søndag 28. september 2025

 
«Kva er sanning?»

Den jødiske Perfekten (i) som sa dei orda, kunne ikkje vita at han stod overfor den personen som skulle verta den mest omtalte gjennom heile menneskjesoga. Heller ikkje visste han at denne rettssaka skulle verta omtalt oftare enn noko anna rettssak i verda. Ho har vore omtalt og referert til i over to tusen år minst ein gong om året i uteljande kyrkjer, bedehus og privathus på alle kontinent.

Men kva meinte Pilatus der han stod og såg på han folket kalla Jesus frå Nasaret? Soga seier at Pilatus var ein mann som lite brydde seg om det som  er – i alle fall i vår kulturkrins – rekna for «etisk riktig». Kona hans derimot tenkte annleis. Som den einaste tok ho fangen i forsvar. Matterus skriv:

«Medan Pilatus sat i dommarsetet, sende kona hans bod til han og sa: «Ha ikkje noko med denne rettferdige mannen å gjera. Eg har drøymt så vondt i natt for hans skuld.» (Matt 27,19).

Dette stemde med det Pilatus sjølv såg. Først sa han: «Kva vondt har han så gjort» (v.23). Etterpå vaska han hendene «med folket såg på», og sa: «Eg har inga skuld i blodet til denne mannen.» (v.24).

Ein annan stad der hendinga er omtalt, står: «Eg finn inga skuld hos denne mannen!» (Joh. 18,38). Trass dette gav han med vitande og vilje den uskuldige til soldatane så dei kunne fritt mishandla han og så ta livet hans på den verste måten romarane visste! 

Skjermdump frå https://www.visitsvalbard.com/

---- 

Eg nemnde i eit tidlegare innlegg at eg heldt på med operasjonar av augene, så eg har vondt for å lesa mykje. Og sidan eg ikkje kan lesa, prøver eg å tenkja…

Kanskje eg kan få be deg med på ein tur? 

Vakkert, men fy så kaldt!

Eg stod på Svalbard og såg ut over landskapet og hutra. Sola seig lågt over fjella i vest. Snart ville ho verta vekke og den lange natta ta over. Liene var framleis grøne, men haustande blomster fortalde om ein sommar som var forbi. 

Dei spisse fjella hdde nysnø. Sjølve byen låg ved hamna der store skip kan leggja til. Sist vinter gjekk det ras i brattaste lia. Nokre av dei som bur her, er utrygge trass i at området har vorte trygt heile tida sidan industrieventyret starta her for rundt hundre år sidan.

Fjorden er uroleg etter stormen i natt, så eg kan ikkje sjå om der er kval eller anna der ute. Derimot, lengst inne i fjordbotnen går ein flokk grå-kvite dyr. Før i tida var jakt og fangst eit vilkår for å overleva så langt nord på jordkula. 

Så enkelt var det!
Folk frå Sentral-Europa kom hit og oppdaga dei høge fjella. Kven kunne då vita at nett fjellet vart opphavet til byen eg står her ser på?

Men tidene skifter. I dag er det turist-industrien som har overteke det meste. Svarte arbeidarar er sjelden å sjå. Dei nye går omkring med dress og slips, eller er kledde for tøffe turar med turistar på sjøen eller i fjella. Dei seier:  «Du er alltid velkomen, men du må kle deg etter veret!» 

------

Eg lyg ikkje! Eg stod verkeleg på «Svalbard» og såg ut over landskapet. At folk frå Sentral-Europa kom og «oppdaga» dette området for hundre, er heilt sant. Her kom både engelskmenn som klatra i fjella, og tyskarar. Keisar Wilhelm reiste statuen over vikinghelten Fridtjof den frøkne på Vangsnes i 1913, ikkje så langt her i frå.

Fjella gjev elektrisk straum til aluminium som verda ropar etter. Takka være betre reinse-anlegg og automatisering, er arbeidarane i dag både færre og reinare enn då eg var ovnspassar! Og turistane? Bland deg med dei, så høyrer du språk frå heile verda, - siste tida mest kinesisk og tysk der eg har vore. 

«Mitt» Svalbard.....

Men korleis kunne eg stå på «Svalbard» i Sogn? 

Av ein eller annan grunn, ein eller annan gong, hamna ein glasklump i mi eige. At eg har han, er ikkje fordi ein fjern slektning var sysselmann på Svalbard ein gong for lenge sidan. På undersida av klumpen (han er så tung at eg trur han må vera av krystall), er eit relieff av Svalbard, og så namnet. Det var denne klumpen eg stod på. 

Det var sant kvart einaste ordet! Men det var ikkje HEILE sanninga. Eg gav deg justert informasjon for at du skulle sjå føre deg fjella og landskapet på Svalbard. 

Og tyske turistar i Sogn snakkar og om «Die spitze bergen», så likskapar finst.

Men kvifor?

Me får stadig servert skildringar frå bomba hus med såra eller drepne menneskje i Gaza. Men korkje regjeringa vår eller media fortel at under sjukehuset sat Hamas-terroristane som planla valdtekter, drap og bortføringar som dei utførde 07.10.23! Og hadde ikkje Israel gripe inn, hadde dei sete der endå. 

Sjukehusa er strategisk plasserte som vern for terroristane over og under bakken. Og media – med norsk helsepersonell inkludert  som hjelparar - kan derfor skulda Israel for krigsbrotsverk endå landet har bedt alle sivile forlata bygningane så terroristane kan verta stilte til ansvar for sine gjerningar.

Det same gjeld høgbygg i Gaza by der media (t.d. Al Jazeera) og sivile er plasserte for at dei – når Israel angrip kommandosentralar og observasjonssentra i bygget – kan ropa himmelhøgt om kor galne israelarane er som angrip sivile og mediafolk!

Veit du kva?

Dei norske tilknytte «Leger uten grenser» og liknande hjelpeorganisasjonar må har visst «kva dei stod på» då dei arbeidde og levde i Gaza. Eg kan ikkje tenkja meg anna. Men har dei mannskap og mot til fortelja sanninga?

Det har i alle fall eg gjort. Eg «stod» verkeleg på «Svalbard», men resten var «tilpassa  informasjon» så DU skulle til å tru halvsanningane eg «mata» deg med….

Men EG tilstår kva eg har gjort!!!!!

-------------------- 

(i) Sitatet er frå Joh. 18,38 då Jesus stod framfor landshovdingen Pilatus. Tittelen hans var «Perfectus» som me omset med «landshovding» eller perfekt.

Bibelsitata er som vanleg frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve. Bileta har eg teke sjølv.

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg!


søndag 21. september 2025

I realiteten er det  fyrtårnet som er beint,
 - og tistlane skeive...

 Om å sjå

Augene er mellom dei viktigaste organa me har. Vår norske Bibels GT, som tilsvarar jødane sin Tanak, har over 180 referansar knytt til auga / augene. NT har vel 40. Det viktigaste for oss til dagleg er at gjennom dei tek me inn lysstrålar med forskjelleg form og farge. Hjernen tolkar så desse og me får eit bilete av verda omkring oss.

Jesus tenkte motsett då han sa: «Auga er kroppens lampe. Er auga ditt klårt, er det fordi kroppen er fylt av lys. Men er auga ditt sjukt, er det fordi kroppen er fylt av mørker. Er no lyset i deg mørker, kor djupt blir ikkje mørkret då!» (Matt.6,22-23)

«Dei einøygde»

I ein tidlegare blogg skreiv eg om dei «einøygde» som dei vaksne snakka om under og etter krigen. Det var desse som berre «såg» det positive med Nasjonal Samling sine ariske idear, og som såg fram mot ei tid med tyskarane og Quisling som dei leiande i landet. Andre tankar og sanningar var dei blinde for.

Ei av minneplatene i Auschwitz

Litt personleg erfaring

Eg har i desse dagar vorte operert for stær på eine auga. Dei sa før operasjonen at eg skulle få noko over auga etterpå, og eg såg føre meg ein lapp a la Moshe Dayan sin. Den svarte augelappen er det folk gjerne hugsar han for. For meg er han ein av dei jødiske heltane i nyare tid, på linje med David Ben-Gurion. 

Den «piratlappen» som eg venta å få, var berre ein «kopp» av gjennomsiktig plastikk, og lite å skryta av! Både med den – og utan – er likskapen mellom Moshe Dayan og meg minimal. Einaste kan vera at slik eg og ser det, var avtalen som gjorde at han trekte seg frå Israels regjering i si tid, var ei ulukke for landet me begge er glade i…

Moshe Dayans viktigaste politiske handling?

Skjermdump frå Wikipedia
Mosje Dayan vart fødd i den første kibbutsen, i Degania i Gallilea, i 1915. Etter det som står på internett, var han det andre barnet fødd i ein kibbuts i Israel. Han kom med i den paramilitære «hæren» jødane oppretta for å forsvara kibbutsane mot angrep frå arabarar. Han slost på Englands side under andre verdenskrig, vart Israels forsvarssjef gjennom mange år, og var forsvarsmininster både under seksdagarskrigen i 1967 og i Suezkrigen i 1956.

Seinare vart han utanriksminister, men trekte seg frå regjeringa under Menachem Begin då statsmininsteren og Egypts president Anwar Sadat hadde forhandlingar og seinare underskreiv Camp David-avtalen i 1978. Store ord om fred og respekt frå dei som støtta avtalen, vart spreidde  på same måte som dei «einøygde» under krigen 1940-45  lova ei lysande framtid for Noreg under nazistane sitt hakekorsmerke.

Moshe Dayan, «den einøygde», såg klårare og lenger enn dei med to auge som gjekk inn på «brorskapslinja». Som resultat driv Israel i dag krig mot Hamas som er eit ektefødd barn av Det muslimske brorskap i Anwar Sadats Egypt. (i) 

At Egypt sidan 07.10.23 har halde grensa mot Gaza hermetisk stengd for hjelpesendingar, og også nektar å ta mot flykningar frå Gaza som kunne hatt ein trygg leir i Sinai, ser eg på som ei ikkje uttalt støtte til Hamas.

No kunne ikkje Moshe Dayan vita det me veit om utviklinga i nyare tid, men etter å ha sett Egypts utvikling under general Abdel Nasser (ii), såg han at dei fine orda om fred og brorskap var null verd. Det same, er eg redd, er realiteten bak alle avtalar mellom Israel og arabarane enten dei kallar seg egyptarar eller noko anna. 

Skjermdump frå Jerusalem Post, 07.09.2025.
Blodmåne

Ein ikkje uvanleg tanke er at blodmånar gjennom historia er Guds måte å visa verda at noko viktig heldt på å skje. (iii) Eg har skrive om Spania og tida fram til 1492 i nokre bloggar, og på internett finn eg at der var ein serie av blodmånar i tida etter utvisinga. Då eg kvelden 07.09.25 las at «alle burde gå ut og sjå blodmånen i natt», sa eg: «No vil det skje noko med Israel.» Kva, hadde eg ingen ide om, men eg var overtydd om at dette var starten på ei ny utvikling i Midtausten, og i tilhøvet mellom Israel og nasjonane.

FN, som redaktør Arthur Berg i dagsavisa «Dagen» omskreiv til dei «Fordømmande Nasjonar», har lang tradisjon i å fordømma Israel. Kanskje tida er komen til at Israel snur ryggen til FN og søkjer sin pakts Gud JHVH (iv) av heile sitt hjarta og heile si makt?

