Hersketeknikkar
Det er sagt at Israel har vunne alle krigane landet har hatt, men tapt kampen i media. No står landet oppe i ein krig som er ulik alle andre krigar, i alle fall så langt eg forstår det. Der er tre element i desse krigshandlingane som me ikkje har sett før, eller som no har fått heilt andre dimensjonar og vorte avgjerande for krigens gang. (i)
Framsida på boka eg refererer frå
Det første er bruken av tunellar. Første verdskrig vart kjend for å vera ein skyttargravskrig der soldatane oppheld seg mest i opne grøfter. Dei hadde då rom der dei kunne trekkja seg tilbake for å kvila, eta og sova. Under Gaza har terroristane bygt rundt 500 km tunelar der dei har komandorom, opphaldsrom, produksjonrom for våpen, og ikkje minst korridorar for flytting av våpen og personale utan at det kan merkast oppå jorda. (ii) Både under grensa til Egypt og nær grensa til Israel er tunellane så store at terroristane kunne bruka bil i dei!
Det neste særdraget er den kyniske og planlagde bruken av sivile personar og offentlege bygg som skjold. Tunellen der dei nyleg drepne gislane vart funne, hadde inngang frå eit barnerom i eit vanleg hus. Kven kunne tru at i eit barnerom med Mikey-mus-plakatar på veggen, kunne vera døra til torturkammeret der gislane vart haldne og seinare drepne?
Det same gjeld bruken av skular, barnehagar og hospital som skjold for utskytingsrampar og / eller utgangar der terroristane fort kunne dukka opp eller forsvinna. Det er dokumentert at UNRWA personell og personar i helsevesenet aktivt deltok som terroristar. Ein doktor på eit sjukehus var «verten» til nokre av gislane, har det kome fram. Det same gjeld bruk av ambulansar og bilar merkte med ofentlege logoar, - til transport av terroristar og våpen.
![]() |
Grensesetjing er viktig, - som denne for at folk ikkje skal køyra på sjøen... |
«Kampen om definisjonsmakten»
Kapitlet med overståande overskrift endar – som alle kapitla i boka – med eit resyme. Her er overskrifta «Råd mot virkelighetskupp». «Palestinarane» (iv) seier at dei er fordrivne av Israel, men det var før det engelske mandatområdet skulle avviklast, at det vart vedteke å gjeva jødane eit heimland der. Dette vart stadfesta av Folkeforbundet og seinare FN, men korkje FN eller dei pro-palestinske agitatorane ser ut til å hugsa dette i dag.
Det same gjeld definisjonen av «krig». I det eg skriv dette (v), er media fylte med informasjon om alle personsøkjarane som har eksplodert i Libanon. Dei har drepe eit tjuetals menneskje og såra fleire tusen. No ropar USA og FN om «Fåre for krig mellom Israel og Hizbollah», og dei prøver å «få Israel ifrå å starta krig»!
Det vil seia at dei – og media generelt, ikkje reknar eit regn av rakettar og droner over Nord-Israel frå 08.10.2023 som «krig». At mellom 50- og 70 000 israelarar er fordrivne frå heimane sine på grunn av dette, ser heller ikkje ut til å vera grunn nok til å seia at Hizbollah starta den krigen for snart eitt år sidan. Neidå, det er først når Israel seier at «Nok er nok» og vil ha ei opprenskinga i Sør-Libanon, at det vert ropt «Krig! Krig!».
![]() |
Denne "verneverdige låsen" er berre til pynt. Det same er FNs vedtak om Hizbollah.... (Den har drill, gjer som han vil.) |
No fortel libanesiske kristne at Hizbolla kjem og har utskytingsrampar i deira jordbruksområde - for bruka dei som skjold. (vi) Slik kan dei – som Hamas - drepa jødar og gøyma seg bak sivile libanesarar og FNs «fredsbevarande» styrkar. Dei har gjort dette i nokså nøyaktig eitt år, men det dei gjer, må eller kan ikkje reknast som «krig». «Det er Israel som fører krig!»
«Mistenkeliggjøring» og «Avledningsmanøvre»
Dette er dei to neste kapitla i Sollunds bok. Også i internasjonal samanheng er det ho skriv om, ein realitet. Mistenkeleggjering og avleiingsmanøvrar vert bevisst og ubevisst brukt. Informasjonsflyten er ikkje berre einsidig. Den har ei «innebygd» mistenkeleggjering av alt Israel seier. Ofte kjem slikt i tilegg til avsporingar frå historiske realitetar. Det var det som gjorde at eg for snart eitt år sidan kutta ut NRK-TV og særleg «Dagsrevyen».(vii)
Set same gjeld stoffet Sollund skriv om «Umyndiggjøring og maktkamp». Israel sa «Ja» både då det gjalt delingsplanen i 1947 og seinare i Oslo-avtalen. Det var arabarane som blokkerte planane. Men jødane vert stadig gjeva skulda for at desse avtalane har ikkje vorte oppfylte, endå landet har gjort meir for fred i Midtausten enn nokon annan stat!
Tenk om Israel ikkje hadde stogga slik FN og andre bad om, sist dei kriga mot terroristar i Gaza? Hadde dei gjort seg ferdige med det dei starta på då, er det mogeleg at titals tusen liv hadde vore spart no! Og om ikkje Israel beheld kontrollen av Philadelphia-korridoren mellom Gaza og Egypt, kor lang tid vil det gå før Hamas er i full gang att med å laga nye tunellar og produsera og lagra rakettar m.m.?
![]() |
Når leiken er slutt.... |
I boka eg tek døme frå her, kan du lesa om «Latterliggjøring og påføring av skyld og skam». Der er og eit kapittel om «Følelsesmessig utpressing» som kanskje er den viktigaste grunnen til at Israel er den tapande parten i mediakrigen. Å sjå born som har misst armar eller bein, eller høyra gråten frå mange som har misst sine kjære, påverkar oss. Det er trist og gjer vondt. Ingen skulle vera nøydde å oppleva noko slikt som dei har gjort i Sør-Israel og Gaza dette siste året. Korkje vaksne eller born. Korkje jødar eller «palestinarar».
Som resultatet av denne mediastormen, får me noko som Sollund kallar «manipulert samvittighet». Den oppstår når kjenslene våre blokkerer for faktabasert kunnskap. Til slutt kan me enda opp med eit «manipulert realitetsbilete», slik mange som støtta Hitler og Nazi-Tyskland gjorde under andre verdenskrig.
----------
Dette får vera nok for i dag.
Synest ikkje du og det?
-----------------
(i) Eksplosjonane av elektronisk utstyr brukt av Hizbollah siste dagane, er også ei form for krigføring verda aldri før har sett maken til. Det gjeld uansett kven det er som har gjort «oppfinnelsen».
(ii) Eg har lese at desse konstruksjonane kalkulerte til milliardar av dollar, pengar som truleg i stor grad er omdirigerte frå hjelpefond og internasjonal støtte.
(iii) Vil du lesa meir om kva eg meinar, har eg vore innom dette 25.01.24 i «Ordkrig», 04.02.24 i «Dikt og forbannet løgn», og 05.05.25 i «Løgn» og «Løgnens regime».
(iv) Eg skriv «palestinarar» i hermeteikn fordi det historisk sett ikkje finst eit folk eller ei folkegruppe med det namnet. Namnet oppstod då romarane, etter dei jødiske krigane i dei første århundra av vår tidsrekning, valde å kalla området Palestina. Namnet vart brukt heilt fram til slutten på det engelske mandatet. Alle som budde der, var «palestinarar», enten dei var arabarar, drusarar, jødar eller tilhøyrde andre folkegrupper i området.
(v) Kalendaren viser i dag 19.09.24, men det vil ta nokre veker for innlegget vert lagt ut. Det er ikkje alle veker eg får tid til å skriva, så derfor må eg ha noko på lager.
(vi) På ein bønnetur eg var på, stod me ved det israelske gjerdet og såg over dalen og inn i Libanon. I skråningen på hi sida var FN-leiren, og kvite FN-bilar køyrde langs grensa. På høgdene bak fekk me peika ut Hizbollah-leirar og stader der dei meinte det var bygt utskytingsrampar.
(vii) Sjå bloggane for 22.10. og 29.10.23. Etter det har eg sett «Dagsrevyen» (ufrivillig) to gonger. Då var eg på besøk hjå folk og fann at eg ikkje kunne be husfolket slå av. Men det var – som alltid, ei pina å høyrar på Midtaustens-korrespondenten deira.
---------------
Merknad: Bileta har eg teke sjølv, også det av boka til Solund.
Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.