neglisjert i altfor stor grad. Det er viktig at det som skjedde med jødane i Noreg ikkje vert gløymt.


«Frifunnet»

Første kapitelet i boka er introduksjon som startar med: «Så er klokka slagen. Det var en symboltung dag, fredag 9. april 1948. Presis klokken 09.30 åpnet døren inn til dommerrommet i rettssal 6 i Oslo tinghus seg. Inn kom dommerne med lagmann Erik Solem i spissen, Publikum i salen hadde sittet og ventet i dirrende spenning.» (Side 11).


Det hadde den dagen gått åtte år sidan det tyske angrepet på Noreg, og nesten tre år sidan den 8. mai då Noreg på nytt var eit fritt land. På treårsdagen, 8. mai 1948, skreiv Knut Rød brev og krov å få tilbake i stillinga si i politiet! Og han fekk det!

Informasjon om 
forfattaren
Dei to neste kapittela fortel om Røds barndom og ungdom. Han vart tilsett i kriminalavdelinga i politiet i Asker i 1927, las jus og tok juridisk embetseksamen i 1929. I 1940 vart han overført til Oslo, og var frå 1941 fullmektig i Statspolitiet (STAPO) som var den norske parallellen til det tyske Gestapo. Han var tilsett i politiet til han gjekk av med pensjon.

Steinfeld fokuserer på spenningane i førkrigstida rundt kommunistiske sympatisørar og aktivitetar i landet vårt. I den samanheng var Rød nyttig til å samla informasjon, og steig i gradene til «overvakingssjef». Dette var ei tid då dei ariske raseteoriane og dei nasjonalsosialistiske straumane vart sterkare og sterkare også i Noreg. Han var medlem av «Nasjonal Samling» i frå 1941 til 1943 ii. Slik eg les Steinfeld, gjorde det tyske nederlaget i Aust-Europa at Rød og fleire med han endra taktikk og distanserte seg frå okkupasjonsmakta.

Steinfeld skriv om dette i kapitlet «Slaget ved Stalingrad: Opportunistenes kuvending». På Stortingsbygningen hadde det vore eit banner med teksten «Deutschland siegt an allen Fronten», skriv Steinfeld. Slaget ved Stalingrad (no: Volgograd) viste at når troppane ikkje fekk driva «Blitzkrieg» iii, var den tyske hæren for dårleg organisert. Forfattaren skriv: «Mange av oportunistene som hadde satset på feil hest da vinden blåste i en annen retning før dette slaget, skjønte at det var lurt å vende kappen. Det var på tide å skifte side…. Knut Rød var sannsynligvis den fremste av disse.»

26.november 1942

Denne datoen var avsett til utsending av dei norske jødane. Steinfeld siterer frå ein rapport at Marthinsen, Røds overordna, valde han som «sin beste og mest betrodde mann» til denne oppgåva. Rød var med andre ord «handplukka» iv til både innsamlinga av jødane, og innlastinga i «Donau».

Steinfeld skriv: «Rød skulle sørge for å arrestere jødefamiliene i Oslo og Akershus «samt transport av disse» til kaia hvor fangeskipet ville ligge og vente. På utstikker I skulle Rød selv med håndplukket betjening etablere en motagelsesstasjon og derfra sørge for «innskibingen»».

Men som me veit, var det mange jødar som ikkje kom med «Donau» av forskjellege årsaker. Steinfeld skriv om «Knut Røds jødeforfølgelse utover vinteren 1943.» Dette er perioden då Rød arbeidde med å få oversikt over alle dei som ikkje hadde vore utsende, og sikra at dei som var att kunne sendast ut av landet med neste transport. Eit notat han laga i januar 1943 var ei oversikt over kor mange jødar som var arresterte, slepte laus, eller forsvunne. Det var då kalkulert at 466 jødar inkludert kvinner og born hadde rømt frå landet. Dette arbeidet skjedde samstundes med at Rød vart utnemnd som ansvarleg for arrestasjon og deportering av jødar i heile landet. Før hadde han hatt ansvar berre for Oslo og Akershus.

Etter krigen vart krematoria
 sprengde. Dette er restane som
turistane finn i Asuchwitz
Det var derfor naturleg at det var Rød som skreiv under arrestordrar og instruksar også for deportasjonen med «Gotenland». Han var det som gav direkte ordre om at også sjuke jødar som før hadde sloppe unna, no skulle sendast ut av landet uansett tilstand.


Med ein fot på kvar side?

