søndag 26. oktober 2025

Framsida av boka eg fekk i 1982
Tida går fort

13.09.82 var eg for første gong i den israelske ambassaden i Asuncion. Han låg ikkje så langt frå synagogen og den jødiske skulen. Eg var då knytt til kyrkjelydsarbeid og ville høyra om ambassaden hadde filmar til utlån. Eg underviste om jødane ut frå Bibelen. I den samanheng også profetiane som sa at det var Guds / JHVH sin vilje at alle jødane skulle venda tilbake til det landet Han ved eid hadde gjeve dei. Kva skjedde i Israel anno 1982?

Eg hadde vore heime i Noreg ein tur, og på ein av skulane skulle filmframvisaren kastast. Videomaskinene hadde overteke. Dermed fekk eg framvisaren med til Paraguay, og no var målet mitt å visa korleis Israel hadde vorte fødd på nytt etter Guds / JHVHs ord.

Det tok litt tid før eg fekk koma inn. Eit halvt år før eg kom til Paraguay i november 1970, hadde to terroristar gått til angrep på denne ambassaden. Ambassadøren var ikkje til stades, men begge dei kvinnelege sekretærane vart skotne. Berre ei overlevde. (i)

Dei to terroristane vart tekne ikkje lenge etter. Dei høyrde til ei gruppe av Fatah som hadde kome til landet eit par dagar før. Dei fleste hadde reist over til Brasil, til grenseområdet mellom Brasil, Argentina og Paraguay. Det vart sagt at arabiske butikkar der var pengemaskin for terrorismen. 

Dei to terroristane fekk tolv års fengsel. Det vart leitt etter ein tredje, men han vart aldri funnen. Dette var det andre angrepet på ein israelsk ambassade på Søramerikansk jord, men 08.09.1969 var det angrep på ambassadane i Haag, Bonn og Bryssel. 

Illustrasjon frå boka, s.2.
Israel, - eit Guds under

Eg fekk filmar og brukte dei til stor glede for alle som kom til kyrkjene våre. Men så vart kontoret i Asuncion stengd. Det vart sagt at Simon Weisental kom til Paraguay på jakt etter gamle nazistar. President Alfredo Stroessner som sjølv var halvt tyskar, likte ikkje dette. Israel fekk 48 timar til å avvikla arbeidet sitt på.

«Tilbake til Sion»

Den dagen på ambassaden fekk eg ei bok med denne tittelen, - på spansk. Det budde då nokre hundre jødar i Paraguay, og det er det minste jødiske miljøet på kontinentet. Dei fleste budde i Asuncion. Den dagen i 1982 vart eg for første gong presentert for den jødiske draumen om «Erez Israel!»

Kva med 2025?

Jerusalem Post har skrive at talet på dei som har gjort Aliyah, gjekk ned 42 % til no i 2025. Totalt kom det 30 763 immigrantar mot 39 857 i 2023. Dei sju første månadane seier den offisielle statistikken at 11 314 immigrantar kom, 42 % mindre enn same tid i 2024 og 60 % mindre enn same tid i 2023!

Ein viktig grunn er at aliyah frå tidlegare Sovjetunionen har gått sterkt tilbake. Dei utgjorde over 63 000 i 2022, nesten 40 000 i 2023. Frå USA/Canada, Frankrike, United Kingdom og Argentina kom dei fleste andre. (ii) Globalt sett var det immigrantar frå 286 land, inkludert Sør-Korea, Kenya, Zambia og Afghanistan.

Illustrasjon frå same boka, s. 109.
Av dei som kom mellom april 2024 og 2025, var 212 85 år eller eldre, 5 700 var under 18 år (dei fleste som del av ein familie). 16% var mellom 25 og 34 år. Der var 1 345 helsearbeidarar, 3 236 ingeniørar, 297 artistar og idrettsfolk, og 13 bønder. Mange av dei andre var knytt til industri, utdanning og hi-tec. Dei fleste busette seg i Tel-Aviv-Jaffa, Netanya og Haifa, men resten vart spreidde over heile landet.

Eit profetord for vår tid?

Ein eller annan gong 500 år før vår tidsrekning fekk Jeremia ein profeti som han skreiv ned i kapittel 16,14-21.  Mange trur at dette er ein profeti for vår tid. Den Gud / JHVH som skapte exodus (= utgangen) frå Egypt og synte si veldige makt på Farao og heile hans rike, har planar om å gjera noko liknande i endetida, men på globalt nivå.

Det er og interessant måten Han planlegg å gjera ting på: «Sjå, eg sender bod etter mange fiskarar, seier Herren, og dei skal fiska dei. Sidan sender eg bod etter mange jegerar, og dei skal jaga dei frå kvart fjell og kvar haug og frå bergsprekkane. 17 For eg held auge med dei kvar enn dei går. Dei kan ikkje gøyma seg for meg, og skulda deira er ikkje løynd for auga mine.» (v.16-17).

Sidan 1948 har jødar og kristne arbeidt for å finna jødar som vil og eventuelt treng hjelp for å flytta «heim» til Israel. Organisasjonar som «Ebenezer operasjon Exodus» med senter i England, «Hjelp jødene hjem» her i Noreg og ei lang rekkje andre har investert store summar og mykje tid for at Guds / JHVHs vilje skal verta realisert. (iii) Det same har Jewish Agency gjort, delvis i samarbeid med kristne organisasjonar. I kristen samanheng vert desse rekna som «fiskarar»

Illustrasjon frå boka, s. 46.

Dei har «fiska» etter jødar som ville flytta til Israel, men som av forskjellege grunnar ikkje kunne uten hjelp. Der det gjekk, fekk desse støtte og hjelp til papir og reise.

Men særleg etter 07.10.23 har verda hatt ei oppblomstring av jødehat eller antisemittisme som aldri før. Nokre seier dei er «anti-Israel» og ikkje antisemittar, men orda og haldningane ser ut til å vera identiske.

Jødar over heile verda vert forfylgde. Dei er redde, og interessa for å gjera aliyah har auka. Sjølv leiande jødiske autoritetar rår jødane frå å bera jødiske symbol i det offentlege rom. Dei bør unngå så godt som mogeleg at folk skal sjå at dei er jødar! 

Og jegarane?

I 2025 er der menneskje både med palestinaskjerf og uten som aktivt jaktar på jødar for å skjella dei ut, eller gjera dei vondt på andre måtar. Ikkje minst er sosiale media prega av dette.

Er desse «jegerane» Esekiel skreiv om? I så fall er det berre ein logisk og sikker veg: Å finna tilbake til det land og den Gud / JHVH som profeten skriv om:

«Herre, min styrke og mitt vern, mi tilflukt den dagen eg er i naud! Til deg skal folkeslag koma frå endane på jorda og seia: «Fedrane våre arva berre løgn, falske gudar som ikkje kan hjelpa. 20  Kan menneske laga seg gudar? Dei er då ikkje gudar.» 

21  Sjå, difor gjer eg kjent for dei, denne gongen gjer eg kjent mi makt og mitt velde, og dei skal få kjenna at mitt namn er Herren.» (v. 19-21)

------------- 

(i)  17.03.1992 gjekk den isranstøtta militsen Hezbollah til angrep på den israelske ambassaden og det jødiske finanssenteret AMIA i Buenos Aires. 85 menneskje vart drepne og 300 såra. Det var det første og største angrepet på jødar utanfor Israel til då. Argentinsk politi ville eller kunne ikkje oppklara terroren den gongen. Seinare har det kome meir opplysningar. Leiaren for terroristane i Buenos Aires vart leiar for Hezbollah i Libanon og vart drepen av israelske styrkar i 2024.

(ii) Frå 1948 til 2023, kom det 1 431 204 frå den tidlegare Sovjetunionen, 160 425 frå USA/Canada, 119 685 frå Frankrike, 42 827 frå United Kingdom, og 73 1054 frå Argentina. (Informasjon frå Israels statistikk-byrå).

(iii) Jamfør med starten på «Fader vår» (Matt.6,9-10). 

Merk: Bibeltekstane er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve. Bileta har eg scanna frå boka eg fekk på Israels ambassade i Asuncion den dagen i 1982. (Innlegget er skrive 29.09.25)

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.



søndag 19. oktober 2025

 HALLELUJAH

Statue på israels første jordbruksskule
Det er vel ikkje noko ord som kan passa betre når ein skal uttrykkja gleda over at alle dei levande gislane Hamas hadde i Gaza, vart sette fri,

-     Og til å takka Gud / JHVH for at desse som har vorte misbrukt og mishandla gjennom heile denne tida, no vert teke hand om på nokre av dei beste sjukehusa i verda, i eit opplegg som inkluderer både gislane og familiane deira.

-     ILTV og andre kjelder har vist bilete av tusenvis samla på plassen mellom bilete av dei som vart bortførde den vonde oktoberdagen i 2023. Med tårer og smil sat dei der og venta og såg på det som skjedde på skjermen: Når kjem dei? Eller:    Vil dei koma?

-     Og så braut jubelen laus. Mange dansa av glede, - andre omfamna kvarandre!

-     Jødar og ikkje-jødar over heile verda delte den same gleda med dei på "Plassen for dei bortførde". 

Hallelujah! Det var dette salmisten skreiv om for fleire tusen år sidan, og som me kjende oss att i:

Her på verkstaden vart det laga
og reparert våpen under
kampane i 1948
1 Då Herren vende Sions lagnad, var det som ein draum for oss.

 2  Då fyltest vår munn med lått, vår tunge med jubel. Då sa dei mellom folka: «Stort er det som Herren har gjort mot dei.»

 3  Ja, stort er det som Herren gjorde mot oss, og vi vart glade. 

4  Herre, vend vår lagnad som bekkene i Negev!* 

5  Dei som sår med tårer, skal hausta med jubel. 

6  Gråtande går dei ut og ber sitt såkorn, med jubel kjem dei tilbake og ber sine kornband.     (Salme 126)

Minneplate som skal fortelja oss om det som var,
men og at me aldri må gløyma Guds /JHVHs hjelp og
omsorg under alt som skjer...
No ber me om at alle dei avdøde må verta sende tilbake,

- og for varig fred for Israel!!

 Bed om fred for Jerusalem! 

Må dei som elskar deg, leva trygt! 

7  Må fred råda innanfor dine vollar, tryggleik i dine borger! 

8  For mine brør og vener skuld vil eg seia: «Fred over deg!» 

(Sal 122)


----------- 

Bibelsitata er frå Salme 126, 1-6, og Salme 122,6-8 i Norsk Bibel, nynorsk omsetjing.  Bileta er mine eigne.

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


søndag 12. oktober 2025

GODT NYTT ÅR til alle jødar i og utanfor Israel?     

 Eg må be deg – om du er jøde og les bloggen min – om tilgjeving (i) fordi eg har ikkje hugsa på Rosh Hashannah! På min kalender var det 22.–24.09.2025. I Israel 1. og 2. Tishrei 5786 og starten på eit nytt år! Må JHVH velsigna og styrkja sitt folk og lata velsigningane Moses lova sitt folk i 5. Mos./Deuteronomium, 28,1-13, verta oppfylt i dette året og i åra som ligg framfor oss!

Forbønns-stund på galleriet i Knesset
Det er typisk for folk på min alder å gløyma, og at hendingar og ord frå barndommen opptek tankane meir enn det som skjer til dagen. For meg er det augene som opptek meg nett no. Operasjonane er over, men eg dryp augene mange gonger for dagen. Det må eg gjera i nokre veker. Eg har fått «billegbriller», men kan ikkje lesa eller bruka datamaskina lang tid om gongen. Kva er då meir naturleg enn å plaga lesarane med tankar rundt det som har med auge og syn å gjera? 

Eg har før vore inne på «dei einøygde» under krigen, og om å ha «tvisyn». Men eg skal ikkje plaga deg med variantar som trongsyn, vidsyn, klårsyn, omsyn og gangsyn, for å nemna nokre. Derimot er tema mitt i dag eit ordtak som eg hugsar frå eg var liten:

Vitnemål om JHVHs gjerningar for jødane
«Ingen er så blind som den som ikkje vil sjå»

 «I 1948 ble staten Israel opprettet. Det skjedde gjennom krigføring og på bekostning av den palestinske befolkningen som bodde i området fra før. Siden da har konflikten vært preget av et skjevt maktforhold: et militært sterkt Israel (med økende støtte fra USA) på den ene siden, og et delt palestinsk folk uten en egen stat på den andre.»

Slik innleier FN-SAMBANDET (United nations association of Norway) si side på https://fn.no/konflikter/palestina. Går det an å vera meir blinde enn dette?

Den som vil vita det, veit at det var England som styrde området fram til 1948, og at alle som budde der, uansett om dei var jødar, arabarar, drusarar eller andre, var «palestinarar» i dei engelske identitetspapira. «Palestinarar» som eiga folkegruppe, var ikkje oppfunne. Det er ei løgn av nyare dato.

Det var arabarane som overtok det meste av våpena og utstyret engelskmennene let vera att då dei for. I tilhøvet mellom jødar og arabarar, var det arabarane som var «Goliat» med den tids moderne våpen. Den nyfødde staten «Israel» måtte gjera som David, - dei plukka opp det dei kunne bruka av det vesle dei hadde. At Israel og Jerusalem overlevde, var eit Guds (JHVHs) under!

Kunne nokon lagt fram eit oversyn over kva pengar som har vorte gjeve til arabarane og til jødane i åra etter 1948, så eg eg ikkje i tvil om at «flyktningane» har fått uendeleg mykje meir utanfrå enn det Israel har fått. 

Det same gjeld Israel si utvikling heilt fram til no. Jødane i Israel har arbeidt hardt, og har gong på gong stått med ryggen mot veggen og kjempa for livet. Dei har utvikla landet og bygd opp det som truleg i dag er verdas beste og effektivaste forsvar. Det er ei oppfylling av Esekiel 37, 10.

Det moderne Israel er eit produkt
av hardt arbeid og Guds velsignelse...
«Flyktningane» har vorte «mata» av verdssamfunnet. Kva har dei brukt pengane til? Ein del har gjort leiarar som Yasser Arafat ustyrteleg rike. Millionar av dollar har i tillegg vore lønn for å ha drepe jødar. I Gaza er det bygt sjukehus med inngang til tunellar der kommunikasjon og infrastruktur under jorda er direkte knytt til konstruksjonane oppå jorda. Og så vidare…

På toppen av det heile er det «dei stakkars palestinarane» enten dei bur i Gaza eller i Judea og Samaria, verda synest synd i. Noreg «godkjende» den tenkte staten «Palestina» for eit år sidan, andre har fylgt etter, og no har FN lagt seg på same lina. Det heile byggjer på den fikse ideen om eit «fredselskande palestinsk folk» som ikkje har rot i den reelle verda.

Finst det ikkje fredelege arabarar og muslimar?

Og mitt svar er: Heilt sikkert, men dei er undertrykte eller vert drepne av dei som vil jødane vondt. Eksempla er mange, til dømes faren til noverande konge i Jordan. Han såg ei fredeleg og lysande framtid saman med Israel. Derfor kunne han ikkje få leva…

Kva framtid har så Israel?

Jødane i Israel som eg får bønneemne frå kvar veke, har ofte teke fram 4. Mos./Numerus 22-24. Kongen i Moab sender bod på profeten Bileam for at han skal forbanna Israel. Men det kunne han ikkje, for Gud / JHVH hadde bestemt at folket skulle velsignast. Profeten må derfor velsigna Israel gong etter gong. Han seier:

«Kan eg forbanna den som Gud ikkje har forbanna? Kan eg kalla vreide ned når Herren ikkje er vreid? 9  Eg ser han frå toppen av berga, frå høgdene skodar eg han: Her er eit folk som bur for seg sjølv, det blir ikkje rekna blant andre folkeslag. 10  Kven kan telja Jakobs støvkorn, kven kjenner talet på Israels støvgrann? Gjev eg fekk døy slik den rettvise døyr, gjev livet mitt enda som hans!» (4.Mos. 23,8-10).

På vitjing i ein av dei utpostane i Judea fjelland
som FN reknar for ulovleg...
Profeten snakkar om «eit folk som bur for seg sjølv, det blir ikkje rekna blant andre folkeslag». Det er dette FN tvingar fram med sine fordømmande resolusjonar mot Israel.  Dei er fleire enn mot alle andre land i verda til saman! 

Dette er ei utvikling som i desse dagar i New York City vert endå meir understreka. Derfor er det mange som trur at Israel sine dagar som medlem i FN er talde, og at Bileams ord vil vera sanne også for vår tid.

Einaste vona Israel har, slik eg ser det, er den beste og sterkaste av dei alle: Israels gamle, men evig unge paktsgud. Han elskar Israel og er garantisten for deira framgang og siger.  Gud, JHVH eller «Ha Shem» vil lata 2. Mos./Exodus 15, 1-17 verta oppfylt på nytt.

«Herren er ein krigar, Herren er hans namn». (v.3)


------------ 

(i) Som ikkje-jøde i tillegg til det eg personleg har vore gjennom siste tida, visste eg det ikkje før no at dagen var der. Eg ligg nokre veker på førehand med å skriva blogginnlegga i tilfelle noko går gale, derfor kjem dette først no… (Dette innlegget er skrive 23.09.25)

Bibelsitata er som vanleg frå Norsk Bibel, nynorsk omsetjing. Bileta har eg teke sjølv.

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.



søndag 5. oktober 2025

Tvisyn

Detalj frå menoraen ved Knesset i Jerusalem
No er andre auga mitt operert og eg ser omtrent likt med begge.  Frå dei opererte det eine auga og til dei opererte det andre, såg eg «lyst på livet» med eine auga og «mørkt» med det andre! No er lysstyrken og fargane omtrent dei same. Herleg!

Eg har fysisk hatt «tvisyn» (i)  i to veker. Men inne i hovudet mitt er «tvi-synet» nokså konstant og ofte kombinert med eit ord som både ortografisk og fonetisk liknar, - ordet «tvil». Om det kjem av same rot («tvi» er eit norrønt ord for 2), veit eg ikkje, men tvilen oppstår når ein har to eller fleire alternativ, og det er vanskeleg å velja kva ein skal gjera eller tru. 

Guds lovnader til Israel

Moses, den største av alle profetane i jødisk-kristen samanheng, slutta av livet sitt med nokre mektige kapittel (26.-33.) i det Luther kalla 5. Mosebok (= Deuteronomium). Der kan me lesa lovnadane om landet JHVH gav til israelsfolket, og samstundes om straffa dersom dei sveik pakta dei hadde gjort i Sinai og no fornya før Moses tok farvel.

Aron og Hur held hendene
til Moses oppe.
Soga viser at begge dei profetiske alternativa Moses såg, er oppfylte. Ingen folk på jorda har opplevt slik blomstring som Israel under Davids og Salomos tid, har gjennomgått så totale øydeleggingar som dei under romarane og tyskarane, og i 1948 – også det etter Guds Ord – stått opp «frå dei døde». (ii) 

Alyiah

Dette hebraiske ordet betyr «å stiga opp». Det vart sikkert brukt av jødane på sine årlege vandringar til Jerusalem i høgtidene. I dag vert ordet brukt om jødar som er born av dei som vart fordrivne frå landet JHVH gav jødefolket, og som no vender tilbake til Israel for å leva der. Dette er ei hending som profetane snakka om mange gonger, og som tematisk fell saman med innhaldet i den vakre Salme 121.

At dette er JHVH sin uttrykte vilje og plan, er tydeleg fordi det vert repetert gong etter gong i GT / Tanakh. Det sterkaste utsagnet eg veit, er Jeremias 32 frå vers 37 og ut kapitelet. Her seier JHVH gjennom profeten mellom anna (v. 41):

«Eg vil gleda meg over dei og gjera godt imot dei. Av heile mitt hjarte og heile mi sjel skal eg trufast planta dei i dette landet.» (iii)

David etter sigeren over Goliat
Dette er einaste gongen i heile Bibelen at JHVH snakkar om noko han vil gjera av heile sitt hjarta og heile si sjel!  Det viser at Gud står fast på det han gjorde då han gav Abraham og hans etterkomarar dette landet «til evig tid». (1.Mos.16,8).

Det er så enkelt at eg trur jødane ikkje vil overleva om dei ikkje bur i Israel. Eg har inga tru på at regjeringar rundt om i verda vil eller kan  gjeva jødar ei trygg framtid heretter. 

Eg tenkjer på jødane sin skjebne i Noreg før, under og etter krigen. Dei få som kom att, fekk aldri noko skikkeleg erstatning for det Quisling og vår norske regjering hadde gjort mot dei. Og den regjeringa me no har - inkludert venstresida som dei støttar seg på, skaper ikkje tillit. Antisemittismen og jødehatet har med deira hjelp blomstra fritt slik det gjorde i åra før krigen.

Og Abrahams ikkje-jødiske etterkomarar?

Mine jødiske kontaktar i Israel skriv at for arabarane der er området «WAKF». Det vil seia «Allahs land». Denne tanken ligg bak terroren frå Gaza, og som bak politikken som arabiske organisa-sjonar og statar driv. 

«From the river to the sea. Palestina shall be free» har vorte ropt på alle kontinent siste året. Dette er realiteten WAKF står for: Å utsletta Israel, drepa jødane, innføra av muslimske lovar (sharia) og fjerna det einaste demokratiet i den muslimdominerte verda! 

Moses med Toraen / Loven
Men den som veit kva JHVH har sagt, så er området «From the river to the sea» - og då er det ikkje snakk om elva Jordan, men Eufrat, eit område på denne jorda som JHVH har avsett til jødane. Resten av jorda er gjeve til «dei andre», inkludert arabarane. Dermed er dette ikkje snakk om politikk og mellom-menneskelege relasjonar, men ein krig mellom den einaste, levande gud, JHVH, og menneskja han skapte i sitt bilete den gongen «i opphavet»! (1. Mos./ Genesis 1,1)

Og «våpenkvile»?

FN og eit utal regjeringar og statsmenn snakkar om våpenkvile i Gaza, og legg ut om ei framtid dei vil få til mellom Israel og «fredselskande» arabarar enten dei er «palestinarar» eller ikkje. 

Dette har vorte prøvt gong på gong. Det var grunntanken bak overleveringa av Gaza i si tid. Det var og det teoretiske fundamentet for Oslo-avtalane. Men har tida vist at dette er mogeleg? 

Erfaringa er det stikk motsette. Fredselskande arabarar som vil lata seg omskapa til det biletet FN og diverse regjeringar teiknar opp, må dei til ein anna klode for å finna. På vår finst dei berre i antisemittiske og anti-israelske menneskje si forestillingsverd!

Mine jødiske venner i Israel skriv at det arabiske ordet som vert brukt, er «HUNDA». Det ordet har eit heilt anna innhald enn våpenkvile som første steg mot framtidig fred. Frå Muhammed starta med å leggja land under islam med våpenmakt, er «hunda» eit alternativ når motstandarane er for sterke til å slå ned der og då. Tanken bak  «hunda» er å få ein pause til å rusta opp i. Deretter – når dei er sterke nok – skal dei overfalla motstandarane og vinna ein total og endeleg siger. 

Resultatet vert det som skjedde i Al-Andalus då dei nordafrikanske muslimane tok makta: Valet vert mellom omvending til islam, underkasting eller utsletting.

Den vakre menoraen er eit vitnemål om JHVH sine gjerningar med Iarael,
og er ei gåve til Israel frå det britiske parlamentet i 1956.

Er eg kortsynt og einsidig? Du har kanskje rett, men eg prøver å ha «tvi-syn» og få så allsidig oversikt som eg kan.

 Men ofte «tvi-lar» eg likevel! 

---- 

(i) Ivar Aasen-ordboka mi ligg i ein banankasse på mørkeloftet ein eller annan stad. Det norske samlaget og «Nynorskordboka» har dette å seia: «Tvisyn (jf  norr. tvisyni ‘tvil,uvisse’) 1 det å sjå ting dobbelt; dobbeltsyn 2 evne el. Hang til å sjå ei sak frå to sider; kløyvd el. Nyansert oppfatning».

(ii) Eg tenkjer her på holocaust og alt det forferdelege som vart gjort mot jødane. Eg trur at hadde ikkje det vore bakgrunnen for opprettinga av Israel i 1948, ville ikkje landet fått den støtta den fekk frå dei fleste land i den euro-amerikanske delen av verda. 

(iii) «Yes, I will delight in doing good for them and with all My heart and all MY soul I will in truth plant them in this land». Dette er same vers (Jer.32,41) frå «Holy Scriptures. Tree of Life Version» som er messianske jødar sin Bibel der dei presenterer Tanakh med hebraiske namn som i Tanakh.

Merk: Bibelsitata i teksten er som normalt frå Norsk Bibel, nynorsk omsetjing. Bileta er mine eigne.


Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg"