søndag 27. juli 2025

 
Framsida på boka eg las
Maimónides.

Moisés ben Maimón, også kalla Rabí Mosé ben Maimón,  «Mamónides» eller «Rambam» (i), var fødd i Cordoba, Spania, i 1138 (ii) og døydde i Fustat, Egypt, i 1204. Etter det som er sagt, vart han gravlagd i Tiberias (iii) i Israel.  For mange er han den mest kjende og viktigaste av dei jødiske filosofane i middelalderen.

Det er skrive mykje om han. Opphavet til det meste eg skriv, er boka «Maimónides. Vida y legado del erudito judío, pilar fundamental de la filosofia medieval» av Manuel Bermúdez Vázquez. (iv)

Om fødebyen og slekta.

Då Cordoba var på sitt mektigaste rundt 929, var det hovudstaden i Al-Andalus og styrt av mellom andre kalifen Abderramán III. Byen var senter for handel og økonomi, men og vitenskap og kunst. Med eit folketal på 1 000 000 var det den største og mektigaste byen i Europa på den tida. (v) Dei arabiske leiarane var opptekne av vitenskap, kunst og kultur, og toleransen overfor ikkje-muslimar var stor. Dermed vart dette eit sentrum der arabisk, jødisk, gresk og kristen filosofi og kultur levde side om side.

Forfattaren av boka

Biblioteket i Cordoba hadde fleire hundre tusen bøker og var eit intellektuelt, literært og kulturelt sentrum heilt til Al-Andalus vart delt i mindre regionar eller «taifas». Byen hadde eit sterkt og blomstrande jødisk miljø økonomisk og intellektuelt, og dei var nært knytte til det kulturelle livet i byen.

Landet opplevde etterpå ein periode der forskjellege arabiske og berberiske flokkar slost mot kvarandre samstundes som kristne hærar gjorde sitt for å jaga muslimane bort frå den iberiske halvøya.  

I 1148 prøvde katolikken Alfonso VII av Castilla å ta Cordoba der almoravidane rådde. Dei fekk hjelp av alhohadane som etter sigeren overtok byen. Begge kom frå Nord-Afrika, men almohadane var strengare muslimar og erklærte heilag krig mot alle annleis-truande. Då var Maimónides 10 år gammal.

Barndom og ungdom

Far til Maimónides var den sjuande i ei rekkje av jødiske rabbiar og dommarar, og guten vart opplært i Toraen og Talmud frå han var bitte liten. Men jødar og annleis truande vart no av almohadane tvinga over til islam, eller måtte rømma byen.

Illustrasjon frå boka
Joseph Perez skriv på side 19: «Det same var situasjonen for  Maimónides. Han var fødd i Cordoba, og studerte arabisk til han var 18 år gammal. I staden for å rømma til del delen av Spania som kristne rådde over slik dei fleste av same trua gjorde, let han som han omvende han seg til islam og reiste til Fez og seinare til Cairo der han levde resten av livet».

Vázquez har meir informasjon, men skriv ikkje noko om ein fingert overgang til islam. Han skriv derimot at ingen veit kvar rabbien Maimón ben Yosef og familien oppheldt seg før dei i 1160 kryssa Gibraltar og slo seg ned i byen Fez i Marokko. 

Fez var eit kulturelt og økonomisk sentrum og hovudstaden til almohadane i Nord-Afrika. Likevel bestemte rabbien Maimón Yosef å slå seg ned der med familien. Der var eit godt jødisk miljø, og Maimón Yosef, far til Maimónides, skreiv i den tida «Epistola de consolación».

Maimónides var på det tidspunktet 18 år gammal. Han var velutdanna både i Toraen, Talmud og forskjelleg vitenskap, inkludert medisin. Han kom inn i eit miljø der gresk, latin, hebraisk og arabisk møttest og filosofi og forsking strekte seg ut over både kulturelle og lingvistiske grenser. Kristne og greske tenkjarar sine verk var omsett til arabisk, og personar som den kjende rabbien Samuel ben Yosef ibn Nagrela (993-1055) stod sterkt i miljøet der jødisk, arabisk og kristen kultur levde side om side. (vi)

Ny røming og endeleg heimstad

Dette var ei tid då nyplatonismen rådde, ein retning som og hadde stått sterkt i Al-Andaluz. Både jødiske og arabiske tenkjarar var påverka, samstundes som det skapte uro på grunn av deira sterke, monoteistiske og religiøse utgangspunkt.

Skjermdump frå Tomb Mark of Maimonides,
Tiberias | Danny The Digger
Det ser ut til at i den tida familien Maimon budde i Fez, vart Maimónides innvidd som rabbi, og at det var på den måten han livnærde seg resten av livet. 

I 1165 vart rabbien Judah ibn Shoshan, læraren til Maimónides, fengsla og avretta for å praktisera si jødiske tru. Dermed måtte familien til Maimónides rømma på nytt. Dei slo seg først ned i Palestina, men på grunn av den vanskelege økonomiske situasjonen der, flytte dei til Fustat i nærleiken av Cairo. Der kunne jødar fritt praktisera sin religion. Jødar som hadde gått over til islam, og som vart tekne for å «falla tilbake» til jødedommen, dei såkalla «renegatane», vart derimot avretta.

Maimónides gifte seg seint, og i Fustat vart einaste sonen, Abraham Maimónides (1186-1237), fødd. Han fylgde i faren og fedrane sine fotspor og vart rabbi og dommar.

Maimónides vart anklaga for å vera renegat, men greidde å bevisa at han aldri hadde gått over til islam, og slapp fri. (vii) Men hardt arbeid og tungt ansvar sette sine spor, og han døydde i 1204, så langt ein veit 66 år gammal.

Det er forskjellege segner knytt til dødsfallet. Den kanskje mest romantiske er at då han merka døden nærma seg, samla han studentane sine og bad dei binda hans døde kropp på ryggen til ein kamel. Deretter skulle dei lata kamelen gå dit han ville, og der kamelen stogga, der ville Maimónides verta gravlagd.  Kamelen gjekk til Tiberias, og der kan ein koma og vitja Maimónides grav i dag! (viii) 

Den eldste informasjonen om grava hans er frå 1258, berre 54 år etter hans bortgang. Det gjer det lettare å tru at han verkeleg ligg i den grava som i dag er eit monument og ein valfartsstad.

-------------
(i) På arabisk vert han kalla «al-Rais Abu’Imran Musa ibn Maymum ibn ‘Abdallah al-Qurtubi al-Andalusi al-Israili». 

(ii) Tidlegare meinte historikarane at han var fødd påskeaftan 30. 03. 1135 eller 14. Nisan 4895. Dokument funne i Cairo på eit seinare tidspunkt, brukar året var 1138. 

(iii) Etter at Jerusalem vart øydelagt i år 70, vart Tiberias jødane sitt heilage sentrum. Byen er ein av dei fire heilage byane i jødisk tradisjon.  

(iv) Frå Editorial Almuzara, S.L. Cordoba, 2024. På norsk vert tittelen: «Maimónides. Livet og arven etter den lærde jøden som er ein grunnpilar i filosofien i middelalderen».

(v) Cordoba hadde tidlegare vore eit emirat, men vart kalifat i 929. Kalifatet vart overvunne av taifaane i 1108. Deretter gjekk det fort nedover med både byen og kulturen som hadde utvikla seg der. 

(vi) Frå avsnittet «Musulmanes, cristianos y judíos», side 30 – 33 i boka eg har teke det meste av stoffet frå.. 

(vii) Dette er omtalt i artikkelen Moses Maimonides | Biography, Philosophy, & Teachings | Britannica 

(viii) Frå  Rambam's Grave in Tiberias - The Tomb of Maimonides -IsraelandYou  



søndag 20. juli 2025

 Spania har mange minne frå tidlegare tider (Biletet er frå Toledo)
Al-Andalus

Riket muslimane etablerte i Spania, kalla dei Al-Andalus. Dei rådde over det meste av det som i dag er Portugal og Spania. I dei vel 700 åra Al-Andalus eksisterte, var det mange jødar som vart vidkjende for å ha rikdom og makt, men dei var og framståande innan vitenskap og kultur.

I sist blogg nemnde eg Julian de Toledo som vart den mektigaste i den katolske kyrkja i landet i si tid, og som seinare vart erklært heilag av paven. For oss ikkje-jødar var han jøde, trass i at foreldra hadde gått over til katolisismen og han sjølv brukte sterke ord mot jødane og deira tru. (i)

Du møter fortida sin kultur
Berømte jødar frå denne tida

Hasday ben-Saprut (ii) var livlegen til emiren Abd-ar-Rahman III som rådde frå 822 til 852. Hasday oversette vitenskaplege verk, var diplomat og hadde i tillegg tilsyn med den internasjonale handelen til emiratet.

Han var aktiv i det hebraiske miljøet i Cordoba og er rekna som ein av dei som la grunnlaget for den hebraiske gullalderen i Al-Andalus som varde rundt 200 år.

Samuel ha-Naguid (iii), også kjend som Nagrella, var i realiteten den som i si tid styrde landet frå Granada og hadde hand om både politikken, diplomatiet og krigane. Truleg var han den jøden som nådde lengst opp i hierarkiet i Al-Andalus. Han fungerte som stor-visir samstundes som han var leiar i det lokale jødiske miljøet i byen. 

Familien hans var handelsfolk i Cordoba. Han studerte både arabisk og jødisk kultur og vitenskap, og skreiv dikt. Noko av det vert rekna mellom det finaste som vart skrive i den hebraiske gullalderen i Spania.

Både jøde og muslim?
og museum som viser krigar som var...

Joseph Perez skriv: «Dei siste åra av kalifatet i Cordoba og i tida taifaane (iv) hadde makta fram til midten av det tolvte århundret, utgjer viktigaste perioden for jødane i Al-Andalus. Utan at dei gav avkall på si tru og sine tradisjonar, tok eliten mellom jødane mot det beste i det muslimske samfunnet og nådde på den måten eit heilt uvanleg kulturelt nivå. Dei lærde seg arabisk og skreiv filosofiske verk på det språket, samstundes som dei brukte hebraisk og til tider arameisk i sine poetiske verk.» (v)

Perez legg til at Hasday var den som tok initiativet til denne utviklinga som nådde sitt høgdepunkt i det ellevte og tolvte århundret mellom jødane i Al-Andalus.

Ibn Gabirol, også kjend som Avicebrón (vi), er ein av dei viktigaste andalusiske jødiske poetane. Han skreiv rundt 400 dikt. Berre 28 år gammal skreiv han det filosofiske verket «Mekor Chayim» eller «Livets opphav». Det vart seinare omsett til latin og kjent under tittelen «Fons Vitae» eller «Livets kjelde».

Informasjonstavle frå Toledo
Ibn Gabirol var fødd i Cordoba, men vart tidleg foreldrelaus. Han studerte Talmud, skreiv på både hebraisk og arabisk, og studerte astronomi, geometri og filosofi. Den jødiske statsmannen Jekutiel ibn Hasan (vii) som seinare vart halshoggen i samband med eit opprør, tok seg av han og fekk stor innverknad i Gabirols liv. Etter Jekutiels død, skreiv Gabirol i eit sørgedikt: «Regjeringa kvilte på hans skuldre, og etter hans ord styrde prinsane».

(Den mest kjende av alle jødane i denne perioden, er for meg Maimónides. Om han vil eg prøva å skriva eit eige blogginnlegg seinare).

Frå 1100-talet tok ei rekkje nordafrikanske leiarar, «almohadane», etter kvart makta på den iberiske halvøya. Dei stod for ei strengare form av islam og motarbeidde alt dei meinte var avvik frå Muhammeds lære. Det førde til store endringar både for jødar og kristne.

Korleis kunne jødar nå så langt under muhamedansk styre?

Jødar og kristne vart rekna som «dhimini», dvs. ikkje-muslimar som fekk lov å leva under muslimsk styre mot å fylgja visse reglar og betala ein eigen skatt. På den bakgrunnen er denne overskrifta eit naturleg spørsmål.

Om det skriv Perez: «Dømet med Maimónides viser klårt den ekstraordinære utviklinga av jødisk intellektuelt liv i Al-Andalus fram til almohadane kom. Det er lett å forstå at mange har snakka om «ein gull-alder» for å forklara denne uvanlege utviklinga. Baer (viii) er ikkje einig: «Den jødiske kulturen kunne berre blomstra på grunn av ignoranse og manglande religiøs og moralsk haldning hjå dei styrande, - ikkje på grunn av ein klår og definert politikk med toleranse og individuell fridom.»» (ix)

Kanskje almohadane sitt styre kom som ein motreaksjon på fråfallet Baer peikar på?

---------------------

(i) Framleis, trass i all kunnskap om arv og genetikk, held Israel seg til dei konservative, religiøse leiarane sin definisjon. For å vera «jøde» må du ha jødisk mor og religiøst sett tilhøyra jødedommen. Dermed er Julian de Toledo per definisjon ikkje «jøde», trass i at forfedrane hans var jødar. 

(ii) Han vert og kalla Hasdai ibn Shaprut (f. i Jaén ca 915, og døydde i Cordoba ca 975). 

(iii) Han er og kalla Semuel ibn Nagrella, og Isma’il ibn Naghrilla (f. 993 i Cordoba, d. 1055/56 i Granada). 

(iv) «Tasifaane» var mindre muslimske rike som var sjølvstyrde i Al-Andalus etter at Cordoba-perioden.

(v) Sitat frå side 16 i boka. 

(vi)  Solomon ibn Gabriol, også kjend som Shelomo ben Yehuda ibn Gabirol, og Abu Ayyüb Suleiman ibn Yahya ibn Jabirül (f. i Malaga 1021, d. i Valencia ca. 1058).

(vii)  Også kjend som Jekutiel ben Isaac (d. 1039).

(viii) Yitzak Baer: «Historia de los judíos en la España», Madrid 1981.  Sitat frå side 29.

(ix) Sitat frå side 18 i boka.

Bileta har eg teke sjølv.

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 13. juli 2025

Spania har mangt å visa fram frå denne tida

Ny tid og ny von

Som eg skreiv om i ein tidlegare blogg, var siste tida under det vestgotiske styret vond for dei spanske jødane.  Eit namn som vert hugsa, er Julian de Toledo (i). Om han skriv Joseph Perez: 

«… på slutten av den vestgotiske perioden var det forfattarar av jødisk opphav som gjekk hardast ut mot sine gamle trusfeller. Det er tilfellet med Julian de Toledo, son av omvende jødar og som skreiv bøker som med harde ord prøvde å få jødane til å forlata si falske tru og gå over til katolisismen». (ii)

Det var ei tid då jødar som ikkje ville omvenda seg, måtte røma landet. Elles vart dei piska i hel eller brende på bålet.

Von om betre vilkår

I 711 kryssa muslimske krigarar Gibraltar. Det vart starten på eit muslimsk styre som varde i over 700 år. Traiz ibn Zayad var leiaren som kom med ein hær samansett av arabarar og stammefolk frå Nord-Afrika. Det er usikkert kor stor hæren var. Eg har funne tal frå nokre tusen til rundt tretti tusen, og erobringa tok rundt 15 år. Dei vestgotiske leiarane Rodrigo og Aguila II tapte fleire slag mot muslimane som til slutt stod i det som i dag er Sør-Frankrike.

Skilt i steinlegginga som viser jødekvarteret
Kva hende med jødane?

Det er ingen tvil om at dei forfylgde jødane som fanst i landet, var hardt pressa både av dei verdslege og dei religiøse styresmaktene. Det er også liten tvil om at dei møtte erobrarane med von om betre livsvilkår, og at det fort vart etablert samarbeid mellom jødar og arabarar. 

Både i  mellomalderen og i nyare tid har jødane vorte skulda for å svika «Spania», og vera «ei femtekolonne» (iii) i krigen, noko som for meg verkar temmeleg ulogisk. Kvifor skulle dei støtta eit regime som undertrykte dei og som ville drepa alle som ikkje ville forlata sin kultur og si tru? 

Dei som invaderte halvøya, såg med velvilje på jødane der dei kom. Dei såg på jødar og kristne som «boka sine folk», og hadde respekt for deira tru. Muhamedanismen, jødedommen og kristendommen er, som me veit, monoteistiske, og alle bygger på sine eigne religiøse bøker, dvs. Koranen, Tanakh og Bibelen.

Muslimane gjorde i denne perioden lite for å omvenda jødar og kristne til si tru. I staden vart dei rekna som «dhimma» (iv), ei ordning som påla dei visse skattar og plikter, men samstundes gav dei eit slags rettsvern og eit visst indre sjølvstyre.

Og på hebraisk
Viktige samarbeidspartnarar

Muslimhæren som kom, var for liten til å ha kontroll med dei store områda han la under seg. I Toledo, då byen var teken, fekk jødane i oppgåve å kontrollera folket då hæren drog vidare. Det same hende i Granada. Om dette skriv Perez meir generelt:

… «når muslimane kom til ein by der det var jødar, gav dei jødane ansvar for garnisonen i lag med nokre av erobrarane, og slik kunne dei halda fram krigen utan at hæren måtte setja att for mange soldatar».

Dette samarbeidet la grunnlag for velvilje mot jødane i landet, og dei kunne kjenna seg trygge og driva sine aktivitetar både materielt og religiøst.

Mange vart muslimar

I den tida som muslimane styrde Spania, vart islam den dominante trua fordi mange gjekk over til islam. Perez seier at 80 % av innbyggjarane, inkludert ein del av jødane, hadde skift tru på 1200-talet. Kor mange jødar det er snakk om, veit ingen.

Mange stader oppstod det store og sterke jødiske miljø, og byar som Jaén, Zaragoza, Sevilla, Almería, Barcelona og Lucena vert omtalt som «jødiske byar». 

Perez nemner også ein tysk diakon som flytte til Zaragoza, omvende seg til jødedomen, gifte seg med ei jødinne, og skreiv ei rekkje skrifter mot kristendommen. Han skapte strid med dei leiande muslimane i Cordoba.

Minne frå det som ein gong var...

Jødar i eksklusive yrke

Medan jødane tidlegare hadde vore spreidde over alle slags yrke og sosiale lag, og utan å vera dominerande på noko område, oppstod det i denne perioden spesielle yrke og delar av samfunnet der jødane var dominerande. Her kan nemnast handel, innkrevjing av skattar og utlån av pengar. Også handel med slavar (v) og produksjonen av kastratar for harema, var det jødar som tok seg av. Særleg jødane i Lucena var kjende for dette siste.

Årsaka var nok at muslimske herskarar hadde tiltru til jødane, men også at det var upopulære yrke. På denne måten vart ein del jødar rike og mektige, men dei vart og utsette frå motvilje og hat frå folk som kjende seg utnytta eller kom i vanskar av ulike årsaker.

----------------------------

(i) Julian de Toledo (642- 690) vart fødd i Toledo av jødiske foreldre som hadde gått over til katolisismen. Han vart munk, skreiv fleire bøker og vart med tida erkebiskop i Toledo. Han var første biskopen som hadde utøvande makt over heile den iberiske halvøya. Han døydde 8. mars i 690, og han vart erklært heilag av den katolske kyrkja. 8. mars vert derfor feira verda over som «Den heilage Julian» sin dag.

(ii) Frå side 14, litt fritt omsett av meg. 

(iii) Uttrykket «ein femtekolonne» kjem frå den spanske borgarkrigen då Franco tok makta (1936-39). Det vart brukt om slike som sympatiserte med og arbeidde for fienden bak eigne linjer.

(iv) «Dhimma» er eit arabiske ord som betyr pakt eller avtale. Muslimsk tradisjon gjev «boka sine folk» ( dvs. jødar og kristne) rett til å leva relativt fritt i eit muslimsk samfunn, berre underlagt visse reglar og ein spesiell skatt. 

(v) Perez nemner i denne samanheng ei rute for slavehandel som gjekk gjennom Verdún og Rodanodalen, og som jødane i praksis hadde monopol på. 

Bileta har eg teke sjølv.

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


søndag 6. juli 2025

Framsida på bladet eg fekk tak i
At det går an!

I dag, (her skulle eg etter gammal kutyme lagt til «kjære lesar»), har du all grunn til å tru at eg har forvilla meg bort mellom ville gallarar, ville belgiarar og ikkje minst ville villsvin! Men då må du tru om att! Og om edruelege folk står fram og hevdar at Don Quijote eller i alle fall han som skreiv soga, var jødar, så er helten i dag noko av det mest anti-jødiske eg kan tenkja meg. 

Det var ein gong… 

Slik starta eventyra før, og sidan eg skriv om fortida, kan det vera eit godt utgangspunkt for år 50 før Kristus. Romarriket hadde då ete seg fram over på tre kontinent. Det skulle endå ta 250 år før riket nådde sin maksimale storleik. 150 seinare vart romarane jaga frå Spania, og imperiet gjekk etter kvart til grunne. 

«Teikneserie» eller «Serie-med-teikn»?

Heftet eg viser til, seier at «…tilværelsen er ikke helt enkel for de romerske legionærene, i de befestede garnisonene Lillebonum, Laudanum, Barbarium og Aquarium». Ingen av dess garnisonane låg i Spania, men der dei norske vikingane hadde slege seg ned i Nordvest-Frankrike!  

Kanskje Asterix & Co var etterkomarar etter «Gange-Rolv» alias «Rollo av Normandie»? Etter bileta i heftet kan eg godt tru at hestane hadde problem med å bera dei og, stormaga som dei fleste er! Kanskje Vilhelm Erobraren av Normandie (som tok England i 1066 og grunnla den normanniske kongeslekta der) også voks på same greina?

Stjerne-helt av nordisk slekt????
Asterix

«Stjernehelten» i soga er den vesle tassen Asterix som med bautasteinhoggaren Obelix og dei andre gallarane er romarane sin største skrekk. Det trur dei om seg sjølve heilt til ein romersk soldat på «ferie» i Gallia fortel at Cesar seier belgiarane er dei verste! Noko så hårreisande må motbevisast, og dermed går hovding  Majestetix med Asterix og Obelix til Belgia for å visa at belgiarane ikkje verre enn gallarane!

Sjølvsagt er Cesar og legionane hans med i soga. Garnison etter garnison vert raserte og til slutt får dei to hovdingane høyra dommen av Cesars eigen munn! 

Svaret og mykje meir kan du lesa sjølv om du får tak i dei gamle hefta. (Mine teikneserielesande etterkomarar er for lenge sidan flogne or reiret, så eg måtte til «Brukt’n» for å kjøpa eit. Der fann eg eitt einaste og velbrukt Asterix i eit hav av andre gamle teikneseriar! Kjem du innom kan du få låna det!)


Gallisk og belgisk krigsråd....

Kvar har så jødane i Spania med Asterix å gjera? 

Jau, romarriket hadde stadig problem med krigerske stammar frå nord. Historikaren Titus Livius skriv at romarane først møtte «keltarane» (i) i krig rundt 400 år f. Kr. Då var dei komne langt inn i Italia. 

«Keltarane» var eigentleg mange ulike folkegrupper som romarane gav namn etter området dei kom frå. På den bakgrunn kan namna «gallarar» og «belgiarar» vera rette. Lingvistisk sett snakka dei språk av indoeuropeisk opphav, slik me norske også gjer.


I Spania vert desse omtalte som «los visgodos», eit samlenamn for krigarar med vest-germansk eller vest-gotisk opphav. «Godane», opphavet til namnet, levde vest for elva Dniéper, i dag Dnipro, som kjem frå Russland, renn gjennom Ukraina og ut i Svartehavet.

Skjermdump frå Wikipedia
Det vestgotiske riket

Det første visgodiske eller vestgotiske riket i Spania vart grunnlagt i 418. Med tida rådde dei over store delar av halvøya og Frankrike fram til starten på 700 talet då dei muslimske hærane tok til å leggja Spania under seg. 

Vestgotane vart sett på som «barbariske heidningar» som undertrykte den katolske majoriteten i Spania. Andre kjelder omtalar dei som «ariske kristne»! Altså ikkje-katolikkar.

Det ser det ikkje ut til å ha vore konflikt mellom jødane og dei vestgotiske styresmaktene i starten på denne perioden. Problema starta først då son til kong Leovigildo (ii), Recaredo (iii)  gjekk over til katolisismen. Om dette skriv Joseph Perez:

«Frå denne augneblinken vart situasjonen for jødane endra. Dei var einaste minoriteten i eit land som offisielt var katolsk. Recaredo starta med sin diskriminerande politikk med å innføra lovar som hadde eksistert før, og la til nye. Det vart på nytt forbode for jødar å ha kristne slavar, forbod mot blanda ekteskap, og forbod mot at jødar kunne ha offentlege verv».

Sonen han, Sisebuto (iv) starta regelrett forfylging. Han førde vidare vedtaka faren hadde gjort, men vende seg no mot jødane som hadde omvendt seg til katolisismen. Dei vart mistenkte for vera katolikkar offisielt, men å praktisera jødedommen internt. 

Chintila (v) ville tvinga jødane med makt til å verta katolikkar. Han innførde avretting ved pisking eller bål, og «det vart vedteke reglar som liknar lovane om reint blod slik me kjenner frå moderne tid». (vi) Kong Egica (vii) gjorde jødane, også dei som hadde gått over til katolisismen, til slavar.

Det store spørsmålet er kva motiv som låg bak denne forfylginga av den jødiske minoriteten som ikkje utgjorde nokon fare for riket korkje økonomisk eller politisk. 

Perez seier: «Ut frå religiøse motiv og for å skapa einskap i landet, er det at det vert arbeidt for å få slutt på jødedommen på (den iberiske) halvøya.» (viii)

Dette får vera nok for i dag….

-------------- 

(i) «Keltarar» er eit samlenamn for forskjellege folkegrupper nord og vest for Alpane. Slik meg forstår det, er dette dei same folka som vert omtalte som «gotar». 

(ii) Han vert og omtalt som Liuvigild, Leuvigils, Leovigil og Leovigildo, konge frå 569 til 586. 

(iii)  Han vert og kalla Reccared 1, Flavius Reccardus og Flavius Recaredo, konge frå 586-601.

(iv) Også kalla Sisebut, Sisebutus, Sisebuth, Siseburog Sigebut, konge frå 612 til 621. 

(v) Konge  frå 636 til 639.

(vi) Sitat frå side 13 i boka. Han siktar nok her til nazilovane.

(vii)  Også kalla Ergica, konge frå 687 til 701/702. 

(viii) Sitat frå side 14-15 i boka. 

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.