Under krigen hadde Rød kontakt med personar i politiet som var agentar for motstandsrørsla. I rettsoppgjeret vart det sagt at Rød var ein av desse og hadde gjeve verdifull hjelp som hadde berga livet til jødar og andre. Dette vart vektlagt sterkt samstundes som han lik andre innan politi og militæret, hevda å ha motteke ordrar og utført dei slik han var pålagt. Han kunne ikkje dømmast for å ha utført ordre.

I første rettsomgang, 4. februar 1946, vart Rød frikjent mot lagmann Cappelen si røyst. Steinfeld siterer frå hans dissens: «For sin tjenestegjøring i statspolitiet og først og fremst medansvar for de to jødeaksjoner den 26. oktober og 26. november 1942 finnes det etter min mening ingen unnskyldning i de av forsvaret og flertallet i retten påberopte gode gjerninger.» v

24. august same året vart frifinninga oppheva. Steinfeld siterer frå riksadvokaten sitt skriv: «Det er ikke noe som tyder på at tiltalte – da han stod foran disse forbrytelser hadde patriotiske oppgaver å løse av slik betydning og så uløselig knyttet til hans stilling i statspolitiet at hans ledende andel i jødearrestasjonene kan rettferdiggjøres».vi

Uansett, då den endelege dommen fall 9. april 1948, bygde den på Rød si forklaring og den støtta ei rekkje vitne hadde gjeve han. Rød sin innsats i innsamlinga og utsendinga av jødane frå Noreg, sett på «som bistandshandlinger» (til tyskarane) som var «nødvendige for at han kunne gjøre det annet meget meir betydningsfulle motstandsarbeid».  vii

I foredraget sitt den kvelden i Knarvik var Steinfeld innom Nürnbergdommane viii som slo fast att lydnad mot dei styresmaktene og deira leiarar, ikkje fritok den enkelte deltakar i krigsbrotsverka for personleg ansvar. Etter hans meining – og ut frå det materialet han hadde samla, var frifinninga av Rød feil både i høve til eksisterande lovar og den tankegangen som nürnbergdommane la til grunn for slike rettssaker..

---------------- 

i  Nasjonal Samling (NS) var eit politisk parti grunnlagt av Vidkun Quisling og Johan B. Hjort i mai 1933. Partiet var nasjonalsosialistisk-fasistisk, og vart etter kvart meir og meir antisemittisk. I første valet dei deltok, fekk dei 2 % av stemmene. Under okkupasjonen var dei einaste lovlege partiet i landet, og nådde sitt største medlemstal i 1943 med 43 400 vaksne medlemmar. Partiet vart lagt ned 08.05.1945 og forbode i lovs form. (Informasjon no.wikipedia.org).

ii Frå 1941 hadde Tyskland hatt framgang på alle frontar, men fekk det første store nederlaget under kampen om Stalingrad. Dette vert rekna som det mest avgjerande slaget under heile andre verdskrig, og viktigaste grunnen ser ut til å ha vore at dei tyske forsyningslinjene braut saman.

iii  Slaget varde frå juli 1942 til februar 1943. Kanskje så mange som 500 000 misste livet, og Tyskland med sine allierte gjekk på sitt første store nederlang når det gjeld tapt av soldatar og materiell.

iv Sitat frå side 144.

v Sitat frå side 240/241.

vi Sitat frå side 243.

vii Sitat frå side 281.

viii Dette var dei allierte sin militære domstol i Nürenberg som fungerte frå 20.11.1945 til 01.10.1946. Under rettssaka vart leiande nazisitar og militære stilte for retten. Eit av grunnprinsippa i rettssaka var at å lyda ordre, ikkje fritok for personleg ansvar for det som vart gjort. Domstolen vart skapt gjennom ein avtale mellom USA, Storbritannia, Frankrike og Sovjetunionen, og vart støtta av mange land inkludert Noreg.

Illustrasjonane er mine eigne.

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 23. november 2025

«Dei ulydige var heltane»

Dette er overskrifta på ein artikkel i «Dag og tid» nr. 23 frå juni 2025. Ein av bladet sine faste abonnentar som veit om mi interesse for jødar, sende meg bladet. Ho trudde det ville interessera meg. Og der hadde ho rett. Stykket var interessant, - og lærerikt.

Sigrid Undset, som fekk Nobels litteraturpris i 1928 for dei historiske romanane om «Kristin Lavransdatter», var ein av dei obligatoriske forfattarane då eg studerte. Derimot visste eg ikkje mykje om hennar privatliv anna enn at ho vart katolikk og rømde Noreg under krigen.

Personen Sigrid Undset

Foto av førstesida av artikkelen

Artikkelen opna ei dør inn til personen bak forfattarskapet. «Det du ikkje har i hovudet, finn du på internett!» har me lært, og no lærde eg nye ting om mennesket bak navnet både gjennom internett og «Dag og tid»! Sigrid vart fødd i Danmark, hadde dansk mor og norsk far, - og om skulegang, arbeidsliv og ikkje minst reiser i utlandet. Faren var ein kjend arkeolog med doktorgrad om jernalderen. Han døydde berre 40 år gammal, og mora som sat att med borna, hadde det ikkje lett økonomisk. Foreldra, og Sigrid sjølv, budde i periodar i utlandet, og det skulle vore interessant å visst kvar og korleis hennar interesse og omsorg for jødar vart vakt.

I 1882 då Sigrid vart fødd i Danmark, budde der fleire tusen jødar der. (i) I Noreg var det i 1875 berre 25 jødar. Ved folketeljinga i 1890, var her 214 jødar, 136 i Christiania, 27 i Trondheim og 18 i Bergen. (ii) I Danmark hadde Sigrid på morssida familien Gyth, men eg finn ikkje informasjon om dei og eventuell tilknyting til det jødiske miljøet der nede. I Oslo, der Sigrid vaks opp (frå 1884), var der kanskje kanskje mellom 100 og 200 jødar. «Det Mosaiske Trossamfund» vart stifta der i 1892. Me veit og at Sigrid var hjå faren sin familie i Trondheim om somrane. Det vart det stifta mosaisk trussamfunn  i 1905.


Kvar og når hennar omsorg for jødane vart vakt, veit me altså ikkje. Det kan ha vore mange stader, til dømes i Italia der ho møtte Anders Svarstad som ho gifte seg med i 1912, men sikkert før ho kom til  «Bjerkebæk» ved Lillehammer som var heimen hennar resten av livet. Der budde ho i 1924 då ho søkte skilsmisse, konverterte til katolisismen og gjekk inn i Dominikanarordenen. Ho tok i den samanheng namnet Olava og gav eitt år seinare nonne-lovnaden. (iii)

Foto av illustrasjonen på neste side.

Antifascist og anti-nazist

Dette er det biletet Sigrun Slapgard teiknar av Sigrid Undset i artikkelen sin. Hennar utgangspunkt er «Kirken og okkupasjonen. Den katolske kirke i Norge og andre verdskrig», ei bok redigert av Else-Britt Nilsen og Knut W. Ruyter.

Sigrid Undsets kamp mot Hitler og det nazistane stod for, var så godt kjent også i Tyskland at bøkene hennar vart forbodne der rundt 1940. Ho hadde lese både «Mein Kampf» og kjende til nazistane sitt eutanasi-program (iv). Det gjorde at ho skreiv mot det som som heldt på å skje i vårt land og Tyskland både i norske og tyske aviser.


Måtte rømma for livet

Då krigen kom, hadde Sigrid Undset alt vore aktiv i arbeidet for å hjelpa jødar gjennom tale og skrift. Truleg og på andre måtar, sjølv om artikkelen ikkje utbroderer dette. Ho hadde foredrag i Oslo i 1940 då flyalarmen gjekk, og brukte etterpå tid til å sletta alle spor til dei kontaktane ho hadde hatt. Etter er dramatisk reise kom ho seg til Sverige. Eldste sonen, Anders, var då død. Han fall ved Segalstad bru der norske soldatar prøvde å stogga den tyske framrykkinga.

Under krigen budde Sigrid Undset i USA. Der var ho aktiv og reiste rundt og snakka mot nazismen og for å skaffa hjelp. Sigrun Slapgard skriv:

Detalj frå gammalt gudshus i Spania.

«Kvardagen i USA er talarstol etter talarstol, snakke for nye tusen, dag etter dag. Ho snur si eiga vanvittige sorg til propaganda for å få USA med i krigen mot nazistane, til innsats for å redde jødane.

Ho langar ut mot ettergiving og jødehat, krev handling og aksjon for å redde jødane mens det enno er tid.

