søndag 28. juli 2024

 Karta fortel                 Del III

Dette låg på nettet under «Norge anerkjenner Palestina.png»
Noreg godkjenner Palestina

Pressemeldinga frå regjeringa 22.05.2024 starta slik (i): 

«Regjeringen har besluttet at Norge vil anerkjenne staten Palestina. Midt i en krig, med titusenvis av døde og skadde, må vi holde liv i det eneste som kan gi et trygt hjem for både israelere og palestinere: To stater som kan leve i fred med hverandre, sier statsminister Jonas Gahr Støre. 

Norge har et mangeårig engasjement for tostatsløsningen. Anerkjennelsen tydeliggjør det som har vært Norges holdning i lang tid, nemlig at den eneste varige løsningen på konflikten i Midtøsten, er en reell tostatsløsning

Kartet eg fekk opp då eg søkte på kvar i Israel den norske regjeringa plasserte den palestinske staten, tek frå jødane ein vesentleg del av det sentrale Israel og gjer landet uråd å forsvara. Grenselinjene vert heilt uoversiktlege, og avstanden mellom grensa frå det planlagde Palestina og havet, gjer at det er enkelt å hindra transport både i sivil og militær samanheng mellom Nord- og Sør-Israel. Om staten Israel godtek ei slik løysing, er det å skriva under sin eigen dødsdom. Det veit me er palestinarane sitt ynskje, men vil FN (og for den del den norske regjeringa) gå ærleg ut å seia at dei har same mål med politikken sin?

Dette nye «Palestina» vil ha fri tilgang til import våpen og krigsutstyr frå Egypt og Jordan, slik terroristane har prøvt å få til siste åra. Hamas, som er sprunge ut av radikal islamisme i Egypt, har fritt ført inn militært utstyr og personale gjennom såkalla «gøymde tunellar» under grensa. Israel har øydelagt til no rundt 25 slike tunellar, og dei er av ein slik dimensjon at egyptiske styresmakter må ha visst om dei. Grunnen er heller at dei offisielt ikkje ville vedgå at dei støttar terrororganisasjonane som opererte i Gaza. På same måte veit me at militært utstyr har vorte smugla inn til Judea-Samaria frå Jordan, trass israelsk grensekontroll. Slike problem slepp dei om Noreg og FN får viljen sin!

Statsministeren sine ord viser at regjeringa lever i ei draumeverd utan reell kontakt med det som har hendt i Midt-Austen siste hundreåret. Støres draumebilete om «to stater som kan leve i fred med hverandre», er grundig knust gong på gong, - seinast 07.10.2023. Ikkje rart at Hamas og dei andre terroristane  jubla då vedtaket vart kjent der nede. For dei er Jonas Gahr Støre og Espen Barth Eide heltar som støttar dei i krigen mot jødane! 

Men er det det ettermælet desse to ynskjer å oppnå? 

Frå framsida av bladet...

«Ulogisk og uetisk»

Dette er overskrifta på bladet «Et ord fra Jerusalem», nr. 6 – 2024.(ii) Det er juristen, mangeårige politimeistaren og advokaten Ragnar Hatlem som brukar desse orda om Noreg si godkjenning av Palestina. Intervjuet held fram på side 4 og 5. Hatlem seier mellom anna: 

« - Det er utrolig lite kunnskap blant folk om dette, og det er opplagt et problem. Jeg mener det er ekstremt viktig at folk begynner å få mer kunnskaper om de historiske og folkerettslige tingene.

- For det første er ikke palestinerne ute etter landområder slik Støre og politikerne synes å tro. Palestina-araberne er opptatt av å bli kvitt Israel, noe alle faktiske forhold tilsier. Vi vet at det radikale islam, Hamas og PLO i over 100 år har forsøkt å terrorisere jødene og hindre opprettelsen av den vestlig orienterte demokratiske staten Israel, slik at de ikke etablerer seg i disse områdene. Det dreier seg om å bli kvitt vestlige verdier som ytringsfrihet, åpenhet, likestilling, menneskeverd og menneskerettigheter som truer Islam.

Side 4 og 5 gjev oss heile intervjuet
-  Jødeforfølgelsen fra islam stammer helt tilbake til profeten Muhammeds tid. I år 627 / 628 drepte han en rekke jødiske menn da de ikke ville konvertere til islam. Kvinner og barn ble tatt til slaver. Han reiste senere til Medina der han ble en grusom militær leder.

- I 1968 sa Haj Amin al-Husseini (stormufien av Jerusalem) som også samarbeidet med Hitler, rett ut: «Drep jøder, hvor hen du finner dem!» Det same sa Yasir Arafat: «Vår frihet ligger i å utrydde Israel.» Også dagens Hamas-ledere uttaler stadig at de ønsker å avvikle staten Israel og returnere til områdene».

-----------------

Dette får vera nok frå ein velskriven og innhaldsrik artikkel som alle i dette landet burde ha lese. 

Meld deg inn i IKAJ og få bladet tilsendt, du også….

-----------------

(i) Frå Norge anerkjenner Palestina - regjeringen.no. Den formelle datoen for vedtaket var 28.05.2024.

(ii) Bladet er utgjeve av Internasjonale Kristne Ambassade Jerusalem (IKAJ) og heiter: «Et ord fram Jerusalem». Det har undertittelen «Forstå Israel».  Bladet kjem ut ein gong i månaden og vert send til alle IKAJs medlemar, støttepartnarar og forbedarar.  Hovudkontoret til IKAJ er: International Christian Embassy Jerusalem, www.icej.org.il

Faksimilene frå «Et ord fra Jerusalem», har eg teke med mobiltelefonen.

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

-

søndag 21. juli 2024

 Karta fortel…                    Del II

Det britiske sviket
Faksimile av sida i atlasen

På side 88 i same atlasen er eit kart med tjukk, svart strek rundt det området som vart lova til «the Jewish National Home» i Palestinamandatet frå San Remokonferansen i 1920. Men engelskmennene haddde innteke landet i 1917-18 med hjelp av arabiske stammar i området, og som motyting for denne hjelpa, fekk Emir Abdullah i 1921 rundt 2/3 av mandatområdet. Slik vart landet Jordan eller rettare sagt - Det hashimitiske kongeriket Jordan, skapt. I tillegg overførde engelskmennene eit område ved Golanhøgdene til franskmennene sitt syriske mandat.

Ein interessant informasjon på dette kartet, er den prikka linja frå Akkababukta opp til nord for elva Litani eller Leontes i dagens Libanon. Dette området tilsvara området der dei tolv stammane busette seg då dei inntok landet. Grensa ville då gått langs den ottomanske jernbana til Damaskus. Hadde jødane fått det dei ynskte, ville landet vorte bortimot 40 % større enn det engelskmennene etterlet seg til dei.

FNs delingsplan (x)
FNs svik mot jødane

Trass i at Folkeforbundet hadde gått med på å gjeva jødane eit heimland i det som var att av det britiske palestinamandatet, vedtok FN 29.11.1947 Resolusjon 181 der dei delte det resterande området med 56% til jødane, og 43 % til arabarane i området. 

14.mai 1948 erklærde så David Ben-Gurion Israel for ein jødisk uavhengig og sjølvstendig stat. Kva konkrete grenser dei gjekk ut frå den dagen, veit eg ikkje, men det er sagt at jødane hadde godteke FN sin delingsplan før denne dagen. Det hadde derimot ikkje arabarane gjort. Og straks fødselen av Israel vart kjend, gjekk Syria, Egypt, Jordan (i), Libanon og Irak til krig mot landet.

Trass alle spådommar, vann jødane – med Guds hjelp – slag etter slag, men måtte etter sterkt press frå mellom anna England, stogga kampane 7. januar 1949. Ved våpenkvila fekk Jordan kontrollen på eit område vest for Jordanelva som dei kalla Cisjordania, og halve Jerusalem. Egypt fekk området med Gaza.

Den tredje arabisk-israelske krigen: Seksdagarskrigen.

Israels fødselsveer var ikkje slutt i 1948. 5.juni 1967 kom det for tredje gong til krig mellom arabarane og Israel. Ei rekkje arabiske statar hadde samla seg mot Israel leidd av Egypts president Nasser, men berre Egypt, Jordan og Syria tok aktivt del i krigen. Med Guds hjelp tok Israel då store område som dei delvis gav frå seg i våpenkvila som vart underteikna 11. juni same år. Israel gav frå seg Sinaihalvøya, men held att området Cisjordan som seinare har fått namnet Vestbredden. Dei gav ikkje Jordan tilbake styret over Aust-Jerusalem, og heller ikkje Gaza til Egypt.

Faksimile frå snl.no/seksdagarskrigen
Men FN held fram som motstandar av at jødane skulle få sitt heimland i det som vart att av det engelske mandatområdet då britane hadde gjeve vekk Jordan og Golanhøgda. Sikkerheitsrådet vedtok «Resolusjon 242» som påla Israel å gjeva frå seg områda dei hadde teke og som dei ikkje gav frå seg ved våpenkvila. Landet er lite, og dei nye grensene var lettare å forsvarar mot angrep utanfrå, noko som har vist seg å vera rett.

Viktige ting å leggja merke til

1. FN ved sin resolusjon tok parti med dei som gjekk til krig mot Israel, og ville lønna dei som starta krigen ved å få krevja tilbake områda dei hadde før. Dette er eit prinsipp som ser ut til å gjelda framleis i og med at FN (og Noreg) no vil lønna Hamas og dei arabiske terroristane med eit «fritt Palestina» midt inne i det landet Gud gav jødane og som er deira tradisjonelle heimland.

2. Ein eller annan stad i denne prosessen kom nokon på at arabarane, som på lik line med jødane hadde butt i det engelske mandatområdet og vorte identifiserte som «palestinarar», vart eit «urfolk» i området. Dei okkuperte dermed einsidig den felles arabisk-jødiske identiteten, «palestinar», og proklamerte at deira originale «habitat» var Palestina. Dermed starte eit løgnregime som eg trur er utan parallell i etnisk historieskriving (ii).

3. Eit av grunnpilarane i Resolusjon 242 er at dei arabiske statane skulle godta at Israel skulle eksistera innanfor trygge grenser. Dette var og eit av fundamenta i Camp David-avtalen og i avtalane gjort i Oslo, men som arabarstatane (og dei såkalla «palestinarane») aldri tok med i sine grunnlovar eller politiske manifest.(iii) Sett i historisk samanheng har desse avtalane berre vore misgrep og ulukker for Israel!

Eit sorgens kapittel...

--------

(i) Den gongen kalla «Transjordan», = landet bortom Jordanelva.

(ii) Det same er realiteten bak begrepet «antisemittisme» som vart innført i staden for «jødehat». Der er mange semittiske språk og semittiske folk i Midt-Ausen, men antisemittisme er berre brukt i samband med jødar.

(iii) Kanskje avtalane Trump fekk til mellom Israel og nokre arabiske statar, har endra dette. Detaljane i avtalane kjenner eg ikkje til. 

(x) Frå UN_Partition_Plan_For_Palestine_1947,svg.png. (kart FN) Faksimile.

Det er ikkje lov å bruka tekst eller bilee frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


søndag 14. juli 2024

Kartet eg har på veggen...
 Karta fortel   Del I

Palæstina

På veggen på kontoret mitt har eg kopi av eit gammalt veggkart for bruk i skulen, utgjeve «efter offentlig Foranstaltning af Carl Schwenzen», 2. opplag, 1871.  Lengst oppe i nord ligg byen Dan på ei av greinene av Jordanelva. Vest for den ligg det gamle Fønikia, delt av ei elv som renn ut nett nord for Tyrus. På dette kartet er elva kalla Leontes. I dag finn me framleis dette namnet, men Litani er det eg ser brukt i Israel. Langs denne elva gjekk grensa til det landet som Gud lova jødane.

Då England og Frankrike delte denne delen av det Osmanniske riket, sette dei grensa lenger sør, der grensa mellom Israel og Libanon går i dag. Dei tok ikkje omsyn til gamle grenser og kvar dei forskjellege folkegruppene hadde sine tradisjonelle landområde, noko som har skapt stadige konflikter fram til vår tid. Det me i dag kallar Sør-Libanon, er derfor det gamle Øvre Galilea, og høyrer til det området Gud gav jødane. 

Faksimile av side 4 i atlasen.
Landet delt mellom dei 12 stammane

Utvandringa frå Egypt og inngangen i Lovnadslandet, skjedde mellom 1500 og 1400 før vår tidsrekning. Atlas of Jewish history (i) har eit kart som viser kvar dei forskjellege stammane slo seg ned, og dei folkeslaga som budde rundt og delvis mellom jødefolket. Naftali og Aser fekk Øvre Galilea, det som no er Sør-Libanon.

Så langt me veit, eksisterer ikkje nokon av dei andre folkegruppene som levde i området den gongen. Kvar dei vart av og korleis, er lite og ikkje kjent. Dei ikkje-jødiske busetjarane i området vart etter kalla arabarar, og var oppdelte i klanar som delvis låg i krig med kvarandre.

Det har alltid butt jødar her...

Abraham kom vandrande med flokken sin rundt 2000 år før vår tidsrekning. Med det starta jødefolket si soga i landet. Då fleirtalet av folket vart bortførde til Babylon omkring 600 år før vår tidsrekning, vart ein del likevel buande i landet. Det same skjedde etter krigane mot romarane. I åra 70 og 132-35 var på nytt fleirtalet av jødar drepne eller bortførde. Likevel vart ein rest av folket att.

Faksimile av side 85 i atlasen.

Eit kart i den jødiske atlasen til Gilbert over åra 1880-1914 (ii), viser over 50 stader der det var jødisk busetjing, i tillegg til 7 byar med blanda jødisk-arabisk busetnad. I den perioden kom det inn over 60 000 jødar, dei fleste frå Russland, Galicia, Romania og Polen. I same perioden, i 1909, vart og den første reint jødiske byen, Tel Aviv, grunnlagt i sanddynene aust for hamnebyen Jaffa. Kartet har data på at i 1880 var der 470 000 arabarar i området, og 24 000 jødar. I 1914 var talet på arabarar stige til 500 000, og jødar til 90 000.

Då det ottomanske riket fall etter første verdskrig, valde dei nye makthavarane å kalla området Palestina, slik romarane hadde gjort. Alle innbyggjarane vart registrerte som «palestinarar», enten dei var jødar eller arabarar. Golda Meir og dei andre jødane, fram til 1948, hadde pass og identitetspapir som sa dei var «palestinarar». Det same gjalt for arabiske innbyggjarar i landet. Då Israel vart etablert som stat, vart namnet «israelar» innført på identitetspapira.

-------------

(i) «The Routledge Atlas of Jewish History» by Martin Gilbert, Routledge, New York and London, 8. utgåve frå 2010. (Kartet er frå side 4).

(ii) Då var landet framleis under det ottomanske styret. 

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


søndag 7. juli 2024

 «LO vil utslette verdens eneste jødiske stat»

Dette var overskrifta i MIFF (i) si utgåva nr. 3 / 2022. Inne i bladet, på side 6 og 7 gjev bladet informasjonen som overskrifta byggjer på. Stoffet bladet tek fram, er førebuinga til LO-kongressen 30.mai til 3. juni 2022.

Faksimile frå framsida av bladet
LO er den største arbeidstakar-organisasjonen i landet vårt og har over 1 000 000 medlemar etter det eg finn på internett. Føremålet med organisasjonen er at arbeidarane skal ha rettferdig løn, gode pensjonar og trygge arbeidsplassar. Ideelt sett skulle det vera ein organisasjon for alle, utan tanke på religion, politisk syn eller etnisk bakgrunn, men slik er det ikkje. 

Organisasjonen er og har vore knytt til arbeidarpartiet og brukar ein heil del av pengane medlemane betalar inn, til å halda dette politiske partiet ved makta. Hadde LO vore ein demokratisk organisasjon, burde kvar medlem vore med og bestemma kvar hans eller hennar «partiskatt» (ii) skulle gå. Det var eit uaktuelt spørsmål den gongen eg som medlem tok det opp. «Partiskatten» til arbeidarpartiet var «obligatorisk»!

Det grøne "Israelkartet" i emblemet
viser målet  dei arbeider mot...
Like udemokratisk er LO si haldning til problemet i Midtausten. Både på dei tradisjonelle 1.mai-demonstrasjonanane og elles, er fokuseringa einsidig, antisemittisk og Israel-fordømmande. Der er dei på linje med kvinnesaksrørsla, - også den markert venstrepolitisk og Anti-Israel. Det kom fram sist 8. mars då nokre kvinner ville stilla opp til støtte for sine israelske søstre, men vart jaga. Det same gjeld LO sine norske medlemar som er jødar og eller Bibel-truande. Mange alt har gått ut (iii) fordi dei ikkje kjende seg heime i organisasjonen lenger.  

På same måte er arbeidarar i Israel – både dei av jødisk og arabisk ætt, ikkje tekne med i det LO arbeider for. LOs samarbeidspartnar er Palestinian General Federation of Trade Unions (PGFTU) som høyrer heime i «the Palestinian Territories» og har rundt rekna 300 000 medlemar.(iv)  Om desse skriv MIFF i artikkelen:

«Kontakten med PGFTU har bidratt til å få LO til å vedta full boikott og politikk som vil utslette Israel. Det siste blir bekreftet av PGFTU sin logo som viser et kart der Israel er borte og landområdene farget i islams grønne farge».(v)

Snakk om å vera «einøygd»…

Eg vart fødd i 1944 og hugsar snakk om «dei einøygde». Slik eg forstod det, var «dei einøygde» dei som støtta Quisling og Nasjonal Samling, snakka vel om desse og prøvde å få andre til å ta deira parti. Desse såg berre ei side av sakene og var uimottakelege for motargument. I verste fall kunne den som «opponerte», verta meld til lensmannen eller tyskarane….

Tendensen til «å sjå berre med eine auga» går att både i LO, NRK og for den del i regjeringa. Informasjon, fokusering og utspel er stort sett einsidig. Alt negativt som kan seiast om Israel, vert utbasunert og repetert. Overgrep, mishandling og drap av jødar, vert minimisert (vi) eller «tagd i hel».

Dette er så markant at det bør kallast antisemittisme, i alle fall etter IHRA (vii) sin definisjon. Eit av teikna er å nekta jødane sjølvråderett,  slik det er snakk om når dei vil tvinga på jødane eit «Palestina» midt i det landet Folkeforbundet – med grunnlag i Balfourdeklarasjonen, gav jødane som «sitt heimland».

Faksimile frå side 7 i bladet til MIFF

Eit anna bevis på antisemittisme er dobbel etisk standard. Korkje LO, FN eller den norske regjeringa stiller same krav til jødane og «palestinarane». Me ser det på handsaminga av PNA (viii), Hamas eller andre såkalla «palestinske organisasjonar» enten dei er terroristar eller ikkje.  Talet på FN-resolusjonar mot Israel samanlikna med alle ande statar i verda, beviser at organisasjonen er antisemittisk. Det same er NRK si dekning av Midt-Austen (inkludert deira utsende medarbeidarar), og LO sine angrep på Israel som for lenge sidan har vorte ein tradisjon. I alle fall så langt eg kan sjå.

Ut frå alt dette, og det som har skjedd i norsk politikk dei siste ti-åra, kan dette vera grunn til å spørja:

Er norske utanriksministrar «stråmenn» for LO?

Dei siste utanriksministrane landet vårt har hatt, har fylgt LO si anti-israelske haldning nokså trufast.(ix) Om det er det liten tvil. Takka være dette vert Noreg no rekna for å vera antisemittisk og anti-israelsk. Kanskje det er på tide å spørja om Anniken Huitfeldt og Espen Barth Eide i realiteten var / er «stråmenn» (x) for LO?  

Nietzsche sa: «Penger er maktens brekkjern» (xi). Med LO si rikelege – og udemokratiske – støtte til Det norske Arbeidarparti, har dei kanskje makt nok til å bestemma kva politikk regjeringa skal føra mot Israel og jødane?

Eller kva meinar du?

-------------------- 

(i) Bokstavane står for «Med Israel for fred», og  bladet deira heiter «Midtøsten i fokus». 

(ii) Dette kunne ordnast på same måte som støtta til trudomssamfunn.

(iii) Etter boikottvedtaket til LO i 2017, melde mange seg ut av LO. MIFF siterer eit par av desse: «Jeg er skamfull over holdningene jeg indirekte har støttet.» og «Hvordan kan jeg stole på at LO arbeider med fakta, likestilling, rettferdighet og god moral i andre saker?» (Dette kan lesast nedst på side 7, andre spalte frå høgre).

(iv) Eg har leitt på internett for å finna kor mange av desse medlemane som arbeider inne i Israel.- Så langt eg veit, har ein stor del av dei palestinske arbeidarane sin arbeidsstad i Israel, men er busette i Judea/Samaria eller Gaza.

(v) Vidare kan me lesa at organisasjonen i 2018 hadde misbrukt 800 000 kroner av NORAD-pengar kanalisert gjennom LO. Vart denne saka gjort opp og pengane tilbakebetalte til NORAD?

(vi) Dette er ei forenkla form av «minimalisert» som kan høyrast i daglegtalen.  

(vii) Dvs. etter «The International Holocaust Remembrance Alliance» (IHRA) sin definisjon.

(viii) PNA er «Den palestinske selvstyremyndigheten», på engelsk normalt berre omtalt som PA

(ix) I utkastet til vedtak på den nemnde LO-kongressen, finn me uttrykket «LO krever….» fleire stader. 

(x) «Stråmann: 1. Utstoppa figur av halm. 2. Person som mot betaling tek på seg det formelle ansvaret for ein transaksjon, tvilsam handel.»  Etter Nynorskordboka, Det norske samlaget.

(xi) Frå www.ordtak.no



Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.