JHVH, jødane (og min) Gud, har sett sine grensemerke:

«Eg vil velsigna dei som velsignar deg, men den som forbannar deg, skal eg forbanna» (1.Mos 12,3) 

Det er det FN har gjort, for dei har vedteke fleire fordømmande resolusjonar mot Israel enn dei har gjort mot alle andre statar i heile verda til saman!

Jesus sa: «Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei. For det er dette lova og profetane seier  (Matt 7,12). 

Noreg, Irland, England, Frankrike med fleire vil dela den vesle biten Israel har av landet Gud gav sitt folk. Det vil seia at desse landa i nær eller fjern framtid også skal verta delte? (v)

«Den som lever, får sjå!» sa dei før i tida….

-----------

Merknad: Bibelsitata er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve. Bileta har eg teke sjølv.

(i) Det muslimska brorskap er den eldste og største islamittiske organisajonen i Egypt, stifta i 1928. Har i periodar vore den leiande drivkrafta i egyptisk politikk. Organisasjonen registrerte seg i 2012 som privat organisasjon (NGO), og skal vera motarbeidd av nokre regjeringar etter at Mohammed Mursi vart fengsla i 2013.

(ii) Abdel Nasser Hussein, f. 1918 i Alexandria, d.1970 i Kairo. Militær leiar, politikar og revolusjonær. Prøvde å samla alle dei arabiske statane i ein krig som skulle utsletta staten Israel.

(iii) Sjå Joel 3, 3-4 m. fl.

(iv)  På hebraisk, som ikkje har vokalar, er JHVH eller JHWH vanleg skrivemåte. Vokalane som vert sett inn ut frå det folk har trudd, har skapt namna «Jahve» og «Jehova», men ingen veit kva som er rett.

(v) Eg har tenkt lenge på gamle profetiar eg har høyrt om Noreg og Norden. Ein profeti sa at Russland skal ta Noreg heilt sør til Trondheim. Eg hugsar folk lo: «Det eksisterer ikkje noko Russland! No er det Sovjetunionen!» Men i 2025 har me ein krigslysten fiende i aust. Kanskje tida er komen då me skal hausta at regjeringa vår har sådd?

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


søndag 14. september 2025

Opptakten

Joseph Perez startar kapitelet sitt om utvisinga i 1492  med ein dødsdom inkvisisjonen vedtok i november 1491. To jødar og to «conversos» (i) vart då brende levande. Eg ynskjer å ta med denne forteljinga då den er bakteppet for utvisinga som kom året etter.

Bilete av ein vegg i Knesset
Peres skriv at det heile starta med ein tilfeldig arrestasjon av ein «omvend», Benito Garcia. Det var mistanke om at han hadde stole nattverdsbrød som i kyrkja vert kalla «hostiar». Han tilstår då at han har gjort ulovlege ting saman med nokre jødar. Desse vert arresterte av inkvisisjonen endå den ikkje hadde juridisk makt over jødar som ikkje var «omvende». Alle vart så overførde til fengselet i Segovia der det frå før sat arrestert ein jøde som var skomakar av yrke.

Ein annan jøde, legen Antonio frå Avila, utgav seg som rabbi og tok til å vitja desse fangane. Ein av dei, Yuce Franko, tilstår så at på langfredag femten år tidlegare hadde dei føreteke eit rituelt drap av ein gut ved å krossfesta han. Etterpå hadde dei blanda blodet hans og hjarta hans med nattverdsbrød og slik laga «trolldomsmedisin». Målet var å få til eit utbrot av hundegalskap.

Denne falske «rabbien», som kanskje var lønna av inkvisisjonen, gav opplysningane vidare. Franko sa først at dette var noko han berre hadde høyrt, men under tortur tilstod han det heile…

Slik eg forstår det Perez skriv, var dette eit «tablå» konstruert for å skapa jødehat og hissa opp folket mot jødane. Rettssaka vart ført i Avila og ikkje ved domstolen i Toledo der ho skulle vorte ført. Det føreligg ikkje namn på barnet, og heller ikkje noko registrering av eit barn som hadde forsvunne i området. Heile rettargangen tok om lag eit år, men saka fekk lite plass i samtida. Derimot fekk hatet og motviljen mot jødane ny næring.

