søndag 30. juni 2024

 Sakarja, ein profet for vår tid

Jerusalems murar vitnar om at Gud vaker over byen!
Ein eller annan gong rundt 650 år før Kristi fødsel, vart det fødd ein gut mellom dei bortførde jødane i Babylon. Han fekk namnet «Sakarja» som betyr «God hugsar», var av presteslekt og vart profet. 

Då persarkongen Kyros den store (i) tok Babylon, let han jødane venda heim att. Dette skjedde omkring år 537/538 f. Kr. Leiarar var Serubabel (ii) og Josva (iii). I flokken  var og profetane Haggai, Malaki og Sakarja. Alle desse tre har bøker tekne med mellom  «små profetane» i GT (iv)

Det er vanleg å dela boka til Sakarja i to. Kap. 1-8 er mest relatert til Sakarjas samtid. Til dømes i kap. 1,17c les me: «Herren skal endå ein gong trøysta Sion og endå ein gong velja ut Jerusalem.»  I kap. 2,12 finn me ei åtvaring til «hedningefolka som plyndra» jødane: «For den som rører dykk, rører ved augnesteinen hans.» (Sak 2:12c). 

Men her er også ting som peikar fram på Jesus Messias som konge og prest i eit anna tempel enn det dei bygde på den gongen. Sjå Sak.6,12-13 -> Heb. 6,20-7,1. Den andre delen, kap. 9-14, har profetiar som peikar lenger fram. Sakarja såg ting som har gjeve han namnet «Pasjonsvekas profet»: 

    Dei fortel om stengde portar...
  • Jesus rir inn i Jerusalem: Sak.9,9 -> Mat.21,5; 
  • Paktsblodet: Sak. 9,11 -> Mat. 26,28 (2. Mos.24,8); 
  • Det tretti sølvpengane. Sak.11,13 - > Mat. 26,16 og 27,3; 
  • Gjetaren drepen osv. Sak.13,7 - > Mat. 26,31; 
  • Han som er «gjennom-stunge»:  Sak.12,10 - > Joh.19,37 og Opb.1,7. (Sjå elles Opb.5,5 og 22,16).

Sakarja såg og inn i endetida, det som ser ut til å vera vår samtid og nære framtid. Jerusalem skal vera ei «tumleskål» og ein «løftestein» for folkeslaga (=  nasjonane.) (Sak. 12,2-3), og «alle heidningfolk skal flokka seg mot han». «Han» kan vera byen Jerusalem (og underforstått: Israel), men og Gud. Den «heidningfolka» går til angrep på , seier Sakarja, er i realiteten Gud sjølv. Derfor vil «han»  gjera «ende på alle heidningfolka som dreg opp mot Jerusalem». Det skjer truleg i den krigen som det står om i Opb. 19, 11-18 (sjå og Sak. 14,12-15) i samband med Jesus si andre kome (Sak. 14,1-7). Han som då stig fram på verdsarenaen, er den Messias som jødane har venta på (og som dei fleste «kristne» aldri har oppdaga).


Fornying av Guds paktsfolk

Dei vitnar og om levd liv...
Sakarja såg føre seg ei stor åndeleg vekking mellom jødane. Når Gud grip inn mot nasjonane som har gått til angrep på Israel, skal dei venda om og verta «reinsa» gjennom store prøvingar. (Sak. 12,10-13,6). Dette er sikkert det same som Esekiel nemner i sin profeti om dei daude beina i dalen (Esek. 37,11-14). Israel er i dag ein realitet som stat med «ein stor, ein overlag stor hær» (v.10), men endå er det mange jødar som endå ikkje har vendt om eller gjort «alyiah» (v.12-13). I vekkinga skal jødane venda seg bort frå «avgudane» og finna tilbake til sin pakts Gud – Adonai. (v.14).

Israel anno 2024

Slik eg forstår «skriftene» (v), er første delen av Ezekiels profeti om dei daude beina i dalen, alt oppfylt, men ikkje alt. Endå. Men det kjem til å skje like så sikkert som natt føl dag, og etter dagen kjem ei ny natt. (1. Mos. 8,22 og Jer. 33,20-21).

Trass i at dette endå ikkje har hendt, er Israel Guds «augnestein» (Sak. 12,2). Jerusalem er og nasjonane si «tumleskål» (vi) og deira «løftestein» (vii). Så langt eg kjenner til, er det to måtar å forklara «tumleskål» på. Den eine er at den som drikk, vert så full av han ragar og ramlar. Den andre er at det er eit giftbeger som drep den som drikk av det. «Løftesteinen» vart utlagt som ein så stor stein at den som prøver å løfta han, øydelegg helsa si. (viii).

Men gjennom den mørke passasjen ligg
eit nytt og levande samfunn...

Eit tragisk døme…

Den 18. juni i år, på den 256. dagen av Israels krig mot Hamas, brukte Israels engelske kveldsnytt-sending 4,35 minutt til omtale av «den notorisk anti-israelske utanriksministeren» i Noreg som ikkje berre støttar UNRWA, men i tillegg gjev organisasjonen ei ekstraløyving. I innslaget vart det sagt at Bart Eide ikkje bryr seg om UNRWA si aktive deltaking i massakren 07.10.23. Han har sagt at det var berre «nokre få rotne eple» ei elles «perfekt fruktkorg». Sendinga sitt nyheitsanker brukte fleire minutt på å motbevisa påstanden: 

1. UNRWA-personale var aktive i terrorangrepet, og i alle fall 12 er identifiserte. Det var og UNRWA-lærarar som heldt israelske gislar som fangar i sine heimar. I tillegg er det bevist at 10 % av lærarane er medlemar i Hamas, såkalla «lærarar om dagen og terroristar om natta»!

I mange av UNRWAs bygningar har Israel funne nedgangar til det underjordiske tunellsystemet. Ein går frå UNRWA sitt hovudkvarter som også forsynte tunellane med straum.

2. Halvdelen av UNRWA sitt budsjett går til undervisning, og gjennom mange år har undervisninga vore direkte antisemittisk med oppfordring til drap av jødar. Dei lærer borna at Israel ikkje har rett til å eksistera, og at ein gong skal landet «verta frigjort». Eit direkte spørsmålet stilt til den norske utanriksministeren var om han ville hatt slik undervisning i norske skular?

3. FN si eiga undersøking viste at 3000 lærarar og tilsette i UNRWA rosa og jubla over massakren 07.10.23, og at dei bad om at terroren «måtte verta vellukka»! 

4. Innslaget gav og ein kort gjennomgang av definisjonen «palestinske flykiningar», og viste til at ein nordamerikansk supermodell og multimillionær (med amerikansk statsborgarskap), er også «palestinsk flyktning». Medan alle andre flyktningar i verda er samla under ein einaste FN-organisasjon, har palestinarane sin eigen organisasjon, opphalde og betalt av statar som Noreg.

Innlegget hadde fleire direkte spørsmål og kommentarar til Bart Eide, og slutta med spørsmålet om kvifor Noreg favoriserer «palestinske flyktningar» framfor alle andre flyktningar i verda.

Dette retoriske spørsmålet (ix) understreka det usagde i heile innslaget: Bart Eide, den regjeringa og det landet han representerer, favoriserer palestinske flykiningar, støttar UNRWAs antisemittiske undervisning, og bryr seg ikkje om deira deltaking i terroren 07.10.23. 

Kva meinar du?  Sjå sendinga og vurder sjølv…(x)

-------

Kva ville Sakarja ha sagt i denne situasjonen? Drikk Bart Eide (som representerer det norske folk) «tumleskåla» på våre vegne, eller held han på å «forløfta» seg og oss? I alle fall stikk han fingeren i Guds auga! (Sakarja 12,2). Det viktigaste spørsmålet er derfor Guds reaksjon mot utanriksministeren og mot oss som land og folk. 

Svaret?  –  Det vil tida visa….

-----------------

(i) Også kalla Kyros 2. Han var konge i Persia om lag 559-530 f.Kr.

(ii) Utnemnd til «Judas fyrste» av Kyros. Esra 1,8.

(iii) Josva var leiar for presteskapet. Esra 3,2.

(iv) I den hebraiske Bibelen, «Tanakh», høyrer Sakarjas bok til dei historiske bøkene kalla «Neviim». Også her er han den nest siste av dei tolv, på hebraisk kalla «Trei asar» eller «dei tolv»).

(v) Dette uttrykket vert i NT brukt om bøkene i GT. I Tanakh, er «skriftene» namnet på den eine delen av boka, - «Ketuvim».

(vi) «Tumleskål» = «Cup of reeling». («Holy Scriptures, Tree of Life version»). 

(vii) «Løftestein» = «a massive stone». (  -  «   -  ). (Eldre skrivemåte: «lyftestein»).

(viii) På min heimstad snakka dei om å «forløfta seg», det vil seia at dei øydela ryggen eller fekk «slit», dvs. skade i muskulaturen. 

(ix) Retorisk spørsmål er «en talefigur der et spørsmål blir stilt av en annen grunn enn å få svar – oftest blir det bedt om om å komme med et overbevisende poeng». Frå Retorisk spørsmål - Definisjon og eksempler | Creative Saplings 

(x) Du finn denne kveldssendinga framleis (20.05.24) på ILTV Israel News – YouTube.

Bileta i dette innlegget er mine eigne.

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


søndag 23. juni 2024


Framsida på boka
 «Drama om liv og død»

Overståande setning er tittelen på ei bok eg fekk kjøpa på konferansen til Ebenezer Operasjon Exodus (EOE) i Hedal forrige helg. Der var nokre fine dagar med undervisning, mykje bøn for Israel og for jødar som vil gjera «alyiah». (i) Verda over høyrest spørsmål om alyiah på grunn av den store oppblomstringa av antisemittisme, men krigen gjer at dei fleste «vert sitjande på gjerdet». (ii) 

Alyiah er eit eige tema i Det gamle testamentet (Tanakh). Det første utsagnet eg veit om, er frå Moses. Alt før jødane var komne inn i Kanaan, såg profeten at dei skulle verta spreidde utover i verda slik me ser det i dag:

«Når alt dette kjem over deg, velsigninga og forbanninga som eg har lagt fram for deg, og du tek det til deg i hjartet ditt ute blant alle folkeslaga som Herren din Gud har drive deg bort til, og du så vender om til Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og lyder hans røyst i alt det eg byd deg i dag, både du og borna dine, då skal Herren din Gud venda lagnaden din og vera miskunnsam mot deg. Herren din Gud vil på nytt samla deg frå alle dei folka han har spreidd deg ut iblant.» (5.Mos 30,1-3).

Undertittelen til boka (iii) er «Jødisk historie i Hedmark». Her fekk eg lesa om familien Markus, Mosé Løwinger, Samuel Herskowits, Imre Hercz og «En ukjent jødeskjebne». Denne «ukjende jøden» viste seg å heita Fritz Robert Mankiewitz. Han tok sitt eige liv i fengslet for ikkje å verta sendt til Tyskland.

«Joint»
Og baksida ....

Imre Hercz, Mosé Løwinger og Samuel Herskowits kom til Noreg som såkalla «minusflyktningar», det vil seia slike som var sjuke eller leid av skadar dei hadde fått i leirane i Tyskland. Den amerikansk-jødiske organisasjonen «Joint» betalte den norske stat for å ta imot dei. Dei «skulle ikke bli til økonomisk belastning for landet med sine helseproblemer». Prisen Noreg fekk for å ta imot dei, var 1.600 dollar for kvar sjuk flyktning, og 800 dollar for kvart friskt familiemedlem. (iv)

Noko økonomisk belastning vart ingen av desse, trass helsemessige utfordringar. Imre Hercz vart optikar og fotograf, Mosé Løwinger lege, og Samuel Herskowits fotograf. 

Boka fortel kvar personane kom frå, og om livet deira før og etter dei kom hit. Alle var fødde i Aust-Europa, i land der store overgrep fekk tusenvis av jødar til å røma vestover. Desse kom til Noreg. Nokre av dei hamna i tysk fangenskap medan andre rømde til Sverige og berga seg. Men alle misste nokre av sine i Holocaust.

«Vil historien gjenta seg?»

Under denne overskrifta (v) og i stykket om Imre Hercz, står:

«Han begynte å bli bekymret for at dagens unge kunne akseptere nedsettende holdninger og handlinger mot jøder, slik det ble gjort før og under krigen. Et stort antall skoleklasser har fått besøk av tidsvitnet Imre Hercz, og voksne kjenner hans navn frå foredrag og debattmøter, intervjuer i media og en rekke leserinnlegg».

I same samanheng vert humoristen Otto Jespersens nemnt. Han sa på TV2:

«Jeg vil også gjerne benytte anledningen til å minnes alle de milliarder av lopper og flatlus som mistet livet i tyske gasskamre uten å ha gjort annet galt enn å slå seg ned på personer av jødisk opphav».(vi)
Om dette seier Imre: «Jeg syntes det var vondt å høre at noen lo av dette. Jeg er glad i humor og satire, men eg begriper ikke hva som er humoren i dette. …. Jeg skulle gjerne ha truffet han, fortalt ham, og vist ham bildene av min familie. … Fem av de førti i klassen min overlevde, alle de andre ble drept».

 Han klaga saka inn for Pressens faglige utval (PFU), og fekk medhald i at TV2 hadde brote god
presseskikk.

Åttiårsmarkering på den jødiske gravplassen i Trondheim 2023

Då og no…

Eit brennaktuelt spørsmål er kor langt dei som i dag angrip Israel og jødane, er villige til å gå. Me har sett overfall og herverk mange stader i verda i det siste, og det minner meg om kapitelet «Himmelen mørkner». (vii) Der kan me lesa: 

«Den åpne kampen ble innledet med den såkalte «Krystallnatten» 9. november 1939. Navnet henspiller på de titusener av glasskår som ble liggende igjen etter nazistenes herjinger. I løpet av to netter ble 1.574 synagoger brent, 7000 jødiske forretninger og virksomheter ødelagt, og mer enn 30 000 mennesker arrestert. På bakgrunn av dette ble tyske og østerrikske jøder ilagt en kollektiv bot på en milliard mark, tilsvarende 4.000 mark per person. Jødene ble også pålagt å betale reparasjonene, og utbetalte forsikringer ble inndratt til fordel for statskassen». (viii)

No skjedde ikkje dette i Noreg, men tagging og herverk på jødiske forretningar førekom (som i dag). Jødehetsen og det antijødiske maskineriet som me no ser rundt oss, har mykje til felles med Nasjonal Samling sin strategi. Før krigen hadde dei eit par hundre medlemmar på landsbasis. I 1940 auka talet til 22.000, utan tvil takka være den antijødiske propagandaen som fekk omtrent fritt spelerom i media og i politiske fora.

Snublesteinar til minne om drepne jødar frå Tromsø...
«Norge var i 30-årene et av de landene som var mest avvisende overfor jøder som ville flykte frå Nazi-Tyskland. Jøder ble i 1938 og 1939 oppsiktsvekkende nok ikke anerkjendt som politiske flyktninger, og ble derfor underkastet strengere krav enn andre når de søkte om innreise til Norge.» (ix)

I dag har vår sitjande senterparti-arbeidarparti-regjering gjort oss til ein av dei mest jødefientlege statane i verda. NRK, som er staten sin eigen informasjonskanal, gav plass til journalistane Helene Solheim og Kristi Kringstad så dei kunne engajsera «sine lesere til å få skole og arbeidsplass til å straffe Israel og til selv å boikotte den jødiske staten. NRK pisker opp folket til kamp mot den jødiske staten, kommenterte MIFF».(x) 

Slik eg ser det, passar dette utspelet perfekt inn i NRK og regjeringa si klåre anti-jødiske linje. Det store spørsmålet er berre kor langt dei styrande av i dag er villige til å gå. I 1930-åra og utover utvikla samfunnet seg sakte, men sikkert mot deportasjonen av jødane  til Tyskland, og inndraging av jødane sine verdiar «til statskassen». Det store fleirtalet av norske borgarar gjorde lite eller ikkje noko for å stogga galskapen.

Kor djupt går jødehatet i det norske folket anno 2024?  Eg tenkjer ikkje på regjeringa, NRK og venstresida i norsk politikk si haldning. Den er vel kjend, - men kvar står resten av det norske folket?

Kva vil situasjonen vera i om få år?

 ----------

(i) «Alyiah» er hebraisk betyr «å stiga opp». Det vert brukt om jødar flyttar til Israel. EOE, med hovudkontor i England, hjelper jødar får alle land å flytta heim til landet Gud gav Abraham og hans etterkomarar.
(ii) Eit uttrykk relatert til flyttfuglane. Desse samlar seg normalt i store flokkar før dei set kursen sørover. Dei fuglane som drøyer for lenge  (= «sit att på gjerdet»), går vinteren og harde tider i møte.
(iii) «Drama om liv og død. Jødisk historie i Hedmark», utgjeve av Estergruppen Norge. 1. opplag 2012.
(iv) Frå side 60-61, og side 33-34 (med fotnote på side 34).
(v) Frå side 62 og utover.
(vi) Desse sitata er frå side 62 – 63.
(vii) Frå side 10.
(viii) Sitat frå side 11.
(ix) Item.
(x) Sitat frå:  Med sin oppfordring til boikott av Israel har NRK mistet «troverdighet som uavhengig nyhetsformidler» - Med Israel for fred (MIFF)
- Bibelssitatet er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve.

Det er forbode å bruka tekst og eller bilete frå denne bloggen utan skriftleg løyve frå meg.



søndag 16. juni 2024


Litt meir om jødane i Tromsø

Vel heimkomen og ferdig med turen nordover, og med boka, har eg likevel lyst å bruka litt meir plass på dette emnet. Som eg nemnde sist, gjev kapittelet «Deportasjonen og utryddelsen» eit godt bilete av den reisa desse jødane vart sende ut på, og staden der dei vart drepne.

Dei siste kapitla i boka viser oss nokre einskildmenneskje, liva deira under krigen - og tida etterpå då dei skulle starta på nytt i det «frie Noreg».

Framsida på boka mi
Den mørke sida av oppgjeret etter krigen…

Her møter me Pincus Caplan som reiste frå Tromsø til Oslo for å verta lege. Under starten på krigen arbeidde han som sjukehuslege i Drammen. Då han fekk vita at politiet hadde vore for å arrestera han, rømde han til Sverige. Der arbeidde han ei tid som militærlege, men reiste vidare til England og vart ein del av den norske helsetenesta der til krigen var slutt.

Heime att, starta han, som alle dei andre jødane som hadde overlevd krigen, arbeidet med å få tilbake det som hadde vore hans. Broberg skriv:

«Tilbakeføringskontorets offisielle oppgave var å tilbakeføre verdier som var ulovlig konfiskert og beslaglagt etter Quislings ordre om inndragning av jødiske formuer. Tilbakeføringskontoret arbeidet ikke med erstatning av det som var blitt urettmessig tatt fra jødene under krigen. De arbeidet bare med tilbakeføring av det lille som måtte være igjen av verdier på lagre og bankkonti, først og fremst hos de nazistiske likvidasjonsstyrene. Det var i tillegg bare en viss prosentdel av det tilgodehavende som ble tilbakebetalt. Store verdier var forsvunnet. De nazistiske likvidasjonsstyrene og etterkrigstidens tilbakeføringskontor tok ut store administrasjonskostnader av verdiene, og verdiene var generelt undertaksert fordi de var inndratt av likvidasjonsstyrene». (i)

Illustrasjon øvst på side 284 i boka

 Pincus Caplan sin bil, ein Hudson 1938, tok statspolitiet då Caplan hadde rømt, og det kunne dokumenterast at dei hadde køyrt han til vrak. No, under oppgjerdet, vart bilen verdsett til 1 000 kroner, eller 15 % av verdien då politiet konfiskerte bilen. Likvidasjonsstyrets formann hadde dessutan betalt - av Caplans «verdier»,  garasjeleige etter bilen var konfiskert. Denne rekninga fekk Caplan presentert no. I tillegg nekta politiet ansvar for at bilen «var kjørt i filler» - av politiet sjølv!

Då Drammens Tidende tok opp denne saka, vart kravet om garasjeleige for den konfiskerte  bilen, stroke. Men 18.juli 1946 vart det skrive eit brev frå Rikspolitisjefens materialkontor «- at materialkontoret «etter omstendighetene, men under sterk tvil» ville gå med på å reparere bilen på Materialkontorets verksted: En uttrykkelig forutsetning for dette er imidlertid, at det ikke blir gitt kreditt, men at det tvert imot blir betalt inn på forskudd et beløp som antakelig vil dekke reparasjonsomkostningene. Det presiseres til slutt i skrivet at dette generøse tilbudet framkommer av ren velvilje overfor Pincus Caplan.» (ii)

Baksida med forlaget sin info
Og Broberg skriv lenger nede:

«- men verken politiet som hadde ødelagt bilen, Justisdepartementet eller Tilbakeføringskontoret ville betale noen form for erstatning. Pincus Caplan på sin side ville ikke forskuttere utgiftene til reparasjon, og beløpet han ble «tilbudt» å skulle betale på forskudd til politiets verksted var åpenbart ute av proporsjon med et anslag på kr. 4.500. Hele historien endte opp med at Pincus måtte ta hele tapet selv».

Dette groteske dømet på norske myndigheiter si behandling av jødisk konfiskert eigedom, er dessverre ikkje unik. Broberg kjem med fleire døme på det eg vil kalla for overgrep overfor jødane i det som burde vore deira logiske og rettmessige erstatning for den uretten den norske stat ved sitt politi og rettsvesen gjorde under krigen, og i rettsoppgjeret etter krigen. Det er rett at dei som styrde landet under krigen, frå Quisling til den enkelte politimann, og dei som «grapsa til seg» av konfiskerte jødiske verdiar, var direkte ansvarlege, men det hadde tent til Noregs ære om oppgjeret hadde vore enklare, - og dessutan bygt på realistisk verdsetjing av tapt eigedom og tapt liv.

«Da byen ble stille»
Framsidebiletet på øskja til filmen

Boktittelen reflekterer fokuset i kapittelet «Borte og glemt». Her kjem forfattaren inn på gjenreisingstida, den tida då dei overlevande jødane skulle ha fått erstatning for konfiskerte verdiar og tapte liv. 

«Gråpapiret som dekket vinduene i de jødiske butikker og eiendommer var tatt bort. Nye folk og aktiviteter hadde funnet seg til rette i de tomme lokalene. Var det ingen som stilte spørsmål om menneskene som bodde der før?

Jødene var borte. Ikke bare menneskene, men også kulturen, handelen, idrettsaktiviteten, religionen og alt det andre det jødiske samfunnet hadde bidratt til. --- Rettsoppgjøret ble snart låst ned i båndlagte arkiver uten tilsynsrett for den etterfølgende generasjonen. De jødene som ikke kom til rette etter krigen, ble kanskje regnet inn i den store felles mengden som ble kalt krigens ofre. Men var det på slagmarken og i krigen at jødene var omkommet? Var de ikke nærmere ofre for drap og folkemord, enn for krig? Men drapene ble ikke etterforsket av politiet som drap vanligvis blir. Det ble bare stille.» (iii)

Filmen «Da byen ble stille»

Det er mykje meir informasjon i denne boka som eg meinar burde vore offentleg kjent. Eg rår derfor deg som les dette til å ta tid til å lesa boka. I tillegg kan du, som eg gjorde, - gå på biblioteket og låna filmen med same namn. Der får du sjå og høyra ein del av dei som har vore med og gjeve boka – og temaet – breidde og autentitet.


------------

(i) Frå side 284 i boka.

(ii) Frå side 285. Det som stod utheva i teksten, har eg skrive med bold

(iii) Frå side 298-299. Understrekinga er gjort av meg.

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg kløyve frå meg.

søndag 9. juni 2024


Slik stod bjørka då eg kom
Vakre Troms / -ø

Det vakraste med Tromsø, er fjella og fjorden som omkransar byen. Ishavskatedralen, som var så vidkjend då eg vaks opp, var prega av manglande vedlikehald då eg var på konsert der, - ei natt for ein nokre år sidan. Denne gongen var eg ikkje over brua.

No skulle me passa ungar, - mine oldebarn, med foreldra hadde travle dagar med eksamen på UIT. Ei velsigna oppgåve og ein god måte å verta kjent med familien på når avstandane er så store. Dermed vart det ein tur til den botaniske hagen, men det var litt for tidleg på året til å få den store opplevinga der i garden.

Men den lokale tromsnaturen synte meg noko eg ikkje trudde gjekk an. Bjørka stod med små musøyreblad då me kom, og var i full blomstring. Ei veke etterpå var blada omtrent heilt utvaksne, sikkert takka være den lyse natta og dei varme soldagane me fekk. Og bak det heile dei vakre fjella både utover og innover, spisse og bratte. Reine alpane!

Minnestøtta over dei deporterte jødane...
Derimot var vårblomstrane eit sorgens kapittel. Over alt blomstra ein stort sett gul primula i lag med hestehoven som finst landet over. Etter å spurt fleire om namnet på primulaen, fekk eg endeleg svar: Det er ein forvilla hageprimula som kom, treivst, og no er over alt! Det same kan me ikkje seia om jødane….

Kanskje dei kom til Tromsø samtidig, kva veit eg. Men dei einaste «jødane» eg møtte på mi vandring i sentrum, var nokre små, temmeleg usynlege, men likevel viktige minne om nokon som ein gong var:- Snublesteinar. Det skal vera seks grupper snublesteinar som vart lagt ned i 2014. Eg fann nokre av dei.

Minnestøtta på Amundsens plass

Roald Amundsen stod stiv og polarkledd og myste morskt over plassen i vårsola. Han snudde hovudet vekk frå minnestøtta på hjørna nedanfor. Der fann eg namna på 17 jødiske born, kvinner og menn som vart sende til døden frå Tromsø. Bronseplata har teksten: «Til minne om jøder frå Tromsø drept i tyske konsentrasjonleire. Reist i dyp ærbødighet av deres landsmenn. Vi må aldri glemme». Men då eg las forskjellege stader om då minnesmerket vart reist, var det noko anna som beit seg fast i meg. Kanskje nett fordi det var ein tankegang som gjekk att mange stader!

«- det fins da ikkje penga her i byen til sånt»

Roald Amundsen ser som sagt ikkje mot minnestøtta over dei drepne jødane. Kanskje han og er flau for grunngjevinga Tromsø kommune gav då dei fekk spørsmål om å støtta reisinga av minnesmerket? Overskrifta over er svaret jødane, fekk den gongen…. (i)

Roald Amundsen ser ein annan veg...
Heimtur med Henrik Broberg – og ein uynskt fylgjesvein

På tur innom ein bokhandel, vart boka «Da byen ble stille» av danske (?) Henrik Broberg oppdaga. Dermed vart Broberg reisefylgjet mitt resten av tida i Tromsø, og på turen heim. Boka imponerte meg. 

Ein del hadde eg lese om jødane der nord før, men denne forfattaren har gjort eit grundig arbeid med å leita opp data og få fram relevante «facts». Eg fekk vita kven desse jødane var som slo seg til her, og kva dei dreiv med i arbeid og fritid. Broberg har skaffa bilete både frå private og offentlege kjelder, og presenterer kopiar av viktige dokument som viser dei urettane som den norske stat – og den lokale administrasjonen, gjorde mot jødane under og etter krigen.

Livspolisane

Eva Shotland og ei rekkje andre jødar teikna livspolisar og betalte premiane som dei skulle. Dermed hadde familien noko i tilfelle død, eller – om dei trong pengar, som dei kunne «innløysa» og få utbetalt ein viss del av det innbetalte. Om dette skriv Broberg:

«Da jødene ble arrestert og deportert ble også alle verdier, løsøre og formuer inndratt. Men det faktum at det kunne hentes penger ut av livsforsikringspoliser fikk en dobbelt tragisk konsekvens. Når myndighetene fant slike poliser ved gjennomgang av boligene og eiendelene til jødene, ble de systematisk tvangsoppsagt for frigjøre gjenkjøpsverdien. Dette er selvfølgelig en total uakseptabel og i seg selv ulovlig handling som de ansvarlige kunne dømmes for etter krigen, men oppsigelsene fikk samtidig den konsekvens at livsforsikringene ikke ble utbetalt når jødene ble drept siden forsikringene da ikke lenger fantes. 

Så grøne vart liane
Ved oppgjøret etter krigen framgår det av de mappene som er gjennomgått vedrørende de drepte i Tromsø, at bare det lille beløpet tilsvarende gjenkjøpsbeløpet forsøkes tilbakeført, og de etterlatte ser dermed ut til å være lurt for store erstatningsbeløp. Også forsikringsselskapene hadde selvsagt stor interesse av at dette skulle gå i glemmeboken». (ii)

Møtet med etterlevande og andre

Gjennom samtalar og intervju med personar knytt til det jødiske miljøet i Tromsø, gav boka meg eit levande bilete av det som hende. Her er eit avsnitt frå samtalen med Bjørg Rotvold:

«I forhold til jødehat, så husker jeg ikke at det var noe utbredt hat mot jødene i Tromsø før krigen, bortsett fra hos den del av den norske befolkning som ble Quislinger, og de var jo regelrett hjernevasket. For min egen del har jeg aldri merket at jødene som mennesker var forskjellig fra oss andre, men jeg husker likevel at det var mange ganger under min oppvekst, hvor den krokete nesen min, som jeg forøvrig har arvet etter min far, ble brukt mot meg når noen ble uvenner med meg. I slike situasjoner på skolen ble det ropt «jødenesen, jødenesen» og så brukte jeg å gråte til lærerinnen min, frøken Andersen, og hun tok dem fatt og sa at Bjørg har ikke jødenese. Hun har en aristokratisk nese. Det slo jeg meg til ro med.» (iii)

«Deportasjonen og utryddelsen»      

Eit av dei siste kapitla i boka er om ei reise til Auschwitz som forfattaren gjorde samen med Kjell Arman Smith, etterkomar etter ein av dei som vart drepen der nede. Som så mykje anna av dokumentasjonen eg fekk lesa, er dette noko eg ikkje lett kan gløyma. Kanskje fordi eg sjølv var der for ikkje lenge sidan…

Favel, Tromsø, for denne gong....

Og den uynskte fylgjesveinen på turen?

Ein UHU limstift. Eg var ikkje komen lenger enn til side 29 då eg oppdaga at sidene gjekk over til lausbladsystem! Utan UHU-en si hjelp hadde eg enda opp med ein bunke flygeblad, og korleis skulle det gå på flyturen til Flesland der det i tillegg var streik den dagen????

Kort sagt: Innhaldet i boka imponerte meg, men for innbindinga har eg berre eitt ord:  

                          UHU!

-----
(i) Dette er referert mellom anna i: Jødene i tromsø, Holocaust | Deportasjonen fra Tromsø ble et vellykket nazisitisk prosjekt.  Det jødiske Tromsø ble utryddet. (nordnorskdebatt.no)
(ii) Side 70, 1. avsnitt.
(iii) Frå side 137.

Merknad: Bileta har eg teke sjølv.

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 2. juni 2024

Dette er boka mi...

På reise med Jo Benkow

Så er eg på tur nordover i landet. Til reisefylgje har eg Jo Benkow, (i) eller rettare sagt boka hans: «Frå synagogen til Løvebakken». Det er ei lettlesen bok på 200 sider. Der fortel han om oppveksten sin og elles ting frå livet i den prosessen som sikkert mange andre norske jødar også har gjennomlevd. Frå ein tradisjonell, men ikkje serleg religiøs familie, gjennomgjekk han ein prosess med meir og meir integrering i det norske samfunnet. Han fortel om mobbing på skulen og tilpassingsvanskar til det norske og religiøse ("kristne") miljøet, inntil han kjende seg som fullt ut som norsk.

Eg har lese om tida fram til krigen og at faren med begge gutane reiste til Sverige då det norske samfunnet tok til å verta utrygt for jødiske menn. Kvinnene i familien vart ei tid lenger i von om at den anti-jødiske bylgja skulle gå over. Då dei så skulle rømma, var det for seint, og dei vart tekne og sende til dødsleirane i Tyskland. Dette skjedde med god hjelp frå norsk politi og lokale og sentrale styresmakter som lydig fylgde opp tyskarane og nazistane sine vonde planar.

Benkows bestefar, Chaim Eliah Benkowitz frå Grodno i Kviterussland, var fotograf, eit yrke som kom til å gå i arv. Benkow fortel at pogrombylgja 1903-1907 der borte, skremde bestefaren og gjorde at han rømde vestover med familien. Etter ei tid i Sverige kom dei så til Noreg. På morsida hadde Jo jødar som hadde rømt til England. I kapitlet «Utvandrere og innvandrere» skriv Benkow:

«De fleste reiste for å unngå ulykken. Det var ikke drømmen om prinsessen og halve kongeriket som dro og lokket. (ii) Heller ikke utferds- og erobrertrang. Som regel var det noe man flyktet fra. Men også den som flykter, bærer med seg troen på at det man flykter fra, ikke skal forfølge en videre. Også det er en drøm om frihet. Man flykter – både for å berge liv – og i håpet om at det liv man har reddet, skal bli annerledes enn før». (iii) 

Derfor, som politikar, arbeidde Jo Benkow for at dei som kom til Noreg, skulle vera trygge og få eit betre liv enn det dei rømde frå. Som døme brukte han tusenvis av norske familiar si utvandring til Amerika i det 19. århundre.  Og han skriv:

«På få unntak nær foretrakk også de norske jøder å forbli i Norge. Personlig drømte jeg aldri noen gang om noe annet enn å forbli nordmann med den sterke tilknytning jeg hadde til norsk tradisjon, kultur og levemåte. Det er til ære og heder for et land og et folk som jeg regner som mitt, at det er blitt slik. Det er nemmelig ikke en selvfølge alle andre steder…..

De få nordmenn som reiste til Israel, bl.a. min egen onkel Herman, vendte ikke Norge ryggen, men reiste med et brennende ønske om å være med på å realisere jødenes drøm. Før han døde der nede, fikk han anledning til å kjempe for noe han trodde på og som slektleddene før han hadde forberedt ham til». (iv)


Men så kom 1942….

I kapitlet «Familien som ble borte», skriv Benkow om starten på krigen, kvifor nokre av familien kom seg unna medan andre var bortførde og drepne. Han skriv om dei alvorlege teikna som kunne tyda på at jødane var i fare, særleg etter at tyskarane hadde teke landet. Han skriv:

«Redselsgjerninger av den art som tyskerne utførte i andre land, høre med til unntakene her hjemme i krigens første år, selv om det som skjedde var mer enn ille nok. Derfor var det fortsatt mange som i lang tid ble forledet til å tro at de redselshistoriene som ble fortalt, var overdrivelser og rykter……..

Men til tross for alt vi visste, var det vanskelig å tro på det likevel. Mennesker er underlige skapninger. Vi er evige eskapister som føler oss overbevist om at det verste aldri kan hende oss selv, til tross for at det stadig hender andre….

Mine foreldre og rasefeller i Norge burde visst bedre, selv om heller ikke de i krigens første år kjente hele sannheten. Det unndrar seg normale menneskers fantasi å forestille seg systematisk utryddelse av hele folkeslag. Man hadde tatt i bruk de metoder som tysk industri hadde slik suksess med, men med motsatt fortegn; man gikk over fra masseproduksjon til masseutryddelse».   (v)

Benkow skriv om faren som kom tilbake etter krigen, og den vanskelege starten han fekk med å byggja eit nytt liv på ruinane av det som ein gong hadde vore. Han vart aldri den same. 

«Den som ikkje lærer av fortida, er dømd til å gjera dei same feilane»

Tittelen over er eit ordtak som finst i fleire variasjonar. Det ber i seg mykje livsvisdom. Nest siste kapitlet i boka til Benkow, heiter «Fordommer». Her skriv han om fordommar i sin oppvekst, - sine eigne fordommar mot ikkje-jødar, og fordommane mot dei, - jødane, - fordommane som kom til å dominera tida før og under andre verdskrigen. Han skriv og om fordommar mot innvandrarar i tida etter krigen,  - «fremmedhat» - , og om fordommar relatert til kjønn. Dette var ting han som politikar hadde motarbeidd.

Mitt møte med Ben Gurion i Tel Aviv
«Fordommer blir heller ikke så sjeldan brukt som grunnlag og utgangspunkt for både moralsyn og moralsk indignasjon. Da føler man at man er på trygg grunn, fordi fordommer som er opplest og vedtatt, alltid kan regne med å ha folkeflertallet på sin side. Å gi ny næring til holdninger som allerede har festnet seg, er folkeforførerens sikreste virkemiddel. Fordommer er demagogens beste våpen. Det primitive budskap vil alltid ha et stort og trofast publikum å spille på. Hitler visste hva han gjorde og hvordan han skulle gjøre det. Det har vist seg gang på gang. Fordommene er løgnens beste allierte og en effektiv vaksine mot sannheten». (vi)

Kan det seiast klårare? 

Kva skjer i dag?

I Midtausten og elles i verda skjer det som Jo Benkow hadde sett skje i tida før og under andre verdskrigen. Han såg «folkeforføreren» Hitlers bruk av fordommar, noko som er oppfylt nær sagt til punkt og prikke i vår tid, - til «dei stakkars palestinarane» sin fordel. Overgrep som 07.10.23 eller dei nesten daglege terrorangrepa i Israel i periodar, vert bagatelliserte samstundes som Israel sitt forsvar mot terroren, vert sett på som «overgrep». Den stigmatiserte «jøden» av i dag er ikkje tjukk, rik og lett å kjenna med si tydelege «jødenase». Han er ein uniformert og velutstyrt soldat eller politimann som drep palestinske born, øydelegg skular og sjukehus, osv. Biletet er skapt gjennom antijødisk propaganda, - nett slik nazistane gjorde det for rundt hundre år sidan.

Me møter fordommane i offentlege og sosiale media, og dei hindrar at folk ser sanninga. FN og folkerettsdomstolen som skulle vera garantistar for sanning og rett, har vorte politiske og antijødiske / anti-Israelske instrument for organisasjonar og statar som hatar jødar og arbeider for å fjerna Israel frå kartet. Til og med dei som styrer Noreg i dag, føl opp, - slik regjeringa her heime gjorde det i 1940-45…

-------------

(i) Josef Elias Benkow (1924-2013), norsk jøde som var på Stortinget frå 1985-1993. Under krigen rømde han til Sverige og derfrå til England-Canada. Han endra då navnet til «Jo Benkow». Han vart fenrik i flyvåpnet og tenestegjorde ei tid etter krigen på Bardufoss flystasjon. Han var formann i Høgre 1981-85, stortingspresident 1985-1993, og formann i Nordisk råd i 1983.
(ii) Han har tidlegare i avsnittet nemnt eventyret om «Espen Askeladd».
(iii) Frå side 141, 3. avsnitt osv.
(iv) Frå side 136, 3. og 4. avsnitt.
(v) Utsnitt frå  side 147-148.
(vi) Frå side 180-181. Uthevinga er mi.

Merknader: Biletet av Jo Benkow er frå boka til Den noprske Bokklubben som eg hadde med på turen. Statuen av Ben Gurion står framfor grunnlovsbygningen i Tel Avia. Det va rkona mi som tok biletet.
 
Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.