søndag 31. august 2025

Detalja frå veggen i ein av
museums-synagogane i Toledo.
 Spansk «fimbulvinter»?

Jødane si vandring gjennom tidene er ei uendeleg rekkje av medgang og motgang, oppturar og nedturar, - og kortare eller lengre rolegare periodar innimellom.  På 1300-talet herja Svartedauden i Europa, og jødane vart skyteskive både for den og andre ulukker enten dei var menneskeskapte, eller «naturlege».

Sist skreiv eg om Peter I av Castilla som gav «all» økonomisk makt i riket sitt til jøden Samuel ha-Levi i ein periode som vert kalla jødane sin «gullalder» i Spania. Så kom ein kort haust, og etter det ein «fimbulvinter» då Henrik II kom til makta i 1369, 20 år etter at svartedauden hadde herja landet. Han forfylgde jødane hardt, og Samuel ha-Levi mellom andre vart drepne under hard tortur.

Hundre vanskelege år

Fronten i synagogen som seinare vart kyrkje.

Siste tida arabarane rådde på halvøya, vart jødane stilte på val mellom å gå over til islam eller verta drepne. Mange jødar, mellom andre familien til Maimónides, rømde. Kor mange jødar som tok Muhammeds lære frivillig eller under tvang, er der ikkje noko eksakt tal på, men truleg titals tusen. I bloggen om Maimonides, skreiv eg at jødane som vart muhammedanarar, vart forfylgde og drepne om det var mistanke om at omvendinga ikkje var ekte.

No skjedde det same med dei som hadde omvendt seg til kristen-dommen. Heller ikkje her er noko klår statistikk så langt eg kan forstå, men Perez brukar talet 100 000. Desse vart kalla «nye kristne»

Det store spørsmålet i perioden 1391 til 1474 var om jødane si omvending var ekte eller berre i det ytre. Den katolske kyrkja var pådrivaren for å få jødane omvende. Det var og den som tok mot – gjerne frå anonyme kjelder, meldinga om jødar som «ikkje var skikkelege kristne» eller «marranos». 

Ordet «marrano» var tidlegare brukt om grisar eller ting som var ureint og sterkt tilgrisa. Frå no av betydde det jødar som har vorte døypte, men likevel heldt på jødisk skikk og tru. Eit anna brukt ord var «krypto-judio», det vil seia ein jøde som offentleg levde og praktiserte kristendommen, men hemmeleg held fast på si jødiske tru og jødiske tradisjonar. 

Denne synagogen var katolsk kyrkje fram til nyare tid.
Beviset på ein ekte «kristen», for å sitera Don Quijote, var å eta grisekjøt og arbeida på sabbaten!

Kvifor gjekk mange jødar over til kristendommen?
Perez skriv at jødane som held fast på si tru og sin tradisjon, slo seg til på landsbygda som bønder eller handverkarar. Der var kontrollen mindre og det var lettare å gøyma seg vekk. 

Men mange gjekk over for å få politiske og økonomiske fordelar, og desse fann ein helst i byane. Perez siterer ei kjelde som skriv: «omvendinga til katolisismen skjedde ut frå politiske omsyn sidan det gav «inngangsbillett» til ei verd der religionen ikkje er det avgjerande, og dei kunne finna seg plass i det sivile og statlege embetsverket». (i) Dei «nye kristne» kunne på denne måten få viktige stillingar og sikra seg gode inntekter.

Nokre jødar, truleg mest frå det intellektuelle lag av folket, gjekk over til kristendommen av religiøse eller filosofiske grunnar. I den samanheng vert påverking av Maimonides, den heilage Tomas, Aristoteles og fleire, nemnt. Eit døme her er Salomon ha-Levi som var øvste rabbi i Burgos, og som tok dåp i juni 1390. Som kristen tok han namnet Pablo de Santa Maria sidan både han og Jomfru Maria var av Levi stamme. Han vart seinare biskop og leiar for katolikkane i den same byen der han hadde vore leiar for jødane.

I denne tida auka og talet på ekteskap mellom jødar og ikkje-jødar, noko som mange var lite glade for, sjølv om jøden var såkalla «ny kristen».

Skjermdump frå Wikipedia
«Tribunal del Santo Oficio de la Inquisición»

Dette er namnet på den kyrkjelege domstolen som vart etablert i Spania i 1478. (ii) Den spanske inkvisisjonen fekk eige stempel med tekst frå Salme 74, 23 a: «Exurge domine et judica causum tuam» (iii) På eine sida av krossen er oljekvisten som representerer velsigninga, og på den andre sverdet som symboliserer straffa.

Oppdraget til domstolen var å oppdaga og få straffa alle dei som ikkje var «sanne» kristne. Ordninga var i seg sjølv ikkje noko typisk spansk. Inkvisisjonen fanst i Frankrike og andre europeiske land, - og i Noreg. Hjå oss høyrer hekseprosessane inn under denne juridiske kategorien. (Til minne om heksebrenninga her til lands, er det reist eit minnesmerke nær ferjekaien på Anda i Vestland fylke).

Men om det var kyrkja som var pådrivaren for desse «utreinskingane», var det statsmakta som stod for fengslinga, torturen og dei eventuelle avrettingane.

Dei som har forska på bakgrunnen for etableringa, meinar å sjå fire grunnar for innføringa av domstolen: Først for å skapa einskap i den katolske kyrkja, og hindra at jødisk påverknad i folket. Domstolen gjorde og at kongen og statsmakta, som hadde verna jødane mot overgrep og pogromar, fekk redusert si makt. Frå no av kunne overgrep skje i Guds namn!

Eit anna motiv skal ha vore å få fjerna jødar frå offentlege og framståande stillingar, i tillegg til den økonomiske vinninga desse prosessane gav. Rikdomen til dei som vart dømde eller rømde landet, vart konfiskert, og det kunne koma opp i store summar.

Historiske kjelder skildrar umenneskeleg tortur og avrettingar. Ei kjelder fortel til dømes at dei som «angra si synd», vart drepne og brende etterpå. Dei som «ikkje angra si synd», vart brende levande!

Det finst mykje skrive om dette temaet, både i bøker og på internett. Eg ser at nyare forsking har moderert ein heil del på skildringa av det som skjedde under rettargangar og avrettingar. Dei har og minka talet på menneskje som kom i inkvisisjonen sine klør. Kor vidt det som no vert skrive, er meir sannferdig enn det som vart skrive i samtida, kan eg ikkje uttala meg om. 

Talet på kor mange som kom i inkvisisjonen si vald, varierer mykje. Ei kjelde seier at 125 000 døydde i fengsel og 10 000 vart avretta (i Spania) i den perioden inkvisisjonen fungerte.

--------------------------------

(i) Mi omsetjing av «la conversión al catolisismo comenzaba a ser cosa de cálculo político para lograr una «tarjeta de admisión» a un mundo todo él laico y para hacer carrera en la burocracia civil y estatal». Sitat frå side 59.

(ii) Loven som domstolen bygde på og som kom i 1478, vart først tekne bort i 1834, nesten 400 år etter at jødane vart utviste frå Spania. 

(iii) Sitatet er frå den gamle spanske bibelen. I norske Biblar er det Salme 73. «Reis deg, Gud, og før di sak!»

Merknad: Bileta er  mine eigne.

---------------

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 24. august 2025

Spanske jødar under skiftande styre

Denne synagogen i Toledo vart omgjort til kyrkje
Spania, eller rettare sagt delar av Spania, låg under muslimsk styre frå 711 til 1492. Ei tid rådde arabarane praktisk talt over heile det me kallar den iberiske halvøya. Dei kalla landet dei rådde over for al-Andalus. Som me har sett, var det i desse åra periodar med stor økonomisk og intellektuell framgang der mange jødar gjorde seg gjeldane både i politikk, vitenskap og filosofi.

Men det var ikkje sju hundre år med fred. Alt i 722 greidde ein liten flokk kristne å frigjera eit fjellområde i nordvest-Spania kalla Covadonga. Dette vert sett på som starten av «La reconquista» eller «Frigjeringa» som vart fullført 750 år seinare. Der var og strid mellom forskjellege grupper av muhamedanarar, enten årsaka var kvar dei kom ifrå, eller kor strengt dei praktiserte religionen sin.

Hovedrommet i denne synagogen
Frigjeringsprosessen var lang og uroleg. Områda som litt etter litt var tekne frå muslimane, vart styrt av dei «dei kristne kongane». Det var i desse områda familien til Maimónides oppheld seg før dei reiste mot sør og kryssa over til Afrika.

Joseph Perez skriv i boka «Historia de una tragedia. La expulsión de los judios de España»: 

«Dei kristne kongane tok mot alle jødane som rømde frå forfylginga almohadane hadde starta. Dei opna for at jødane kunne slå seg til i deira område og gjorde seg i stor grad avhengige av jødane sine tenester. - - - Den enorme oppgåva med kolonisering og oppbygging av landet, krov samarbeid med alle positive krefter for å løysa dei økonomiske, administrative og diplomatiske problema som oppstod.» (i)

Ein ny «vår»

Hovedsalen i synagogen Samuel ha-Levi bygde
Me såg at då arabarane kom til Spania, var det i ein periode då jødane var utsette for forfylging og drap dersom dei ikkje «omvende» seg. Muslimane var relativt få og trong hjelp både til å halda makta i områda dei inntok, og til å få samfunnet til å fungera når dei drog vidare for ta nytt land. Dermed fekk jødane både viktige stillingar og gode levevilkår i starten av al-Andalus-perioden.
Detalj frå kvinnegalleriet

Noko liknande skjedde med jødane på slutten av arabarane sitt styre, og då særleg under almohadane og almohavidane som tvinga jødane til å omvenda seg, eller drap dei. Dei kristne kongane utnytta jødane som rømde over til dei og bygde på den måten opp ein ny administrasjon og eit fungerande samfunn.

Billedleg kan me seia at jødane opplevde «ein hard vinter» under dei tapande makthavarane, men ein «ny og mild vår» hjå dei som tok over.  

Utstyr for omskjering

Samuel ha-Levi

Ein gong rundt 1320 vart det i Sevilla fødd ein gut i den mektige Abulafia-familien. Han fekk namnet Samuel ben Meir ha-Levi Abulafia, og kom til å verta ein av dei mektigaste jødane i spansk middelalder. Han kom til Toledo i den perioden som vert kalla «gullalderen» for jødane i Spania. Byen var då kjend som «det nye Jerusalem» på grunn av sitt rike religiøse og intellektuelle miljø.

Gammal torarull
Etter å ha arbeidt for dei rådande i Portugal ei tid, fekk han stilling hjå Pedro I av Castilla som hadde spansk far og portugisisk mor. Samuel steig fort i gradane, og då kongen overtok Toledo etter ein fredsavtale med portugisarane, fekk han ansvaret for riket sin økonomi. Han var og dommar og sentral i det jødiske miljøet på den iberiske halvøya.

Pedro I vert omtalt både som «den rettferdige» og «den blodige». Han overtok kongedømmet etter far sin, men låg det meste av tida i strid med halvbroren sin, Henrik av Trastámara. Denne vann til slutt og tok livet av Pedro. Henrik starta etter sigeren ein pogrom der mange jødar, også familien til Samuel ha-Levi, miste livet. Sjølv vart ha-Levi fengsla og døydde under grusom tortur i 1360. 

Den rikaste jøden i spansk middelalder?

At Samuel ha-Levi var rik, er det vesle som står att i den jødiske bydelen i Toledo eit tydeleg bevis på. Av dei to synagogane som eksisterer i byen i dag, er den ved sida av det som var ha-Levis’ palass, den største. Begge er no museum. Med sin rike arkitektur og sine mange historiske ting er synagogen til ha-Levi eit sterkt vitne om det rike jødiske miljøet som byen ein gong hadde.

Mange tok lyklane med då dei måtte rømma

I 1492 vart jødane sine eigedomar gjeve til adelen, og området med synagogen og palasset vart overteke av militære. Synagogen vart først i 1877 verna som «nasjonalt monument». Palasset derimot vart rive. Der fungerer i dag eit museum med målaren «El Greco» sine arbeid.

I 1964 vart synagogen senter for arbeidet med soga til dei spanske - også kalla «sefardiske» - jødane. 

Mi oppleving…

Min inngangsbillett
Eg reiste til Toledo og Spania for å læra meir om jødane i Spania, og gjekk rundt i Toledo og såg på «det som ein gong var». Noko levande jødisk miljø i byen fanst ikkje, vart det sagt, trass i at ein del av forretningane i området har jødiske eigarar. 

Det som møtte meg, var vakker arabiskinspirert arkitektur, interessante historiske ting, og bøker som eg fekk kjøpa i Toledo og i Madrid. Men eg sakna kontakten med det aktive og levande jødiske miljøet som er bygd opp etter katastrofen jødane opplevde i 1492 under «los reyes catolicos», Isabel I av Castilla og Fernando II av Aragon.

------------ 

(i) Mi omsetjing av eit avsnitt på side 19-20 i boka.

Bileta har eg teke sjølv.

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 17. august 2025

Davidsstjerna, eit eldgammalt symbol
 Tankar om krig 

Under krigshandlingane i Gaza, og i omtalen av Israel, vert ord som «krigs-brotsverk» og «brot på folkeretten» brukt. Av og til vert det referert til «Geneve-konvensjonen», men kor mykje veit folk flest om slikt?

Etter det eg finn på internett (i) vart første «Geneve-konvensjonen» laga i 1864, så ein i 1906, ein i 1029 og den siste i 1949. Etter det har det kome tre tilleggsprotokollar, og samla vert dei omtalt som «Genevekonvensjonen». Til saman utgjer dette eit slags «lovar» for krigføring som er underskrive av alle statar på jorda, seier kjelda eg siterer frå. Her er eit utdrag:

«Konvensjonen regulerer krigføring og setter begrensninger for hvilke våpen og metoder som lovlig kan benyttes. Reglene har til hensikt å beskytte de som ikke er en del av en væpnet konflikt, eller ikke lenger tar del i den.

Gjennom Genevekonvensjonen har verdens stater blant annet forpliktet seg til:

Den jødiske gravplassen i Krakow
* Å handle humant, selv i krig.

* Å respektere det enkelte mennesket.

* Å ta hånd om og pleie både egne og fiender.

* Å forby tortur, masseutryddelse, å ta gisler, tilfeldig drap, deportasjoner og plyndring».


Dette er utan tvil gode og viktige reglar som er laga for å skapa det beste både for enkeltmenneskje og samfunnet der krig herjar. Men desse avtalane byggjer på konvensjonell krig, og mellom statar som er bundne av avtalen.

Hamas er ein politisk-religiøs terrororganisasjon (ikkje ein stat) som utan varsel angreip Israel på den verst tenkjelege dagen (Yom Kippur), dreiv utstrakt tortur, og drap 1200 menneskje, - både soldatar og tilfeldige sivile. Dei brukte valdtekt som våpen, og dei førde bort rundt 150 levande og døde. Der er endå gislar som i over halvanna år har vorte haldne under umenneskelege vilkår, og utan at Røde Kors (som skriv om desse konvensjonane på internett) – så langt me veit – har løfta ein finger for at dei stakkarane skulle få medisinar dei trong, eller for å letta deira lidingar. 

Den som har auge å sjå med, ser at terroristane 07.10.23 klårt braut alle dei nemnde punkta frå «Genevekonvensjonen» og har halde på med det i over eitt og eitt halvt år. Likevel er både FN og den norske regjeringa med fleire «stumme som østers»! Er det fordi dei er blinde, eller vil dei ikkje sjå?

I sist blogg skreiv eg om utviklinga i denne krigen, og om kor bevisst Hamas og terroristane har bygt sitt forsvar på at Israel «er bunde av Genevekonvensjonen». Dei ventar at FN, Noreg og andre statar skulle «stogga Israel sin krig» slik at dei kan byggja seg opp att og fortsetja drepinga av jødar! Det har skjedd i før både i Gaza og Libanon!

Ein kjent rabbis grav i Krakow
«Genevekonvensjonen» som filosofisk produkt

Så lenge det har vore krig i verda, må menneskje ha gjort seg tankar rundt emnet. I boka om Maimónides finn eg hans tankar om krig, men og tankar andre filosofar den gongen gjorde seg. Då dette er bakgrunnsmaterialet for Genèvekonvensjonene me har i dag, har eg lyst å ta fram nokre idear. (ii)

Filosofiske grunntankar

Platon ynskte ein stat styrt med ein konge med stor filosofisk kunnskap som visste det beste for folket sitt og slik skapte eit godt og rettferdig samfunn. 

Aristoteles snakka om rettferdig krig som hadde som mål å skapa noko godt, eller få bort noko vondt. For han var krigen eit middel for å bevara «polis» (iii) og «den naturlege orden». 

Ciceron skreiv om «folkets rett», ein tanke som klårt viser fram til Genèvekonvensjonane. Han hevda at ein krig måtte starta med ein offisiell deklarasjon, ha ein rettferdig grunn (t.d. som svar på angrep), og ha som mål å få tilbake ro og orden. Fiendar skulle verta møtte med respekt, og alt skulle føregå i samsvar med grunnfesta, etiske normer.

Frå same gravplassen
Augustin var oppteken med den etiske og religiøse sida av krigen. For han var «rettferdig krig» ein som vart starta av eit lovleg statsstyre, hadde ein lovleg grunn som til dømes å forsvara sitt folk,  og eit godt føremål. Han innførde ideen med «den rette intensjonen» for å starta ein krig, det vil seia føremål var å skapa ro og orden.

Maimónides støtta Platon og andre, men gjekk vidare. Som jøde hadde han profetane med i styringa av landet. Han gjekk ikkje inn for sekulær lovgjeving i og med det for jødane eksisterer ein gudgjeven lov, Toraen. (iv) Kongen i Maimónides bilete, vert rådgjevar og forklarar av loven som kom i Sinai. Kongen sin viktigaste funksjon er derfor å fremja «den sanne religionen og fylla verda med rettferd».(v)

Einsidig bruk av Genèvekonvensjonene er blodig urett….

Summa summarum ser me at desse tenkjarane var opptekne med etikk og rettferd i sine tankar rundt krig. Me veit alle at Hamas og dei andre terroristane systematisk har brote grunnreglane som verda har sett for krig. Likevel har ikkje FN, internasjonale organisa-sjonar og institusjonar, regjeringar som den norske, osv. fordømt deira handlingar offisielt og i klåre ordelag. Derimot stiller dei seg alle opp som dommarar når Israel startar ein krig som oppfyller, så langt eg kan sjå, kriteria for «ein rettferdig krig» der målet er å forsvara sitt folk og gjeva det levelege vilkår innanfor trygge grenser. 

Kvar vart det av «den etiske ryggraden» i FN-systemet, i den norske regjeringa og hjå alle dei andre som einsidig fordømmer Israel sin kamp mot terroristane?

-------------

(i) Frå Genèvekonvensjonene - Røde Kors. Det er frå denne kjelda informasjonen og sitatet kjem.

(ii) Dette er omtalt på side 169 og utover i Vazquez’ bok.

(iii) Namn brukt på dei greske bystatane.

(iv) Er det dette som er grunnlaget for at Israel ikkje har grunnlov?. Eg har vore i høgsterett i Jerusalem og fått omvising, men eg vart ikkje klokare…

(v) Sitat frå side 170 i boka.

---------------

Bileta er mine. Dei skal minna deg som les dette om kor lett FN og andre brukar fine ord om dei jødane som døydde i Holocaust osv. Derimot ser det ut til å vera umogeleg å støtta Israel i den krigen som Hamas starta 07.10.23! 

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 10. august 2025

Skjermdump frå https://en.wikipedia.org/wiki/
Al_Jazeers_Media_Network
Rettferdig krig?

Eit av dei tema som Maimónides tok opp, er spørsmålet om statsleiing og rettferdig krig. Manuel Bermudez Vazquez skreiv boka si at Maimónides «lovsong ordet som verktøy til å «skapa fred mellom menneskja»» Stemmer dette med dagens situasjon i Midt-Austen?

-------

Krig er ikkje noko nytt. Han har fylgt menneska så lenge det har vore menneskje til. I eit tidlegare innlegg har eg hevda at definisjonen av krig må endrast etter det me har sett i Gaza og elles i Midt-Austen. 

I går høyrde eg på ILTV – som er mi viktigaste informasjonskjelde om det som skjer i Midtausten, at krigen i Gaza har fått ein ny karakter. 75 % av området er no under jødisk kontroll, og kampen mot Hamaz har endra seg. 

Dei israelske styrkane har ført ein kamp mot soldatar som bevisst har bygt opp sitt forsvar på å gøyma seg og sine ammunisjonslager, våpenfabrikkar og administrasjon ved og under sivile institusjonar som skular, sjukehus og liknande. I staden for å byggja fysiske forsvarsverk slik normale armear gjer, brukar dei folket sitt som skjold for seg og installasjonane både over og under bakken.

I dette «forsvarsverket» er «produksjonen» av sivil liding og sivile tapstal det viktige. Her vert det ikkje gjort skilnad på kven som er soldatar og kven er uskuldige (til dømes gamle, kvinner og born). Kontroll av «Hamas-statistikk» har vist at soldatar har vorte ført som «born», og at tala har vorte blåsne opp for å skapa ekstra propagandaeffekt. Til og med FN har stillferdig vedgått dette.

Terroristane sitt mål er å skapa reaksjonar rundt om i verda så FN og andre skal tvinga Israel til å stogga krigen. For å få dette «tablået» til å fungera, trong terroristhæren ei profesjonell medieplattform med dobbel funksjon. Den har dei først og fremst i Quatar-mediet Al Jazeera. Viktigaste arbeidet deira er å spreia terroristane sin (dess-)informasjon. Over heile verda går det ut ei blanding av sanning og løgn som har skapt det biletet av krigen som terroristane ville ha. Propaganda-glansbiletet fekk me under overleveringa av gislar for ei tid tilbake. Det var eit velredigert og godt planlagt propagandashow. 

Hamas-informasjonen har gått verda over nesten uendeleg, godt understøtta av «Midtausten-kjennarar» både knytte til medium som i NRK, og frå organisasjonar og institusjonar lett kjennelege gjennom si anti-Israels-haldning.

Gammalt bilete frå bygginga av gettoen i Krakov
Den andre sida av dette arbeidet er å produsera mistru og tvil mot all informasjon frå jødar og Israel. Dette arbeidet tek FN og media seg også av. Informasjon frå Al Jaseera med fleire, vert presentert som «sanning». Det som kjem frå Israel eller Israel-vennlege kjelder, vert møtt med tvil eller som løgn. Mitt inntrykk er at både FN, NRK, og regjeringar i mange land tek trufast del i ein kakofoni av sann, halvsann og falsk informasjon. Denne er i realiteten ryggraden i terroristane sitt planlagde og viktigaste forsvarsverk.

I det av Gaza som no er frigjort av Israel, har krigen gått over til geriljakrig. Då dukkar terroristane fram frå sivile bygg eller tunellar som ikkje er oppdaga. Dei installerer vegbomber og gjer det vonde dei kan på kortast mogeleg tid, for så å forsvinna i ruinane eller under jorda. Geriljakrigarane har ikkje dei store arsenala eller den faglege leiinga lenger. Dei fleste leiarane er drepne, og kommandosentralane er sprengde.

Krig som filosofisk tema

Bilete av nazistisk propagandaplakat i museet i Krakov.
Tankane rundt «rettferdig krig» er gamle og byggjer på moralfilosofiske og etiske normer. (i) Noko av det viktigaste er å verna sivile, særleg eldre, kvinner og born. Skular, sjukehus og liknande institusjonar er det krigsbrotsverk å angripa. Å gå inn på alle desse teoriane, kan eg ikkje, men det er klårt for alle som vil sjå det, at terroristane hadde planlagt korleis dei skulle få Israel sine motåtak etter 07.10.23. til å sjå ut som «uetisk krigføring» og «krigsbrotsverk».

Dei eksisterande kriteria for etisk krig er derfor ikkje laga for kampar som dei i Gaza 2023-2025. Derfor ropar lek og lærd om «krigsbrotsverk» og byggjer tankegangen sin på lovar og reglar som høyrer fortida til. Alt dette hadde Al Jaseera og terroristane planlagt frå starten av. Det fungerte godt tidlegare både i Gaza og Libanon, så kvifor skulle det ikkje fungera no og?

Når eg tenkjer på Maimónides' bruk av ord for å skapa fred mellom menneskja (som eg siterte øvst), så er «orda» eg har fokusert på i denne bloggen, brukte for å skapa krig, terror og drap (av jødar)! Eg kan i alle fall ikkje sjå noko anna!

Kanskje det avgjerande er det etiske og religiøse føremålet som gøymer seg bak orda? 


--------------

(i)  Det finst mykje på internett, t.d. rettferdig krig – Store norske leksikon

(ii) Blindhet - Siterte sitater

Bileta og skjermdumpen har eg gjort sjølv.

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


søndag 3. august 2025

Illustrasjon frå side 197 i boka.
 «Maimónides var ein autentisk alfaguara intellektuelt»  (i)

Etter å ha leitt i det eg har av ordbøker, og på internett, sit eg framleis med spørsmålet: Kva tyder «alfaguara»?  Sidan «alfa» er den første bokstaven i det greske alfabetet, må det ha noko med «den fremste eller første» å gjera. Lenger har eg ikkje kome til no…

Sett på bakgrunn av hans relativt korte liv, er Maimónides’ litterære produksjon stor.  Det meste skreiv han på arabisk, men med hebraiske teikn. Unnataket er «Mishne Tora», det meste av breva og det han skreiv som svar på jødiske spørsmål av juridisk eller religiøs karakter. Det skreiv han på hebraisk.

Vazquez inndeler verka slik:

1. Filosofiske verk. Dette utgjer i alt 7 skrifter, dei fleste skrivne frå 1158 til 1191. Eitt har ikkje årstal, og eit er det litt usikkert om Maimónides skreiv.

2. Jødisk-religiøse verk. Mellom desse 5 verka er det som kan kallast hans viktigaste: «Mishne Tora»  eller «Den andre Toraen». To av desse verka er daterte til 1168 og 1178/1180. Dei andre er utan tidfesting.

Illustrasjon frå side 222 i boka.
3. Medisinske verk utgjer 9 skrifter om diverse tema som astma, hemoroidar, hygiene m.m. Dei fleste vart skrivne mellom 1187 og 1200. For tre er årstalet ukjent.

4. Astronomiske verk tel 3 bøker. Den viktigaste her er truleg «Traktat knytt til den jødiske kalenderen». Desse vart skrivne mellom 1158 til 1194.

Når eg jamfører Maimónides’ litterære produksjon med det eg veit om livet hans, ser eg at hans første filosofiske verk, og eitt knytt til astronomi, vart skrivne etter at familien hans hadde rømt frå Cordoba, og før dei drog over til Afrika og Fes. Skriftet «Om religionsskifte under tvang» (ii) kom ut same året som familien kryssa Gibraltar.

Resten av bøkene kom i perioden han levde i Fustat, altså etter 1177.

«Mishne Tora» eller «Den andre loven»

Maimónides var rundt 30 år då han skreiv denne boka i 1168. Før det hadde han skrive om dei 613 religiøse påboda i judaismen under namnet «Boka om bodorda» (iii). Han delte dei i «Positive bodord» som fortel kva ein god jøde skal gjera, og «Negative bodord» som fortel kva han ikkje skal gjera. 

Vazquez skriv (iv) at Toraen, Talmud og Mishna er dei bøkene judaismen byggjer på. Toraen er kjent som «Pentateuken» eller «Dei 5 Mosebøkene» som Luther kalla dei i si omsetjing til tysk. Desse fortel om prosessen frå frigjeringa av det jødiske slavefolket i Egypt, til dei som paktsfolket frå Sinai erobra landområdet Gud kalla «sitt land», og som han gav dei til evig tid.

Illustrasjon frå side 220 i boka
Mishna er første delen av Talmud, skrive rundt år 200 av vår tidsrekning, og er ei samling av munnlege jødiske lovar. Talmud er så ei vidare samling av kommentarar og debattar over ting i og rundt Toraen. Talmud finst det to utgåver av, - Babylonia-Talmuden eller «Talmud Bavli», og Jerusalem-Talmuden.

Om «Mishne Tora» av Maimónides vert det sagt at den er ei av dei viktigaste bøkene i judaismen som vart skrivne i Mellomalderen. Vazquez seier dette er på grunn av sin briljante litterære stil, og for sitt religiøse innhald. Forstår eg det rett, presenterer Maimónides, som var sterkt påverka av Aristoteles, jødisk religion og tradisjon i filosofisk og logisk samanheng.

Wikipedia skriv: «Et mye brukt munnhell blant jøder i middelalderen var «Frå Moses (med Toraen) til Moses (Maimónides) har det ikkje vært noen slik Moses). (v)

«Svar til rådville sjeler» (vi)

Dette verket med originaltittelen «More nevukhim» er ei samling svar på juridiske og religiøse spørsmål knytt til jødedommen, og som Maimónides fekk. Denne publikasjonen skulle eg tru var det litterære verket som fekk mest å seia i hans samtid. Her presenterte han råd og hjelp til «usikre sjeler» og står fram som rabbi og dommar i samsvar med den stillingen faren og forfedrane og hadde hatt før han.

Ein god ide?

Vazquez skriv ein stad i boka si: «Brevet (som Maimónides) skreiv til sonen Abraham ved slutten av livet sitt, vart av kritikarar forklart som eit testamente der den sekstiårige Maimónides lovsyng ordet som verktøy til å «skapa fred mellom menneskja». (vii)

Brevet vart skrive medan den syriske generalen Saladin var visir i Egypt og etter kvart regjerte  over heile syriske riket. Han var ikkje berre krigar, men installerte eir regime med stor toleranse overfor andre kulturar og religionar. Han knytte til seg viktige intellektuelle personar og tenkjarar. Maimónides vart, som me veit, regentens livlege.

Men er «ord» sterkare enn «våpen»?

Kanskje det spørsmålet kan verta tema i komande bloggar?

------------- 

(i) Mi omsetting av forfattaren si innleiing i kapitlet om Maimónides’ litterære verk.

(ii) Mi omsetjing av «Sobre la conversión forzada».

(iii) Mi omsetjing av «Libro de los mandamientos». 

(iv) Side 108 m. v.

(v)  Frå Maimonides – Wikipedia

(vi) Frå spansk «Guia de perplejos». 

(vii) Ordrett: «En la carta que escribió a su hijo Abraham al final de su vida, que suele ser interpretada por la crítica como un testamento vital, un Maimónides sexagenario hace un alarde de la palabra como herramienta para «poner paz entre los hombres». Sitat frå side 97 i boka.  (Uthevinga og innskotet er gjort av meg).

Illustrasjonane er frå «Maimónides. Vida y legado del erudito judío, pilar fundamental de la filosofía medieval», av Manuel Bermúdez Vazques, som eg har henta stoff frå i to bloggar til no. Ei bok eg skulle ynskja mange kunne lesa.....

Det er ikkje lov å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.