Eit produkt av inkvisisjonen?

Dekretet med vedtaket om utvising av jødane frå Spania finst i tre versjonar. Den første med dato 20.03.1492, er skriva av øvste leiaren for inkvisisjonen, frå Torquemada, og er skrive til biskopen i Gerona. Etter det kom eit nytt av 31.03. som er underskrive av både Fernando og Isabel. Dette gjeld for Castilla.

Bilete på veggen i kafe / galleri Ariel
nær den store synagogen i Krakow.
Det tredje har same datoen og er skrive på same staden, men er berre underskrive av Fernando, og gjeld Aragon. Dette viser klårt inkvisisjonen sitt initiativ for å få jødane utvist. Inkvisisjonen hadde berre juridisk makt over dei omvende jødane. Dei andre jødane høyrde direkte inn under kongen, og det var berre han / ho som kunne utvisa jødane frå sine respektive rike. 

Innhaldet i dekreta er forskjellege. Den frå Torquemada går berre inn på religiøse spørsmål, noko som understrekar inkvisisjonen sin plass i det heile. Versjonen frå Aragon er den strengaste. Den går ikkje inn på religiøse spørsmål, men seier at det er jødane «si eiga skuld» det som skjer, og at dei «for alltid skal liggja under tvang» og vera «tenarar og fangar».

Dekretet for Castilla er meir direkte. Første halvdel av teksten tek føre seg problemet med omvende jødar som levde eit dobbeltliv, og at dei i 1480 hadde pålagt jødane å bu i eigne område. Inkvisisjonen var innført for å få klårlagt kor vanleg og kor alvorlege dei falske omvendingane var. Men utvisinga omfatta ikkje dei som hadde omvendt seg, berre dei som held fast på jødedommen!

Bilete av ei teikning eg såg
då eg besøkte Auschwitz.
Hovudpunkta i utvisinga 

1. Det er semje om at alle jødane skal forlata «våre rike», og at dei aldri skal koma tilbake, ikkje ein einaste ein.

2. Det er ikkje unntak for denne regelen, enten dei er fødde i landet, eller er utlendingar som av ein eller annan grunn har slege seg ned i landet.

3. Alle skal vera reiste frå landet ved utgangen av juli (1492) (ii), og dei har fire månader til å forlata landet på. Dei som ikkje er reist når dette tidsrommet er over, vert straffa med døden. Dei som eventuelt hjelper jødar å gøyma seg, vert og straffa og misser alt dei eig.

4. I denne perioden må jødane selja det dei eig, inkludert fast eigedom.

5. Forbodet mot å ta ut av landet gull, sølv eller pengar, står ved lag. Derimot kan dei ta med seg varer og slikt som til vanleg er til sals, bortsett frå våpen og hestar.

Men så strenge reglar og så kort tid til å omsetja eigedomar, sølv og gull m. m. til varer dei lovleg kunne ta med seg, var i praksis uråd. Folk ville ikkje å betala stort for det jødane var nøydde til å selja, og dermed gjekk det meste for ein slikk og ingen ting.

Resultatet var at mange omvende seg og vart døypte, - ved eitt tilfelle 100 på ein gong. Perez siterer ein Baer som skriv: «I realiteten var det mange som omvende seg, særleg mellom dei rike og intellektuelle, «dei som var øydelagde av verdsleg kultur». Dette var i realiteten den sosiale eliten mellom jødane».

«Nokre jødar, etter som det vart slutt på tida dei hadde til å forlata landet, gjekk omkring dag og natt og var desperate…. Dei valde til slutt trua på Kristus. Mange andre, for ikkje å verta utviste frå landet der dei hadde vorte fødde og vera nøydde til å selja alt dei åtte for lite og ingen ting, døypte seg», står det i boka.

Men det fanst også rike som ikkje bøygde seg og tok dåp. Eit namn som er nemnt, er Isaac Abravanel. 

Kor mange jødar forlet Spania i 1492?

Perez skriv at talet har vore stipulert til noko mellom 40 000 og 350 000, men at nyare forsking trur det var omkring 50 000. Mange av desse slo seg ned til Marokko, Italia og det Ottomanske riket. Derifrå vandra mange vidare i Europa eller til koloniane som etter kvart vart grunnlagt rundt om i verda.

-------------------- 

(i) Eg har før skrive at jødane som omvende seg, vart kalla «marranos» eller «pseudo-judios». Begge orda er nedsetjande, og særleg det første av dei to. I dag vert ordet «conversos» eller «omvende» brukt, - på same måten som me ikkje lenger snakkar om «svarte» menneskje, men «farga». 

(ii) Ediktet frå Torquemada gav jødane tid fram til 10. august på å forlata landet.

Bileta er har meg teke sjølv.

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.



søndag 7. september 2025

 Dronninga med tilnamnet «den katolske»
Skjemdump frå
 https://snl.no/Isabella_den_katolske

Ho vart fødd i 1451, var dotter av kong Juan II av Castilla, og fekk døypenamnet Isabella. Mora var frå Portugal, og det var vel ingen som den gongen trudde at jenta skulle verta den mest berømte dronninga i heile Spania si soge!

Dette var ei uroleg tid i Castilla, og det var fleire som ville gjerne ha makta. Den som overtok etter Juan II, var halvbroren til Isabella, Enrique IV (i). Isabella og mora vart då sende bort frå hoffet og levde i Medina del Campo. Takka være dette fekk Isabella ei betre utdanning og eit vidare perspektiv enn det ho kanskje hadde fått om dei vart verande ved hoffet, har eg lese.

Enrique IV var ein svak konge og kom til makta i ein periode med borgarkrig og uro. Han styrde Castilla frå 1454 til sin død i 1474. I 1465 vart han tvinga av adelen til å henta Isabella tilbake, endå hans plan var å lata dottera Juana overta etter seg. Men det gjekk ord om at kongen var impotent, og at Juana hadde ein anna far. Dermed kom Isabella i fokus som arving til riket. 

Giftarmål «bak stengde dører»

Det vert sagt at Isabella hadde mange ekteskapstilbod, men gifte med arveprins Fernando av Aragon etter råd frå erkebiskopen. Prinsen kom til Castilla forkledd som tenar i lag med nokre få menn. Dei to treftest då for første gong og vart vigde av erkebiskopen i 1469. (ii) 

Men alt var ikkje i orden. Dei to var tremenningar og trong paven si godkjenning for å gifta seg lovleg. Det var paven lite villig til å gjeva dei. Endeleg, takka være støtta til kardinalen frå Valencia, vart ekteskapet til slutt godkjent i 1471.  

I 1474 arva Isabella I kongedømet Castilla, og Fernando II arva Aragon i 1479. Men det me reknar for «Spania», heldt fram som før. Kongemakta vart samla i dei to monarkane, men elles heldt landet fram som separate, administrative einingar.

Korleis hadde jødane det i denne tida?

Den sikraste garantien jødane hadde, var ei sterk kongemakt. I tida med borgarkrig og uro vart jødane gong på gong utsette for overgrep. Eg har lese at i den tida Isabella og mora var sende bort frå kongehuset, fekk dei støtte og hjelp av mektige jødar. Det er derfor naturleg at jødane sette sin lit til at med Isabella som dronning, ville dei få det betre. 

Det var særleg i påska med den tradisjonelle markeringa av sviket til Judas og Jesu død, at jødane vart utsette for sjikane og overgrep. Det ser ut til at Isabella ville verna jødane. Etter eit overgrep mot jødane i Trujillo, skreiv Isabella i 1477: «Alle jødane i mine rike er mine og står under mitt vern og støtte. Det er derfor mitt ansvar å forsvara dei, støtta dei og sjå til at loven vert fylgt». Ho skreiv noko liknande i 1490, berre to år før alle jødane vart utviste i 1492. 

Hovudsalen i museums-synagogen i Toledo.

Hadde Isabella jødisk mor?

Trass i at jødane tilhøyrde kongen og hadde krav på hans «støtte og vern», skjedde det med jamne mellomrom overgrep og vald. Joseph Perez siterer ein Nicolas de Propielovo som vitja Spania i 1484: «Innbyggjarane i Catalunia og Aragon seier offentleg, og dette har eg høyrt sagt fleire stader i Spania, at dronninga vernar om jødane og er sjølv dotter av ei jødisk kvinne». (iii)  Og jødar skriv eit brev til jødar i Roma og Lombardia at Isabella og Ferdinand er rettferdige og velvillige. Det er derfor all grunn til å tru at om dei to regentane hadde døydd i 1491, ville dei fått eit heilt anna etterord enn det som dei har i dag. 

Gammal torarull frå 
same synagogen.

Stadig færre jødar...

Etter alle som hadde vorte omvende i tillegg til dei som hadde rømt landet, hadde talet på jødar gått sterkt ned. I året 1400 var den kanskje berre 200 000 jødar att på i dei spanske områda, 150 000 i Castilla og 50 000 i Aragon, skriv Perez. Dette talet utgjer under 2 % av folket. Dei fleste ser ut til å har vore jord-brukarar eller drive med husdyr. Det ser og ut til at dei samla gull og sølv og andre verdiar som var lette å føra med seg eller gøyma i tilfelle uro, skriv han.

I tida etter Enrique II var det få jødar som var kasserarar, innkrevjarar av skatt eller ansvarlege for rekneskapsføring i staten. Frå 1437 kom det eigne skattereglar for jødar. Dei jødiske områda betalte ikkje skatt til kommunane lenger, men vart oppfatta som eit eige lite samfunn i storsamfunnet. I 1477 forsvarte Isabella og Fernando denne ordninga. I realiteten betalte jødane mykje meir skatt enn dei kristne, men skatta direkte til kongen.

Parallelt med dette gjekk inkvisisjonen hardt ut mot dei «nye kristne» som særleg fanst i byane og gjerne mellom dei meir velståande. Mange av dei hadde teke nye etternamn, til dømes «Ciudad», «La Calle» eller «De la Calle», «Mercado», «Franco» og liknande. (iv) Mange av dei var sikkert også ærlege og sannferdige i si omvending.

To eksempel

Perez skriv at «for pøbelen» var alle desse omvende jødane falske kristne, noko som gjorde at dei stadig var utsette for forfylging og vart ofte melde til inkvisitorane. Han har to eksempel eg vil ta med til slutt:

Rådmannen Fernando de la Torre i Toledo vart fengsla og avretta fordi dei i huset hans fann liturgiske bøker på hebraisk, og kvitteringar på gåver han hadde gjeve til trengjande gjennom rabbiane. 

I 1491 vart det opna rettssak mot den avdøde Fernando Sanches de Villanueva. Sonen hans, Pedro, vitna mot faren og sa han las bønnebøker på hebraisk, låg til sengs om laurdagane, og åt ikkje grisekjøt eller fisk som ikkje hadde skjel. Betre bevis trongst ikkje.

Og så kom 1492….  

--------------- 

(i) På Norsk «Henrik IV» med tilnamnet «den impotente» eller «den ufruktbare». (Eg har her valt å bruka dei spanske namna i dette innlegget).

(ii) Meir om dette t.d. under «Isabel la católica, la conquista del trono»  og liknande på internett.

(iii) Frå sidene 75 og utover i Perez si bok. Sitatet er frå side 76.

(iv) Omtalt på side 88 og utover. 

Bileta har eg som vanleg teke sjølv. 

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.