søndag 28. mai 2023

 Israels definisjon av «jøde» er i praksis den same som Hitler brukte!

Israel brukar same nazistiske klassifiseringa som nazistane gjorde når dei skal ta inn nye jødar som vil gjera «alyiah». Med ein av besteforeldra som jøde, vert ein rekna som jøde, og kan søkja om å få slå seg ned i landet. Teoretisk i alle fall.

Vakre Israel
Då krigen var endeleg over og dei store migrasjonane til Jødeland tok til, er det forståeleg at alle dei som hadde overlevt både Holocaust og utreinskingane i Aust, ynskte seg «heim». Skam til England – og andre statar – som prøvde å hindra det! 

I 1948 var det naturleg at ein brukte den klassifiseringa som hadde ført minst 6 000 000  millionar i døden. Er ein eller fleire av besteforeldra dine jødar, er du hjarteleg velkomen…..

Jesaja, profeten som levde rundt 800 år før det skjedde, skreiv leia av Guds Ande: «Kven har høyrt slikt? Kven har sett noko liknande? Kjem eit land til verda på éin dag, eller vert eit folk født med ein einaste gong? For Sion har vore barnsjuk, og ho har født sønene sine med det same». (Jes 66:8)  (i)

Om det var krigslidingane som profeten såg føre seg, veit eg ikkje, men uten det som hende under andre verdenskrig, hadde det moderne Israel aldri vorte fødde den dagen i 1948. Det trur i alle fall eg. Og landet, som vart «fødd på ein dag», har sidan gjort alt det kunne for å gjeva framtid og von for sitt forfylgde folk!

Men enkelt er det ikkje

Ein «moderne» jøde med ein minimum av jødiske tradisjonar, omskoren eller ikkje, er han eller ho jøde? Burde der vore ein skala, som nazistane si klassifisering ut frå genetisk arv, og som dagens jødar kunne målast opp mot? Då kunne ein plukka ut dei som er Abrahams genetiske etterkomarar i alle fall? 

Men jødar som har vorte det gjennom ein omvendingsprosess, ville då falla utanfor, sjølv om deira hakala-godkjenning er hundrevis av år gamal. Kanskje kona mi  hadde meir jødiske gener enn mange av dei, endå ho var «etnisk norsk» både av rase og kultur!

 Jerusalem ved natt, frå Scopushøgda
Den som føl med på det som skjer i Israel i 2023, veit godt at landet har kome i den største krisa sidan Israel vart «fødd» på nytt. Og då er ikkje største faren Iran, Hizbollah eller kvar fiendar me elles måtte leita fram. Problemet er mykje farlegare og djupare enn det. Dei sjølve!

Kor mykje ikkje-jødiske tradisjonar kan ein ha, og framleis vera jøde?

Eg var på ein supermarknad nokså langt sør i Israel. Som ikkje hebraisk-talande, var løysinga ved sida av engelsk å peika på det eg ville ha. Personalet var blide og venlege som dei jødar eg har treft, alltid har vore. Dei skal ha ære for det.

Men brått la eg merke til eit stykke bacon, nett den sorten eg så gjerne et med egg til frukost. Dum som eg er, sa eg til dei som var med: «Du verden, er slikt til sals i Israel?». 

Dei tilsette i butikken forstod ikkje norsk, men dei såg at eg reagerte og at me «goy-ane» snakka om det oss imellom. Me fekk det me skulle ha, men då eg kom tilbake neste dag, var den delen av utstilte varer skifte ut med koscher-mat!

Frå lysestaken ved Knesset
Eg fortalde det til ein messiansk israelar eg kjenner der nede. Han sa: «Der bur mange russiske jødar i Israel som framleis brukar bacon slik dei gjorde i Russland. Dei vert ikkje rekna som skikkelege jødar».

Lat meg slutta med det Conrad Myrland i MIFF (ii) skriv : 

"En jøde tilhører både en religion (jødedommen) og det jødiske folket. I egenskap av folk har jødene automatisk adgang til å flytte til Israel og bli statsborgere der, uansett hvor i verden de bor. 

Alle hovedretninger i jødedommen er enige om at dersom ens mor er jøde, er man jøde selv også, hvis man da ikke har forlatt jødedommen ved å konvertere til en annen religion."

Manglar Israel eit hakala-politi som kan definera kven som er «ekte jødar»? Eg i alle fall forstår ikkje kven er som kva, og kvifor?

Kven har autoriteten til å ekskludera – om det trengst - dei som «ikkje er jødar», trass dokumentert genetisk arv og statsborgarskap?

-------------- 

(i) Sitat frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve.

(ii) Jøder - tall og fakta - Med Israel for fred (MIFF)


----------------------------- 

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 21. mai 2023

Utsida av Steinfelds bok
 Jødiske ikkje-jødar?

For ei tid tilbake vart eg invitert med på eit foredrag av Dag Steinfeld på biblioteket på Austreim. Me kjøpte boka hans, og eg fann mykje interessant der. Boka heiter «Fedre og sønner» - ei soge om Steinfeld-familien frå tsarens Russland og opp mot vår tid.

