”Møtet mellom kulturar” og utviklinga i Paraguay.
Spanjolane som kom siglande oppover til elva
Paraguay, møtte eit land som var delt etter elva: 1) Innover mot vest var jorda grå, og
indianarane var jegerar og sankarar i slekt med pampasindianarane i Argentina. 2) Innover landet i
aust, og særleg langs elva Parana, var jorda raud og indianarane var i slekt med Tupi-Guaraniane som dei skipbrotne hadde
vorte kjende med i Brasil. Dei jakta, fiska og samla mat i skogane, men planta
i tillegg mais og manjokk. Sidan maisen brukte 4 månader og manjokken 1 år før
dei var klare til hausting, måtte dei bu fast i lengre periodar. Sjølv om dei
stadig leita etter ”jorda der det ikkje
er noko vondt[i]”, heldt dei
seg normalt innanfor relativt avgrensa område.
Slik teikna Schmidl guaraniane. (Opphav ukjent) |
På same måten som spanjolane og pampasindianarane i
Argentina låg i krig frå starten av, skjedde det same her oppe på Chaco-sida av
elva. Guaraniane i aust låg i krig med indianarane i vest, og for ei kort tid
vart spanjolane godtekne som allierte i denne krigen. Indianarane fekk på denne måten også tilgang på eit nytt metall: jern, - i reiskapar som
øksar, knivar og lansar. Spanjolane fekk på si side tilgang til mat og til
kvinner. Det vert fortalt at indianarhovdingar gav kvinner til dei spanske
sjefane for på den måten å sikra seg gode relasjonar i framtida[ii]. I tillegg hadde spanjolane etter skipbrota på kysten av Brasil, lært
seg guarani. Slik kunne dei snakka med folk innover i kontinentet.
Alejo Garcia oppdaga Paraguay landevegen i 1524, og
fortet i Asuncion vart grunnlagt i 1537. I desse åra og fram til 1539, godtok
truleg guaraniane inntrengjarane som allierte. I tillegg hadde europearane
gevær og kanoner som indianarane relaterte til lyn og torebrak! Særleg
indianarane rundt Asuncion, ”los carios”,
knytte venskap med spanjolane, seier offisiell soge.
Avstraffing av indianarar ved henging.(Opphav ukjent) |
Den mykje
omtalte ”spansk-indianske unionen”
tvinga spanjolane på guaraniane som ynskte slutt på all dreping, røving
og øydelegging. Det er mange skribentar som fortel om uvennskapen mellom
spanjolane og guaraniane frå starten av. Schmidl[iv]
fortel at medan Juan de Salazar gav ordre om oppføringa av fortet Asuncion i
1537, bygde hovdingen Lambare eit forsvarsverk for å verna sine døtre og kvinner.(--)
”Etter to dagar”, fortel Schmidl, ”stilte me oss opp nær dei og gav dei ein omgang med alle våre eldvåpen,
og dei både høyrde (skytinga) og såg korleis folk datt til jorda. Dei kunne
heller ikkje få auga på noko ”jara”[v]
eller pil, men at dei som fall berre hadde eit hol gjennom kroppen. Dette
skremde dei så mykje at dei rømde vilt og datt over kvarandre som hundar. Så
vitskremde sprang dei for å koma seg inn i byen sin, at 200 datt i gravene dei
hadde laga for å forsvara seg”
Spanjolane
omringa no Lambare, og carios-indianarane overgjev seg etter at dei i tre dagar
har prøvt å forsvara seg mot ”los arcabuses” (geværa). Som teikna på at dei
overgav seg, gav dei spanjolane under tvang, mat og kvinner”.[vi]
Men ”svogerskapet”
gjekk etter kvart over til utnytting og undertrykking. I påska 1539 hadde
8 000 guaraniar samla seg og hadde planlagt å drepa alle spanjolane når
dei gjekk til messa skjertorsdag. Men Juan de Salazar, grunnleggjaren av byen,
hadde ei kvinne som fortalde han om planane. Spanjolane svara med å fanga og
hengja leiarane for opprøret. Frå no av tvinga spanjolane til seg mat og
kvinner, om ikkje dei fekk det frivillig. I 1543 gjorde hovdingen Tabaré opprør
litt lenger oppe med elva. Domingo Manuel Irala hadde overteke styringa for territoriet.
Han slo dette og andre opprør ned med hard hand, ein praksis som vart fylgt
heilt opp mot vår tid.
Som kvinna til Salazar sveik indianarane då ho
fortalde om opprørsplanane, vart mange indianarar verande på spanjolane si
side. Saman gjorde dei overfall mot flokkar som gjorde opprør eller ikkje ville
overgjeva seg frivillig. Både på austsida og på vestsida av Paraguay-elva. Gull
og sølv var det lite av i dette landet, men spanjolane utvida på denne måten kontrollen
over det indre av kontinentet. Kvinner var ein viktig del av krigsutbytet, og
desse vart fordelte mellom soldatane, noko som på si side auka lysten til nye
overfall.
Frå tida Spania låg under maurarane, visste
spanjolane at Paradiset Muhamed lova sine etterfylgjarar, inkluderte god mat og
tilstrekkeleg kvinner. Sjøfolka og soldatane som invaderte landet, var ei
blanding av alt frå kriminelle til regulære militære troppar, og Paraguay vart
etter kvart kjend som ”Muhameds Paradis”.
Rett nok var prestar og munkar med på reisene, men dei få som tok til orde mot
uvesenet, vart ikkje høyrde. Også byte av kvinner og utleige av kvinner mellom
spanjolane, vart påtalt av presteskapet, utan at det vart gjort noko konkret
med det. Vegen til kongen i Spania[viii] var lang.
Dette gjekk så langt at offiserane kunna ha 15-40
kvinner, medan soldatane 5-10! Stadig
vart det fødd mange born av blanda opphav, og dette blandingsfolket er opphavet
til fleirtalet av folket i Paraguay i dag.
Vår tid fokuserer sterkt på seksuelle relasjonar,
samstundes som ynsket om å fjerna manns- og kvinnerollar er del av dei
sosialistiske regjeringane sine program. Men den gongen hadde kvinnene og
mennene klart forskjellege rollar. Det var det hjå spanjolane, men kanskje endå
meir mellom guaraniane. Mennene var krigarar, gjekk på jakt og var dei som sådde
frøa i åkeren[ix]. Kvinnene gjorde alt grovarbeidet i husa så vel som i åkrane. Dei
hadde barnefødslane, sytte for mat og matstell, klede, reinska åkeren, hausta
og tok vare på maten, osb.
Indianarkvinnene stod for oppdragelsen av borna og
med det vart både språk og andre kulturelle element overført til dei nye
generasjonane. Derfor er Paraguay første, og så vidt eg veit, endå einaste
landet i Sør-Amerika som har eit indiansk språk (Guarani) som offisielt språk.[x]
I tillegg er det unikt med bruken av Yerba Mate,
medisinplantar og ei rekkje andre kulturelle særdrag.
Kanskje på grunn av klagene frå enkelte prestar, vart
det i nokre tilfelle inngått ekteskap etter europeisk mønster. Guvernøren,
Irala, tvinga til dømes nokre av kapteinane sine til å gifta seg. På denne
måten vart det gjeve inntrykk av ein viss legalitet, men dette vart klart spel
for galleriet. Både han sjølv hadde born ”utanfor
ekteskapet”, og han gjorde lite for at seksuelle relasjonar som kyrkja og
loven forbaud, vart stogga.
Irala sine kapteinar gifter seg. (Opphav ukjent) |
Ser ein det ut frå ein etisk ståstad, vaks det fram
eit system der ein gjerne hadde eit offisielt, monogamt ekteskap,[xi] samstundes som det vart sett gjennom fingrane med at mannen hadde det
nokså fritt med ekstra-matrimonielle relasjonar.
Etter som åra gjekk, vart talet på born[xii] av desse relasjonane større og større. Alle desse stod ikkje på same
sosiale nivå. Som fedrane hadde forskjelleg rang politisk eller militært, fekk
borna det og.
Når me kjem på 1800-talet, sende overklassen borna
sine til Argentina eller Europa for å studera, medan dei fleste av
paraguayarane ikkje hadde råd til det. Den fattige delen av folket fekk ofte
ikkje skulegang, eller berre det den lokale presteskapet gav dei. Desse budde
utover landet og dreiv jordbruk, tømmerhogst, jakt m.m. eller var arbeidarar
for dei rike. I mange tilfelle var dei arbeidarar visse delar av året, og arbeidde for seg sjølv resten
av året.[xiii]
I tida etter oppdagingane var mishandling og drap
vanleg. Seinare vart undertrykkinga vidareført gjennom lovar, politi og
militære. Dette inkluderte tvangsarbeid og liveigenskap for mange indianarar. I
”reduksjonane” som først fransiskanarane og seinare jesuittane grunnla,[xiv] fekk indianarane vern mot mange av desse overgrepa frå den ”verdslege” makt. Men prestane og munkane
i desse byane hadde også strenge lovar og harde måtar å straffa syndarar på.[xv] Då jesuittordenen vart forbudt[xvi] og byane oppløyste, vart dei indianarane som ikkje rømde til skogs,
fordelt rundt i kolonien. Ein del indianarar hadde lært forskjellege
handverk og heldt fram med det, vert det
fortalt. Etter kvart vart desse indianarane integrerte i det store fleirtalet
av blandingsfolk, medan dei som heldt seg i skogane i Aust-Paraguay og i Chaco,
er forfedrane til indianarane i Paraguay i dag.
Konklusjon.
Pampasindianarane som ein i Paraguay hadde i
Chaco, var like vanskelege å etablera kontakt med som i Argentina. Men fordi
det på austsida av elva Paraguay fanst guaraniar som låg i krig med indianarane på vestsida frå før spanjolane kom, hadde guaraniane
og inntrengjarane ei samanfallande interesse: Krigen mot dei på vestsida av
elva.
Her hadde og spanjolane, på grunn av
skipsbrotet i Brasil, den fordelen at dei hadde lært språket til guaraniane og
fått allierte som var med Alejo Garcia då dei gjekk dei gamle vegane og kom til
det som seinare vart Paraguay. Rimelegvis var
der ein del forskjellar mellom guaranien på Atlanterhavskysten og den dei
snakka lenger inne, men ikkje verre enn at dei forstod kvarandre.
Guaraniane var relativt stadbundne på grunn av
tida maisen og manjokken trong for å kunna haustast. Dermed vart dei lettare å
kontrollera. Dei produserte også mat spanjolane trong, og dermed leid ikkje
denne kolonien nederlaget slik som Buenos Aires gjorde.
I begge landa var indianarane sine rettar til
jord og eigedom totalt ikkje-eksisterande fordi europearane og deira
etterkomarar annekterte all jord og seinare selde ho ut til europearar med
økonomi og ynskje om å etablera seg her. I Paraguay var det utvinning av tømmer
i dei subtropiske regnskogane og produksjon av Yerba mate som var viktige
inntektskjelder aust for elva Paraguay.
Utviklinga i Chaco har fleire fellestrekk med
utviklinga på Pampasen i Argentina. Først med immigrasjonen av mennonittar fekk
det indre av Chaco ein større ikkje-indiansk fastbuande befolkning. Før hadde
store selskap og andre kjøpt jordeigedomar med
tanke på produksjon av tanino,[xvii] og/eller
kjøtproduksjon langs elva Paraguay.
Etter at det vart funne olje i boliviansk
Chaco, oppstod kryssande interesser mellom Paraguay og Bolivia, noko som
resulterte i Chacokrigen 1932-35. Bolivia hadde då kart som viste at deira
territorium gjekk heilt ned til Rio Paraguay, og Paraguay sine kart viste at
dei åtte område langt oppe i Bolivia. I denne krigen kom nokre indianarstammar
til å støtta bolivianarane, og andre paraguayarane. Mellom desse stod dei som
ville vera nøytrale til krigen, -mennonittane og ein del indianarar. Kor hardt
dette gjekk ut over indianarbefolkninga[xviii], har eg ikkje sett tal på.
Som i Argentina vart det prøvt å importera
slavar med afrikansk bakgrunn[xix],
men med den sterke veksten i talet på paraguayarar, vart det ikkje noko forretning. Slavane vart etter kvart
assimilerte i den paraguayiske befolkninga. Einaste minnet om importen er eit
par stader som i sine festar har kulturelle innslag frå afrikanske kulturar.
Folketettleik (Frå Censo 2002, DGEEC) |
95% er
paraguayarar av spansk-indiansk opphav.
5% er indianarar og folk av andre
nasjonalitetar.
Det paraguayiske statistiske sentralbyrået opplyser[xxi]
at det i folketeljinga var 87 099 er
indianarar eller etterkomarar av slike. Dei
utgjer 1,7 % av det samla folketalet
på vel 5 millionar menneskje.
Fordelinga av innbyggjarane i landet er og spesielt for Paraguay:
Av indianarane budde 50,7 % i Chaco og 49,3 % i Aust-Paraguay. Ser me
på fordelinga av heile folket[xxii],
finn me at i Aust-Paraguay, Guaraniane sitt gamle heimland, bur nesten heile
folket. Chaco derimot har så lite folk
at for størstedelen bur det mindre enn ein person per kvadratkilometer!
[i]”Yvy marane’y”, (= jorda
der det ikkje er noko vondt), var eit viktig element i kulturen deira, og førde
til visse vandringar i historisk tid. Lenge vart dette sett på som ei leiting
etter ein stad utan synd, og religiøst utnytta i den kristne forkynninga om
himmelen. I dag ser mange på det som leitinga etter område med god jord og gode
tilhøve for jakt og fiske.
[ii]Det vert ofte snakka om
”svogerskap” (”rovaja”), brukt mellom annan også i europeiske kongefamiliar for å sikra
framtidige gode relasjonar og få auka makt og prestisje.
[iii] ”LA HISTORIA DEL PARAGUAY”, Volum I og II. Forfattarar : A. Benitez m. fl. Coordinator : J. Rubiani. Forlaget
AZETA S.A. Yegros 745, Asuncion, Paraguay, 2000.
[iv] Ulich Schmidl var ein tysk leigesoldat som, då han kom heim att til Tyskland,
teikna og skreiv om hærferda han hadde vore med på. Ikkje minst teikningane
hans gjev unike bilete av land og folk.
[vi] I ”LA
HISTORIA DEL PARAGUAY”, Volum I, side
84 står at den katolske presten Martin Gonzales skreiv i 1575 til kongen og fortalde at under Domingo
Martinez de Irala sitt styre, hadde spanjolane røva 1 000 000 kvinner,
og at halvdelen hadde døydd “på grunn av mishandlinga spanjolane gav dei.
Det brenn dei med trekol, bind føtene deira, brennemerkjer dei med jern og gjer andre
grufulle ting som eg vil fortelja deg….. Dei fær så stygt med dei at mange av
kvinnene tek liva sine….”.
[vii]Emilio García Merás:“PÍCARAS
INDIAS. Historias de amor y erotismo DE LA CONQUISTA”. Volumen II. NUER EDICIONES, S.A. ISBN 84-8068-002-4
Vol.II. 1992, España. Oppgjevne
tal er frå starten av Kapittel 5.
[viii]Koloniane var direkte
underlagt kongen (i Castilla) og hans
eigedom.
[ix]Både å ”planta” barn i ei
kvinne , og det å så frø i jorda, har i mange kulturar vore parallellar og
delar av mannsrollen.
[xi]Det finst også døme på at det
vart importert kvite kvinner for å dekka spanjolane sine behov.
[xii]I starten var desse, normalt
før kalla ”mestisane”, barn med spansk far og indiansk mor. Seinare fekk desse
born med kvarandre, eller med andre europearar, og det vaks fram eit
europeisk-indiansk blandingsfolk som i dag utgjer fleirtalet i landet.
[xiii]Både i Argentina og Paraguay
vart det prøvt å importera slavar slik dei hadde gjort i USA og Mellom-Amerika,
men i desse to landa vart det ingen suksess. Argentina fekk derfor sine
”flyttfugl-arbeidarar” som gjennom årtier reiste med sommaren frå eine halvkula
av jorda til den andre, og i Paraguay stetta blandingsfolket trongen for
arbeidskraft.
[xiv]Fransiskanarane grunnla slike
i Bolivia og Paraguay, jesuittane i Entre Rios, Argentina, og i Paraguay.
Reduksjonane var alltid mellom
indianarar med jordbruk som ein del av kulturen, ikkje pampasindianarar som var
jegerar og sankarar. Deler av dette paraguayiske territoriet. Traktaten
frå Tordesillas av 7. junio de 1494, gav Portugal
Sør-Amerika aust for meridianen ved Cap Verde-øyane, og Spania vest for denne.
Men portugisarane, og særleg røvarane i Sao Paulo- området (”mamelukkane”),
trengde mykje lenger inn på kontinentet. Dei øydela mange indianarbyar på jakt
etter rikdom og slavar. Til dømes Villarica
del Espiritu Santo vart flytte 7 gonger på grunn av slike brasilianske
overfall, til staden der Villarica
ligg i dag. Han vart grunnlagt i Guaira som i dag ligg i Brasil. Men namnet
fylgde med, og folket vert framleis kalla ”folk frå Guaira” endå staden Guaira
ligg 50 norske mil vekke!
[xv]Dei fleste historikarar som
har skrive om desse byane og deira undergang, har stort sett hatt katolsk
utgangspunkt, slik filmen ”Mission” også har. Særleg jesuittane har vore
dyktige til å få fram sitt syn.
[xvi] Kong Carlos den III av
Spania vedtok i 1768 å støyta ut
jesuittane. Dette er grunntemaet i filmen ”Missions”.
[xvii]Tanino vart brukt til garving.
[xviii]Då Miguel Fritz, tysk katolsk
misjonær, gav ut ei bok om indianarane hans orden hadde arbeidt med nær
Pilcomayo, fortalde antropologen Chase Sardi (Gato) fylgjande: ”Paraguay
hadde problem med å importera nok våpen, så regjeringa starta med produksjon av
rifler. Soldatane i Chaco var kritiske til våpenet, og for å visa kor god
gjennomslagskraft kulene hadde, kalla agenten inn indianarar frå ein stamme i
nærleiken. Dei vart stilte på ei lang rekkje for å motta mat, vart det sagt.
Men målet var å visa kor mange av indianarane kula gjekk gjennom!”
Rifla vart elles ikkje noko suksess for ho hadde ein tendens til å eksplodera,
og fekk klengenamnet ”mata-paraguayos” (= Paraguayar-dreparen).
[xix] Alfredo Boccia Romañac: “Esclavitud en el Paraguay. Vida
cotidiana del esclavo en las Indias Meridionales”. Ed. Servilibro, Asunción,
Paraguay 2004. ISBN 99925-79-34-X.
[xx]15.03.2013.
[xxi]Paraguay har nett hatt
folketeljing (2012), men dei tala er ikkje tilgjengelege endå. Dette er data
frå folketeljinga i 2002/2009.
[xxii]Kartet er det siste eg har
funne og er frå 2009. Det kan derfor vera endringar, men truleg ikkje
vesentlege.
Merknad: Illustrasjonane merkte (Opphav ukjent), er slike eg har teke vare på frå tida som antropologistudent i Paraguay. Dei er publiserte i bøker om forskjellege emne i Paraguay, og eg har brukt dei i oppgåver eg ikkje lenger har.
Merknad: Illustrasjonane merkte (Opphav ukjent), er slike eg har teke vare på frå tida som antropologistudent i Paraguay. Dei er publiserte i bøker om forskjellege emne i Paraguay, og eg har brukt dei i oppgåver eg ikkje lenger har.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar