søndag 30. november 2025

«Mannen som gikk fri»
Framsida på boka eg kjøpte

Dette er tittelen på boka Dag Steinfeld har gjeve ut om politiinspektør Knut Rød, leiar for politiet si utsending av norske jødar under krigen. Gjennom 326 sider får me som lesarar grundig informasjon om personen Knut Rød, om livet hans i det norske politivesenet, og om dei domsavgjerdene som frikjende han for all skuld i samband med at 687 norske jødar vart sende til dei tyske dødsleirane i Polen i 1942-43.

Måndag 27.10. var forfattaren i Knarvik og fortalde om boka og det han hadde funne i arbeidet sitt rundt den mest omdiskuterte frifinninga i norsk rettsvesen etter krigen. Interessant å høyra på, og lærerikt å lesa boka eg kjøpte. Interessant og å sjå reaksjonane boka skapte, først og fremst fordi det som skjedde med dei norske jødane har vore neglisjert i altfor stor grad. Det er viktig at det som skjedde med jødane i Noreg ikkje vert gløymt.


«Frifunnet»

Første kapitelet i boka er introduksjon som startar med: «Så er klokka slagen. Det var en symboltung dag, fredag 9. april 1948. Presis klokken 09.30 åpnet døren inn til dommerrommet i rettssal 6 i Oslo tinghus seg. Inn kom dommerne med lagmann Erik Solem i spissen, Publikum i salen hadde sittet og ventet i dirrende spenning.» (Side 11).


Det hadde den dagen gått åtte år sidan det tyske angrepet på Noreg, og nesten tre år sidan den 8. mai då Noreg på nytt var eit fritt land. På treårsdagen, 8. mai 1948, skreiv Knut Rød brev og krov å få tilbake i stillinga si i politiet! Og han fekk det!

Informasjon om 
forfattaren
Dei to neste kapittela fortel om Røds barndom og ungdom. Han vart tilsett i kriminalavdelinga i politiet i Asker i 1927, las jus og tok juridisk embetseksamen i 1929. I 1940 vart han overført til Oslo, og var frå 1941 fullmektig i Statspolitiet (STAPO) som var den norske parallellen til det tyske Gestapo. Han var tilsett i politiet til han gjekk av med pensjon.

Steinfeld fokuserer på spenningane i førkrigstida rundt kommunistiske sympatisørar og aktivitetar i landet vårt. I den samanheng var Rød nyttig til å samla informasjon, og steig i gradene til «overvakingssjef». Dette var ei tid då dei ariske raseteoriane og dei nasjonalsosialistiske straumane vart sterkare og sterkare også i Noreg. Han var medlem av «Nasjonal Samling» i frå 1941 til 1943 ii. Slik eg les Steinfeld, gjorde det tyske nederlaget i Aust-Europa at Rød og fleire med han endra taktikk og distanserte seg frå okkupasjonsmakta.

Steinfeld skriv om dette i kapitlet «Slaget ved Stalingrad: Opportunistenes kuvending». På Stortingsbygningen hadde det vore eit banner med teksten «Deutschland siegt an allen Fronten», skriv Steinfeld. Slaget ved Stalingrad (no: Volgograd) viste at når troppane ikkje fekk driva «Blitzkrieg» iii, var den tyske hæren for dårleg organisert. Forfattaren skriv: «Mange av oportunistene som hadde satset på feil hest da vinden blåste i en annen retning før dette slaget, skjønte at det var lurt å vende kappen. Det var på tide å skifte side…. Knut Rød var sannsynligvis den fremste av disse.»

26.november 1942

Denne datoen var avsett til utsending av dei norske jødane. Steinfeld siterer frå ein rapport at Marthinsen, Røds overordna, valde han som «sin beste og mest betrodde mann» til denne oppgåva. Rød var med andre ord «handplukka» iv til både innsamlinga av jødane, og innlastinga i «Donau».

Steinfeld skriv: «Rød skulle sørge for å arrestere jødefamiliene i Oslo og Akershus «samt transport av disse» til kaia hvor fangeskipet ville ligge og vente. På utstikker I skulle Rød selv med håndplukket betjening etablere en motagelsesstasjon og derfra sørge for «innskibingen»».

Men som me veit, var det mange jødar som ikkje kom med «Donau» av forskjellege årsaker. Steinfeld skriv om «Knut Røds jødeforfølgelse utover vinteren 1943.» Dette er perioden då Rød arbeidde med å få oversikt over alle dei som ikkje hadde vore utsende, og sikra at dei som var att kunne sendast ut av landet med neste transport. Eit notat han laga i januar 1943 var ei oversikt over kor mange jødar som var arresterte, slepte laus, eller forsvunne. Det var då kalkulert at 466 jødar inkludert kvinner og born hadde rømt frå landet. Dette arbeidet skjedde samstundes med at Rød vart utnemnd som ansvarleg for arrestasjon og deportering av jødar i heile landet. Før hadde han hatt ansvar berre for Oslo og Akershus.

Etter krigen vart krematoria
 sprengde. Dette er restane som
turistane finn i Asuchwitz
Det var derfor naturleg at det var Rød som skreiv under arrestordrar og instruksar også for deportasjonen med «Gotenland». Han var det som gav direkte ordre om at også sjuke jødar som før hadde sloppe unna, no skulle sendast ut av landet uansett tilstand.


Med ein fot på kvar side?

Under krigen hadde Rød kontakt med personar i politiet som var agentar for motstandsrørsla. I rettsoppgjeret vart det sagt at Rød var ein av desse og hadde gjeve verdifull hjelp som hadde berga livet til jødar og andre. Dette vart vektlagt sterkt samstundes som han lik andre innan politi og militæret, hevda å ha motteke ordrar og utført dei slik han var pålagt. Han kunne ikkje dømmast for å ha utført ordre.

I første rettsomgang, 4. februar 1946, vart Rød frikjent mot lagmann Cappelen si røyst. Steinfeld siterer frå hans dissens: «For sin tjenestegjøring i statspolitiet og først og fremst medansvar for de to jødeaksjoner den 26. oktober og 26. november 1942 finnes det etter min mening ingen unnskyldning i de av forsvaret og flertallet i retten påberopte gode gjerninger.» v

24. august same året vart frifinninga oppheva. Steinfeld siterer frå riksadvokaten sitt skriv: «Det er ikke noe som tyder på at tiltalte – da han stod foran disse forbrytelser hadde patriotiske oppgaver å løse av slik betydning og så uløselig knyttet til hans stilling i statspolitiet at hans ledende andel i jødearrestasjonene kan rettferdiggjøres».vi

Uansett, då den endelege dommen fall 9. april 1948, bygde den på Rød si forklaring og den støtta ei rekkje vitne hadde gjeve han. Rød sin innsats i innsamlinga og utsendinga av jødane frå Noreg, sett på «som bistandshandlinger» (til tyskarane) som var «nødvendige for at han kunne gjøre det annet meget meir betydningsfulle motstandsarbeid».  vii

I foredraget sitt den kvelden i Knarvik var Steinfeld innom Nürnbergdommane viii som slo fast att lydnad mot dei styresmaktene og deira leiarar, ikkje fritok den enkelte deltakar i krigsbrotsverka for personleg ansvar. Etter hans meining – og ut frå det materialet han hadde samla, var frifinninga av Rød feil både i høve til eksisterande lovar og den tankegangen som nürnbergdommane la til grunn for slike rettssaker..

---------------- 

i  Nasjonal Samling (NS) var eit politisk parti grunnlagt av Vidkun Quisling og Johan B. Hjort i mai 1933. Partiet var nasjonalsosialistisk-fasistisk, og vart etter kvart meir og meir antisemittisk. I første valet dei deltok, fekk dei 2 % av stemmene. Under okkupasjonen var dei einaste lovlege partiet i landet, og nådde sitt største medlemstal i 1943 med 43 400 vaksne medlemmar. Partiet vart lagt ned 08.05.1945 og forbode i lovs form. (Informasjon no.wikipedia.org).

ii Frå 1941 hadde Tyskland hatt framgang på alle frontar, men fekk det første store nederlaget under kampen om Stalingrad. Dette vert rekna som det mest avgjerande slaget under heile andre verdskrig, og viktigaste grunnen ser ut til å ha vore at dei tyske forsyningslinjene braut saman.

iii  Slaget varde frå juli 1942 til februar 1943. Kanskje så mange som 500 000 misste livet, og Tyskland med sine allierte gjekk på sitt første store nederlang når det gjeld tapt av soldatar og materiell.

iv Sitat frå side 144.

v Sitat frå side 240/241.

vi Sitat frå side 243.

vii Sitat frå side 281.

viii Dette var dei allierte sin militære domstol i Nürenberg som fungerte frå 20.11.1945 til 01.10.1946. Under rettssaka vart leiande nazisitar og militære stilte for retten. Eit av grunnprinsippa i rettssaka var at å lyda ordre, ikkje fritok for personleg ansvar for det som vart gjort. Domstolen vart skapt gjennom ein avtale mellom USA, Storbritannia, Frankrike og Sovjetunionen, og vart støtta av mange land inkludert Noreg.

Illustrasjonane er mine eigne.

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 23. november 2025

«Dei ulydige var heltane»

Dette er overskrifta på ein artikkel i «Dag og tid» nr. 23 frå juni 2025. Ein av bladet sine faste abonnentar som veit om mi interesse for jødar, sende meg bladet. Ho trudde det ville interessera meg. Og der hadde ho rett. Stykket var interessant, - og lærerikt.

Sigrid Undset, som fekk Nobels litteraturpris i 1928 for dei historiske romanane om «Kristin Lavransdatter», var ein av dei obligatoriske forfattarane då eg studerte. Derimot visste eg ikkje mykje om hennar privatliv anna enn at ho vart katolikk og rømde Noreg under krigen.

Personen Sigrid Undset

Foto av førstesida av artikkelen

Artikkelen opna ei dør inn til personen bak forfattarskapet. «Det du ikkje har i hovudet, finn du på internett!» har me lært, og no lærde eg nye ting om mennesket bak navnet både gjennom internett og «Dag og tid»! Sigrid vart fødd i Danmark, hadde dansk mor og norsk far, - og om skulegang, arbeidsliv og ikkje minst reiser i utlandet. Faren var ein kjend arkeolog med doktorgrad om jernalderen. Han døydde berre 40 år gammal, og mora som sat att med borna, hadde det ikkje lett økonomisk. Foreldra, og Sigrid sjølv, budde i periodar i utlandet, og det skulle vore interessant å visst kvar og korleis hennar interesse og omsorg for jødar vart vakt.

I 1882 då Sigrid vart fødd i Danmark, budde der fleire tusen jødar der. (i) I Noreg var det i 1875 berre 25 jødar. Ved folketeljinga i 1890, var her 214 jødar, 136 i Christiania, 27 i Trondheim og 18 i Bergen. (ii) I Danmark hadde Sigrid på morssida familien Gyth, men eg finn ikkje informasjon om dei og eventuell tilknyting til det jødiske miljøet der nede. I Oslo, der Sigrid vaks opp (frå 1884), var der kanskje kanskje mellom 100 og 200 jødar. «Det Mosaiske Trossamfund» vart stifta der i 1892. Me veit og at Sigrid var hjå faren sin familie i Trondheim om somrane. Det vart det stifta mosaisk trussamfunn  i 1905.


Kvar og når hennar omsorg for jødane vart vakt, veit me altså ikkje. Det kan ha vore mange stader, til dømes i Italia der ho møtte Anders Svarstad som ho gifte seg med i 1912, men sikkert før ho kom til  «Bjerkebæk» ved Lillehammer som var heimen hennar resten av livet. Der budde ho i 1924 då ho søkte skilsmisse, konverterte til katolisismen og gjekk inn i Dominikanarordenen. Ho tok i den samanheng namnet Olava og gav eitt år seinare nonne-lovnaden. (iii)

Foto av illustrasjonen på neste side.

Antifascist og anti-nazist

Dette er det biletet Sigrun Slapgard teiknar av Sigrid Undset i artikkelen sin. Hennar utgangspunkt er «Kirken og okkupasjonen. Den katolske kirke i Norge og andre verdskrig», ei bok redigert av Else-Britt Nilsen og Knut W. Ruyter.

Sigrid Undsets kamp mot Hitler og det nazistane stod for, var så godt kjent også i Tyskland at bøkene hennar vart forbodne der rundt 1940. Ho hadde lese både «Mein Kampf» og kjende til nazistane sitt eutanasi-program (iv). Det gjorde at ho skreiv mot det som som heldt på å skje i vårt land og Tyskland både i norske og tyske aviser.


Måtte rømma for livet

Då krigen kom, hadde Sigrid Undset alt vore aktiv i arbeidet for å hjelpa jødar gjennom tale og skrift. Truleg og på andre måtar, sjølv om artikkelen ikkje utbroderer dette. Ho hadde foredrag i Oslo i 1940 då flyalarmen gjekk, og brukte etterpå tid til å sletta alle spor til dei kontaktane ho hadde hatt. Etter er dramatisk reise kom ho seg til Sverige. Eldste sonen, Anders, var då død. Han fall ved Segalstad bru der norske soldatar prøvde å stogga den tyske framrykkinga.

Under krigen budde Sigrid Undset i USA. Der var ho aktiv og reiste rundt og snakka mot nazismen og for å skaffa hjelp. Sigrun Slapgard skriv:

Detalj frå gammalt gudshus i Spania.

«Kvardagen i USA er talarstol etter talarstol, snakke for nye tusen, dag etter dag. Ho snur si eiga vanvittige sorg til propaganda for å få USA med i krigen mot nazistane, til innsats for å redde jødane.

Ho langar ut mot ettergiving og jødehat, krev handling og aksjon for å redde jødane mens det enno er tid.

Undset ser ut over menneskehav etter menneskehav og får dei til å le godt når ho fortel at heime, i det okkuperte landet hennar, nyttar det ikkje med Hitler på frimerka, folk spytta på feil side». (v)


Den katolske kyrkja i Noreg under krigen

Sigrid Undset trudde at kyrkja ho hadde gått inn i, ville motarbeida nazistane og hjelpa jødane. At nokre gjorde det, er rett (vi), men den offisielle leiinga under biskop Jakob Mangers bøygde av for det nazistiske styret i Noreg og motarbeidde dei som prøvde å berga jødar frå liding og død i Tyskland / Polen.

Før krigen hadde den katolske kyrkja i Noreg drege Undset fram som eit føredøme og glansbilete i tidsskriftet «St. Olav». No vart namnet hennar fjerna. Det vart dermed ei vond oppleving Sigrid Undset fekk då ho 21.07.1945 kom tilbake til Noreg og innsåg korleis den kyrkja ho hadde venta så mykje av, hadde svike det ho hadde kjempa for.

Sigrid Undset døydde 09.06.1949. Då var kunnskapen om nazistane sin udåd mot jødane kjent over heile verda, det norske rettsoppgjeret etter krigen var langt på veg avslutta, og det norske sviket mot dei norske jødane, vel kjent.

««Sigrid Undsets død kom ikke overraskende, verken på henne selv eller oss som kjente henne,» sa biskop Jacob Mangers i talen ved kista.

Han visste kva han snakka om. Undset hadde talt der han tagde, ho hadde hjelpt der han svikta.

Og det kosta henne omtrent alt. Eit forbod mot å hjelpe jødar var, slik Undset såg det, ei grov synd, «slyngel» var ordet ho sette på pastor Coughlin. Etter det vi no veit, kan vi berre fundere over kva slags skyts ho ville ha brukt mot biskop Mangers».

Slik sluttar Sigrun Slapgard artikkelen.

------------- 

(i) Under folketeljinga i 1880 var der 3 046 jødar i Danmark. I 1890 hadde talet stige til 4 080. Data frå Wikipedia: «History of Jews in Denmark».

(ii) Data frå side 241 og vidare i Oscar Mendelsohn: «Jødenes historie i Norge gjennom 300 år», Forlaget Press, Oslo 2019. ISBN 978-82-328-0122-0.

(iii) Frå Wikipedia sin artikkel om Sigrid Undset (no.wikipedia.org)

(iv) Sigrid Undset hadde ei dotter, Maren Charlotte, som var sterkt funksjonshemma. Ho døydde brått 20 år gammal i 1939.

(v) Frå artikkelen i «Dag og tid», start side 23.

(vi) Artikkelen skriv s. 23: «I Oslo hadde Undset ein slags andre heim i Katarinahjemmet, der stedottera Ebba budde og var ven med den jødiske ungjenta Elly Salomon. Derfor må Undset ha fått vite at biskop Mangers tok seg bryet med personleg å oppsøke Katarinahjemmet for å refse dei som hjelpte jødane. Elly var blant dei som fekk tilbod om hjelp, men forstod faren for seint og vart send til gasskammeret.»

Merknad: Bileta har eg teke av avisa eg fekk tilsendt, og eitt eg tok i Spania.

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 16. november 2025

Frå fruktmarknad i Ashakelon
for mange år sidan
 «På fruktene skal de kjenna dei. Kan ein plukka druer av
klunger eller fiken av tistlar?» 

Dette verset frå Matteusevangeliet (7,16) ber mykje sanning i seg, enten det gjeld deg og meg som enkeltmenneskje, eller organisasjonar og politiske parti.

Eit paradis for ein fruktglad nordmann!
Hamas  viste 07.10. 23 til fulle kven dei var og kva målet deira er. I ettertid då datamaskiner og mykje av intern informasjonen vart funne og overteke av Israel, fekk me vita at terroristane vart sende inn i Israel med mål å angripa sivile og gjera det dei kunne for å drepa og å skapa mest mogeleg terror, gru og liding. (i)

Skjermdump frå Wikipedia
Wikipedia skriv: «Hamas, akronym for Harakat al-Muqawamah al-Islamiyyah (arabisk for Islamsk Motstandsbevegelse) er en palestinsk, islamistisk/nasjonalistisk, paramilitær og politisk organisasjon, grunnlagt i 1987 av Ahmed Yassin.»

I avsnittet «Ideologi og mål» kan me lesa at organisasjonen vart grunnlagt i Hebron i 1987 av forskjellege sjeikar og andre leiande menn. «Bevegelsen sprang ut av Det muslimske palestinske brorskap, som ble stiftet i Jerusalem i 1946. De har som målsetting å erstatte de okkuperte områdene med en islamsk stat. Hamas-Charteret fra august 1988 erklærer at hele Palestinaområdet er muslimsk land som aldri kan overgis til ikke-muslimer». (ii)

Cahns utlegging

Akronymet Wikipedia nemner, «Hamas» vert på arabisk utlagt som «iver, styrke, lidenskap og mot». (iii) 

Ordet finst og på hebraisk og har fleire gonger vore sitert av dei messianske jødane som sender meg bønnebrev ein gong i veka. Dei seier ordet betyr «terror». Cahn omset det med «vald, vondskap og øydelegging». Han skriv:

«Og i konteksten av den spesifikke bruken i Skriften kan det henvise til brutalitet, umoral, løgn, lovløshet, urettferdighet og det å utøve ondskap, plyndring, drap, nedslakting og terror».(iv)

Bruken av ordet i Salme 140: «Fri meg, Herre, frå vonde menneske, vern meg mot valdsmenn,»  (v.2) Originalteksten er «vern meg mot hamas-menn»!

Obadja skriv: «På grunn av og vald mot Jakob, bror din, skal du dekkjast av skam. Du skal utryddast for alltid.»(v. 9c og 10). Dette kan omsetjast med «På grunn av hamas mot din bror…»

Salme 74 i min Bibel: «Vend blikket mot di pakt! Landet er fullt av mørke stader der valden bur.» (v. 20). Dette kan omsetjast med «…. av stader der hamas har heimen sin.»

Esekiel skriv som «enden som skal koma»: «Valden blir til ein stav av lovløyse.» (Starten på Esek 7,11). Dette, seier Cahn kan omsetjast som «Hamas blir til ein stav …».

Vers 23 kan sjåast som ein profeti om 07.1023: «Lag lenkjer! For landet er fullt av drapssaker, og byen er full av vald.» (Esek 7,23). Dette omset Cahn med « … og byen er full av hamas»!

Jeremias skriv: «Valden eg har kjent på kroppen, skal råka Babel, seier ho som bur i Sion.» (Jer 51,35 første del). Dette omsetjast Cahn med «Den hamas som eg har kjent …»

Desse bibelsitata fekk eg lyst å ta med fordi dei gav meg kunnskap eg, som ikkje kan hebraisk, ikkje finn i norsk Bibel. Det er og viktig å hugsa på at hebraisk ikkje har store bokstavar. Dermed ikkje råd ortografisk å sjå kva som er eit særnamn eller eit vanleg ord. «hamas» i ein tekst kan derfor vera både «terror» eller vera namnet på organisasjonen Hamas.

Der er mykje meir som eg kunne ha lyst å dra fram, også om tekstar eg har skrive om før. Særleg det Bibelen har om «Dei siste dagar» eller «endetida» er brennaktuelt stoff som Cahn også presenterer fram på for lesarane sine.

Jesaja skreiv for snart 3000 år sidan: 

«Ingen skal høyra meir om vald i ditt land, om herjing og øydelegging innanfor dine grenser. Du skal kalla murane dine Frelse og portane dine Lovsong.» (Jes 60,18). (v) Dette omset Cahn med «Ingen skal høyra meir om hamas i ditt land…».

Dette er den siste av tekstane Cahn dreg fram der ordet hamas førekjem. For meg er det ein profeti som truleg ikkje vert oppfylt før i tusensårsriket.

------------------ 

(i) Trass dette nekta den då sitjande regjeringa til Jonas Gahr Støre (samansett av Det norske arbeidarparti og Senterpartiet) kongen å uttrykkja si medkjensle med det jødiske folk!

(ii)  https://no.wikipedia.org/wiki/Hamas   2. og 3. avsnitt er informasjon som låg på internett pr. 30.10.25. Det er dette området eg nemnde i sist blogginnlegg som «wakf», eller «Allahs område» som det og vert kalla.

(iii) Cahn skriv om dette i kapittel 42 og utover. 

(iv) Sitat frå side 181 i boka. Understrekinga har eg sett inn der originalteksten hadde kursiv. Det eg vidare skriv her, er informasjon frå Cahn si bok.

(v) Dette verset finn me i engelske biblar som Jesaja 61,18.

------------- 

Bibeltekstane er som vanleg frå Norsk Bibel, nynorsk omsetjing, og med Cahns merknader. Bileta har eg teke sjølv.

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen utan skriftleg løyve frå meg.



------------------------------------------------------------


søndag 9. november 2025

Stonehenge i England vitnar om
ei tid me veit lite om.
 Om våpen og anna

Sist refererte eg til Cahns ord om bronsealderen i Midtausten og striden mellom jødane og filistarane. I den samanheng nemnde eg eit bibelsitat som hadde forundra meg. 1. Samuels bok fortel om krigar mellom desse to folkeslaga, og i den samanheng står det:  «Den gongen fanst det ingen smed i heile Israel. For filistrane sa: «Hebrearane må ikkje få laga seg sverd og spyd sjølve!»» (1.Sam 13,19).

I mine tankar var jødane eit folk som dreiv med jordbruk og fedrift, og at dei av den grunn ikkje hadde våpen ut over stein (slyngje) og pil og boge. Men sanninga var at filistarane – som reiste på havet, hadde lært å smelta jern. Dermed kunna dei laga seg våpen som langt overgjekk det jødane hadde å forsvara seg med. Jernet var sterkare og med det hadde filistarane eit teknisk overtak så lenge jødane ikkje tileigna seg same kunnskapen. Denne fordelen prøvde dei å behalda ved å forby sal av jern og jernvåpen til jødar!

Jødane sin reaksjon var å gøyma seg: «Israelittane vart hardt pressa, og då dei såg kor farleg det vart, gøymde nokre seg i hòler og tornebuskar, i fjellkløfter, underjordiske gangar og brønnar, medan andre rømde over Jordan til landområda i Gad og Gilead. Saul var framleis i Gilgal, og heile folket følgde han, skjelvande av redsle.» (1.Sam 13, 6-7).

Me kan studera steinane, men inga bok 
frå den tida svarar på alle Kva?,
Kvifor? og Korleis?
Med andre ord: Jernet gav filistarane overtaket heile tida fram til jødane utvikla sitt eige våpenarsenal. Først då kunne dei både forsvara seg og føra krigen over til filistarane sine område. Om det var grunnen, eller årsaka var ei anna, veit ikkje eg, men filistarane vart raderte frå soga og har vore det i fleire tusen år.

Filistarkrigane i reprise?

Cahn gjer eit poeng av at i tida fram til 07.10.23, brukte folket i Gaza, dei han kallar «filistarane som har stått fram på nytt», jern dei «smidde» om til våpen mot Israel.

Dei som flytte inn i Gaza etter at Shimon Peres hadde drive jødane ut i 1993/1994, kom til store område som gjennom mange år hadde produsert store mengder grønsaker til Europa. No vart vatningsanlegg og røyr omgjort til skrapjern. Dei som kom var ikkje interesserte i matproduksjon. Målet deira var å knekkja Israel og drepa jødane som budde i resten av det landet muslimane offisielt reknar for «wakf» eller Allahs land.  I «wakf» skal alle jødar drepast eller tvingast til å leva undertrykte etter visse lovar.

Derfor vart røra smidde om til rakettar som dei sende inn over Israel. Som dei gamle filistarane før, gav dette jernet terroristane ein stor fordel i krigen mot jødane. Lik filistarane i det gamle Israel, terroriserte folket i Gaza jødane med rakettane sine. 

I motsetning til den engelske ur-soga, fortel Bibelen
 om soga til jødane frå starten av.
Og Israels svar?

Jødane i domartida og kongetida lærde å bruka jern, og til slutt overvann dei filistarane. Noko liknande skjedde i vår tid. I starten og heile den tida terroristane i Gaza fritt kunne senda rakettar og liknande inn over Israel, måtte jødane gøyma seg så godt dei kunne i tilfluktsrom og andre stader. (i)

Israel sin nye våpenteknologi fekk namn knytt til jern, sjølv om våpena i seg sjølve ikkje er av jern på same måten som dei gamle sverda og spyda. 

For verna seg mot rakettane, utvikla dei «Iron Dome». Då terroristane bygde tunellar for å koma seg inn i Israel og drepa jødar, utvikla Israel «Iron Spade» for å finna og grava fram tunellane terroristane arbeidde med nede i jorda.

Kunnskapen om fortida og notida
er portar som inviterer oss inn
.
Dei bygde og eit gjerde for å hindra inntrengjande terroristar. Det fekk namnet «Iron Wall». Det aller siste som er offentleg kjent, er «Iron Beam» der sterke energistrålar vert brukte for å stogga rakettar og droner. (ii) 

Som me ser er dette forsvarsvåpen som alle har fått namn relaterte til «jern». Gjennom desse våpena har Israel ikkje berre fått eit betre forsvar, men dei har snudd krigen slik at Hamas si makt er sterkt redusert. På papiret i alle fall har dei lova å gjeva frå seg våpena og styret i Gaza. Om, og når det vil skje, står att å sjå.

Konklusjon

Eg er imponert over Cahns kunnskap. Gjennom boka har eg fått eit heilt ny forståing av krigane mot filistarane ved å plassera dei i overgangen mellom bronsealderen og jernalderen, og Israels forsvar før og etter 07.10.23.

Men er Cahns tankegang logisk og bibelsk? Kan hendingar frå fortida overførast til notida utan å driva vald på dei opphavlege tekstane? Eg berre spør. Du som les boka, må gjera deg di eiga meining om dette -
som om alt anna her i livet!

Uansett, boka til Jonathan Cahn er interessant og vel verd den prisen Hermon forlag tilbyr ho for…

-------  

(i) Under angrepet 07.10.23, gjorde jødane akkurat det same som dei 1. Sam.13,6-7. Nokre overlevde fordi dei hadde gøymt seg i tornekratt!!!

(ii) Dette er tema til Cahn frå kapittel 20 og utover.

Merknad: Bibelsitata er frå Norsk Bibel, nynorsk omsetjing. Bileta er mine eigne.

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 2. november 2025

Kva kan du ikkje finna på nettet!

Eg sat og «surfa» her hin dagen. Som du veit, har eg kutta ut NRK på grunn av deira sosialistiske og antibibelske indoktrinering. Det syner seg så klårt i deira omtale av Israel og Hamas, og deira negative omtale av den demokratisk valde høgresida som fram til dags dato (i) styrer Israel.

Mine faste kjelder for nyheiter er ILTV (ii) sine sendingar på engelsk, og CBN (iii) sine Israel-sendingar. Men den dagen var eg inne på TBN (iv). Der fann eg eit intervju med Jonathan Cahn (v) om krigen i Gaza. Boka dei snakka om, var «The Dragons Prophesy & and the war in Israel»

Framsida på den norske utgåva
Hermon forlag (vi) gav ut denne boka på norsk i 2024, men då som omsetjing av førsteutgåva. Slik eg forstod det, var boka i intervjuet endå meir spissa mot krigen i Gaza. Boka på norsk er lettlesen og gjev god og Bibel-fundamentert informasjon om sentrale bibelske tema.

1. Ei todelt verd

I eit av mine siste innlegg, skreiv eg om «tvi-syn», dvs. å sjå ei sak frå to sider. Det er noko liknande Cahn skriv om: Ei materiell og fysisk verd som me alle er ein del av, og ei åndeleg verd parallell til den materielle, og som påverkar den materielle verda. I den åndelege verda føregår ein konstant kamp mellom det vonde og det gode, mellom Gud /JHVH og Satan eller Djevelen, og den striden kjem att som krig i vår materielle verd.

«Draken» (vii) er ein figur me møter i Johannes’ openberrings 12. kapittel. Dette kapitelet startar med «eit stort teikn på himmelen» (12,1). Han er same personen som me møter i 1. Mos. / Genesis 3,1 og utover. I Bibelens første bok har han form av ein slange. I Bibelen si siste bok, har han «evolusjonert» (viii) til ein drake!

2. «Det finst meir mellom himmel og jord enn det me kan sjå med augene»

Dette er eit ordtak gamle folk heime brukte då eg var liten. Cahn startar boka si med: «Det finnes mer i verden enn det vi kan se med øynene», så ordtaket er kjent også «over der…»

Med utgangspunkt i 07.10.2023 går han til bake til jødisk soge vel 1000 år før vår tidsrekning, delvis frå Dommarane si bok / Sjoftim i Tanakh, og delvis frå soga om kong David.