«Gamle» Steinfeld var med og grunnla synagogen i Trondheim i si tid. Steinfeldane var av «ekte jødisk rot», sikkert både genetikk og kulturelt då dei kom frå tsarens Russland til Noreg.

Problema kom til syne då ein av sønene forelska seg i ei ikkje-jødisk norsk kvinne i Bergen, - ei «gojete». Seinare ynskte den yngre broren å gjera det same, noko som enda i ein tragedie.

For oss ikkje-jødar som ser problemet utanfrå, er hendinga både trist og forståeleg på same tid. Kor mange norske slekter har ikkje opplevt slike kranglar utan å ha noko jødisk kultur eller tradisjon å skulda på?

I boka si nemner Steinfeld Torborg Nedreaas som og var barn av eit blanda ekteskap. Dei var dermed «halvjødar». 

Eg gjekk på biblioteket og lånte ei utgåve med heile trilogien til Nedreaas: «Trylleglasset», «Musikk frå en blå brønn» og «Ved neste nymåne». Der fann eg same «utenforskapet» som Dag Steinfelt skriv  om i si bok. Begge har bakgrunn frå mellomkrigstida i Bergen, ein by der jødane aldri organiserte seg med skule eller synagoge. Oslo og Trondheim skapte gode jødiske miljø, men dei i Bergen gjorde det. (Er du interessert, kan du finna meir om dette i boka: «…vi blir neppe nogensinne mange her. Jøder i Bergen 1851-1945.»(i))

Det Steinfeld skriv om Nedreaas:

«I romanene møter vi jøden Simon, I likhet med Jacob blir han utstøtt frå sin familie da han gifter seg med en bergensk gojete. Saman får de barna Franziska, Rakel, Fanny og David. Likheten mellom romanfiguren Simon og min egen farfar er slående. Det er også likheten mellom de to gojetene eller halvjødene Franziska og Fanny, og min fars barndom.

På sin malende måte skildrer Nedreaas utstøtelsen av urene barn frå deres jødiske familie. Under en opphetet diskusjon i Musikk frå en blå brønn anklager Fanny sine fraværende jødiske slektninger for aldri å ha «vist oss noen kjærlighet». Når eg leser om Franziska, føler eg at eg forstår min far. Hun som har et «typisk jødisk utseende», føler eller søker en jødisk identitet, som mange slike barn gjorde. Særlig sår er skildringer av hvordan hun som liten pike stadig lusker seg utover til besteforeldrenes hus til tross for at hun vet at «de var ikkje glade i oss» (ii)

Dette er Nedraas-boka eg las
Nedreaas sin hovudperson, Herdis, har ein jødisk bestefar og tre besteforeldre som er «norske». Ho høyrer mora og søstrene diskutera slekta:

"Det var visst familien i Tyskland de snakket om, Fanny hørtes som om hun var sint på dem, og Rakels stemme tonte som kirkeklokker da hun sa: Det får ikke hjelpe! Blod er tykkere enn vann. Og vår religion forlanger iallfall at vi har litt kjærlighet å gi til andre.

Så var det noe med religion? Det var kjedelig. Herdis skjønte ikke mye av det. Ellers var det spennende nok med et lite munnhuggeri, man kunne lytte og følge med, og så holde med noen, akkurat som på fotballkamp. Siden var de oftest venner igjen – akkurat som på fotballkamp. Fanny sa: De har aldri vist oss noen kjærlighet. Jeg vet ikke om vi skylder dem noe som helst.

Og det lød som om hun hadde revet ned en vase eller noe. Det fulgte et urovekkende klirr av stemmer i munnen på hverandre, det var så vidt man kunne skjelne mening i alt sammen, Herdis sin mor ropte: Men Fiedl! Hun er ikke bundet til synagogen, hun har vist at hun regner oss for sine slektninger – hun har vist oss både varme og kjærlighet!

Men Fanny rev ned en vase til, hun ropte: Men Friedl er jo hedning!

Det sto et mørkt vær omkring Rakel, hun var ilddronningen som befalte verden å synke i grus, og man kunne vente at hun nå hadde et sønderrivende vredens budskap med sin kirkeklokke-stamme, men ordene som trengte gjennom de andre stemmenes ord var milde ord, de var druer som dirret i det brannrøde skjær fra sin dronnings ild:

- Av oss alle er det Firedl som har fått det gode sinn. Om du bare hadde hatt litt av det du, Fanny!

Det gode sinn. Endelig tre ord som et menneske kunne ta inn i tankene sine sammen med andre begripelige ting, tre alminnelige ord som kjentes gode og milde på tungen når man hvisket dem for seg selv.»

             "Utenforskap"

Det viktigaste inntrykket mitt etter å ha lese desse bøkene, er det relativt nye ordet «utenforskap». Det er eit ord som ikkje kan omsetjast til nynorsk direkte, men innhaldet i ordet, er velkjend i alle kulturar.- 

Torborg Nedreaas lærde meg dessuten eit ord frå sin bergensdialekt: «Småpikene på Sølverstad gikk i lange strilerekker etter sprøytevognen…»

Eg, endå eg er stril, måtte spørja dei som var eldre enn meg kva ordet betydde: «Strilerekke» kalte bergensarane det når fleire gjekk i lag, og gjekk i rekke på tvers av vegen!  Sikkert med opphav i at på Strilalandet var det før i tida så lite trafikk, at folk kunne gå fredeleg og prata - på tvers av vegen.

Å gå i rekkje etter kvarandre på vegkanten når ein skal prata i lag, er pyton!  «Strilerekke» er mykje meir sosialt, og dessuten er folk kjekkare å sjå på frå sida enn bakifrå. Er du ikkje enig? 

Men sjølve ordet, på same måten som andre samansetjingar med «stril», fortel om gammal «utenforskap», på same måte som ordet «hedning».

Det får eg koma tilbake til sin anna gong.

-------------------- 

(i) Per Kristian Sebak: «…vi blir neppe mogensinne mange her. Jøder i Bergen 1851-1945.»

(ii) Sitat frå side 57 i boka «Fedre og sønner».

------------------------------------------------------------

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


søndag 14. mai 2023

Gratulera med dagen!

Kvitveis er fanleg mai-blomst hjå oss.
Endå ein gong kan me feira 17.
mai i eit fritt og demokratisk land, 118 år etter at grunnloven vart underskriven på Eidsvoll. Det gjekk først 91 år med relativt sjølvstyre og konge med Sverige. Så i 1905 fekk me eigen kongen og dermed hadde me makt og myndigheit i eigne hender!  Det var mykje å vera glad for.

Med unnatak 1940-45, har landet hatt lovleg vald styre, gode lovar og fred. Nasjonaldagen er derfor ein dag til å sjå tilbake, heidra dei som gjekk føre oss og takka for det dei gjorde både i krig og fred. 


Nasjonaldagen er ein vårdag og naturleg knytt til spirande liv og grønkande lier. Eg hugsar år då me gjekk gjennom bygda på leiting etter bjørk med «mus-øyre-blad» til portal på skuleplassen. Grønt lauv og norske flagg høyrde saman, slik me song i «Norge i rødt, hvitt og blått».

Dette er dagen for folketog i Oslo og elles i landet. I min barndom var dagen knytt til eit lite lokalsamfunn, og på kvelden nasjonal feiring via NRK. I åra våre i Sør-Amerika, var det fest på «misjonen» om dagen og hjå konsulen om kvelden. Me gjekk i tog med norske flagg, pynta hus og hage, høyrde fine talar og song nasjonalsongane. Etterpå var det leikar og godt for både store og små.

17.maifest i Balestrand eit tidlegare år...
Gud var ein viktig del av nasjonaldagen, og me song glade «Gud signe vårt dyre fedreland» og  
Gud signe Noregs land, kvar heim, kvar dal og strand,
 Kvar lund og li!
 Han lat det aldri døy, han verje bygd og øy,               Han verje mann og møy
Til ævleg tid.


Dette er songar som ikkje berre er mindre brukte i dag, men der er krefter som aktivt arbeider for at dei  - og Gud, skal fjernast frå landet. Til og med krossen i flagget vil dei ha bort. Deira mål er å reinska ut alt som vitnar om sann gudstru og sant kristenliv både i skule og samfunn. Slikt vil føra oss og landet i ulukke! 

Derfor, nett i dag burde me hugsa visdomsorda til Elias Blix:
     Vil Gud ikkje vera Bygningsmann,
     Me faafengt på Huset byggja.
     Vil Gud ikkje verja By og Land,
     Kann Vaktmann oss ikkje tryggja.
     So vakta oss, Gud, so me kan bu
     I Heimen med Fred og Hyggja!



Kampen mellom det vonde og det gode   
Eitt val avgjer vår framtid

Mine tankar går til Josva. På sine gamle dagar repeterte han for jødefolket korleis Gud hadde vore med dei. Landet Gud hadde lova dei, var no deira. Men den gamle gudsmannen såg ein fåre: At folket skulle venda seg bort frå Han som hadde fridd dei ut frå Egypt, og som hadde gjort si pakt med dei:

«Men synest de ikkje om å tena Herren, så vel i dag kven de vil tena, anten dei gudane fedrane dykkar dyrka på hi sida av elva, eller dei gudane amorittane dyrka, dei som åtte det landet de no bur i! Men eg og mitt hus, vi vil tena Herren.» (Jos 24:15) (i)

Folket svara «Ja» der og då, men vende Gud ryggen trass i Josva si åtvaring:

«Når de vender dykk frå Herren og dyrkar framande gudar, vil han venda seg bort og la det gå dykk ille og gjera dykk til inkje, endå om han har gjort vel imot dykk før.» (Jos 24:20)

Bibelen fortel korleis det gjekk. Den som les Skriftene med ettertanke, ser at Josva sine ord gjekk i oppfylling både i det tidsspennet vår Bibel omhandlar, og i to tusen år fram til no.

Gud valde ut jødane for me alle skulle få del i Hans frelse og velsigning (1.Mos.12,3). Soga deira viser oss dessutan – uansett vår kulturelle og etniske bakgrunn, korleis det går når eit folk lyder sin Skapar, og når dei er ikkje gjer det. 

Mi bøn og von er at me som menneskje, og som nasjon, gjera rett val både i no og i åra som kjem.

--------------
(i) Bibelsitatet er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve. 

Alle bileta har eg teke sjølv. Det nedste er ein detalj frå inngangen i Hopperstad stavkyrkje (Vik i Sogn) der eg var guide nokre år.

----------------- 

Det er forbode å bruka tekst og bilete frå denne bloggen ute skriftleg løyve frå meg.



søndag 7. mai 2023

 Kroppsleg og åndeleg genetikk

Også åndeleg treng me eit ankerfeste!
For ikkje lenge sidan var eg inne på Dag Steinfeld og Torborg Nedreaas sitt jødiske opphav. Begge hadde bakgrunn frå eit ekteskap mellom  jøde og ein «gojete», det eg kallar «ikkje-jøde». Slik eg forstår bruken av ordet, er det sterkt nedsetjande slik som «hedning» og for den del «stril». 

Det semantiske innhaldet til «gojete», veit eg ikkje. Har spurt jødar i Jerusalem som brukar hebraisk til dagleg,men for dei er ordet ukjent. "Det må vera jiddisk," var svaret.

Den fysiske og kulturelle arven frå forfedrane, genetisk og religiøst, var altså så sterkt at ein far kunne seia til sonen: «Før ville eg heller se deg død!»(1)  Samstundes er det farleg å seia at dette er noko som berre angår jødane. Kor mange familiar har ikkje vorte øydelagde på liknande vise utan å ha noko jødisk opphav.

Slike reaksjonar kan koma av skam, av å missa ansikt og prestisje, krangel om arv, eller politiske motsetningar som også Steinfeld skriv om i boka si. Eg reknar med at ein vil finne slike døme verda over.

Men kva med åndeleg genetikk?

Eg og reknar meg som Abrahams barn. Då tenkjer eg ikkje på at eg kanskje har nokre jødiske gener slik kona mi hadde. Det er uinteressant i denne samanhengen.

Tru byggjer bru
Nei, det heile er eit åndeleg spørsmål om «åndelege» gener, for å seia det på den måten. Og då føl eg læra til ein jødisk rabbi frå den fariseiske greina av dei skriftlærde. Han vart kalla Saulus frå Tarsus då han kom på høgskulen i Jerusalem, men fekk seinare namnet Paulus. Og då veit du kanskje kven eg siktar til?

I Roma, hovudstaden i det enorme riket, var det på den tida ei ikkje lita gruppe jødar. Byen var ikkje berre eit politisk sentrum, men også kommersielt og religiøst. Nokre av jødane hadde og vorte omvende til Yeshua Hamashaich, og Paulus skreiv eit eige brev til dei.

Der kjem han inn på nett dette med det genetiske opphavet under ideen «Kven er Abrahams barn?» Særleg i fjerde kapitlet kjem han inn på bakgrunnen for Genesis (1. Mos.) 12 og Guds spesielle kall til Abraham. Og Abraham vart ikkje kalla – eller fekk omskjeringsteiknet – på grunn av sine gjerningar eller sitt genetiske opphav, men av tru. Paulus skriv:

«Vi seier då at trua vart rekna Abraham til rettferd.10 Korleis vart ho så tilrekna han? Var det etter at han var omskoren, eller då han var uomskoren? Ikkje då han var omskoren, men då han var uomskoren. 

11 Og han fekk omskjeringsteiknet til segl på den rettferda av tru som han hadde fått då han var uomskoren. Slik skulle han vera far til alle uomskorne som trur, så rettferda kunne tilreknast dei òg, 

12 og like eins far til dei omskorne som ikkje berre har omskjeringa, men som òg fylgjer i fotefara til den trua som vår far Abraham hadde då han var uomskoren. 

13 For det var ikkje ved lova Abraham eller ætta hans fekk den lovnaden at han skulle vera arving til verda, men ved rettferda av trua.» (Rom 4:9b-13)

Det vil seia at me som ikkje har gjennomgått omskjerelsen – Brit Mila – likevel kan verta Abramas barn. Eller som denne rabbien sier det: Abraham har både omskorne og uomskorne born, og dette kjem ikkje an på Toraen eller tradisjonane, men trua. 

Som for Abraham, er ikkje dette berre ei teoretisk tru, men ei tru og ein gudsrelasjon som ein innrettar livet etter. Det er eit spennande liv, men ikkje alltid lett, slik som for Abraham. Han gjorde og sine feil, men det øydela ikkje gudsrelasjonen hans. Derfor, under heilt ulike tilhøve og epokar, har Abrahams åndelege barn levd sine liv på denne jorda så vel som dei genetisk og/eller ofisielle Abrahams born, jødane.

Dette er for meg det J.H.Sammis skriv om i songen sin der det står: "Lyde og tro! Det gir hvile og ro. Om hans kraft vi vil kjenne, må vi lyde og tro."(2)

Loven lærer oss at Gud er heilag.
Han vilje er at vi og skal vera  heilage.

Men kva med Loven?

Eg takkar Gud for Loven (Toraen), som for alt det Bibelen lærer meg, både i GT og NT. Offisielt tilhøyrer eg kategorien «kristen», endå eg gjerne skulle vore fri denne etiketten. Ordet ber med seg så mange negative relasjonar, inkludert jødeforfylgingane, at det burde vore skift ut. Og ser me ut over det kyrkjelege landskapet, har eit stort fleirtal vike bort frå  Guds / Adonais Ord og innrettar seg etter sine eigne lyster og idear. Paulus skriv om dette som noko som ville koma, og det er kanskje «vår tid»?: 

"For det skal koma ei tid då dei ikkje skal tola den sunne læra, men etter sine eigne lyster skal dei ta seg lærarar i mengdevis, etter som det klør dei i øyra."  (2Tim 4:3)

Men der er vel Israel i same bås? Eg tenkjer på alle dei som – trass loven – et både svinekjøt og gjer andre ting som er mot Loven? Og kanskje mangt av det som vert forkynt, også mellom jødane, ikkje samsvarar med Tanakh?


Kva veit eg? 

Ikkje anna enn at der er ein som har siste ordet. Han er Menneskesonen, Yeshua Hamashaich, Davids rotrenning og Konge til evig tid:

"For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin saman med englane sine, og då skal han gje kvar ein att etter gjerningane hans." (Matt 16:27)

--------------------- 



(1) Frå Dag Steinfelds bok «Fedre og sønner», side 48, 4 avsnitt.

(2) John Henry Sammis (1846-1919). Originaytittel: "Trust and Obey"

Bibelsitata er som vanleg frå Norsk Bibel, Nynorsk utgåve.

------------------------- 

Det er ikkje lov å kopiera bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 30. april 2023

Gratulera med 75-årsjubileum, Israel!

75 år har gått sidan den dagen i 1948 då Israel vart «fødd på nytt» etter å ha vore borte frå kartet i 2000 år. Eit Guds under både åndeleg og politisk. 

Denne dagen, «Yom Ha'atzmaut» eller «Fridomsdagen», er den 5. Iyar på den jødiske kalendaren. Det var den 15. mai 1948 på «vår» kalendar, men dagen flyttar seg frå år til år for oss.

Ved minnesmerket over israelske soldatar som inntok Eilat
Deira døger er og ulikt vårt. Deira startar når dei første stjernene viser seg, og varer i 24 timar. Nasjonaldagen i år starta derfor på kvelden den 25. april, og varde ut ettermiddagen den 26. 

Det er sagt at Israel vart oppretta «på grunn av Holocaust», men det er nok rettare det som kom på ILTV frå Jerusalem i år: «Israel vart oppretta på tross av Holocaust!» Tenkt kor mykje betre start landet hadde fått om dei 6 000 000 drepne jødane hadde levt og teke del i det som hende i 1948! Tenk på dei økonomiske og intelektuelle ressursane som Holocaust øydela, og kor mykje sterkare landet kunne ha vore i kampane som fylgde frigjeringa!

På det verst tenkelege tidspunktet

Ben Gurion og dei som var samla i Tel Aviv den dagen, kva tenkte dei? Kvifor gjekk dei mot alle råd og spådomar og gjorde det dei gjorde? Dei sat der uten å ha  garantiar om støtte frå venner og allierte. Rundt dei låg mektige hærar klare til å «eta» opp landet. Var det trua til JHVH - Israels Gud - dei bygde på?

Landet hadde ikkje organisert forsvar, berre små militsgrupper. Det vesle militære utstyret dei hadde, som Davidkaen, var mykje improvisert «over natta». Det er i alle fall inntrykket eg har…

Eg trur opphavet til sigeren dei vann den gongen, og det som gjer at landet eksisterer endå, er Adonai Elohei-Tzvaot – «Herren hærskarenes Gud» (som den gamle Bibelen sa). Han lova å føra dei heim og gjeva dei landet tilbake, og Han heldt det han lovar. 

Bilete frå Ben Gurions heim som viser reisa gjennom øydemarka.

Nedrivne byar skulle byggjast opp att. På nytt skulle gamle og unge jødar fylla landet og vera lukkelege der. Til og med om den såkalla «Vestbredden» sa Gud at jødane ein dag skulle driva jordbruk og dyrkja vindruer! Der er meir «land å innta»!

Største underet i verda på 2000 år

Utviklinga frå 1948 til i dag kan berre forklarast ut frå profetien over «dei daude beina i dalen» (Esekiel 37). Då tenkjer eg ikkje berre på at dei vart «ein «umåteleg stor hær», men på alle andre samfunns-område der landet i dag er eit førebilete for andre. Økonomisk og industrielt, eller omskaping av uproduktiv øydemark til blomstrande hagar og veldrive landbruk.

Ein festdag med mørke skuggar

Trass alt det gode som har hendt desse 75 åra, er Israel i dag inne i ei av dei verste krisene landet har opplevt. «Situasjonen er meir kritisk no enn då Yom Kippurkrigen starta», vart det var sagt frå Israel. Når styresmaktene må be «protestantane» om å respektera minneseremoniar for falne og terroroffer, er det lett å sjå at noko er riv ruskande gale. Kvar vart det av ånda som skapte kibbutsrørsla, eller til dei som starta i sanddynene og bygde Tel Aviv? 

Me veit alle at den som står utanfor ei konflikt, alltid har «den perfekte løysinga». Det er det som fyller media no. Også jødar i USA og andre stader «veit» kva som skal gjerast for å skapa fred og harmoni i Israel, og kjem med kritikk og «gode råd» til Israels lovleg valde regjering.

