Me lever i ei tid der det vert snakka og
skrive om mobbing lokalt og nasjonalt, frå grasrota til regjerings- og
stortingsnivå. I mi lærartid hadde me
slagordet: «Ikkje mobb kameraten min». Etter det media i dag fortel, var kampanjen
då - og mange andre seinare, til liten eller inga nytte.
Ordet kjem som kjent av det engelske substantivet «mob»,
som tyder «(folke)masse, (folke)mengde; flokk, gjeng; pakk; mobb». Det
tilsvarande verbet tyder «1. flokke seg om,
stimle saman om, 2. angripe /storme ( i flokk), 3. mobbe»[i].
I mi tid sa me «erting» eller «plaging»
når det berre var ein som stod for handlinga. Mobbing vart det først når det
var fleire som stod saman mot ein. No ser eg at ordet også inkluderer tilhøvet
mellom to einskilde individ. «Han mobbar henne», eller «Ho mobbar han». Ein
innovasjon.
Mobbing er upassande åtferd både på
individuelt nivå, og på gruppenivå. U-etisk. Ei skam og ein udåd i tradisjonell
etikk. Går ein til den kristne etikken, den som var grunnlaget for vår
euro-amerikanske kultur, er mobbing synd.
Mobbaren eller mobbarane ser ikkje han «Per»
eller ho «Kari» som menneske med same kjensler og ynskje som dei sjølve. I
mobbaren si tankeverd er mobbeobjektet ein figur, - eit bilete dei har inne i
seg. Det kan vera laga av dei sjølve, men truleg oftare laga av «dei vaksne»
når det er snakk om mobbing mellom born. «Figuren» eller «imagen» kan og vera
skapt av media, eller av dyktige politikarar slik me såg det til dømes i dei
tyske politiske storsamlingane rundt Hitler eller Mussolini.
Den mest typiske mobbefiguren
er «jøden». Du
ser han teikna med krokete nase, pengegrisk, og kva meir karaktertrekk som har
vorte tillagt han både i vår tid og før. «Senteret
for studier av Holocaust og livssynsminoriteter» hadde eit prosjekt om ««Jøden» som kulturell konstruksjon
i norsk offentlighet 1814 – 1940». [ii]
Uttrykket ««Jøden» som kulturell
konstruksjon» gjev i seg
sjølv grunn til ettertanke. I eit slikt
oppkonstruert bilete er individuelle eigenskapar, rettar og plikter utviska
eller minimiserte. Individet blir tillagt
ansvar for handlingar han ikkje har noko som helst personleg ansvar for. Ting
han eller ho aldri har hatt høve til å gjera noko med. Mobbaren ser berre det
tenkte bilete av mobbe-objektet han har inni seg. Fordomsskapande og fordømmande.
«Jøden» er ikkje eit individ. Det er
ei generalisering av tillagde kriterier. Fysiske som psykiske. I fleirtal,
når me seier «jødane», vert dei
tillagde eigenskapane berre multiplisert. Det oppstår eit samlebegrep som legg
si klamme hand om eit heilt folk.
Dei reelle jødane er ei samlinga av
levande menneskje som du og eg. Kanskje er jødefolket samansett av individ med
mykje meir ulikskapar og kulturelle særdrag enn noko anna folk på jorda. Å vera
spreidd ut over verda gjennom fleire tusen år, har sett sine spor. Mange lever
framleis i Afrika, Asia, Amerika, Europa eller kvar dei har slege seg ned. «You name it!»
Jødane har vorte slakta, brende[iii],
forfylgde, hundsa og utnytta. Dei er finst mellom alle slags hudfargar, - er fattige
og rike, kriminelle og lovlydige, umoralske og strengt etiske, vantruande og
fanatisk religiøse. Ein del har vendt
heim til sitt opphavlege land. Romarane gav området namnet «Palestina». Jødane hadde kalla det «Lovnadslandet»,
-seinare delt i «Juda» og «Israel» . Dei heimattkomne kallar landet sitt
Israel. Der utgjer dei eit konglomerat
av hudfarge, språk, kulturtrekk og politiske meiningar. Men framleis ser det ut
til at mange i vårt land berre ser «jøden» og «jødane».
Me hadde jødeparagrafen i Grunnloven av
1814 og mange år etterpå. Altfor mange.
Henrik Wergeland tok striden opp mot det oppkonstruerte jødebiletet, og mot dei
styrande sin motvilje mot å fjerna paragrafen. Han gjorde det i både ord og
teikning. Det siste er det vel få som er klar over.
Min generasjon las i Nordahl Rolfsens Lesebok soga om
jøden som låg ute julenatta. Me såg for oss den gamle, utslitne jøden som
klumheldt eit barn under frakken for å gjeva det livd mot snøstormen. Han
stavra seg fram til stova i skogen og bankar på:
-
"I Jesu navn, hvem der i
slik en natt?"
-
"Den gamle Jakob. Kjenner I
mig ei? Den gamle jøde?"
-
"Jøde" skrek forferdet
en manns- og kvinnerøst. "Da blir du ute. Vi eier ingen ting å kjøpe for og blot ulykke vil du bringe huset i denne natt da han ble født du drepte."
Dei skulle ikkje ha nokon jøde inn i sitt hus, - og sende dermed han
i døden. Dei skulle bruka kvelden til å minnast at Frelsaren, - jøden
Jesus, vart fødd. Den gamle Jakob
var for dei ein «Kristus-drepar». Dei
gav han skulda for eit drap gjort 2 000 år før på ein heilt annan stad på
kloden. Ein stad han aldri hadde vore og heller aldri kom!
Det dei to ikkje visste, var at dei på
denne måten tok livet av sitt eige barn. I mitt
barnesinn låg tanken: «Til pass åt
dei!». Men det kunne eg ikkje seia høgt.
Me lærde både på skulen og heime at me måtte
vera snille….
«Jøden» Wergeland skriv om, var gammal mann i ein vond
livssituasjon. Han kjempa for sitt eige liv og for livet til eit lite barn han
ikkje hadde noko ansvar for. Eit han hadde plukka opp av omsorg og ynskje om at
det måtte få leva. Dei innanfor døra såg ikkje mennesket. Berre den kulturelle
konstruksjonen, «jøden». Til si eiga ulukka og skam.
Verda i vår tid fordømer «jøden» som vågar
å forsvara seg mot rakettar og freistnader på å drepa dei. Gasa er det landområdet dei gav frå seg då
slagordet var «Land for fred!» Det dei fekk, då dei gav etter for presset frå
norske og utanlandske regjeringar, var «Land
for terror, drap og trugsmål om total utrydjing». Men då tagde både den norske regjeringa
(som tok æra for «Oslo-avtalen»), FN, EU og alle andre som hadde vore med og «forsikra regjeringa i Jerusalem» at
dette var vegen til fred….
Då Israel forsvara seg mot rakettar og
angrep gjennom tunellar under grensa,
ropa til og med mange norske prestar og religiøse lekfolk opp og
fordømde det jødane gjorde. Dei såg berre «jøden»
i samtidsbiletet. Dei såg han i kontrast
til «dei stakkars palestinarane». Eit
like oppkonstruert bilete. Like langt frå det reelle bilete av menneskja i Gasa.
Like usant på godt og vondt.
Det Hamas gjorde med sivile som skjold,
lagring av våpen og krigsutstyr i skular og hospital, vart lite og ikkje nemnt
i media. «Jøden», karikert og stigmatisert, stod så lagleg til for hogg. «Dei
stakkars palestinarane» derimot… Ja, du
veit resten.
Wergelands juledikt er like aktuelt i dag
som i 1814. Hans teikning og.
Adventstida me er inne i, burde vera ei
tid til ettertanke. Tid til å sjå alle som reelle menneskje. Til å elska. Til å
hjelpa. Uten alle imaginære og kulturelle konstruksjonar. Sterke menneskje. Svake menneskje. Trengjande
menneskje. Gråtande menneskje. Jublande menneskje.
Med
- Menneskje.
--------------
Så ei «jule-nøtt» til deg som eventuelt kjem til å lesa dette:
Tenk deg Wergeland si forteljing tilpassa
vår aktuelle situasjon. Me opplever ei kompakt fordømming bore til torgs av
både lekmann og prest. Ei fordømming av «jøden». Ein repetisjon av det dei to der i gangdøra
gjorde julekvelden i 1814.
Men kven eller kva er «det kjære barnet vårt»
som me også dømer til døden i vår «stormfulle vinternatt»?
Kven «frys i hel» utanfor vår dør?
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Vangsnes, advent 2014.12.14. Ibj.
Det er forbode å bruka stoff frå denne bloggen utan skriftleg
løyve frå forfattaren.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar