søndag 22. februar 2026

 

https://www.britannica.com/biography/Georg-Brandes

Viktige jødar i det 20. århundre.    Tredje del 

Det er naturleg å tenkja at dei landa som hadde flest jødar, hadde og flest representantar i den boka dei tre siste blogginnlegga mine har teke utgangspunkt i. Det stemmer når det gjeld USA og Russland / USSR, men ikkje når det gjeld Norden.

Talet på norske jødar har variert frå nokre hundre til vel 2000 i 1940. Av desse vart 772 sende til Tyskland, og under 40 kom tilbake. Mange norske jødar i greidde å rømma til Sverige under krigen, og vart berga, og i dag er kanskje talet like høgt som før krigen.

Sverige har ingen med i boka. Heller ikkje Finland og Island.

https://en.wikipedia.org/wiki/Arne_Jacobsen

Så langt eg veit, har Sverige hatt flest jødar samanlikna med dei andre nordiske landa. Etter det internett kan fortelja, var der rundt 15 000 jødar i Sverige ved slutten av det 20. århundra. Talet er usikkert fordi mange av dei ikkje har vore med i noko jødisk registrert samfunn. I boka «The Jewish Contribution to the 20th Century», har altså ingen frå Sverige fått plass. Og Noreg er berre representert med 1, - Victor Goldschmidt.

Danmark best representert av dei nordiske landa

Etter det internett kan opplysa, budde der mellom 6500 og 8000 jødar i Danmark i 1940. Under krigen gjekk talet ned. I dag reknar ein med at talet er om lag like høgt som då krigen starta.

I boka eg har teke utgangspunkt i, er 7 danske jødar teke med. Her er ein kort presentasjon av desse:

Niels og Aage Bohr. Begge desse var fysikarar. Niels Bohr fekk Nobelprisen i fysikk i 1922.  Sonen Aage saman med to andre forskarar fekk Nobelprisen i fysikk i 1975. Niels Bohr var fødd i København i 1885 og far til Aage ii som var fødd i 1922. Dei er særleg kjende for si forsking på atomet sin konstruksjon og var sentrale i utviklinga av atomenergi til både sivile og militæret føremål.

Etter bruken av atombombene i Hiroshima og Nagasaki i 1944, gjekk Niels Bohr mot bruk av atomvåpen, og i 1957 fekk han Ford-stiftinga sin pris kalla «Atoms for Peace».

Victor Borge. iii Han er registrert som musikar og reiste då krigen starta til USA der han arbeidde i underhaldnings-bransjen både med film, teater og TV. Han var også komponist og dirigerte store symfoniorkester verda rundt.

Georg Brandes.iv Han er registrert som forfattar og er av mange rekna som Danmark sin største i denne kategorien. Han har hatt stor innverknad på dansk åndsliv. Symons skriv om han:

«Han levde i ei ambivalent verd: på eine sida ville han ikkje ha noko å gjera med jødedommen, og på andre sida var han sterk motstandar av jødeforfylging. Det er derfor truleg at på grunn av dansk kjærleik til Brandes, Danmark, etter den tyske okkupasjonen av landet i andre verdenskrig, gjorde så mykje for jødane sine». v

Stephen Hurwitz.vi Han var dansk jurist. Han var professor ved universitetet i København og Folketingets første Ombodsmann 1955-1971. Han var dansk representant i det internasjonale arbeidet mot krigsbrotsverk. Han er og internasjonalt kjend som lærebok-forfattar innan kriminologi. Han vart æresdoktor ved Universitetet i Oslo i 1961.

Arne Jacobson.vii Han er verdskjend som arkitekt. Han arbeidde og som designar og stod sentralt då modernismen inntok Euro-Amerika. Han er kjend for å kombinera det klassiske med det moderne, og vann mange viktige oppdrag både nasjonalt og internasjonalt. Han har teikna kjende bygg som SAS-hotellet i København, St. Catherine’s College i Oxford, og Kuwait Central Bank i Kuwait. Som designar vart han kjend for å ha skapt «egg-stolen» som kom på moten i 1950-60åra.

Ivan Osiier. viii Han er kjend i fekting der han var dansk meister gjennom mange år. Han er kjend for å ha representert landet sitt i fleire olympiadar enn nokon annan atlet, og har ei lang sigersrekkje frå 1908 til 1948. I olympiaden i Berlin i 1936 nekta han å delta i protest mot nazismen. Han vann 38 medaljar i fekting i Danmark og Skandinavia, noko ingen andre har oppnådd. Som ein av få, mottok han i si tid det olympiske diplomet for sin unike innsats.

-----

Dette er eit utdrag av det som stod om skandinaviske jødar i boka. 

Interessant, spør du meg!  Men kva tenkjer du?

---

i Ein reknar med at om lag 1100 norske jødar drog til Sverige under krigen.
ii Niels Bohr gifte seg med ei kvinne som ikkje var jøde. Etter streng religiøs jødisk tankegang kan Aage Bohr derfor ikkje reknast som jøde. Slik det er i dag i Israel, vert born av ikkje-jødiske mødre nekta aliyah, sjølv om faren er «ekte» jøde. Ei endring på dette er eit bønnemne frå mange unge «uekte» jødar som lengtar etter å få flytta til Israel.
iii Også kjend som Børge Rosenbaum, f. i Købehavn i 1909, d. i Greenwich, USA, 2000. (Han døydde etter at boka vart laga).
Illustrasjonen er skjermdump frå Wikipedia.
ivGeorg Morris Cohen Brandes f. i Købehavn 1842, d. same stad 1927.
v Mi omsetjing av siste avsnitt i boka om Brandes.
viStephan Moritz Hurwitz, f. i København 1901, d. same stad 1981.
viiArne Jacobson, f. København 1902, d. same stad 1971.
viiiIvan Joseph Martin Osiier, f. i København i 1888, d. same stad 1965. Skjermdumpen er frå 
https://www.olympedia.org/athletes/21585

Skjermdumpar har eg sett inn for å visa stader der det finst meir stoff om desse personane.

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 15. februar 2026

 Viktige jødar i det 20. århundre.    Andre del 

Victor Goldschmidt er einaste norske jøden som fekk plass i boka: «The Jewish Contribution to the 20th century, compiled & written by Alan Symons.» I dette innlegget skal du få læra litt meir om mannen og det han gjorde.

https://quimicafacil.net/infografias/biografias/victor-moritz-goldschmidt/

Slutten av blogginnlegget sist var informasjon som Oscar Mendelsohn hadde med i boka «Jødenes historie i Norge». Dei referansane eg tok fram då, enda med at Heinrich Jacob Goldschmidt, far til Victor, døydde i 1937, og at Victor var professor på Univeritetet i Oslo.

Goldschmidt og krigen

I 1940 kom krigen til Noreg, og med den nazismen som Goldscmidt hadde rømt frå i Tyskland. Victor hadde vorte henta som professor til Göttingen i 1929. Han var der til 1935, og fekk så tilbake sitt gamle professorat i Oslo. Den stillingen hadde han til norsk politi arresterte han 25. oktober 1942. Etter eit kortare opphald i fengslet på Bretvedt, vart han overført til Berg konsentrasjonsleir ved Tønsberg.

Mendelsohn skriv at forskjellege firma som hadde fått arrestert jødar dei var absolutt avhengige av, og  vitenskaplege institusjonar, søkte Quisling-regjeringa om å få desse fri gjevne. «Som et resultat av slike henstillinger fra ulike hold ble den 54-årige professoren Victor Goldschmidt frigitt fra Berg», skriv han.

Same avsnittet fortel at to slike søknader var innvilga 25. november, men trass i at leiinga på Berg hadde fått melding, vart den eine (ein tyskfødd ingeniør frå Bergen) transportert til Oslo og lasta ombord i Donau. Statspolitiet fekk melding om dette i tretida på ettermiddagen og gjekk for å henta han, men fekk beskjed om at han ikkje var om bord. Då båten var komen i rom sjø [i] vart det stafesta at han var send ut av landet.

Bergmannen - Victor Moritz Goldschmidt - Jødedommen.no

Kva som eigentleg skjedde med Victor Golschmidt, er usikkert. På side 581 skriv Mendelsohn at Victor på grunn av søknader vart han sett fri frå Berg. [ii]

Wikipedia skriv at Victor vart alvorleg sjuk på Berg og kom på sjukehus i Oslo. Han kom ut derifrå den 8. november, men vart arrestert på nytt av politiet den 25. november og ført til kaien for å verta utsend saman med dei andre jødane. «Likevel, då han var på kaien for å verta send om bord og til Auschwitz, vart han sett fri på grunn av at nokre kollegaer hadde overtydd politisjefen at hans vitenskaplege kompetanse var avgjerande for staten». [iii]

Norsk biografisk leksikon fortel at Goldschmidt vart arrestert 26. november og alt han åtte vart konfiskert. «Dagen etter stod han på kaia for å gå om bord i det tyske skipet Donau med 531 andre jøder for å fraktes til Auschwitz. Mens de stod oppstilt for å gå om bord, ble Goldschmidt fortalt at han var fri og kunne dra hjem. Løslatelsen skyldtes kanskje at universitetes prorektor, geologen Adolf Hoel, benyttet et personlig kjennskap til sjefen for statspolitiet. Det var imidlertid åpenbart at Goldschmidt snart ville bli arrestert på nytt og deportert til utryddelsesleirene i Polen, og han flyktet derfor til Sverige». [iv]

Den engelske boka eg har vist til, skriv: «Etter invasjonen av Noreg i 1940, vart han forfylgd av Gestapo og vart tvinga til å gøyma seg, så han flytta frå stad til stad til den norske motstandsrørsla smugla han over til Sverige. Derifrå flaug RAF han til England i eit moskito bombefly der han låg i det tomme bomberommet».[v]

Victor Moritz Goldschmidt – Norsk biografisk leksikon

«Friends of the Hebrew University»

Mendelsohn nemner denne fleire stader. Siste gong han nemner Victor Goldschmidt, skriv han:

«I annen halvdel av 1930-årene ble det opprettet en norsk avdeling av Det hebraiske univertitets venner (med en underavdeling i Trondheim). Det var etter initiativ av dr. Kaplun Kogan som utsending fra «Friends of the Hebrew University»  at den norske avdelingen ble til. Formannen i styret (i det satt fleire ikke-jøder) var professor ved Universitetet i Oslo, Victor Goldschmidt. Etter krigen  var «Friends of the Hebrew University» representert ved en kontaktperson (Oscar Mendelsohn), men ikke ved en særskilt foreining, delvis fordi det høsten 1948 ble dannet en annen forening (Norge-Israel) med den oppgave å fremme forståelsen mellom de to landene.» [vi]

Nokre ord til slutt

Wikipedia fortel at Goldschmidt vart populær i England. «Likevel, han ynskte å reisa tilbake til Oslo – han var ikkje velkomen av dei norske - og han reiste tilbake den 26. juni 1946. Han døydde ikkje lenge etter, 59 år gammal». [vii]

Norsk biografisk leksikon har denne sluttkommentaren:

«Goldschmidt hadde mange nære venner, men kombinasjonen av ærlighet og sarkasme førte til at han også fikk en del fiender. I sine senere år ble han mistenksom og sårbar. Enkelte av hans nære kolleger ved Universitetet i Oslo kunne ikke tilgi ham at han hadde flyktet under krigen og ivret ikke akkurat for at han skulle komme tilbake.

Han ble alvorlig syk, og døde mindre enn et år etter at han hadde vendt hjem til Norge. Hans aske ble lagt i en urne av olivinsten [viii] og deponert i Vestre krematorium i Oslo, og senere ble den begravd på Vestre gravlund i Oslo». [ix]


[i] Det er skrive at «Donau» forlet kaien i Oslo den 26. novbember 1942 klokka 14.55.

[ii] Side 581, nedst på sida. I Merknad 427 nedst på side 582, står at han vart frigjeven 12. november 1942.

[iii] Frå 2. avsnitt under overskrifta «Career». Dette er teke frå den engelske utgåva av Wikipedia: Victor Goldschmidt - Wikipedia, omsett av meg her. 

[iv] Frå Victor Moritz Goldschmidt – Norsk biografisk leksikon, 3. siste avsnitt. (Dette er ein eldre artikkel som er informativ og god.)

[v] Slutten av 1. avsnitt i stykket om V.G. i den engelske boka.

[vi] Frå side 88o, 2. avsnitt i Mendelsohsn bok.

[vii] Mi omsetjing av siste avsnitt under «Career» i Victor Goldschmidt - Wikipedia

[viii] Eit av forskingsområda hans var olivin. Dette gav stor gruveaktivitet i fjella mellom Sunnmøre og Nordfjord. Olivinen vart utskipa frå Åheim i Vanylven kommune.

[ix]  Siste avsnitt i artikkelen. Eg har delt avsnittet i to her.

Faksimilane er har eg teke med for å visa litt av det som finst på internett.

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 8. februar 2026

Framsida på boka eg kjøpte.
«Jødiske bidrag til det 20. århundre»

Ei anna av bøkene eg kjøpte i England, møter lesaren med denne teksten:

«In memoriam of the six million Jews murdered by the Germans as part of their genocide policy between 1933 and 1945, one and a half million were children, such as one might see at any creche, nursery or primary school, anywhere in the world. All with right to life and adulthood.

This German crime was not just against the Jewish Nation. The world at large has suffered. The 1000 men and women featured here are part of the Jewish European heritage. So were the murdered children. This common background prompts the question of what might the full lives of these children (and their children) have given our century and beyond.

This book, therefore, is dedicated to the Children of the Holocaust, who never had the chance of making their contribution». i)

Frå omslaget på frampermen
I boka er gjeve plass til 1000 jødar som vart kjende frå 1900 til 1999, og som tilførde vårt globale fellesskap ting som er viktige å ta vare på og hugsa.


Frå 40 land

I 1999 rekna ein med at det var rundt 190 land i heile verda. Dei utplukka personane kjem frå 40 av desse. Dei fleste, 433 personar, kjem frå USA. Så kjem Russland / USSR med 112, Storbritannia med 98, Tyskland med 89, Frankrike med 76 og Austerrike med 52, og så vidare.

Samen med Noreg er Algerie, Brasil, Bulgaria, Ecuador, Estland, Gibraltar, Hellas, Hong Kong, Jamaica, Luxembourg, Singapore, Tunisia, Jugoslavia og Zimbabwe representert med 1 person.


Fordelt på 125 kategoriar

Det er vanleg å snakka om yrke i samanhengar som dette, men her er både yrke og andre namn som forklarar kvifor desse personane er tenke med.

Edith Stein frå Polen til dømes er klassifisert som martyr. Ho vart fødd i Tyskland i ein ortodoks familie, men forlet jødedommen og vart katolikk og tok namnet «Teresa Benedicta to the Cross». Ho deltok i arbeidet mot Hitler og vart arrestert etter ordre frå han om at alle ikkje-ariske kristne skulle fengslast. Edith vart så sendt til Auschwitz og gassa i hel 9. eller 10. august i 1942. Ho vart gjort til helgen av Pave John Paul II i 1987.

Prinsesse: Elsa vart fødd i ein rik jødisk familie i Austerrike. Faren var baron. Ho var gift med Prins Francis av Liechtenstein i 1921. Dei vart konge og dronning i 1929. Då Hitler overtok, vart kongen nøydd til å abdisera fordi dronninga var jøde. Dei flytte så til Sveits, men kongen døydde to månader seinare. Elsa levde der til i 1947, og Sveits gav ut ein frimerke i samband med hennar død.


Den norske representanten 
Baksida av boka
Victor Goldschmidt er oppført som mineralog. Han vart fødd i Zürich, Sveits, i 1888, og vart norsk statsborgar i 1905. Han fylgde i faren sine fotspor som vitenskaps-mann og studerte ved universitetet i Oslo der han og vart professor. I 1929 vart han utmend til professor i mineralogi ved universitetet i Gottinham, Tyskland, men vende i 1935 tilbake som professor i Oslo på grunn av antisemittismen som vaks fram der nede.

Då tyskarane tok Noreg, vart han forfylgd av Gestapo. Den norske motstandsrørsla greidde å få han over til Sverige, og derifrå flaug det engelske flyvåpenet han over til Storbritannia der han arbeidde vidare til han vende heim til Noreg i 1946.

Goldschmidt er rekna som ein av dei største mineralogane i si samtid, og er rekna som grunnleggjar av geokjemisk forsking. Han gjorde banebrytande studium knytte til jorda si samansetjing, til olivin, utvikling av kunstgjødsel, med meir.

Han døydde i Oslo i mars 1947.

Hovudverket om norske jødar, Oskar Mendelsohns bok: «Jødenes historie i Norge», nemner Victor Goldschmidt 7 gonger. Faren, Heinrich Jacob Goldschmidt er nemnt to gonger, begge gongane i lag med sonen.

Meir om desse neste gong.

---------

1) Denne sida står før sjølve innleiinga til boka. Eg har valt å ta alt med på engelsk, men har delt teksten opp i avsnitt for å få eit lettare skriftbilete i bloggen. 

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 1. februar 2026

Bilete eg tok av ein illustrasjon i Auschwitz
 Sabotasje

Colin Rushton som skriv soga til Arthur Dodd, har med ei rekkje tilfelle der fangane dreiv sabotasje på stadane dei vart tvinga til å arbeida, eller mot sjølve leiren. Arthur til dømes arbeidde lenge med bøying av rør i ein fabrikk. Arbeidarane prøvde då å svekka konstruksjonane enten ved å løysa skruar eller svekka materialet så røyrene skulle leka.

Ein gong to av dei engelske krigsfangane skulle henta suppa som var den vanlegaste maten i leiren, fekk dei sett inn eit 1 framfor det normale talet som var 25. Dermed fekk dei 100 rasjonar ekstra, noko som kom jødane på arbeidslaget deira til gode!

Men dei fleste jødane fekk ikkje leva lenge. Arthur fortel at ein gong det kom ei jernbanevogn full av kvinner som vart sende rett i gasskammera. Dei var, etter det krigsfangane forstod, nett fengsla, og fangane la merke til kor vakkert dei song. Rushton skriv:

Guiden som viste oss rundt
«..dei song saman på Jiddisch med så vakre stemmer at dei som såg på, ikkje greidde å seia eit ord. Dei var vakre og modige og Arthur hadde problem med å halda tilbake tårene. Dei hadde stemmer som englar, tenkte han, men vart sende i helvete.» i)


«Ver forsiktig. Ikkje bli ein blomst i Auschwitz»

Etter hendinga med matserveringa sende ei ukrainsk jente ein lapp over til dei med overståande ord. 

Arthur fortel at nær inngangen til gasskammera var store blomsterbed, og at det hadde vorte eit symbol at mange jødar plukka blomster og tok med seg inn i døden. Dette var så velkjend i leiren at også dei engelske soldatane forstod meininga!

Ein norsk «nacht und nebel-fange» skriv om desse blomstrane i boka si. Det var jødar som gjødsla dei med oske. Sjølv lengta ho etter å nå dei, men greidde det aldri. Ho kunne berre sjå på dei vakre blomstrane og lengta, slik ho lengta etter fjella heime i Noreg!

Mykje informasjon og mykje liding.
Og me fekk fylgja med - på film...

For den som er interessert i jødisk soge, er ei bok som denne nyttig fordi forfattaren gjev sitt eige bilete av det som hende. Dei forskjellege kjeldene har til tider sprikjande informasjon, men gjev samstundes eit allsidig bilete av konsentrasjonsleirane, deira organisering og det som føregjekk der.

I siste del av krigen, då tyskarane hadde fått panikk og krematoria ikkje var store nok til alle dei drepne, vart det laga store groper for å brenna lik. Arthur og nokre andre klatra opp i øvste delen av ei brakke der dei kunne sjå det som hende. SS-vakter skreik og piska jødiske fangar som kasta lika av sine eigne kameratar på bålet.

Brått vart ein flokk små born drivne inn på plassen. Borna vart sparka eller kasta skrikande rett inn i flammehavet! Å sjå dette gjekk så inn på Arthur at han var sjuk lenge etterpå.

Det som gjorde at Arthur overlevde fram til freden i 1945, var hans kristne tru, fortel han. Gjennom heile tida greidde han å ha ein Bibel og ta tid til å lesa. Enkelte andre fangar provoserte han og sa «Kvar er Guden du trur på no?»  Han visste at utan trua, ville han aldri overleva. Den Gud han trudde på, var ved sida hans kvart minutt. Også der.

---

For Arthur som forteljar, og for meg som lesar, er stoffet me har delt mellom oss, viktig. Det er ugjerningar som aldri må verta gløymde. Men det er og vitnemål om at det nazistane stod for og gjorde, kan overvinnast, og noko nytt og betre spira kan fram.

Beste dømet på dette er Israel «Eretz Israel» 

 -----

i) Mi omsetjing frå eit avsnitt på side 98-99 i boka.

Bileta tok eg  eg vitja Polen og Auschwitz for nokre år sidan.

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.