 Ben Gurion og kona sine graver har utsyn over landet dei elska..

Eg, som temmeleg uvitande ikkje-jøde, har lese heile Esekielteksten og sit att med dette verset: «Tal difor profetord og sei til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, mitt folk, eg opnar gravene dykkar og lèt dykk stiga opp or grav. Så fører eg dykk til Israels-landet». (Esek. 37:12).

Dei døde beina låg spreidde utover i dalen, så det kan ikkje vera dei Gud – Adonai - meinte då han snakka om dei i «gravene». Kven var det Han tenkte på? 

Me seier på norsk at ein kan «grava seg ned» i arbeid og anna så ein misser synet for viktigare ting i livet. Kan det vera tanken at jødane som i dag er spreidde ut over i verda, er så nedgravne i arbeid og nærmiljø at dei ikkje høyrer korleis Gud – Adonai Elohim – kallar dei heim?

Eller er det dei i Israel i dag som har grave «skyttargraver» der dei sit og «skyt på kvarandre»? Ikkje med kuler og krutt, men med ord, mistenkeleg-gjering og negative medieoppslag? 

Ikkje veit eg kva Han meinte, men noko var det….

Om du er jøde som les det eg skriv: Tilgjev meg! Eg burde kanskje ha tagt still, men det gjorde dei fleste både før og under andre verdskrig. Det vart ei ulukke både for jødane og oss andre.

Men du skal vita at eg ynskjer deg som jøde – og alle andre jødar - alt godt.  Om ikkje lenge, seier Skriftene, kjem eit nytt rike med ein Davids etterkomar som evig konge, Jerusalem som hovudstad og tusen år med fred. Det er der Israel er i dag.

At Israel har overlevt i 75 år, er beviset på at også resten av Guds Ord vil verta oppfylt!

............ 

Bibelsitatet er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve.    Bileta har eg teke sjølv.

------------ 

Det ulovleg å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.
 

søndag 23. april 2023

Yom HaZikaron laShoah ve-laG'vurah

Alt i 1949 vart det i Israel innstifta ein minnedag med det namnet som står over desse linjene. Det betyr «Minnedag for holocaust og heroisme». Tanken var då å markera både holocaust og motstanden jødane hadde gjort mot nazistane.  I 1951 fastsette så Knesset ved lov ein offisiell minnedag som utanfor Israel vert kalla «Yom HaShoah», og som vert markert den 27. Nissan på den jødiske kalendaren. Det er på vår kalendar i april eller mai.

Midt i storpolitiske og internasjonale forhandlingar inntok Tyskland overraskande delar av Polen 17. september 1939. Litt seinare gjekk russarane inn i same landet frå sin kant, og landet vart delt i to.

Warzawa-gettoen

Frå første dag forfylgde nazistane jødar, og etter kvart samla dei alle jødane i eitt avgrensa omåde. Warzawa-gettoen vart dermed ein realitet frå 1941. Den hadde ein tre meter høg mur rundt eit stort område av Warzawa, og portar der tyske vakter kontrollerte alt og alle som skulle ut og inn. Totalt var over 450 000 jødar samla der (i), og mangel på mat og medisinar m.m. skapte store lidingar. 

Deportasjon og vald gjorde at berre rundt 37 000 kom til å overleva krigen.(ii) Talet på dei som døydde av svolt, sjukdom og under øydelegginga av gettoen, har eg ikkje funne.

Eg hugsar eg for mange år sidan las ei bok om dette opprøret. Der stod kor splitta jødane var midt i all forfylginga. Nokre ville ta til våpen, medan andre prøvde å hindra alt som dei trudde kunne gjera tilhøva verre. Dei fleste vona, som jødane i vårt eige land, at krigen ikkje ville vara lenge, og at dei kunne gå tilbake til det livet dei hadde hatt før krigen. 

Opprørarane skaffa seg våpen frå forskjellege undergrunnsrørsler, utnytta kloakksystemet og «bunkersar» der dei gøymde seg og våpna sine. Forsvarsposisjonane deira var ofte på hustaka.



Faksimile av oppslaget i "Dagen".
«80 år siden opprøret i Warzawa-gettoen»

Under denne overskrifta i «Dagen» 19.04.23, hadde Marian Eigeles ein atikkel om det som hende der. Ho skriv at gettoen berre var meint som ein mellomstasjon før vidaresending til «Treblinka» og andre leirar.

Det var ungdomane som starta opprøret. Mange tilhøyrde alt «ZOB», ein jødisk motstands-organisasjon. Saman med dei kom kommunistar og ungdomar frå «Bund», ein ikkje-sionistisk-sosialistisk organisasjon. Seinare kom og den høgreorienterte organisasjonen «ZZB» med.

Mordechai Anielewic var den som leidde dette første vepna opprøret jødar gjorde mot nazistane under andre verdenskrig. Dei kom for alvor til syne då tyskarane 18. januar 1943 ville gjennomføra ein stor deportasjon til utryddingsleiren «Treblinka». Den deportasjonen greidde opprørarane å hindra.
Som svar gjekk 2 000 tyske soldatar med tanks og panser-køyretøy til angrep på gettoen den 19. april 1943. Motstandarane var 8-900 jødar med granatar, molotowkoktail og andre lettare våpen på hustak og frå høge bygningar.

Dei trange gatene gav ikkje plass til tanks, så øydelegging av bygningar ved brann og sprenging, var løysinga tyskarane valde.

Krigshandlingane varde ein månad. Då var Mordechai og dei fleste av forsvarane drepne. Dei som overlevde, rømde gjennom kloakksystemet så vidt eg hugsar, og slutta seg til den polske undergrunnsrørsla. Dei tyskarane tok til fange, vart sende til «Treblinka» eller drepne på andre måtar. 

I Israel vart det i 1943 grunnlagt ein kibbutz kalla «Yad Mordechai» til minne om leiaren for gettoopprøret, og i 1949 ein annan kibbutz dei kalla «Lohamei Hagetaot».

Presidentmøte ved minnesmerket over opprøret 2023

Tysklands president Frank-Walter Steinmeier, Polens president Andrzej Duda og Israels president Isaac Herzog var på minnedagen i år samla ved monumentet over opprøret i Warzawagettoen. Den tyske presidenten bad på sitt lands vegne, om tilgjeving for det vonde som skjedd her under krigen, og alle tre uttrykte inderlege ynskje om at slike overgrep aldri meir må skje. (iii)

Skjermbilde frå internett (v)
Kibbutsen «Yad Mordechai» vart øydelagt av Egypt i 1948

På same måte som jødane i Warzawa-kibbutsen opplevde krig og død, opplevde «Yad Mordechai» det i 1948. Kibbutsen, som ligg langt sør i Israel, vart angripen før det gjenfødde Israel var ei veke gammalt. Egypt gjekk til angrep med 10 000 soldatar. Ved sida av innbyggjarane i «Yad Mordechai», var der 20 soldatar frå «Haganah». (iv). Kibbutsen held stand til 23. Mai. Då tok egyptarane i bruk artilleri og skapte store øydelggingar. Dei som overlevde angrepet, rømde.

Kva kan me – både jødar og ikkje-jødar, læra av dette?

Eg trur svaret står i profeten Esekiel sitt 37. kapittel. Der får profeten sjå ein dal full av døde bein, og på Guds (JHVH’s) ordre profeterer han over beina:

«Eg tala profetord, som han hadde bode meg. Då kom det ånd i dei, så dei vart levande. Dei reiste seg opp og stod på føtene. Det var ein umåteleg stor hær.
11 Så sa han til meg: Menneske, desse knoklane er heile Israelsfolket. Høyr kva dei seier: «Våre knoklar har tørka inn, vår von er knust. Det er ute med oss!» 12 Tal difor profetord og sei til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, mitt folk, eg opnar gravene dykkar og lèt dykk stiga opp or grav. Så fører eg dykk til Israels-landet.
13 Mitt folk, de skal kjenna at eg er Herren når eg opnar gravene dykkar og lèt dykk stiga opp or grav! 14 Eg gjev dykk mi ånd, så de blir levande, og lèt dykk finna kvile i dykkar eige land. Då skal de kjenna at eg, Herren, har tala og sett det i verk, seier Herren.
» (Esek 37:10-14)

At Israel, som stod utan ein hær i 1948 då arabarstatane gjekk til angrep, i dag har ein av dei mest avanserte hærane i verda, kunne berre skje med Guds /JHVH’s hjelp. Og, likeså lite som Noreg og andre lands hærar vart sette inn for å berga jødane i 1939-45, like lite trur eg dei vil gjera det neste gong noko liknande skjer! 

På dagar som denne når me minnest det som var, må me ikkje gløyma å sjå framover og spørja: Har verda endra seg så mykje at utsagnet «Dette skal aldri skje igjen», er truverdig? Faktum er at berre ein einaste hær i verda vil gå inn for å forsvara jødar: Den israelske. Det vi ser rundt oss, er aukande antisemittisme og vald mot jødar slik starta det i mellomkrigstida.

Gud /JHVH seier over førti gonger i GT/Tanakh, at jødane må venda tilbake til det landet som er hans, - eit land han gav dei for all tid.

Jesaia, den største og mest siterte profeten (i NT), skriv: «….dei som Herren har fria ut, skal venda attende. Dei kjem til Sion med jubel, med evig glede om si panne. Fryd og glede grip dei, sorg og sukk må flykta». (Jes 35:10).

Kan me seia noko anna enn «Amen» til det?

------------
(i) Det utgjorde om lag 1/3 av folketalet i byen på den tida.
(ii) https://no.wikipedia.org/wiki/Warszawagettoen (Teke ned 20.04.23.)
(iii) https://www.jpost.com/diaspora/article-739648 (Teke ned 20.04.23.)
(iv) «Hagannah» var den sionistiske halsmilitære gruppa som kjempa mot britane, og som vart grunnstammen i det israelske forsvaret då staten vart oppretta 14. mai 1948.                                                                                                                               (v) https://en.wikipedia.org/wiki/Yad Mordechai (Teke ned 21.04.23)

Som vanleg er bibelsitata frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve.

-----------------
Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen utan skriftleg løyve frå meg.

 

søndag 16. april 2023

 HaShoah

Ordet «Shoah» betyr på hebraisk øydelegging, ulukke eller katastrofe. Med den bestemte artikkelen «Ha» framfor, står ordet for det me kallar «Holocaust». Det du no les i bloggen min, skriv eg nett før den jødiske «Yom HaShoah» - «Holocaustdagen» 2023. Den startar 17. april når første stjernene kjem fram, og varer eitt døger. Fell dagen på ein sabbat, vert han flytt ein dag. På jødisk kalendar er datoen  27. Nissan år 5783.

Yom HaZikaron laShoah ve-laG'vurah

Alt i 1949 var det laga ein minnedag dei kalla med det namnet som står over desse linjene. Det betyr «Minnedag for holocaust og heroisme». Tanken var då å markera både holocaust og mostanden jødane hadde gjort.  I 1951 fastsette så Knesset ved lov ein offisiell minnedag som utanfor Israel vert kalla «Yom HaShoah», og som vert markert på 27. Nissan. Det vert på vår kalendar april eller mai.(i)

Først 54 år seinare vedtok FN ein internasjonal minnedag for nazistane sine ugjerningar i Auscwitz. Dei valde å bruka ein annan dato enn dagen jødane hadde bestemt, og valde datoen då russiske soldatar frigjorde Auschwitz. Det skjedde 27. januar 1945.(ii) Ei grunngjeving for at dei valde ein annan dato enn Israel, kan vera at det ikkje berre var jødar som vart drepne i leirane, men og sigøynarar, politiske fangar, krigsfangar m.fl.

«Siste reis for Harry og Ruth»
Faksimile frå tittelsida.

Hin dagen fekk eg eit nummer av «Dag og Tid» med ein artikkel som abonnenten trudde interesserte meg! Artikkelen, skrive av Håvard Rem, var informativ og velskriven. Bakgrunnen for artikkelen var åttiårsmarkeringa av norske jødar som vart sende til Tyskland med MS «Gotenland». Ei markering av arrestasjonane i Trondheim (på jødane sin gravplass) skreiv eg om i ein tidlegare blogg. Markeringa «Dag og Tid» fokuserte på, er då jødane frå Trondheim saman med ein del andre, vart sende frå Vippetangen i Oslo.

MS «Gotenland»

Til no har eg trutt at MS «Gotenland» var tysk, men det var feil. Båten vart bygd for den norske reiaren Klaveness, og vart rekvirert av tyskarane som troppetransportskip. Båten fekk mange namn før han gjekk til opphogging i Shanghai. Då heitte han MS «Esperanza», - fritt omsett: «Håpet». 

«MS «Gotenland»-deportasjonen liknar eit oppsamlingsheat»

Illustrasjonen til artikkelen.
Slik formulerer Rem det han skriv om den turen båten hadde med dei som ikkje hadde kome fram til MS «Donau» drog frå Oslo 26. november 1942. Då var 532 norsk jødar om bord. MS «Gotenland» la frå kai på morgonen 24. februar 1943 med 158 norske jødar. I mellomtida hadde det tyske skipet MS «Monte Rosa» teke med seg 21 jødar 19. november 1942, og ei veke seinare 26 jødiske menn i lag med diverse politiske fangar. Med dette «opsamlingsheateet» vart 736 norsk jødar sende til dødsleirane.(iii)

Harry og Ruth

For å gjeva dei deporterte «ansikt», fokuserer artikkelen på Rebekka Sakolsky og dotter hennar, Ruth på tre år. Dei hadde vorte henta frå Tromsø. I same lasterommet var Eva Shortland og yngstemann om bord, Harry, som kom frå Harstad. Harry var berre 18 månader. Borna var syskenborn, og på Jødisk Museum i Oslo kan ein få sjå ting som er knytte til desse to – og frå mange andre som vart sende i døden dei dagane i 1942 - 43. 

Eit augnevitne

Ein av dei som var om bord den tragiske februardagen i 1943, var den jødiske dokteren Leo Eitinger frå Bodø. Som ein av dei få overlevande, kom han tilbake til Noreg og vitna i Salten forhørsrett i Bodø. Det han sa, står i boka «Øyenvitner. Rapport etter norske jøders hjemkomst frå konsentrasjonleirene».(iv) Eitinger fortel at dei to svigerinnene med borna vart sende rett i dødskammera då dei kom til Auschwitz. Berre nokre få unge jenter vart førde bort til ein annan plass. Kva som hende med dei, veit han ikkje, men i november 1944 vart det opplyst at det ikkje fanst levande norske kvinner i leirane.

Eg vil gjeva bladet og Håvard Rem ros for den plassen dei gav denne markeringa. Takk skal de ha!

Må me aldri gløyma den uretten og dei overgrepa som nazistane og deira medhjelparar gjorde både i Auschwitz og her i vårt eige land. 

------------------ 

(i) Yom HaShoah - Wikipedia                                                                                                                        (ii) Den internasjonale holocaustdagen – Wikipedia                                                                                      (iii) Denne informasjonen har eg teke frå forskjellege stader på internett om jødetransportane.                  (iv) Dinamo Forlag, Oslo 2012.

--------------------------- 

Det er ikkje lov å bruka bilete elles tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.