Undset ser ut over menneskehav etter menneskehav og får dei til å le godt når ho fortel at heime, i det okkuperte landet hennar, nyttar det ikkje med Hitler på frimerka, folk spytta på feil side». (v)


Den katolske kyrkja i Noreg under krigen

Sigrid Undset trudde at kyrkja ho hadde gått inn i, ville motarbeida nazistane og hjelpa jødane. At nokre gjorde det, er rett (vi), men den offisielle leiinga under biskop Jakob Mangers bøygde av for det nazistiske styret i Noreg og motarbeidde dei som prøvde å berga jødar frå liding og død i Tyskland / Polen.

Før krigen hadde den katolske kyrkja i Noreg drege Undset fram som eit føredøme og glansbilete i tidsskriftet «St. Olav». No vart namnet hennar fjerna. Det vart dermed ei vond oppleving Sigrid Undset fekk då ho 21.07.1945 kom tilbake til Noreg og innsåg korleis den kyrkja ho hadde venta så mykje av, hadde svike det ho hadde kjempa for.

Sigrid Undset døydde 09.06.1949. Då var kunnskapen om nazistane sin udåd mot jødane kjent over heile verda, det norske rettsoppgjeret etter krigen var langt på veg avslutta, og det norske sviket mot dei norske jødane, vel kjent.

««Sigrid Undsets død kom ikke overraskende, verken på henne selv eller oss som kjente henne,» sa biskop Jacob Mangers i talen ved kista.

Han visste kva han snakka om. Undset hadde talt der han tagde, ho hadde hjelpt der han svikta.

Og det kosta henne omtrent alt. Eit forbod mot å hjelpe jødar var, slik Undset såg det, ei grov synd, «slyngel» var ordet ho sette på pastor Coughlin. Etter det vi no veit, kan vi berre fundere over kva slags skyts ho ville ha brukt mot biskop Mangers».

Slik sluttar Sigrun Slapgard artikkelen.

------------- 

(i) Under folketeljinga i 1880 var der 3 046 jødar i Danmark. I 1890 hadde talet stige til 4 080. Data frå Wikipedia: «History of Jews in Denmark».

(ii) Data frå side 241 og vidare i Oscar Mendelsohn: «Jødenes historie i Norge gjennom 300 år», Forlaget Press, Oslo 2019. ISBN 978-82-328-0122-0.

(iii) Frå Wikipedia sin artikkel om Sigrid Undset (no.wikipedia.org)

(iv) Sigrid Undset hadde ei dotter, Maren Charlotte, som var sterkt funksjonshemma. Ho døydde brått 20 år gammal i 1939.

(v) Frå artikkelen i «Dag og tid», start side 23.

(vi) Artikkelen skriv s. 23: «I Oslo hadde Undset ein slags andre heim i Katarinahjemmet, der stedottera Ebba budde og var ven med den jødiske ungjenta Elly Salomon. Derfor må Undset ha fått vite at biskop Mangers tok seg bryet med personleg å oppsøke Katarinahjemmet for å refse dei som hjelpte jødane. Elly var blant dei som fekk tilbod om hjelp, men forstod faren for seint og vart send til gasskammeret.»

Merknad: Bileta har eg teke av avisa eg fekk tilsendt, og eitt eg tok i Spania.

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 16. november 2025

Frå fruktmarknad i Ashakelon
for mange år sidan
 «På fruktene skal de kjenna dei. Kan ein plukka druer av
klunger eller fiken av tistlar?» 

Dette verset frå Matteusevangeliet (7,16) ber mykje sanning i seg, enten det gjeld deg og meg som enkeltmenneskje, eller organisasjonar og politiske parti.

Eit paradis for ein fruktglad nordmann!
Hamas  viste 07.10. 23 til fulle kven dei var og kva målet deira er. I ettertid då datamaskiner og mykje av intern informasjonen vart funne og overteke av Israel, fekk me vita at terroristane vart sende inn i Israel med mål å angripa sivile og gjera det dei kunne for å drepa og å skapa mest mogeleg terror, gru og liding. (i)

Skjermdump frå Wikipedia
Wikipedia skriv: «Hamas, akronym for Harakat al-Muqawamah al-Islamiyyah (arabisk for Islamsk Motstandsbevegelse) er en palestinsk, islamistisk/nasjonalistisk, paramilitær og politisk organisasjon, grunnlagt i 1987 av Ahmed Yassin.»

I avsnittet «Ideologi og mål» kan me lesa at organisasjonen vart grunnlagt i Hebron i 1987 av forskjellege sjeikar og andre leiande menn. «Bevegelsen sprang ut av Det muslimske palestinske brorskap, som ble stiftet i Jerusalem i 1946. De har som målsetting å erstatte de okkuperte områdene med en islamsk stat. Hamas-Charteret fra august 1988 erklærer at hele Palestinaområdet er muslimsk land som aldri kan overgis til ikke-muslimer». (ii)

Cahns utlegging

Akronymet Wikipedia nemner, «Hamas» vert på arabisk utlagt som «iver, styrke, lidenskap og mot». (iii) 

Ordet finst og på hebraisk og har fleire gonger vore sitert av dei messianske jødane som sender meg bønnebrev ein gong i veka. Dei seier ordet betyr «terror». Cahn omset det med «vald, vondskap og øydelegging». Han skriv:

«Og i konteksten av den spesifikke bruken i Skriften kan det henvise til brutalitet, umoral, løgn, lovløshet, urettferdighet og det å utøve ondskap, plyndring, drap, nedslakting og terror».(iv)

Bruken av ordet i Salme 140: «Fri meg, Herre, frå vonde menneske, vern meg mot valdsmenn,»  (v.2) Originalteksten er «vern meg mot hamas-menn»!

Obadja skriv: «På grunn av og vald mot Jakob, bror din, skal du dekkjast av skam. Du skal utryddast for alltid.»(v. 9c og 10). Dette kan omsetjast med «På grunn av hamas mot din bror…»

Salme 74 i min Bibel: «Vend blikket mot di pakt! Landet er fullt av mørke stader der valden bur.» (v. 20). Dette kan omsetjast med «…. av stader der hamas har heimen sin.»

Esekiel skriv som «enden som skal koma»: «Valden blir til ein stav av lovløyse.» (Starten på Esek 7,11). Dette, seier Cahn kan omsetjast som «Hamas blir til ein stav …».

Vers 23 kan sjåast som ein profeti om 07.1023: «Lag lenkjer! For landet er fullt av drapssaker, og byen er full av vald.» (Esek 7,23). Dette omset Cahn med « … og byen er full av hamas»!

Jeremias skriv: «Valden eg har kjent på kroppen, skal råka Babel, seier ho som bur i Sion.» (Jer 51,35 første del). Dette omsetjast Cahn med «Den hamas som eg har kjent …»

Desse bibelsitata fekk eg lyst å ta med fordi dei gav meg kunnskap eg, som ikkje kan hebraisk, ikkje finn i norsk Bibel. Det er og viktig å hugsa på at hebraisk ikkje har store bokstavar. Dermed ikkje råd ortografisk å sjå kva som er eit særnamn eller eit vanleg ord. «hamas» i ein tekst kan derfor vera både «terror» eller vera namnet på organisasjonen Hamas.

Der er mykje meir som eg kunne ha lyst å dra fram, også om tekstar eg har skrive om før. Særleg det Bibelen har om «Dei siste dagar» eller «endetida» er brennaktuelt stoff som Cahn også presenterer fram på for lesarane sine.

Jesaja skreiv for snart 3000 år sidan: 

«Ingen skal høyra meir om vald i ditt land, om herjing og øydelegging innanfor dine grenser. Du skal kalla murane dine Frelse og portane dine Lovsong.» (Jes 60,18). (v) Dette omset Cahn med «Ingen skal høyra meir om hamas i ditt land…».

Dette er den siste av tekstane Cahn dreg fram der ordet hamas førekjem. For meg er det ein profeti som truleg ikkje vert oppfylt før i tusensårsriket.

------------------ 

(i) Trass dette nekta den då sitjande regjeringa til Jonas Gahr Støre (samansett av Det norske arbeidarparti og Senterpartiet) kongen å uttrykkja si medkjensle med det jødiske folk!

(ii)  https://no.wikipedia.org/wiki/Hamas   2. og 3. avsnitt er informasjon som låg på internett pr. 30.10.25. Det er dette området eg nemnde i sist blogginnlegg som «wakf», eller «Allahs område» som det og vert kalla.

(iii) Cahn skriv om dette i kapittel 42 og utover. 

(iv) Sitat frå side 181 i boka. Understrekinga har eg sett inn der originalteksten hadde kursiv. Det eg vidare skriv her, er informasjon frå Cahn si bok.

(v) Dette verset finn me i engelske biblar som Jesaja 61,18.

------------- 

Bibeltekstane er som vanleg frå Norsk Bibel, nynorsk omsetjing, og med Cahns merknader. Bileta har eg teke sjølv.

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen utan skriftleg løyve frå meg.



------------------------------------------------------------