«Jødisk innvandring til Bergen 1851-1933»
Dette var tittelen på eit foredrag Per Kristian Sebak heldt i serien «Mandagsforedrag» på Bymuseet i Bergen måndag 24. november. Dette var det siste foredraget i denne serien i 2025 og nummer 14 sidan starten på haust-semesteret i august. Foredraga startar klokka 12, varer rundt rekna ein time og tek føre seg eit svært breitt utval av emne.
Det som drog meg, var vinklinga til det jødiske miljøet i Bergen. Boka han hadde tidlegare gjeve ut om same emnet, hadde eg lånt på biblioteket før, og lånte ho på nytt for å friska opp det han skreiv.
Boka er interessant og informativ. Det eg derimot sakna var avklaring av forskjellege klassifiseringar for oss ikkje er historikarar. Til dømes skriv han om «vestjødar» og «austjødar». Slik eg las det, var det ei deling av dei askenasiske jødane sidan dei fleste han skreiv om, kom frå Aust-Europa. Men eg greidde ikkje å få eit klårt bilete av kvar området til «austjødane» og «vestjødane» var. Han brukte og uttrykket «sekulærjøde», uten at eg sat att med ein klår definisjon. Er det ein «sekulærjøde» ein som har gått over til statskyrkja eine og åleine for å få driva forretning, og som dermed formelt og juridisk er «ikkje-jøde»? Eller tilhøyrer «sekulærjøden» ein jødisk familie, men som ikkje bryr seg om eller tek avstand frå jødiske religion og tradisjon?Sebak sa at «austjøde» og «vestjøde» var nemningar som kom i bruk på 1800-talet, og at det ikkje hadde noko med delinga i askenasiske og sefardiske jødar å gjera. Den inndelinga var mykje eldre, sa han, Men eg vart ikkje noko klokare av den grunn.
«Det du ikkje har i hovudet, kan du finna på internett!»
Dette har vore eit slagord i norsk skule siste tiåra. Som gammal lærar prøvde eg meg fram, men vart ikkje så mykje klokare på den måten heller.
Her er to døme frå Wikipedia: «Asjkenaziske jødar eller asjkenazím, òg kalla (høg)tyske jødar og austjødar, er den gruppa av jødar som tradisjonelt har jiddisch til morsmål og som dei siste kring 1000 åra tradisjonelt har holdt til i Sentral- og Aust-Europa.» ii
![]() |
| For meg er dette hovudverket om jødane i Noreg |
Både «austjødar» og «vestjødar» var altså askenasiske jødar som snakka jiddisch! Og kvar finn eg vest-jødane som «stammer fra Skandinavia»? Dei eldste jødane eg veit om i Skandinavia, kom til Danmark og seinare Noreg frå den delen av Danmark som i dag høyrer til Tyskland. Men det var relativt sett i nyare tid, og vart dei «skandinaviske»?
«Ein dåre kan spørja meir enn ti vise kan svara», veit du, og eg er frimodig - eller dum - nok til å stilla slike spørsmål….![]() |
| Presentasjonen på baksida... |
Før og etter 1851.
Både i boka og i føredraget gjekk Sebak inn på dette året då jødane fekk lov å slå seg ned i landet vårt. Oscar Mendelsohn går i boka si grundig inn på den prosessen bak vedtaket. Han siterer dessuten endringa i grunnloven:§ 1. Det i Lovgivningen inneholdte Forbud mod at Jøder indfinde sig i Riget, saavelsom de med hiint Forbud i Forbindelse staaende Bestemmelser sættes herved ud af Kraft.
§ 2. Loven af 16de Juli 1845 om dem, der bekjende sig til den kristelige Religion uden at være Medlemmer af Statskirken, udvides til ogsaa at gjælde med Hensyn til dem, der bekjende sig til den mosaiske Tro. iv
Både i boka og i foredraget viste Sebak til jødar i Noreg før 1851. Til dømes på side 9 i boka står det at «Enhver som konverterte til kristendommen, fikk innpass til riket». Edv. I. Hambro vart døypt i Bergen i 1810, og etter berre to månader kunne han løysa «handelsborgerbrev uten at noen kalte han jøde». Han nemner og Glogau som vart døypt i 1813 i Mariakyrkja. Alt dagen etter fekk han handels-borgarskap, skriv Sebak. Dette som bevis på at dei som gjekk over til statskyrkja, kunne fritt bu og driva handel.
Mendelsohn omtalar desse to saman med Ludvig Mariboe i Kapittel III (frå side 53) i boka si. Der kan ein og lesa om hjelpa landet vårt fekk av desse tre, enten det var forsyning av mat eller pengar i den vanskelege tida då Noreg skulle vera ein sjølvstendig stat, men framleis under svenskekongen.
Sebak gjer eit poeng av at jødar som døypte seg, vart sett på som «ikkje-jødar», og at dei kort tid etter dåpen kom inn på område der dei tidlegare ikkje hadde hatt tilgang. Me veit at det vart sett på som ein siger for kyrkja når ein jøde døypte seg, og at dei gjerne fekk viktige personar som fadderar. I mange tilfelle tok jødane nye namn og eventuelt kalla seg opp att etter fadderen sin. Både i Spania og Noreg.
![]() |
| Frå innhaldlista i boka til Sebak |
Men andre ord var det mykje betre å vera «ny kristen» i Noreg enn i Spania der dei og vart kalla «maranos» og «krypto-jødar»!
Jødane som kom til Bergen
Elles gjekk mykje av utgreiinga til Sebak om jødane i Bergen ut på at dette stort sett var kjedereaksjonar der folk kom hit på grunn av familie eller vener som hadde kome tidlegare. At mange av jødane her dreiv med same geskjeften, gjorde at det oppstod konkurranse mellom dei, noko forfattaren viste mellom anna med døme frå avisannonsar. Dette, i tillegg til at dei aldri var mange her, meinte han var årsaka til at det heller ikkje vart organisert jødisk skule eller synagoge i Bergen.
Kanskje tida endeleg er komen til at jødane i Bergen samlar seg for å ta vare på sin kultur og si tru her vest på våre kantar?
Til slutt vil eg ynskja alle jødar og venner av jødar i inn og utland
ei velsigna Hanukkafeiring!
----------------
i Per Kristian Sebak: «Vi bli neppe nogensinne mange her – jøder i Bergen 1851-1945»
ii Kopiert frå: Asjkenaziske jødar – lokalhistoriewiki.no
iii Kopiert frå: Jødisk etniske inndelinger – Wikipedia
iv Sitat frå side 206-207 i Mendelsohns bok. Den som er interessert i prosessen før vedtaket, finn inngåande informasjon i Mendelsohns bok Kapittel X, frå side 171 og utover.
Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.