Men den eigentlege starten ligg endå lenger tilbake i tida, i noko me les i 1. Moseboks / Genesis’ første kapittel, - i det som vert kalla for «proto-evangeliet»:

«14  Då sa Herren Gud (Adonai Elohim) til slangen: «Forbanna er du, utstøytt frå alt fe og alle ville dyr fordi du gjorde dette. På buken skal du krypa, og støv skal du eta alle dine levedagar. 15  Eg vil setja fiendskap mellom deg og kvinna, mellom di ætt og hennar ætt. Han skal råka hovudet ditt, men du skal råka hælen hans.» (1.Mos 3,14-15). (Innskotet har eg gjort her).

3. Ein åndeleg realitet som påverkar vårt materielle kosmos

I det første kapitelet i boka som Gud har gjeve oss, møter me først Han / Dei som skapte alt fullkome: «Gud såg på alt det han hadde gjort, og sjå, det var svært godt!» (1.Mos 1,31a). 

To kapittel lenger seinare, kjem Guds motstandar til syne, og då under namnet «Slangen». Me kjenner han som «Satan» eller «sahtan» på hebraisk. Det betyr «motstandar» eller «fiende» og vart oversett til gresk som «Diabolos» som på norsk vert omsett med «djevel». Jesus kallar han for «far til løgna» og «ein mordar» (Joh. 8,44). 

Detal frå gammalt skulekart
Desse to motstandarane i den åndelege verda, har den fysiske verda som arena, og me som menneskje opplever deira antigone krefter på forskjelleg vis. Det kan vera fysisk og materielt som til dømes i krigen i Gaza, eller i den ikkje-materielle verda som til dømes kva er sanning og kva er løgn i informasjonen rundt denne krigen.

4.Det historiske Jødeland sine gamle fiendar

I det 12. kapitelet i boka si, skriv Cahn om «Havfolkene», eit folk som i bronsealderen (ix) kom over havet og gjekk til angrep på Egypt. Desse folka kom frå Egearhavet eller Kreta og var altså ikkje semittar. Seinare slo desse «folka frå havet» seg ned på kyststripa mellom Israel og Egypt, det som i dag er Gaza-stripa.

Egyptarane kalla desse folka for «pulasti» eller folket frå «Peleset», og for jødane vart dei «pileshtim», på latin «philistinus», og på norsk vart det «filistrane». Det var desse Samson kjempa mot, og som var jødefolket sine bitraste fiendar til langt ut i Davids regjeringstid.

Alt dette er ting den messianske rabbien Jonathan Cahn skriv om i boka si. Med sin store språkkunnskap og inngåande kjennskap til jødane si soge, har Cahn mykje å læra også oss som har lese vår Bibel gjennom eit langt liv.

Men - kva dette har med dagens «palestinarar» å gjera? 

Det skal eg koma tilbake til neste gong….

---------------- 

(i) Eg skreiv dette den 26.10.25.

(ii) ILTV er ein frittståande TV kanal i Tel Aviv som sender daglege nyheiter frå Israel, med unnatak av sabbatar og høgtidsdagar. Du finn dei på You Tube. Denne og Jerusalem Post er viktigaste kjeldene mine frå Israel. 

(iii) CBN eller «The Christian Broadcasting Network» frå USA har gode sendingar, t.d. «Jerusalem Dateline». 

(iv) TBN eller «Trinity Broadcasting Network» er den største kristne tv-stasjonen i verda. 

(v) Jonathan David Cahn, f. 1959, frå New York, kjent som messiansk rabbi og forfattar av bøker knytte til Israel og profetiane. Er leiar for ei messiansk kyrkje i New Jersey: «The Jerusalem Center / Beth Israel.» 

(vi)  Dette er truleg Noreg sitt største kristne forlag (?) med 70-80 nye bøker kvart år.

(vii) På bokmål «Dragen», og engelsk «The Dragon». 

(viii) Då evolusjonsteorien dukka opp på far og bestefar til Darwins tid, trudde dei at på få år skulle dei gå frå hypotese til fakta. Som me veit, er dette evolusjonslæra framleis berre eit virvar av hypoteser. Forsking har funna at alle mutasjonar som skulle få livet til å utvikla seg frå den første cella til det kompliserte systemet som levande liv er, er eksisterer ikkje anna enn i hovuda på folk. Dei genetiske mutasjonane ein kjenner til, har alle resultert i dårlegare funksjonar enn utgangspunktet. 

(ix) Sein bronsealder i dette området er rekna frå 1600 til 1200 f.Kr. 

Merknader: Bibelsitata er som vanleg frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve. Bileta er mine eigne.

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.