At
Keisar Vilhelm var ofte i Noreg, er vel dei fleste nordmenn kjende med. For
ikkje lenge sidan feira me hundreårsjubileet for «Fridtjov den Frøkne» på
Vangsnes. Samstundes vart den tyske ambassadøren motteken med heider og ære i Bodø
og la ned krans på ein bauta keisaren fekk reist der. Jau, minna etter
keisaren, er mange. Det vert sagt han var ein stor Noregsvenn, noko han viste
med sine nesten årvisse turar til landet vårt.
Frå no.wikipedia.org |
23
januar 1904 brann Ålesund. Eit døger etter var tre skip med dokterar,
medisinar, mat, ullteppe m.m. på veg for å hjelpa folket der. Keisaren vert derfor
heiderleg omtalt der oppe i
«Jugend-byen», og berre 4 dagar etter brannen starta, fekk keisaren Storkorset
av St. Olavs Orden, som «belønning for utmerkede fortjenester av
fedrelandet og menneskeheten». [i]
Same
året som han gjorde si første reise til Noreg, gjesta Keisar Wilhelm II
Jødeland. Landet var då ein del av det osmanske riket. Vitjinga hans vert framleis
omtalt der nede, men keisaren har ikkje den same glorien der som hjå oss.
Ein av dei viktigaste portane inn i Jerusalem,
er Jaffaporten. Den er spesiell. Medan
alle dei andre portane inn i Jerusalem går beint fram, er går denne i vinkel på muren, i ein liten
tverrvegg. Folk måtte derfor bøya av langs veggen for å få koma inn. Det vil seia,
før keisar Vilhelm kom.
På ved inn opningen i muren ved Jaffaporten. |
Gammal
lov sa at ingen framand herskar hadde lov å ri inn i Jerusalem. Dei skulle gå
til fots. Men det passa ikkje den store keisaren frå Europa. Han skulle ikkje vera
nøydd å stiga av hesten og gå på sine bein inn i byen. Dei som då styrde
Jerusalem fekk dermed eit problem. Resultatet? Dei reiv eit stykke av den fleire tusenår gamle
muren! Så fekk keisaren ri på sin stolte hest, og dei politiske herrane sola
seg i glansen av storbesøk frå Europa!
Frå israel-tourguide.info |
Sonen,
keisar Vilhelm den II, reiste til Jerusalem for å innvia kyrkja faren hadde
fått bygt. Det gjorde han på sjølve «Dagen for Reformasjonen», 31. oktober. Kyrkja
er i dag kjend som “Lutheran Church of the
Redeemer”.
Kva jødane der nede meinte omrivinga av muren, spelte ingen rolle. Det var
«storpolitikken» som rådde, - i 1898 som no. Men for jødane som var fødde i landet, og
dei som kom flyttande seinare, var og er rivinga ei ugjerning.
Ein av
dei heimvende jødane var Charles Nettes, fødd i Strasbourg og inmigrert til
Jødeland frå Paris. Han oppretta
«Alliance Israélite Universelle» i 1860. I 1870 fekk han 6500 mål sumpland
ikkje langt frå Tel Aviv. Sultanen i Konstantinopel rådde då over landet, og han
gav han det som var dårlegast. Charles ville starta ein jordbruksskule for dei jødane
som frå gammalt hadde budd i landet, og for dei som etter kvart flytte heim. Han
kalla skulen Mitwa Yisrael.
Minneplata over fredsprisen. |
Første
året hadde han ein einaste elev, og lærar og elev budde saman i ei berghole på
eigedomen! Dei jødiske leiarane i landet hadde ikkje tru på arbeidet hans og
rådde ungdomane frå, men Nettes ville ikkje gjeva opp.
I dei
siste tiåra av 1800 føregjekk den første store «aliyah».[ii]
Skulen fekk dermed meir elevar, vaks og fekk ein sentral plass i utviklinga av
landet. Under frigjeringskrigen i 1948 var studentane soldatar samstundes som
dei på verkstaden til skulen laga og reparerte våpen.
Me fekk
god innføring i Keisar Vilhelm den II si vitjing. Ved inngangen til eigedomen står
ein ryttarstatue til minne om då keisaren kom til Mitwa Yisrael. Som han ikkje ville gå av
hesten ved Jaffaporten, sit han også her høgt på sin hest.
Mannen
keisaren møtte her den 28. oktober 1898, var ikkje Charles Netter. Han hadde
døydd av malaria i 1882. Den som stod med tropehjelmen i handa og tok mot den
mektige keisaren, var Theodor Zeev Herzl, juristen som grunnla den moderne
sionistiske rørsla. Han var på si første
og einaste vitjing på Mitwa Yisrael då keisaren kom.
Den kunstneriske framstillinga av møtet. |
Men Herzl
hadde lite syn for den ære og stas keisaren omgav seg med. Det imponerte han
ikkje. Han stod midt i ei tid der slit, strev og blod la grunnlaget for hans og
tusenvis andre jødar sin store draum: Eit jødisk heimland. Eit land som skulle oppstå på nytt, trass
storpolitisk spel og motstand. Landet Gud gav Abraham og hans etterkomarar.
Kunstnaren som laga statuen, ynskte å visa
dette gjennom kunsten sin. Han forma Herzl med tropehjelmen i handa der
han står framfor keisaren til hest. Ein Herzl som ser gjennom og forbi dei
storpolitiske spelet som tok seg til rette i det landet Gud hadde gjeve jødane.
Derfor delte kunstnaren keisaren og hesten på midten, slik atå Herzl fekk fritt utsyn mot den framtida som leiarane
i verda ikkje var villige å gjeva dei.
Og framleis må dei som ynskjer å leva og bu i det landet Gud gav fedrane deira, sjå "gjennom" alle storpolitiske utspel, enten dei heiter "Oslo-avtalen" eller andre storpolitisk riktige titlar.
Og framleis må dei som ynskjer å leva og bu i det landet Gud gav fedrane deira, sjå "gjennom" alle storpolitiske utspel, enten dei heiter "Oslo-avtalen" eller andre storpolitisk riktige titlar.
Vangsnes, 20.februar 2015. Inge Bjørnevoll.
------------------
------------------
Merk:
Alle bilete der ikkje anna kjelde er oppgjeve, er tekne av underteikna.
Bruk av dette materialet uten skriftleg løyve frå forfattaren, er forbudt.
(Merk: I http://no.wikipedia.org/wiki/Vilhelm_II_av_Tyskland,
står at han fekk medaljen i 1888. Det er truleg feil).
[ii] Uttrykket
tyder eigentleg «oppstigning», og er det jødiske uttrykket for jødar som «vender
heim»
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar