søndag 31. august 2025

Detalja frå veggen i ein av
museums-synagogane i Toledo.
 Spansk «fimbulvinter»?

Jødane si vandring gjennom tidene er ei uendeleg rekkje av medgang og motgang, oppturar og nedturar, - og kortare eller lengre rolegare periodar innimellom.  På 1300-talet herja Svartedauden i Europa, og jødane vart skyteskive både for den og andre ulukker enten dei var menneskeskapte, eller «naturlege».

Sist skreiv eg om Peter I av Castilla som gav «all» økonomisk makt i riket sitt til jøden Samuel ha-Levi i ein periode som vert kalla jødane sin «gullalder» i Spania. Så kom ein kort haust, og etter det ein «fimbulvinter» då Henrik II kom til makta i 1369, 20 år etter at svartedauden hadde herja landet. Han forfylgde jødane hardt, og Samuel ha-Levi mellom andre vart drepne under hard tortur.

Hundre vanskelege år

Fronten i synagogen som seinare vart kyrkje.

Siste tida arabarane rådde på halvøya, vart jødane stilte på val mellom å gå over til islam eller verta drepne. Mange jødar, mellom andre familien til Maimónides, rømde. Kor mange jødar som tok Muhammeds lære frivillig eller under tvang, er der ikkje noko eksakt tal på, men truleg titals tusen. I bloggen om Maimonides, skreiv eg at jødane som vart muhammedanarar, vart forfylgde og drepne om det var mistanke om at omvendinga ikkje var ekte.

No skjedde det same med dei som hadde omvendt seg til kristen-dommen. Heller ikkje her er noko klår statistikk så langt eg kan forstå, men Perez brukar talet 100 000. Desse vart kalla «nye kristne»

Det store spørsmålet i perioden 1391 til 1474 var om jødane si omvending var ekte eller berre i det ytre. Den katolske kyrkja var pådrivaren for å få jødane omvende. Det var og den som tok mot – gjerne frå anonyme kjelder, meldinga om jødar som «ikkje var skikkelege kristne» eller «marranos». 

Ordet «marrano» var tidlegare brukt om grisar eller ting som var ureint og sterkt tilgrisa. Frå no av betydde det jødar som har vorte døypte, men likevel heldt på jødisk skikk og tru. Eit anna brukt ord var «krypto-judio», det vil seia ein jøde som offentleg levde og praktiserte kristendommen, men hemmeleg held fast på si jødiske tru og jødiske tradisjonar. 

Denne synagogen var katolsk kyrkje fram til nyare tid.
Beviset på ein ekte «kristen», for å sitera Don Quijote, var å eta grisekjøt og arbeida på sabbaten!

Kvifor gjekk mange jødar over til kristendommen?
Perez skriv at jødane som held fast på si tru og sin tradisjon, slo seg til på landsbygda som bønder eller handverkarar. Der var kontrollen mindre og det var lettare å gøyma seg vekk. 

Men mange gjekk over for å få politiske og økonomiske fordelar, og desse fann ein helst i byane. Perez siterer ei kjelde som skriv: «omvendinga til katolisismen skjedde ut frå politiske omsyn sidan det gav «inngangsbillett» til ei verd der religionen ikkje er det avgjerande, og dei kunne finna seg plass i det sivile og statlege embetsverket». (i) Dei «nye kristne» kunne på denne måten få viktige stillingar og sikra seg gode inntekter.

Nokre jødar, truleg mest frå det intellektuelle lag av folket, gjekk over til kristendommen av religiøse eller filosofiske grunnar. I den samanheng vert påverking av Maimonides, den heilage Tomas, Aristoteles og fleire, nemnt. Eit døme her er Salomon ha-Levi som var øvste rabbi i Burgos, og som tok dåp i juni 1390. Som kristen tok han namnet Pablo de Santa Maria sidan både han og Jomfru Maria var av Levi stamme. Han vart seinare biskop og leiar for katolikkane i den same byen der han hadde vore leiar for jødane.

I denne tida auka og talet på ekteskap mellom jødar og ikkje-jødar, noko som mange var lite glade for, sjølv om jøden var såkalla «ny kristen».

Skjermdump frå Wikipedia
«Tribunal del Santo Oficio de la Inquisición»

Dette er namnet på den kyrkjelege domstolen som vart etablert i Spania i 1478. (ii) Den spanske inkvisisjonen fekk eige stempel med tekst frå Salme 74, 23 a: «Exurge domine et judica causum tuam» (iii) På eine sida av krossen er oljekvisten som representerer velsigninga, og på den andre sverdet som symboliserer straffa.

Oppdraget til domstolen var å oppdaga og få straffa alle dei som ikkje var «sanne» kristne. Ordninga var i seg sjølv ikkje noko typisk spansk. Inkvisisjonen fanst i Frankrike og andre europeiske land, - og i Noreg. Hjå oss høyrer hekseprosessane inn under denne juridiske kategorien. (Til minne om heksebrenninga her til lands, er det reist eit minnesmerke nær ferjekaien på Anda i Vestland fylke).

Men om det var kyrkja som var pådrivaren for desse «utreinskingane», var det statsmakta som stod for fengslinga, torturen og dei eventuelle avrettingane.

Dei som har forska på bakgrunnen for etableringa, meinar å sjå fire grunnar for innføringa av domstolen: Først for å skapa einskap i den katolske kyrkja, og hindra at jødisk påverknad i folket. Domstolen gjorde og at kongen og statsmakta, som hadde verna jødane mot overgrep og pogromar, fekk redusert si makt. Frå no av kunne overgrep skje i Guds namn!

Eit anna motiv skal ha vore å få fjerna jødar frå offentlege og framståande stillingar, i tillegg til den økonomiske vinninga desse prosessane gav. Rikdomen til dei som vart dømde eller rømde landet, vart konfiskert, og det kunne koma opp i store summar.

Historiske kjelder skildrar umenneskeleg tortur og avrettingar. Ei kjelder fortel til dømes at dei som «angra si synd», vart drepne og brende etterpå. Dei som «ikkje angra si synd», vart brende levande!

Det finst mykje skrive om dette temaet, både i bøker og på internett. Eg ser at nyare forsking har moderert ein heil del på skildringa av det som skjedde under rettargangar og avrettingar. Dei har og minka talet på menneskje som kom i inkvisisjonen sine klør. Kor vidt det som no vert skrive, er meir sannferdig enn det som vart skrive i samtida, kan eg ikkje uttala meg om. 

Talet på kor mange som kom i inkvisisjonen si vald, varierer mykje. Ei kjelde seier at 125 000 døydde i fengsel og 10 000 vart avretta (i Spania) i den perioden inkvisisjonen fungerte.

--------------------------------

(i) Mi omsetjing av «la conversión al catolisismo comenzaba a ser cosa de cálculo político para lograr una «tarjeta de admisión» a un mundo todo él laico y para hacer carrera en la burocracia civil y estatal». Sitat frå side 59.

(ii) Loven som domstolen bygde på og som kom i 1478, vart først tekne bort i 1834, nesten 400 år etter at jødane vart utviste frå Spania. 

(iii) Sitatet er frå den gamle spanske bibelen. I norske Biblar er det Salme 73. «Reis deg, Gud, og før di sak!»

Merknad: Bileta er  mine eigne.

---------------

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar