onsdag 29. juli 2015

På reis inn i sandhavet............



Brev 6
………………….

"Springforbien" gjekk til Vangsnes før, men svikta oss. 
Men me ser både den og dei andre båtane når dei passerer neset vårt.

 
Det var ikkje Fjord1 me reiste med morgonen etter, men Citro1. Berre å hiva kuffertane om bord og kasta loss. Både sjåføren og kona er slekt å rekna og loste oss trygt både austover og sørover. 

Far hennar var ein av dei gamle kapteinane både på  Sognefjord og Vangsnesferja før han fekk ansvar for hurtigbåten til Bergen. Det var han som lokka Fylkesbåtane til å bruka indre leia til Bergen. Nokre tronge sund var der nok, men endå verre med alle steinbryggjene som vart vaska ned av dei militærbåtbylgjene. Svogeren min, han med traktoren hugsar du, er sinna på dei enno.  No må me vassa i flovatn for å løysa båtfestet frå pålen ytst på bryggja. Før kunne han gå tørrskodd ved normal flo. Seier han.
Eg forsvarar Fylkesbåtane og minnar om isen som smeltar, Napoli som sig i havet og Atlantis som er under havet for lenge sidan. Havet stig eller så er det landet som sig. Andre alternativ er det ikkje i min fantasi. Minst ein desimeter kvar tusenår med eller utan Fylkesbåtane si hjelp. (Kanskje derfor dei skifte namn til Fjord1?) Men «Springforbien» som gamletanta på tunet hjå oss kalla hurtigbåten, fekk flytebryggja å leggja til om nokon ville av eller på der på øya til svogeren min. For så vera sikre. Så kan dei leggja til uansett.

Cittro1en hadde ikkje problem med korkje bryggjer eller vatn. Landskapet stort sett gult, tørt og bylgjande. Her og der nokre tre i ei klynge, men elles berre tustar av eit eller anna slag. På første delen var det gardar med grøne marker og endelause rekkjer med drivhus, både runde tunellar som bringebærdyrkarane på Vangsnes har, men og kantete. Dei skin ikkje i sola som dei på Vangsnes. Er vel så gamle at dei ikkje treng å visa seg fram.

Godt og vel halvvegs køyrde me gjennom ein by som i Storeboka er kalla «Eids-brunnen».  Eit koseleg namn. Minner om Eidslandet, Eidsvoll og Eidsnes ved Knarvik. Og så har dei meir sol her. Turistreklamen lokkar med 360 dagar sol for året. Slå den du! Det greier nok ingen av våre Eids-bygder. 5 dagar med regn i gjennomsnitt i året! Det er vel om lag det Vestlandet har hatt kvar veke denne sommaren. Såg forresten på nettavisa at det vart varsla frost i Noreg midt i juli! Eg tenkte på jordbæra mine og dei første bringebæra som er plukkande. Neste dag kom dementien: Det hadde ikkje vore frost likevel. 
 
Øydemarksskip såg me mest på skilta.
Altså må bærbøndene finna seg noko anna å bæra seg for. Eg har mange gode forslag: Prisane er alltid eit godt alternativ. Bærprisane er for låge. Den seine sommaren eit anna alternativ. Avlingane er for små i år. (Dei vart betre i fjor). Sesongen vert for lang og plukkarane vil heim til Polen og Estland og Litauen før alle bæra er komne på Fruktlageret. (I fjor derimot …)  Kanskje du kan skøyta på med nokre gode grunnar til? Ja, om du vil, altså!

Her er dei stive. Prisane, altså. Me kjøpte 400 gram kvitost i dag. Han kosta nokre og 50 kroner. Bringebærsyltetøyet er tre gonger så dyrt som hjå Lærum. Dei andre prisane minst så høge som heime uansett om du sparar på Spar eller brukar pengane dine på «Litt ditt». Men om butikkane heime kan skilta med stort utval av grønsaker og frukt, er det mykje meir her. Både vanlege grønsaker og slikt me ikkje er vane med heime. Både «didlar» og dadlar sier eg når eg ikkje veit namnet.
Ikkje rart folk klagar. Vanleg løn er om rundt 120 kroner timen, 8-10 timars arbeidsdag og to veker ferie for året. Arbeidsveka er frå søndagsmorgonen til fredagen i 14-15-tida.  I tillegg kan dei få ein fridag kvar månad for å ta seg av private ting dei resten månaden ikkje får gjort.

På denne tida av døgeret ser du både Dagsrevyen og Kveldsrevyen. Avisene las du med du venta på middagen, kjenner eg deg rett. Her får me korkje Sogn Avis, Bergens Tidende eller Hovudstads Posten som viktigaste avisa her i landet heiter. Revyane på TV er på innfødd språk og høyrest  kaudervelske ut. Men heldigvis fungerer nettet. Verdens gang ikkje går oss forbi her nede i halv-øydemarka enten me les Bergens Tidende, Norge i dag eller Strilen. 

Skund deg og skriv nokre ord til meg om det som skjer der heime. Ikkje det som står i avisene. Noko nytt om deg og dine.

                                                              Beste helsingar frå kona og meg.

Farvel til Midt-i havet



Brev 5
 .....

Kjære deg.

I dag er det siste dagen her ved Midt-i havet eller «Havet midt i verda», som han sa han Augustus, han Cesar og hine som trudde dei rådde over heile verda. 

Tenk at han Augustus sende brev om at det skulle haldast manntal «i heile verda». Kvinnene talte visst ikkje med den gongen. Det gjer dei visst ikkje i grannelanda her nede heller, seiest det. Han Augustus ville telja mennene i heile verda. Kanskje verda ikkje var så stor den gongen. Kanskje ho har vakse med åra, slik som du og eg har gjort? Særleg rundt magen. 

«Alle vegar fører til Rom», sa keisarane. Men der tok dei feil. Han Jonas, etter at han hadde sete på haugen bak huset her og kvilt seg, tusla sør-austover. Eller kanskje tok han eit øydemarksskip over sandhavet. I så fall bokstaveleg vogga han mot Ninive. Han kunne kjøpt spysykjetablettar på apoteket i Vik, om han trong det. Forresten. Med det uhendelege uveret bak seg hadde han sikkert mata både krabben og fisken.
Kan du tenkja deg......
 
Litt lenger inne øydemarka gjekk ein annan veg, - sørover til Gasa. Han som sat i vogna mange hundre år etter at han Jonas kryssa vegen, måtte ha både pass og politikk i orden. Så interessert som han las med han reiste sørover. Ikkje redd for å verta hanka inn av lange armar, han. Hadde ho Marianne av Gøteborg vore lesar ho og, kunne ho ha vorte spart for mykje ubehag. Det trur no eg.

Han i vogna fekk i alle fall reisa i fred. Rein var han sikkert og etter at han hadde vore i vatnet. Inni, i alle fall. Han vart «døypt», seier boka. Dei, både han og presten, steig ned i døypefonten og steig opp att. (Eller mishugsar eg meg att?) Høyrest utruleg ut, men som han bestefar sa: «Det som står er reine gudsordet!» Det slær ikkje feil. Filip, døyparen, viste seg i Ashdod etterpå, og hin reiste «lukkeleg sin veg». «Og så levde dei lukkelege alle sine dagar», var formuleringa Asbjørnsen og Moe brukte.  Dei fekk med seg poenget dei og, ser du. Men me skulle ta Jonas-ruta mot aust. Ikkje vegen mot sør.
 
Me gjekk kveldstur til Midt-i havet. Ville seia farvel til ho Marianne, men området var så sikra at me ikkje fekk sjå mastetoppen ein gong.  Reknar med ho ligg der framleis med triste ku-auge og lengtar heim.

Me spaserte på sanden Jonas landa på. Kona tok skoa av og vassa og såg romantisk ut. Eg tok bilete. Med hennar telefon slik at de der heime kan få sjå. Stranda var pynta med svarte flagg og fortalde at her var der farleg. Den høge stolen til badevakta stod tom. Vakta hadde gått heim. Eventuelle toskar som ikkje respekterte flagga, måtte altså drukna med eiga hjelp.

Slik kunne me sett solnedgangen på Vangsnes og om ikkje Ytre-Sogn hadde vore i vegen
Me sette oss på ein benk, tett saman og såg den gule sola verta raudare og raudare før ho drog siste hårtustane med seg ned i havet. Det kunne ikkje vera oss ho vart flau for. Me sat hand i hand og såg lukkelege ut. Kunne spela nyforelska, ser du. Slikt me kan gjera på sydenferie. 

Hadde me gammalgifte gjort noko slikt der heime, kunne me risikera å koma i lokalavisa for ikkje å seia at noko endå verre kunne hendt oss. Men dette fortel eg berre til deg. Ikkje sei det vekk.

Meg.

Å telja regnbyer på vegen til Bergen, - og om å snakka sant



Brev 4
………………………………………..
Kjære deg.

Takk for brev. Utruleg kor fort det går med e-brev.  Dei  flagrar gjennom lufta og landar i ein svisj på null komma niks kvar ein er i verda. Med både godt og gale slik som posten i gamle dagar og. I brevet frå deg var det begge delar. 

Ser du ikkje skulle ha så lang ferie i år og er heime alt. Det er det med pengane og dollarkursen, seier du. Me kunne ikkje vore så lenge me heller om me ikkje fekk tilbod om å arbeida for maten der me skal feriera. Men det må du lova å ikkje seia til nokon. Spør dei, berre sei me er i «Syden»! 

Men eg likte ikkje at du påstår at eg lyg! Fortset du slik, kan venskapen vår surna  som mjølk i hundedagane! Klart me hadde minst 30 regnbyger på vegen til Bergen! Du kan kontrollera sjølv. Eg lyg ikkje. - Eg synest eg høyrer deg telja nede ved Vaksdal: «Regnbye  24». Trollkonetunellen: «Opplett!» Ute att: «Regnbye: 25». Holeskartunellen: «Opplett». Ute att: «Regnbye: 26». Stamnestunellen: «Lengre opphald», og så vidare. Berre prøv så ser du at eg snakkar sant!

Elles var det kjekt å få nytt når me er her langt ute i den store verda. Tenk: Garasjesal på Vangsnes! Eg trudde med det same eg las det at ungane ville selja garasjen min. Ja, kanskje einkvan ville kjøpa han og riva for å byggja han opp att ein annan stad slik som dei gjorde i gamle dagar? Slik gjorde dei med den gamle Gjestgjevargarden attmed fergekaien vår. Han har vore selt og riven minst to gonger før han gul og fin kom for å pynta opp hjå oss. Bygt på Sørlandet. Rive og bygt opp att i Bergen før han på si siste reis kom til Vangsnes og vart både pensjonat, posthus og doktarkontor den gongen Vangsnes låg under Balestrand.
Gjestgjevargarden flytta "halve landet" før han hamna på Vangsnes

Men så var det altså ikkje garasjen min dei ville selja, men ting som stod INNI garasjen. Kven veit kva folk kan finna på å selja no til dags. Gjen-brukt og u-brukt og mis-brukt. Alt mogeleg. Og naboen til naboen til naboen til naboen min har kjøpt seg hagemøblar der, skriv du. Gode, solide hagemøblar med tjukke blåstripete putar til. Hadde eg ikkje vore her, men der, skulle eg føreslege at han fekk putar med senterpartifarge. Han hadde kvilt betre då. 

Du seier at eg ikkje skreiv kvar me er, endå eg skreiv det med klåre ord: Me er HER. Her kan eg sitja og nyta havgula, slik me kunne på Vangsnes før han Leif stengde kiosken på kaien. Store bylgjer bryt inn mot sandstranda og freistar surfarane. Ja, dei på internett, altså. Ikkje dei på sjøen. Eg har ikkje sett ei sjel i vatnet endå. Nokre norske eg snakka med hadde vore uti, men måtte på apotek. Dei hadde vorte takla – eller tentakla. Av brennemaneter. Ikkje slike blå som dei hadde reist frå heime på Sørlandet. Nei, store og stygge med ein heilt annan partifarge som eg ikkje vil nemna. Det skal ikkje vera lett for ein stakkars turist, veit du.

Som i politikken, sa eg. Einaste trøysta eg kunne gjeva dei. Sjå berre på ho Marianne av Gøteborg. (Dei hadde sett ho, dei og). Kjem her frå det kalde nord, og i staden for å verta tekne mot med varme kyss og opne armar, møtte dei berre kalde skuldrar. Ho ser blidast ut på morgonen, der ho ligg og voggar i bøya si. Kvit-og-blåstripete som putane naboen til naboen til naboen til naboen min slappar av på om dagane. Om kvelden er ho meir fornerma og snur baken – nei, bakken, til oss som sit og nyt havbrisen. 

Dei om bord vart leidde i land mot sin vilje. Hugsar du bibelsoga me lærde i skulen? Hugsa du han som hadde ei tre dagar og tre netters  seilas i magen på ein fisk? Eller var det i ein kval? Eg hugsar ikkje så godt lenger. Det er det med hard-disken, forstår du. Men noko stort måtte det ha vore i alle fall. Folk her seier han kom i land omtrent der ho Marianne ligg no. Han vart «spydd» i land står det i Storeboka som han Bestefar kalla ho. Han hadde ei i skinn med trepermar og magebind med bronsespenne på. Det som stod der var reine gudsordet. Han vart spydd i land, står det. Eg reknar med at han tok seg eit bad før han klatra opp på haugen bak huset her. Han må ha lukta gylla. Minst. Han bad inne i fisken og. Det står i boka. Det var derfor han hamna her.
 
Ein gong sat han Jonas der på haugen. No sit hysj-hysj-folk og føl med i det som skjer ute i havet. Lengst bak er pipene på kjernekraftverket, og under palmen mellom dei to, kan du få superdyr kvelds med superfint utsyn over Midt-i havet.
Folk her hugsar det endå. Dei snakkar om «Jonas-haugen», den rett bak huset me har leigt oss rom i for nokre dagar. I kanten på haugen ligg fyrtårnet båtane orienterer seg etter. Ikkje ei slik lita fyrlykt som me har nordom moloen på Vangsnes, men eit stort tårn med lys og antenner og andre rare dingsar på. Hysj hysj-ting, seier husverten.

Bak tårnet kan eg sjå tvillingskorsteinane på atomkraftverket. Ein eller annan stad forbi der - før dei kom der, tusla han Jonas til Ninive. I solsteiken.  Åleine.

Eg misunner han ikkje turen.

Med beste helsing frå
Meg og kona.

PS. Ho har teke alle bileta. Mitt fotoapparat takka for seg. Har dei fotoapparat på Garasjesalet, så be dei leggja vekk eit til eg kjem heim att. DS.