søndag 29. desember 2024

Kjære lesar

Med eg sit og skriv dette, feirar jødane i og utanfor Israel hanukka til minne om reinsinga av templet. Dei har tent sine hanukkastakar og vore samla om minnet om ei av dei store hendingar i jødisk soge.

Må denne festen og overgangen til eit nytt år, gjera at dei - og me alle - søkjer inn til Han som både har skapt alt og valde ut Abrahams ætt framfor alle folk på denne jorda: "-frelsa kjem frå jødane" (Joh. 4,22c)


Israel, landet der steinane er vitne...
Eg vil med dette takka alle lesarane for følgjet i 2024, og ynskja kvar og ein det aller beste for det nye året 2025.

Må Guds velsigning vera over både Noreg og Israel! Eg ber om at jødane rundt om i vera ser teikna i tida og slær seg ned i det einaste landet i verda som gjer alt det kan for å gjeva dei tryggleik og framtid.

Godt nytt år 2025!

 


søndag 22. desember 2024

 Førjulstidstankar

Julkekaktusen kom med si julehelsing
Kalendaren og stressnivået fortel at om to korte midt-vinterdagar er det julaftan! 

Me har lenge svima rundt i ei verd der pakkar og julemat og alt anna «julete» vert sett på som obligatorisk. I månader har radioen og kjøpesentera bombardert oss med julemusikk, raudkledde nissar og finurleg reklame. TV-en og. Dei som skaper prognosane, reknar med at det vil verta rekord-julehandel også i år. Sikkert rekord-stress og - både i butikkane og på gata. Juleveret derimot, sipregn og havvind, gjer sitt for å bremsa aktiviteten. Utandørs. 

Innandørs er julebordsesongen over for i år, til glede for dei som prøvde å halda hjula – dei startar med h-, i gang. Mange fekk akutte helseproblem dagen derpå, seier dei som arbeider. Dei stilte på jobben som normalt. Andre skuldar på sjuke ungar. Dei mest frimodige seier dei har nokre velferdsdagar med løn dei må bruka før året er omme. Kva kan vel då passa betre enn dagen etter eit festsamvær med god mat og tilsvarande flytande?

Det er verre for dei pliktoppfyllande som må strekkja seg lenger enn dei både har helse og lov til. Men det må du ikkje til nokon! 

Posten ropar om ny rekord i pakkehandsaming. Det er ikkje måte på aktivitet der heller. Ein dato for vel ei veke sidan sette dei opp som sistefrist med garanti for at pakkane skulle nå fram til jul. Eit under om dei får det til sidan det er uver, ras og stengde vegar både her og der. Men greier dei ikkje å halda det dei lovar, kan dei skulda på veret! Dei er i så fall ikkje åleine….

Tretapiren har gøymt seg
under juletreet
Snart kjem berget av julepapir, pakkeband i alle fargar og avdanka juletre – det siste frå dei få som endå har naturlege skogstre. Det vert sesongtopp for NGIR på våre kantar. NGIR står for «Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap» om det interesserer deg. Dei må fri oss frå alt me ikkje vil ha. No så vel som elles i året.

Dei raude småbilane som fordeler pakkar og brev, gamaldagse papir-aviser, papir-reklame og papir-rekningar i konvolutt, kjem kanskje berre ein gong i veka i 2025. Dei har for lite å gjera store delar av året, seier dei.

Det er vel me i eldrebylgja som held dei aktive året rundt når alt kjem til alt. «Me» er alle gamlingane som heller vil ha papir i neven enn å glo på ein skjerm, og nyt turen til postkassen enten det er noko i han eller ikkje. Eg får «Dagen» sikkert levert av andre enn postverket, men til og med den leveringa har skrumpa siste åra.

Ikkje alt moderne er godt….

Å finna alt ein treng på datamaskina eller i telefonen, er noko mange av oss i eldrebylgja ikkje får til. Og finn me fram, er me ikkje garantert det resultatet me ville ha. 

Eg skulle ta Norway-bussen hi veka. Leitte meg fram på telefonen til tid og stoppestader og betalte ein blodpris samanlikna med lokalbussen som nesten er gratis. Pengane gjekk ut av kontoen min, og eg fekk melding om at turen var betalt. Men då eg kom på bussen, skulle sjåføren lesa av eit kodebilete som eg ikkje hadde fått. Korkje på Vipps eller som e-brev. Eg leita, og sjåføren leita. Til slutt tok han bilete av telefonen min med telefonen sin - av meldinga der det stod at eg hadde betalt for turen derifrå og dit eg skulle! 

Fullmånen har og hatt sitt å stri med...
Heldigvis var det ein vetig kar den dagen. Han var enig med meg: «Det var enklare i gamle dagar!»

Butikk-kjøpte julekaker smakar like godt?

Eg møtte eit trivelege vennepar i butikken i dag. Ho fortalde at julebaksten var over for i år. Snart julehandelen og, så no kunne jula berre koma! Det ho ikkje hadde laga, var smultringar. Dei hadde ho kjøpt på butikken. (Dei låg godt synlege på toppen var handlevogna og såg fredelege og godsmakande  ut. Ikkje noko fresande Delfia-feitt å brenna fingrane på der i garden!)

«Dei smakar sikkert slike godt som dei heimelaga», meinte eg, men fekk eit kjapt svar frå han som køyrde vogna: «I alle fall holet i midten! Garantert!» 

Og?

Etterpå tenkte eg, - det kan ta litt tid for sirkulasjonen kjem riktig i gang, - at det er slik eg har opplevt denne førjulstida: Som i tomrommet i smultringen! 

Det som har skjedd både innanhyses og utanhyses, vedgår meg liksom ikkje. Ikkje at det ikkje er kjekt å sjå kilometervis av lyslekkjer og vakre dekorasjonar i denne mørkaste tida av året. Nei då!  Men det tenner korkje julekjensler eller skaper juleglede i meg lenger. Ein kan verta deprimert av mindre. 

Eg har til og med lurt på å kutta ut heile bloggen min etter nyttår. Men kvar skal eg då lessa av meg alt det eg går og tenkjer på?

Kva trur du?

Ha ei velsigna julehøgtid med Han som vart fødd i stallen i Betlehem. 

Må 2025 verta eit lukkelegare år enn 2024 for alle,  enten me bur i Noreg, i Israel eller andre stader i verda!
---------------- 
Bileta er mine eigne...

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.
 



søndag 15. desember 2024

Snart er vinteren her...
Er det noko å klaga over då?

Budsjettførebuingane for i år er snart forbi. Både lokalt og nasjonalt har avisene fortalt oss om planlagde nedskjeringar.  Like sikkert kom protestane. Me fekk protestmarsjar der folk i alle aldrar «stilte opp» for skulen sin og kom i avisa og på skjermen.

Unge familiar seier « Me MÅ flytta …» for vegen til skule og fritidsaktivitetar for borna vert for lang, og dagen vert for komplisert med jobb og det heile. Andre står fram og seier at dei ikkje kan tenkja seg å bu der det er sååååå langt til barnehage og skule. 

Nedleggingane vert forklart med dårleg kommuneøkonomi, for store utlegg for å gjeva innbyggjarane dei lovpålagde tenestene, og at dei kan hamna på ROBEK-lista rundt neste sving. (i) 

No kan me alle finna noko å klaga over, enten det er veret eller prisane på julegåvene. Straumen er for dyr, - og dieselen, - og bompengane. Eg klagar på piggdekkavgifta når eg er så sørjeleg uheldig at eg må innom grensa til Bergen. 

«Me kan ikkje driva ein skule når der nesten ikkje er ungar!»

Orda kom frå ein lokalpolitikar som gjerne ville forsvara grendasksulen sin, men innsåg at skulen hadde vorte for liten. Der var nokre få elevar på dei trinna dei hadde nokon i det heile. No var det korkje pedagogisk eller økonomisk forsvarleg å driva vidare, sa ho, og fekk heile bygda mot seg! Sjølvsagt.

No er det haust...

Om å saga av geina me sit på

Den gongen eg var liten liten… Det er svært lenge sidan, - du skulle berre visst! Då hadde me «Norsk Barneblad», «Blåveisen» og «Kom og Se» i huset. Ein gong der var ei teikning alle lo av, og eg kunne ikkje med min beste vilje forstå kva dei lo av. 

Teikninga viste ein mann som saga på ei grein av eit tre, noko eg som er oppvaksen i skogkanten, var vel kjend med. Kva var så rart med å saga av ein grein på eit tre? Og då eg spurde, lo dei endå meir. Av meg, sjølvsagt. Eg vart så flau at eg kjenner det endå..

Men forklaringa var enkel. Den tosken saga av greina han sat på, og saga på innsida - mellom seg og trestammen! Dei som var større, såg føre seg korleis han ramla med eit brak og knekte både armar og bein, den tosken! Ha! Ha! Ha! Og eg hadde dumma meg ut og var på gråten. 

Det er eg i dag og. Ikkje fordi eg dumma meg ut den gongen i opphavet, men fordi endringa i abortloven gjekk gjennom og at til og med i stortingssalen var det dei som jubla! Sant å seia er det grunn til å gråta for mindre…

Når brotnar greina me sit på?

No er leikeplassen tom...
Den som har vore i skogen og arbeid med tre, veit at alt går bra til ein når det punktet der fibrane gjeva etter og treet eller greina dett. Den norske «kvinnefrigjeringa» som gjorde at fosterdrap vart omgjort til «sjølvbestemt abort» og legalisert, kom i 1978. Altså for 46 år sidan. Det vil seia at dei første borna som vart aborterte vekk, kunne hatt barneborn i dag. 

Det allvitande nettet seier at me har hatt 11 – 12 000 abortar i Noreg siste fem åra, og at tala no er stigande. For år tilbake hugsar eg at tala låg på rundt 15 000. Reknar me med eit gjennomsnittstal på 13 000 pr år i 46 år, har me – med loven si velsiging – teke livet av 598 000 menneske som skulle å fylla opp skulane våre og vera primus motor i yrkes- og arbeidsliv. Skattane og avgiftene frå desse etter som dei vaks til, ville vera kjærkomne inntekter etter som talet på pensjonistar aukar og pålegga frå staten vert større og større.

Reknestykket er så enkelt at hadde me hatt same fødselstala som under og nett etter krigen, ville me ikkje hatt noko eldrebylgje, og norsk industri, jordbruk og skipsfart ville hatt den arbeidskrafta dei trong, utan å vera avhengige av utanlandske arbeidarar vinter som sommar. Skulesektoren og helsevesenet, som begge har dårlege prognosar for fagutdanna folk i åra som kjem, ville hatt folka dei trong. 

I dag har me einsame eldre som sit rundt om i bygdene, frustrerte og endå til gråtande seier  «Eg forstår ikkje kva dei seier!»  eller «Eg er så redd»! Det er ikkje dei tilsette sin feil, enten dei er frå Ukraina eller nokon annan stad i verda. Skulda ligg hjå styresmakter som ikkje hadde - og heller ikkje har - evne til å sjå fylgjene av den politikken dei går inn for.

Siste minnet om sommaren som var...
Ein vill teori?

For dei som er opptekne med slikt, er det mange konspirasjonsteoriar «ute og går».  Det var det me sa før. No burde me seia «inne og går», - i datamaskinene, telefonane og i hovuda våre.

I ein gong var det store samtaleemnet at jorda snart ville vera for lita. Det var spekulert og kalkulert på kor mange menneskje som her var plass til, og når me vart så mange at det ikkje ville vera mat nok til alle.

Ein utflytt sogning i Amerika vart vidkjend for sitt arbeid med å forbetra kornproduksjonen i verda. Han fekk ein pris for arbeidet. Likevel hang toreskyene over oss som på ein flovarm sommarettermiddag.

Men etter at abort ikkje berre vart legalisert, men også favorisert i helsevesenet så så mange som ville kunne kvitta seg med borna dei bar på, har overbefolknings-syndromet forsvunne totalt. Det er år sidan eg har lese eller høyrt noko om «den katastrofen».

Kanskje det bak heile denne utviklinga ligg eit komplott frå politiske konspiratorar som med økonomi, hjernevasking og alle mogelege og umogelege verkemiddel innførde fri abort som løysing på «overbefolkninga» (ii) i verda? 

Korleis greidde dei å lura folk til å tru at dette var «Kvinnefrigjering» og «Vegen til lukke i livet»

------------ 

(i) Forkorting for «Register om betinget godkjenning og kontroll», § 28-5 i kommunelova. På folkemunne  kalla «ROTVEKK-lista».

(ii) Dette bokmålsordet vert omsett til nynorsk med «overfolking», men det kling dårleg i mine øyre…

Bileta er mine eigne.

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 8. desember 2024

 «Tida er på mi side»

Dette er overskrifta på Rabbi Irwin Keller sin meditasjon som eg fekk oversendt 23.11. frå ein som føl «My jewish learning». (i) 

Golvmosasikk frå The good samaritans Inn
Utgangspunktet til rabbien er at mykje av det han hadde drøymt om å oppleva i si levetid, innser han no at det aldri vil skje. Han voks opp med optimismen som rådde i etterkrigstida. (ii) Dei enkle kår han vaks opp under, gav rom til tanken – illusjonen – om at etter kvart vil alt gå betre og betre. Slik han opplevde det, skapte tida framgang, og framgangen – fordi tida alltid kjem til oss, var uunngåeleg.(iii)

Etter kvart vart bilete hans meir nyansert, men likevel trudde han fast på at med tida – berre det gjekk lenge nok, ville det verta meir kjærleik, meir omsorg, meir fridom, meir høve til å vera seg sjølv, meir fred og betre helse for mennesket sjølv og planeten.

Rabbien vaks opp i eit miljø der reformjødedommen (iv) hadde feste, skriv han. I den er den tradisjonelle trua på ein komande Messias som skal skapa fridom og fred, bytt ut med visjonen av ei betre verd som me sjølve kan skapa. Med andre ord ei messiansk framtid i staden for ein framtidig Messias.

Tikkun olam (v)

Dette uttrykket har fått stor plass dei siste femti åra, skriv han. Det vert brukt med tanke på ei sosial rettferd i motsetning til den sosiale og politiske omveltinga Messias si kome skulle skapa.

Mosaikk med kong David som spelar harpe
Han skriv vidare om standhaftige vismennen som trudde på Messias og den framtida han skulle skapa når han kjem. Når det vil skje, fortel ikkje Talmud noko om, og rår frå å prøva å tidfesta dagen når dette skal skje. Keller siterer Rabbi Yonatan som gjekk mot slik tidfesting fordi det ville gjera at folk miste trua på Messias når spådomane deira ikkje vart oppfylte.  Han siterer og Hamilton som sa: «Vent på Han! Vent på Han! Vent på Han!». 

«Eg misunner dei som….»

I 5. avsnitt skriv Irwin Keller: «Til tider misunner eg dei som held fast på trua om ein reell messias, etterkomar av Kong David, som vil vera sendt av Gud på eit fastsett tidspunkt og skapa fred og oppståe frå dei døde. Dei meinar at det er nok, berre å tru på Han. Det andre alternativet er ein messiansk epoke som me sjølve kan skapa, men som krev evner som eg er redd me ikkje har. Når alt kjem til alt, sit eg att og undrar på kor mykje ressursar me eigentleg har til å skapa ei slik framtid».(vii)

Talmud

Talmud seier at ein ikkje skal leva i framtida. Framtida kan vera herleg eller forferdeleg, og ho kan ikkje fri oss frå livet me lever no – kvar dag. Derfor rår rabbien lesarane til å dra «tikkun olam» ut av framtidsdraumen og ta omskapinga i eigne hender og med oppbrettar armar. No. 

Mosaikk frå same staden
Me kan omskapa våre draumar for framtida med det me gjer i dag, skriv han: «Kvar dag ei god gjerning. Kvar dag ein ting som krev mot. Uansett kva dagen krev av oss, så er det det me kan gjera. Stå opp. Snakka ut. Støtta det veikaste i familiane våre og i samfunnet vårt. Sørja. Kjempa. Jubla. Alt det dagen krev….

Alt eg kan gjera er å vera eit godt mennesket i dag og kvar ny dag, og ikkje krevja at tida skal produsera dei store endringane».

Også Anne Senders «jødiske reise»?

Etter å ha lese Irwin Kellers meditasjon, gjekk tankane til Anne Sender og hennar «jødiske reise». Eg har aldri vore i synnagogen i Oslo, og kjenner heller ikkje mykje til den mosaiske forsamlinga som er Senders bakgrunn. Men det verka som om begge desse forfattarane har same grunntonen i det dei skriv. Dei har forkasta den gamle og «stivbeinte» Messiasforventninga med eit reformert og humanistisk menneskesyn. No er det «våre» eigne gode gjerningar som skal skapa dei messianske tilstandane på denne jorda. Dette held dei fast på, trass i at dei siste femti åra sine politiske, sosiale og naturvernmessige misgjerningar, har knust «tikkun olam-draumen» ganske grundig.

Davidsstjerne frå Tell es-Simad
Kvar er Messias-forventinga anno 2024?

Eg er ikkje-jøde, oppvaksen i ein kristen heim der eg tidleg lærde at «GT» (Tanakh) måtte forståast ut frå «NT». Etter at eg fekk eit personleg tilhøve til den jøden som eg ser på som min frelsar, har mykje endra seg. Ja, hadde eg eit betre ord, ville eg slutta å bruka ordet «kristen». Det ordet har for mange negative konnotasjonar både historisk og i dag.

Han som lærde meg at «frelsa kjem frå jødane» (viii), er både den lidande Messias Jesaja skreiv om (ix), og den Davids etterkomar som skal grunnleggja det messianske riket med Jerusalem som hovudstad. Eg trur – og ventar – at det skal skje som ei oppfylling av det som Det gamle testamentet (Tanakh) seier og det som dei jødiske forfattarane (x) i starten på vår ikkje-jødiske tidsrekning trudde på og skreiv om.

Eg ventar på ein reell og evig Messias. Han er Davids etterkomar og skal sitja til evig tid på Davids kongsstol. Ein frelsar i kampen mot det vonde som David var det i kampen mot Goliat, - og så vidare. Det er denne trua eg mest lengtar etter å møta i jødiske miljø både åndeleg og intellektuelt.

Kvar finn eg den?

----------

(i) Artikkelen kjem frå «My Jewish Learning’s Shabbat newsletter Recharge», for 23.11.24.

(ii) Eg  oppfattar dette som tida etter 2. verdsenskrig , den tida eg sjølv vaks opp i. 

(iii)  «I grew up in a time of postwar optimism, and the modest privileges of my upbringing allowed me to maintain the sense (or the illusion) that things would always get better. In my experience, time was progress and progress, like time, was inevitable.» 

(iv) «Reform jewish culture», også kalla liberal jødedom, er ein retning i jødedommen med opphav i Tyskland, seier internett. 

(v) Eg ser dette uttrykket også vert brukt i samdand med naturvern og «å berga kloden».

(vi) «Wait for it! Wait for it! Wait for it!».

(vii) Original tekset: «In some moments, I envy those who hold a belief in an actual messiah, descended from King David, who will be sent by God at the appointed hour to bring peace and resurrect the dead. Believing in that messiah only requires faith. But the alternative, a messianic era of our own making, requires skill, and I now fear that skill is beyond us. So I am left wondering how much stock to place in the future at all.»

(viii) Joh.4,22c.

(ix) Jesaja kap. 53.

(x) Unnataket er vel Lukas som var slave og proselytt så langt me kan forstå.

Bileta har eg teke sjølv .

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


søndag 1. desember 2024

Er dagens «Krigs-codex» like utgått på dato som Codex Regius (Edda) er for oss anno 2024?

Ordet «codex» vert brukt for lovbok eller samling av lovar. Den eldste meininga av ordet var det trestykket dei skreiv på ein gong langt tilbake i tida. Seinare vart det innhaldet, enten det var juridisk, kulinarisk eller noko anna, som vart kalla «codex». 

Definisjonsmakta

Det norske akademis ordbok forklarar «definisjonsmakta» med «makt til å få gjennomslag for sin versjon av virkeligheten eller for hvordan et begrep skal defineres». Noko tilsvarande gjeld ordet «antisemittisme». Same ordboka seier at antisemittisme er «fiendlig, hatsk innstilling til jøder eller jødedommen; jødehat».

Dette biletet tok eg av oppslaget "Dagen" hadde om denne saka.

«Dagen» hadde eit stort oppslag 14.11.24 med tittelen «Statsministeren inviterte jødiske ledere til bords. La fram ny handlingsplan». Bakgrunnen var at «Mandag serverte regjeringen 22 tiltak for å bekjempe den økende antisemittismen

Dette hadde eg sett på som noko positivt, hadde ikkje avisa nokre dagar før fortalt oss at same regjeringa støtta eit forslag frå Tyrkia om våpenboikott mot Israel. Som einaste vestlege land stilte Noreg seg på linje med Iran, Kina, Russland og andre land som er kjende for sine antisemittiske haldningar og handlingar! Problemet for Noreg er at resultatet av eit slikt vedtak, er antisemittisk då målet er å hindra Israel i å knekkja terroristane som prøver å drepa så mange jødar som råd! 

Regjeringa kalla inn til møtet «Dagen» skreiv om. Dermed er det underforstått at «definisjons-makta» ligg hjå Støre & co. På biletet eg her teke av avisoppslaget, ser du mange av dei jødiske leiarane i Noreg med «den nye antisemittiske codex» framfor seg. Kva meir som dukka opp på bordet, fekk me lesarane ikkje vita noko om.

Det er godt me kan koma med våre bønner til 
 Adonai - både ved klagemuren og elles.
Å vera jøde i verda i dag, er å gå så stilt som råd og håpa at ingen legg merke til kven han eller ho er. Derfor vert dei rådde frå å bera symbol eller gjera noko som kan visa at dei er jødar eller støttar Israel! Under overfallet i Amsterdam viste det seg at «Palestina-vennene» angreip alle dei trudde var jødar. Dei krov å sjå indentifikasjons-papira til menneskja som ikkje hadde noko ytre teikn! 

Nazistane brukte «ned med buksa» så dei kunne finna ut kven av mennene dei skulle mishandla. Er me på veg mot ein antisemittisme på same nivå?

Antisemittisk codex  anno 2024?

Når det gjeld regjeringa sin  nye «antisemittiske codex», så burde definisjonsmakta liggja hjå jødane. Korleis opplever dei antisemittismen i Noreg og for den del denne regjeringa sine handlingar? Det ville krevja at dei fritt og utan redsle for represaliar kunne seia det dei kjende på innst inne. Dei som avisa skreiv om i dette høvet, var inviterte «til bords» av ei regjering som få dagar før stilte seg saman med jødane - eller i alle fall Israel - sine verste fiendar.

Eg arbeidt mellom indianarar mange år. Eg har sett at når «høge herrar» skal profilera seg som «indianarvennlege», reiser dei rundt i koloniane og gjev høvdingane gåver. Med journalistar på lag, sjølvsagt. Det same føre val. Då lovar dei idylliske tilstandar for framtida, gratis transport til vallokalet, mat og drikke, - og så vidare. Når så indianarane har gjeve «partiet» eller regjeringa stemmene sine, får dei finna vegen heim att sjølve best dei kan. Og så må dei prøva å overleva så godt dei kan til neste val, eller til neste gong nokre «høge herrane» treng på pussa opp «imagen» sin.

Dette var tankane eg sat att med etter å ha lese artikkelen. Forstår du at oppslaget gjorde meg trist?

Når er ein «barn», og når «vaksen»?

Eg tenkjer på mindreåringe gerillasoldatar i Gaza. På TV har eg sett opptak som Hamas sjølv har gjort eller tillate. Dei hadde då «sommarleir» med opptrening av nye «soldatar». Aldersgrensa i det eg såg, var frå 12 år. Men er ein 12-åring mindre terrorist om han skyt ein jøde eller kastar ein granat inn i ei folkemengd, enn om han er 20? Burde ikkje handlinga og aktiviteten vega tyngre enn spørsmålet om kor gammal han var i handlings-augneblinken?

Definisjonen av «krig».

Også krigar har sin «codex». Eg har skrive før at den krigen Israel er i etter 07.10.23, er ulik alle tidlegare krigar. Det gjeld måten fienden opererer på. Dei er samstundes både «ordinære soldatar» og urbane og «underjordiske» terroristar. Der er våpen brukt i dag som aldri har vore brukte i krig før. Heller ikkje så utstrakt bruk av tunellar med store og velutstyrde underjordiske opphaldsrom, komandosentralar og så vidare.
Salme 8

 Det same gjeld Israel sitt arbeid for ikkje å skada sivile. Det er heilt unikt samanlikna med teppebombinga brukt i Berlin / Tyskland for å få slutt på 2. verdskrig. Det same gjeld vestelege makter si bombing i Irak og Afganistan, eller for å ta knekken på Gadaffi. Likevel er det berre Israel som vert uthengd for «krigsbrotsverk»…

Dreyfus-justis?

Medan eg har sete her og skrive, kom media med informasjonen om at den internasjonale straffedomstolen (ICC) har vedteke at Netanyahu og den tidlegare forsvarsministeren i Israel skal arresterast for «Forbrytelser mot menneskeheten og krigsforbrytelser». (i) Domstolen vil i tillegg arrestera nokre terroristar som alt er døde. (Kanskje venta dei med vedtaket til dei var sikre på å sleppa «arrestera» terroristane?) 

Ei rose til deg....
I Israel ser eg dette vert samanlikna med Deyfussaka i Frankrike i 1894. Dreyfus vart dømd, men seinare frikjent fordi dommen ikkje kunne forsvarast juridisk (manglande bevis), men var eit resultat av antisemittiske haldningar i det franske militæret – og i domstolen!

--- 

Til slutt ein blomst til deg som orkar lesa jeremiader som denne! Du er ærleg verd noko fint…

Ha ein super dag!

-------------------

(i) Sitatet stod på MIFF si side: 21.11.24.

Alle bileta har eg teke sjølv.

---------------

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


søndag 24. november 2024

 «Eit nytt I
Foto av framsida i bladet 08.11.24
srael stig fram av røyken frå krigshandlingane» (i)

Dette er overskrifta på side 23 i «The Jewish Chronicle» datert 08.11.24. Venen min som reiser ofte til Storbritannia, hadde plukka opp eit nytt nummer til meg på Gatwick-flyplassen. Der ligg «JC» mellom gratisavisene alle kan plukka med seg på veg til flyet. Han, snill som han er, tenkte på meg og mi interesse for jødiske spørsmål.

Av alt eg fann på dei 52 sidene, var det ein artikkel av Melanie Phillips (ii) som særleg vakte mi interesse. Tittelen står som overskrift i dette blogginnlegget. Her er undertittelen:

«Rabbi kaptein Avi Goldberg var ein stridande rabbi som kjempa for landet, den første som gjennom hundrevis av år har teke på seg den doble leiarrollen som er så kjend for oss frå den hebraiske Bibelen.»

Artikkelforfattaren startar med å seia at det å leva eit meiningsfullt liv i Israel i dag, er også å læra kva ein meiningsfull død vil seia. Dette skreiv ho ut frå at 17 israelske soldatar nett hadde vorte drepna i Gaza og Libanon.Ein stadig sterkare motvilje mot dei ortodokse fordi dei ikkje gjer militærteneste, gjer at ein overser dei ortodokse som gjer ein heroisk innsats på linje med alle dei andre soldatane. 

Som eksempel brukar ho rabbi og kaptein Avi Goldberg som var ein av dei falne den tragiske dagen. Han var rabbi i del militære og hadde tidlegare vore offiser i Golani-brigaden. Men han var ikkje berre rabbi, han kjempa også saman med ei andre i fremste linje, og fall der.

Foto av side 23

I sørjetida (iii) i Jerusalem kom kvar kveld hundrevis av menneskje for å syngja og vera saman med Goldbergfamilien. Der og under graferda snakka enkja, Rachel, om det var som var viktig for Avi, og som fekk han til å leva det livet han hadde levt.

Det første var trogen for samhald, noko som til dømes gjorde at når ein representant for ei politisk gruppering deltok i sørjetida, passa dei alltid på at det var nokon frå ei anna politisk gruppe til stades.

Det andre var at dei ortodokse jødane også burde gjera militærteneste, noko ho også sa då ein av dei prominente rabbiane med motsett syn, vitja dei.

Det tredje, som er ei understreking av dei to første, er at ektemannen hennar hadde gjeve livet i kampen mellom det vonde og det gode. (iv) Dette er ei tolking av krigen som både truande og ikkje-truande soldatar har delt dette siste år

«Ein brann har vorte tent gjennom denne krigen for å forma denne nasjonen på nytt. Folket i Israel vert sveisa saman gjennom eld.» 

Overståande utdrag hadde redaktøren trekt ut på sida for å fanga lesarane si interesse. Denne «brannen» er ei erkjenning dagens soldatar har med seg i kampen. Den minnar dei om kva folket har gjennomgått i tidlegare generasjonar. Soldatane veit at dei kjempar for moralen og dei åndelege prinsippa som har halde folket deira i live gjennom lidingar som ingen andre folk har gjennomlevt. Det er derfor dei har trua på at denne krigen skal dei vinna, uansett kva det vil kosta. Det gjer og at både religiøse og ikkje-religiøse soldatar brukar klede med tzitzit (v) nærast hjarta. Det verkar som eit skjold…

Detalj frå nemnde side
«Rabbi Avi Goldberg var ein krigar som kjempa for den jødiske nasjonen, den første som etter hundrevis av år gjekk inn i ein rolle som er vel kjend frå den hebraiske Bibelen,» skriv Melanie Phillips. «Han (Avi Goldberg) hadde auraen av ein bibelsk person som kjempa i det som for mange har vorte ein bibelsk krig. For det kjennest som om eit nytt kapittel held på å verta skrive av jødane si soga.

Ein brann har vorte tent gjennom denne krigen for å forma denne nasjonen på nytt. Folket i Israel vert sveisa saman som gjennom eld. Det er ein nasjon som kjempar for sivilisasjonen mot barbariet, for lys mot mørke og for liv mot død.

Må minnet om dei som er falne i denne jordskjelvliknande krigen, verta til velsigning». (vi) 

Til det kan eg berre å seia: Amen! Lat det verta som ho skriv!

-------- 

(i)  Mi omsetjing av: «A new Israeli nation is araising from the smoke og battle» 

(ii) Ho skriv til vanleg i «The Times».

(iii) På hebrisk «shiva».

(iv) Kursiven er sett inn av meg.

(v) Dette er namnet på tradisjonelle frynser eller duskar på kleda til minne om Toraen. Den bibelske bakgrunnen for dette, er 4. Mos.15,37-41.

(vi) Dette er slutten av artikkelen. 

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne artikkelen uten skriftleg løyve frå meg.


søndag 17. november 2024

Skjermdump av førstesida

 «Friends no longer speak to me» 

Denne framsida lyste mot lesarane i «The Sunday Telegraph» søndag 18.08.24. George Chesterton sin artikkel om emnet fekk det meste av framsida puss dei to neste sidene i bladet. 

«Korleis kjennest det å vera britisk jøde etter 7. oktober», er spørsmålet hans. Svara var kort sagt deprimerande. Han skriv: 

«Stilla var øyredøyvande. Frå stresset med bråkande born til ei kald skulder frå kollegaer eller ei rekkje av venner som viste seg til ikkje å vera reelle venner, det er vitnemålet frå det jødiske miljøet. Dei fortel alle om den same vonde opplevinga. Det var ikkje berre verda vart forandra den dagen Hamas angreip Israel den 7. oktober i fjor. 

Verda til dei britiske jødane gjorde det også. Muterande uttrykk for antisemittisme vaks frå knuste butikkvindauge og valdelege protestar, inn i livet i kvardagen til den einskilde. Alle kan fortelja om det same: Ei øyredøyvande stillheit.» (i)

Der er 287 000 jødar på dei britiske øyane, like mange som buddistar. Likevel er det eit ubetydeleg tal samanlikna med dei 4 000 000 muslimane som bur i landet. Det nye politiske klimaet i landet koplar jødane direkte til det som skjer i Israel enten dei vil eller ikkje. Skalaen som går frå å ynskja død over staten Israel og til opposisjon mot krigen i Gaza, til å klaga jødane for «folkemord» og «sionisme».

Skjermdump frå side 3

«Jødane si oppleving av kven dei er, har endra seg etter 7. oktober».

Det er Dave Rich, forfattaren av «Everyday Hate: How antisemitism is built into our world – and how you can change it» (ii) som seier dette. I februar i år auka antisemittiske angrep med 147 %, og i dei første seks månadane var det registrert 1 978 slike hendingar, det høgaste talet som nokon gong har vore registrert i Storbritannia (UK). Det er og viktig å merka seg at endringa kom med ein gong etter 07.10.23, - 20 dagar før Israel gjekk inn i Gaza. At antisemittismen auka så fort og så stekt, gjer an mange britiske jødar spør: «Er dette landet det eg trudde det var?»

Øydelagde vennskap

Frå side 2
Noko av det som går att i undersøkinga artikkelforfattaren har gjort, er brotne vennskap. J. Ginges, professor i åtferdsvitenskap, seier Gasakrigen har vorte lakmustesten som viser kva side folk vel. Det er nesten som ein del folk i UK ser på dette som eit teikna på om du «er eit bra menneskje» eller ikkje

«Folk som før ikkje har vist noko interesse for Israel og Palestina, har brått vorte «ekspertar», og det er der problemet ligg», seier ein lærar frå Essex. Ein annan fortel at etter 07.10.23 vart han sletta frå vennelista han var med i. Eit ektepar fortel at dei hadde eit vennepar i Cornwall, og var dei første jødane desse vennane hadde møtt. Men då kona hans skreiv på Instagram om antisemittisme, vart venskapet brote. No publiserer ex-vennene stoff om folkemord og Nazi-stat.

På arbeidsstaden og i det offentlege liv

Her fortel fleire vitnemål om mistenkjeleggjering og motvilje. Ein fortel at seks Uber-sjåførar etter einannan nekta å køyra han fordi han skulle til synagogen. Israel vert berre omtalt som aggressiv og undertrykkjande av dei «på den andre sida», og jødar vert dermed ekskluderte i ein slags «anti-jødisk rasisme», skriv forfattaren.

Også frå side 2

Identitet og framtid

Jødar har gjennom soga vorte forfylgde og karikerte ut frå religiøse, politiske eller andre motiv. «Du kan ikkje unngå at verkeleg ekstreme demonsrasjonar mot Israel endar i open antisemittisme», seier Rich. «Spørsmålet ‘Korleis vil dette landet vera å leva i for våre born?’ er det mange spør seg. Det finst ikkje noko anna konflikt som får 200 000 menneskje til å gå i protesttog, og der ein stor del av desse 200 000 ynskjer å fjerna eit anna land frå kartet.»

Eit utsagn til slutt

«Eg er ein svært britisk jøde og eg har alltid sett på UK som heimlandet mitt. No er eg ikkje så sikker lenger. Det er mest på grunn av borna mine. Eg er bekymra for korleis det vil verta for dei som ein så liten minoritet. Sjølv etter 7.oktober er kanskje Israel det tryggase landet å bu i.» 

Korleis opplever norske jødar tida etter 07.10.23?  Finst det noko norsk avis som er villig til å gjera ei slik solid undersøking på det området?

Ville det verta like deprimerande å lesa?

----------- 

(i) Mi omsetjing av starten av innlegget: «The silence was deafening. From the distress of bullied children to the cold shoulder of friends that turned out not to be friends at all, testimonies from the Jewish community in Britain reveal the same bleak experiences. It wasn’t just the world that changed the day Hamas attacked Israel on Oct 7 last year. The world of British Jews too, mutating strains of anti-Semitism worked their way beyond smashed shopfronts and violent protests and into the same expression. The silence was deafening».

(ii) Denne boka kom ut i 1923 på Biteback Publishing forlag. Ho vert seld på Amazon.

---------------

Bileta er skjermdumpar frå "The Sunday Telegraph" og nummeret stykket stod i.

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


søndag 10. november 2024

Framsida på boka eg har lese
 «Vår jødiske reise»

Dette er tittelen på boka til Anne Sender som eg har vore inne på tidlegare.  Ho skriv i epilogen (i)

«I jødisk tradisjon sies det at enhver sak skal sees frå minst syv sider før man kan tro man har et helt bilde. --- 

Historien om min jødiske reise ble både en kjærlighetserklæring til menigheten (ii), til minne om mine svigerforeldre og et tidsbilde for storsamfunnet. Mitt håp er at mitt bilde frå den jødiske minoriteten, fortalt gjennom min svigerfar og oppgavene menigheten gav meg, kan være med å avmystifisere våre ulikheter. Ikke minst for at vi kan beskytte oss bedre mot dem som vil fremmedgjøre og mistenkeliggjøre oss for hverandre. Er det noe vi vet så er det at det gode må bæres frem – faenskapen greier seg selv.    

Derfor følger jeg til sist jødisk tradisjon, og avslutter med ordene vi gir hverandre og omverdenen i alle livets sammenhenger, det livsbejaende «Le Chaim» - til livet.»    

Etter å ha lese gjennom boka frå start til slutt, har eg lært mykje. Ikkje minst ny informasjon om ting som har hendt, og som eg berre hadde lært å kjenna gjennom media. Då eg starta på boka, var spørsmålet mitt kven «vår» refererte til. Eg enda opp med at det – som avslutninga seier – viser både til hennar personlege «reise» i dei åra boka omhandlar, og den «reisa» norske jødar har gjort i same tidsrommet.   

«Trusselen frå religiøse fanatikere»
Grava til ein av dei kjende rabinarane i Krakow


2024 er snart over. I dei 12 åra sidan boka kom frå trykkeriet, har mykje skjedd. For dei fleste, både jødar og ikkje-jødar, har glansbiletet om eit fredeleg Midtausten skapt gjennom nestekjærleik og dialog, gått i tusen bitar. Tittelen over (iii) vart synleggjort her til lands gjennom Anders Behring Breiviks terror 22.07.11. Hamas sitt angrep på Sør-Israel 07.10.23, og dei andre Iran-støtta militsane sine freistnader på å  fjerna jødane frå Midtausten og Israel frå kartet, beviser det same.

Noko liknande ser me hjå FN sine representantar i og rundt Israel (iv). Dei «fredsbevarande styrkane» som skulle sjå til at Hizbollah heldt seg nord for Litani-elva, har vore så einøygde at dei ikkje oppdaga at Hizbollah bygde tunellar og opphaldsrom attmed og nesten under dei. Israel har funne rom der opp til 1000 terroristar kunne opphalda seg medan dei gjorde seg klare til det store angrepet mot Nord-Israel. Eit planlagt angrep av ein heilt annan skala enn det Hamas utførde i Sør-Israel. 

Næraste tunellinngangen i Hizbollah sitt nettverk ligg berre 50 meter frå ein FN-post, opplyste Israel. Terroristane sin «lovnad» om å oppfylla FN-resolusjon nr. 1701, og at FN sine troppar skulle sjå at dette skjedde, var rein svada, ser vi.  UNRWA sitt arbeid og personalet sin aktivitet, treng eg ikkje nemna.

Kvar vart det av dei jødiske fanatikarane?

Etter å ha lese heile boka og re-lese deler av ho, saknar eg dei jødiske «fanatikarane» eller «selotane» som dei vart kalla ved starten på vår tidsrekning.  Finst det ingen slike i dag?

Eg tenkjer på «stabeisar» som gjorde opprør og ikkje ville leva under dei vilkåra politiske og religiøse krefter påtvinga dei. Me hadde til dømes hasmonearen Mattatias som starta opprøret mot grekarane, det som vart til Makkabearopprøret. Nokre hundreår seinare kom Bar Kokhba som leidde opprøret mot romarane i 132. Begge opprøra førde til enorme lidingar for det jødiske folket, men hadde jødisk religion og kultur eksistert utan slike fanatikarar?  Mange vart ikkje hærførarar, men stod fast slik jødane til dømes gjorde då Muhamed ville lokka og seinare tvinga dei inn i sin religion og sitt system.

Frå ein av synagogane eg vitja i Krakow
På mi reise gjennom boka sine 267 sider, møtte eg berre eit humanistisk-sosialistisk menneske- og Bibel-syn der tilpassing og «dialog» vert sett opp som idealet. Kvar vart det av dei absolutte verdiane for dette livet - og eventuelt for det som kjem etterpå?

Osloavtalen

I omtalen av Oslo-avtalen (v), skriv Sender: «Da Norge la til rette for fredsforhandlingene i Osloprosessen mellom PLO og Israel, endte det med at de gamle fiendene ga hverandre gjensidig godkjenning. PLO aksepterte at Israel som stat faktisk var til og kunne fortsette å eksistere innenfor fremforhandlede grenser. Israel aksepterte at PLO var den legitime representant for det palestinske folk, med rett til eget landområde»

No veit me – Eva Sender vedgår det seinare i boka – at PLO og dei såkalla «palestinarane» gav katten i heile avtalen. Det einaste dei har gjort, er å skapa press på Israel, og undergrave Israel sine freistnader på å få varig fred for leva og utvikla landet sitt. Slik var det med forslaget som vart lagt fram i 1947, - det som mellom anna vår noværande regjering prøver å pressa gjennom. Med det vil dei leggja til rette for endå meir terror og drap frå arabarane si side. 

Bibelens (Tanakh’s) ord om kven landet vart gjeve til, er ikkje-eksisterande i den «jødiske reisa» Eva Sender har teke meg med på. Det same gjeld lovnaden til Folkeforbundet å gjeva det engelske mandatområdet til «eit heimland for jødane». Arabarane fekk om lag 2/3 av det området. Kvifor kan ikkje Eretz Israel få lov å eksistera i den delen som vart att?

Psykisk press...

Det er vondt å lesa at «Jødene i Norge opplevde å bli skviset mellom vanlige folks oppfatninger, kristenfolkets  forventninger og realpolitikken». (vi) Sitatet står i kapitlet «Under press» der forfattaren skriv om den første Gaza-krigen, den ikkje Israel fekk lov å fullføra. Hadde dei fått det, ville tusenvis – både jødiske og «palestinske» liv vorte spart. Det er det vel ingen tvil om i dag? Det same gjeld Libanon krigen som var år tilbake.

Eg personleg ynskjer både jødar og arabarar det aller beste både på denne jorda - og det som kjem etter. Også det å få leva trygt innan faste og godkjende grenser. Det krev «realpolitikk», - ikkje det dei norske regjeringane i 1993 og 2024 har arbeidt for. Dei driv fantasipolitikk utan fot og feste i dei grufulle  realitetane som jødane i Israel lever - og overlever under!  

Likevel:  Takk  Eva Sender for reisa eg fekk vera med på…

  ----------------                                                                                                                                                (i) Side 259-261 i boka. I siste del av det eg siterer her, brukar ho kursiv. Sidan eg set alt i kursiv, erstattar eg hennar kursiv  feit kursiv (Bold).

(ii) «Menigheten» er nok Det mosaiske trossamfund (DMT), Oslo.

(iii) Ho brukar dette uttrykket på side 161.

(iv) Her er det ikkje snakk om religiøs fanatisme, men ein politisk fanatisme som hevdar at dei veit betre korleis ting skal løysast, enn dei lovleg valde styresmaktene i Israel. Dette er sanninga om FN, - og den norske regjeringa.

(v) Sitat frå side 54 i boka. 

(vi) Sitat frå side 103 

Bileta har eg teke sjølv.

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 3. november 2024

 The Jewish Chronicle

Eg nemnde i ein tidlegare blogg at eg vart kjend med avisa «The Jewish Chronicle» (JC) gjennom ein ven. Anne Sender skriv i si bok: «Den første jødiske presseavis, Londonavisen The Jewish Chronicle, så også dagen lys på grunn av interessen saken skapte». (i)

Skjermdump frå Wikipedia sin artikkel
«The Jewish Chronicle» kom ut med første nummeret i 1841, og er den eldste jødiske avisa som har vore saman-hengjande utgjeve til no. Bladet kjem kvar fredag. Når utgjevingsdagen kolliderer med jødiske heilagdagar, kjem bladet med utgåva si tidlegare i veka. 

Hovudoppslaget på førstesida 17.01.1896, var «Ei løysing på det jødiske spørsmålet» av Theodor Herzl. (ii) Han skriv der: 

«Men me kan ingen ting gjera utan entusiasmen i vårt eige folk. Ideen må bana seg veg inn til dei lengst vekke, miserable hola der folket vårt bur. Når dei vaknar frå sine dystre grublingar, vil liva deira få ei heilt ny meining. Lat kvar og ein tenkja lenger enn til seg sjølv. Å, for nokre enorme dimensjonar denne rørsla kan få! Ære ventar dei som ikkje berre tenkjer på seg sjølve, men på saka. Ein underfull generasjon av jødar vil stå fram. Makabearane vil stå opp att.

Og slik vil det verta: Den fattige og enkle veit ikkje kva kraft mennesket alt har over naturen. Det er nett desse som vil ha den sterkaste trua på denne nye bodskapen. For desse har aldri misst håpet om Lovnadslandet.» (iii)

«Eg er sionist fordi eg er ein jøde» (iv)

Skjermdump frå avisa eg siterer frå - med bilete av rabbien

Orda i overskrifta kjem frå over-rabbinaren Ephraim Mirvis (v) i ein artikkel i bladet «The New Statesman», referert i JC. Han fortsette med å snakka om samanhengen mellom Israel og det å vera jøde, og seier at «73 % av britiske jødar seier dei er kjenslemessig knytte til Israel, og 80 % av amerikanskje jødar seier at omsorg for Israel er ein viktig del av deira jødedom». (vi)

Sionisme vert ofte misbrukt mot jødar som eit uttrykk for overgrep knytt til kolonialisering og aparteid, og Mirvis understrekar at lesarane må forstå at sionisme ikkje «medfører at ein støttar politikken til noko spesiell regjering i Israel, og er heller ikkje brukande som støtte til velvære og spesielle rettar for palestinarar». (vii)

Gatebilete frå Jerusalem. Stadig fleire kjem heim ....
Rabbien seier vidare at for å forstå sionisme, må ein først læra judaismen å kjenna. Judaisme er rett ut sagt eit uttrykk for den jødiske identiteten knytta til kongedømet Juda. (viii) Denne jødiske identiteten, «judaismen»  held fram også etter at romarane endra namnet på landet til Syria-Palestina for å bryta alle band mellom jødane og heimlandet. Arbeidet med å de-legitimisera og få bort jødane si tilknyting til landet, har halde seg heilt til i dag.                                             
Uansett kvar jødane slo seg til, var landet Israel, og Jerusalem spesielt, sentral i deira daglege liv, skriv rabbien. Draumen om ein gong å venda tilbake til heimlandet, har alltid vore ein sentral pilar i den jødiske tankegangen. Sionisme er derfor ein del av det å vera jøde.

Sionisme er heller ikkje ein politisk ideologi. «Det er heilt enkelt eit uttrykk for det uløyselege bandet det jødiske folket har til og i Israels land». (ix) Så langt over-rabbiens ord.

«Uansett kven han er som ikkje klårt kan fordømma Irans avskyelege angrep på Israel, er ikkje verdig til å setja foten på Israels jord» (x)

Dette utsagnet frå Israels utanriksminister er ei av under-overskriftene i JC i dag. (03.10.24). Under eit bilete av FNs generalsekretær står det at han, etter å ha vorte nekta innreiseløyve til Israel, no «har gjort ein u-sving». Så står det att å sjå korleis saka vil utvikla seg. Eg for min del, - og eg har heldigvis ingen ting eg skulle ha sagt, ser ingen grunn til at FNs generalsekretær og den norske utanriksministeren skulle få lov å koma inn i landet. Begge har for mange anti-israelske og antisemittiske utspel bak seg til at deira nærver kan resultera i noko anna enn «å hiva meir ved på bålet»!

«Klagemuren» er der bønnesetlar frå mange av oss
«Leiaren for avdelinga som skulle stogga Israelsk etterretning i Irak, var sjølv agent for Mossad»

Denne artikkelen i JC 01.10.24 forklarar korleis Israel fekk tak i Iran sine mest hemmelege dokument. Det eg hugsar, var Netanyahu sin tale der han synte oss permane med hemmelege iranske dokument som beviste arbeidet deira med å utvikla atomvåpen. Han heldt den dagen ei teikning av ei bombe i handa!

«Leiaren for Irans avdeling som skulle fylgja med og hindra israelsk etterretnings aktivitet i landet, var sjølv Mossad agent, samen med 20 andre av staben, har Irans tidlegare president, Mahmoud Ahmadinejad, vedgått».(xi)

Det var i 2021 at det vart oppdaga at senior-agenten deira, var dobbelagent, og at han stal sensitive dokument og gav dei til Israel.  Denne dobbelagenten og 20 andre var det som tok dokumenta om Irans atomplanar i 2018 sam-stundes som dei eliminerte iranske atomforskarar, skal Ahmadinejad ha sagt.

Det bør me vera glade for. Eit prestestyre i Iran med atomvåpen er ein reell trussel både for jødane og oss andre i denne verda. Men er det nokon annan enn Israel som er villig til å «ta av seg silkehanskane» og stogga galskapen?

Lat oss be om at det må skje, samstundes som me takkar Abrahams, Isaks og Jakobs Gud for dei mennene som våga livet for at sanninga skulle koma fram i lyset.

---------

(i) Frå side 207 i boka «Vår jødiske reise», av Anne Sender, Cappelen Damm AS, 2013. ISBN 978-82-02-38324-4. «Saken» ho nemner, er «The Damascus Blood Libel» då åtte jødar i 1840 var anklaga for å ha drepe ein syrisk munk og brukt blodet hans i påskebrødet. Saka fekk stor merksemd verda over.

(ii) Wikipedia har eit skjermbilete av den utgåva. Det er det biletet eg refererer frå.

(iii) Kopiert frå Skjermdumpen: «But we can do nothing without the enthusiasm of our own nation. The idea must make its way into the most distant holes where our people dwell. They will awaken from gloomy brooding, for into their lives will come a new significance. Let each of them but think of himself, and what vast  proportions the movement must assume! And what glory awaits those who fight unselfishly for the cause! A wonderous generation of Jews will spring into existence. The Maccabæans will rise again. And so it will be: it is the poor and the simple who do not know what power man already exercises over the forces of nature, it is just these who will have firmest faith in the message. For these have never lost the hope of the Promised Land».

(iv) Mi omsetjing av overskrifta «I am a Zionist because I am a jew».

(v) Ephraim Mirvis, f. 07.09.1956 i Cape Town, Sør-Afrika, er ein ortodoks rabbi som vart over over-rabbi i «The United Hebrew Congregations of the Commomwealth» i 1991. (Info frå Wikipedia m.fl).

(vi) Mi oms.: «… according to the Institute for Jewish Policy Research, 73 per cent of British Jews say they feel an emotional attachment to Israel, and 80 per cent of American Jews surveyed by the Pew Research Centre say that caring about Israel is an important part of their Judaism

(vii)  Mi oms.: “…. does not entail an endorsement of the policies of a particular Israeli government, nor is it mutually exclusive with advocating for the welfare or rights of Palestinians.

(viii) Kongedømmet Juda eller Judea oppstod i år 930 f. Kr. etter Salomos død. Salomos rike vart delt i Nordriket (Samaria) og Sørriket (Judea).

(ix) Mi oms.: «It is quite simply a manifestation of the unbroken attachment of the Jewish People to and presence in the Land of Israel.»

(x) Original tekst: «Anyone who cannot unequivocally condemn Iran's heinous attack on Israel does not deserve to step foot on Israeli soil».

(xi) Original tekst: «The head of Iran’s unit tasked with monitoring and impeding Israeli intelligence activities in the country was himself a Mossad agent, along with 20 other members of the unit, former Iranian president Mahmoud Ahmadinejad has admitted.»

Bileta og skjermdumpane har eg teke sjølv.

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg!


søndag 27. oktober 2024

 
      Hersketeknikkar

Framsida på boka eg refererer frå
Det er sagt at Israel har vunne alle krigane landet har hatt, men tapt kampen i media. No står landet oppe i ein krig som er ulik alle andre krigar, i alle fall så langt eg forstår det. Der er tre element i desse krigshandlingane som me ikkje har sett før, eller som no har fått heilt andre dimensjonar og vorte avgjerande for krigens gang.
(i)

Det første er bruken av tunellar. Første verdskrig vart kjend for å vera ein skyttargravskrig der soldatane oppheld seg mest i opne grøfter. Dei hadde då rom der dei kunne trekkja seg tilbake for å kvila, eta og sova. Under Gaza har terroristane bygt rundt 500 km tunelar der dei har komandorom, opphaldsrom, produksjonrom for våpen, og ikkje minst korridorar for flytting av våpen og personale utan at det kan merkast oppå jorda. (ii) Både under grensa til Egypt og nær grensa til Israel er tunellane så store at terroristane kunne bruka bil i dei! 

Det neste særdraget er den kyniske og planlagde bruken av sivile personar og offentlege bygg som skjold. Tunellen der dei nyleg drepne gislane vart funne, hadde inngang frå eit barnerom i eit vanleg hus. Kven kunne tru at i eit barnerom med Mikey-mus-plakatar på veggen, kunne vera døra til torturkammeret der gislane vart haldne og seinare drepne? 

Det same gjeld bruken av skular, barnehagar og hospital som skjold for utskytingsrampar og / eller utgangar der terroristane fort kunne dukka opp eller forsvinna. Det er dokumentert at UNRWA personell og personar i helsevesenet aktivt deltok som terroristar. Ein doktor på eit sjukehus var «verten» til nokre av gislane, har det kome fram. Det  same gjeld bruk av ambulansar og bilar merkte med ofentlege logoar, - til transport av terroristar og våpen.

Grensesetjing er viktig, - som denne
for  at folk ikkje skal køyra på sjøen...
Det siste særdraget er bruken av media. Her er det terroristane – eller «Israels fiendar» – som har «definisjonsmakten» som Sigrid Sollund kallar det i boka si. Gjennom dette har dei oppnådd mistenkeleggjering og hat mot alt som har med Israel og jødar å gjera. (iii)

«Kampen om definisjonsmakten»

Kapitlet med overståande overskrift endar – som alle kapitla i boka – med eit resyme. Her er overskrifta «Råd mot virkelighetskupp». «Palestinarane» (iv) seier at dei er fordrivne av Israel, men det var før det engelske mandatområdet skulle avviklast, at det vart vedteke å gjeva jødane eit heimland der. Dette vart stadfesta av Folkeforbundet og seinare FN, men korkje FN eller dei pro-palestinske agitatorane ser ut til å hugsa dette i dag.

Det same gjeld definisjonen av «krig». I det eg skriv dette (v), er media fylte med informasjon om alle personsøkjarane som har eksplodert i Libanon.  Dei har drepe eit tjuetals menneskje og såra fleire tusen. No ropar USA og FN om «Fåre for krig mellom Israel og Hizbollah», og dei prøver å «få Israel ifrå å starta krig»!

Det vil seia at dei – og media generelt, ikkje reknar eit regn av rakettar og droner over Nord-Israel frå 08.10.2023 som «krig». At mellom 50- og 70 000 israelarar er fordrivne frå heimane sine på grunn av dette, ser heller ikkje ut til å vera grunn nok til å seia at Hizbollah starta den krigen for snart eitt år sidan. Neidå, det er først når Israel seier at «Nok er nok» og vil ha ei opprenskinga i Sør-Libanon, at det vert ropt «Krig! Krig!».

 Denne "verneverdige låsen" er berre til pynt.
Det same er FNs vedtak om Hizbollah....
(Den har drill, gjer som han vil.) 
Det er heller ingen dum ide å hugsa på at heile Sør-Libanon opp til elva Litani høyrer til det landet Gud gav jødane. FN har dessutan sagt at Hizbollah ikkje fekk lov etablera seg i Sør-Libanon. Det skulle vera ei slags demilitarisert sone mellom Hizbollah og Israel, ei sone FN skulle ha tilsyn med. Og USA med fleire har drive aktivt diplomati for å få terrororganisasjonen til å oppfylla FN-resolusjonen. Men til inga nytte. Det snakkar ingen om!

No fortel libanesiske kristne at Hizbolla kjem og har utskytingsrampar i deira jordbruksområde - for bruka dei som skjold. (vi) Slik kan dei – som Hamas - drepa jødar og gøyma seg bak sivile libanesarar og FNs «fredsbevarande» styrkar. Dei har gjort dette i nokså nøyaktig eitt år, men det dei gjer, må eller kan ikkje reknast som «krig». «Det er Israel som fører krig!»

«Mistenkeliggjøring» og «Avledningsmanøvre»

Dette er dei to neste kapitla i Sollunds bok. Også i internasjonal samanheng er det ho skriv om, ein realitet. Mistenkeleggjering og avleiingsmanøvrar vert bevisst og ubevisst brukt. Informasjonsflyten er ikkje berre einsidig. Den har ei «innebygd» mistenkeleggjering av alt Israel seier. Ofte kjem slikt i tilegg til avsporingar frå historiske realitetar. Det var det som gjorde at eg for snart eitt år sidan kutta ut NRK-TV og særleg «Dagsrevyen».(vii)

Set same gjeld stoffet Sollund skriv om «Umyndiggjøring og maktkamp». Israel sa «Ja» både då det gjalt delingsplanen i 1947 og seinare i Oslo-avtalen. Det var arabarane som blokkerte planane. Men jødane vert stadig gjeva skulda for at desse avtalane har ikkje vorte oppfylte, endå landet har gjort meir for fred i Midtausten enn nokon annan stat!

Tenk om Israel ikkje hadde stogga slik FN og andre bad om, sist dei kriga mot terroristar i Gaza? Hadde dei gjort seg ferdige med det dei starta på då, er det mogeleg at titals tusen liv hadde vore spart no! Og om ikkje Israel beheld kontrollen av Philadelphia-korridoren mellom Gaza og Egypt, kor lang tid vil det gå før Hamas er i full gang att med å laga nye tunellar og produsera og lagra rakettar m.m.?

Når leiken er slutt....
Slike argument vert mistenkeleggjort og forkus vert flytta til «dei stakkars sivile» og «uskuldige» som har det så vondt. Mange i Gaza har innsett at dei vert utnytta og har størst verdi for Sinwar og hans medsamansvorne i krigs-statistiken som Hamas sender ut over verda. Eg for min del trur lukkelege og glade innbyggjarar i eit Gaza ville øydeleggja terroristane si støtte i folket. Det var store planar om framgang og vokster gjennom å utnytta turismepotensialet til Gaza for nokre år tilbake.  No har denne grusomme krigen har lagt det meste i ruinar, og øydelagt tusenvis av familiar. Dei fleste ville ha rømt om Egypt og dei andre arabarstatane hadde vist vilje til å ta mot dei.

I boka eg tek døme frå her, kan du lesa om «Latterliggjøring og påføring av skyld og skam». Der er og eit kapittel om «Følelsesmessig utpressing» som kanskje er den viktigaste grunnen til at Israel er den tapande parten i mediakrigen. Å sjå born som har misst armar eller bein, eller høyra gråten frå mange som har misst sine kjære, påverkar oss. Det er trist og gjer vondt. Ingen skulle vera nøydde å oppleva noko slikt som dei har gjort i Sør-Israel og Gaza dette siste året. Korkje vaksne eller born. Korkje jødar eller «palestinarar».

Som resultatet av denne mediastormen, får me noko som Sollund kallar «manipulert samvittighet». Den oppstår når kjenslene våre blokkerer for faktabasert kunnskap. Til slutt kan me enda opp med eit «manipulert realitetsbilete», slik mange som støtta Hitler og Nazi-Tyskland gjorde under andre verdenskrig.

----------

Dette får vera nok for i dag. 

Synest ikkje du og det?

----------------- 

(i) Eksplosjonane av elektronisk utstyr brukt av Hizbollah siste dagane, er også ei form for krigføring verda aldri før har sett maken til. Det gjeld uansett kven det er som har gjort «oppfinnelsen». 

(ii) Eg har lese at desse konstruksjonane kalkulerte til milliardar av dollar, pengar som truleg i stor grad er omdirigerte frå hjelpefond og internasjonal støtte.

(iii) Vil du lesa meir om kva eg meinar, har eg vore innom dette 25.01.24 i «Ordkrig», 04.02.24 i «Dikt og forbannet løgn»,  og 05.05.25 i «Løgn» og «Løgnens regime». 

(iv) Eg skriv «palestinarar» i hermeteikn fordi det historisk sett ikkje finst eit folk eller ei folkegruppe med det namnet. Namnet oppstod då romarane, etter dei jødiske krigane i dei første århundra av vår tidsrekning, valde å kalla området Palestina. Namnet vart brukt heilt fram til slutten på det engelske mandatet. Alle som budde der, var «palestinarar», enten dei var arabarar, drusarar, jødar eller tilhøyrde andre folkegrupper i området.

(v) Kalendaren viser i dag 19.09.24, men det vil ta nokre veker for innlegget vert lagt ut. Det er ikkje alle veker eg får tid til å skriva, så derfor må eg ha noko på lager.

(vi) På ein bønnetur eg var på, stod me ved det israelske gjerdet og såg over dalen og inn i Libanon. I skråningen på hi sida var FN-leiren, og kvite FN-bilar køyrde langs grensa. På høgdene bak fekk me peika ut Hizbollah-leirar og stader der dei  meinte  det var bygt utskytingsrampar.

(vii)  Sjå bloggane for 22.10. og 29.10.23. Etter det har eg sett «Dagsrevyen» (ufrivillig) to gonger. Då var eg på besøk hjå folk og fann at eg ikkje kunne be husfolket slå av.  Men det var – som alltid, ei pina å høyrar på Midtaustens-korrespondenten deira.

---------------

Merknad: Bileta har eg teke sjølv, også det av boka til Solund.

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.