søndag 15. juni 2025

 Verdas nest mest lesne bok?

Det er vanskeleg å vera i Toledo som ein gong var hovudstad i denne delen av La Mancha, utan å treffa Don Quijote, eller Don Quixote, som han heiter her.

Om du og vil reisa i Don Quijote sine fotspor, kan du gjera same turen som hidalgoen gjorde. Sikkert verd pengane sjølv om «Rocinante» går på hjul og «Sancho Panza» er ein betalt guide med moderne spansk og engelsk som språk. 

Desse to ser ein mange stader i Toledo
Boka «Don Quijote» vert omtalt som det beste av spansk novellkunst. Noko anna er vel utenkjeleg sidan boka er ei av dei mest lesne og omsette bøkene i verda, - etter Bibelen.  Miguel Cervantes (i) skreiv boka i to omgongar, første del i 1605 og andre del i 1615. Boka, eller rettare sagt bøkene, fortel om ein forvirra «hidalgo» som reid rundt på La Mancha og gjorde storverk slik dei spanske riddarar var vidkjende for. Heimstaden hans var Alcala de Henares, ein liten by litt nord-aust for Toledo. Derifrå reid Don Quijote tungt væpna ut i verda på sin trufaste hest, Rocinante. Væpnaren hans, den kloke Sancho Panza, reid på eit esel og var medhjelpar i prosjektet. Det var han som til slutt fekk den forvirra herren sin tilbake til det normale liv.

Kva har Don Quijote med jødar å gjera? 

Eg leitte både på norsk og engelsk ei eventuell tilknytning, men utan resultat. Deretter på spansk, og der var mykje.

«Flygefisken»

Det første eg fann, var bloggen til Martin Cristal. (ii) Han hadde funne fleire sitat relaterte til muslimar eller «moros», men berre eitt om jødar. Cervantes skriv i kapittel 8 i siste del av verket: (Eg) « … trur, fast og sant på Gud og det inneber truskap til den romersk katolske kyrkja, og dermed, slik eg er, ein dødeleg fiende av jødane….» (iii) 

Kva fortel sitatet? 
Denne fortel meir enn den over...

Først og fremst at Don Quijote var eit barn av si tid. Dette var skrive hundre år etter utvisninga av jødane frå den iberiske halvøya. (iv) Det store spørsmålet på den tida var om dei jødane som hadde konvertert eller blitt tvangsdøypte i den katolske kyrkja, var «sanne» kristne. Dersom dei vart tekne i til dømes å halda sabbat, arbeida på ein søndag eller bøya seg fram og tilbake under bøn, var dei «eigentleg» jødar, trass dåp og vedkjenning. Det kunne kosta dei livet. Den spanske teksten viser det endå betre enn mi frie omsetjing. Don Quijote var «enemigo mortal … de los judíos».

Ein rabbi

Rabbien Daniel ben Itzak frå den israelittiske forsamlinga i Asturias, tek utgangspunkt i ei bok som gjennom ein analyse av teksten i Don Quijote, prøver å bevisa at Cervantes eigentleg var av jødiske ætt. Med andre ord at han var etterkomar av jødar som hadde teke katolsk tru frivillig eller under tvang.

Rabbien stør opp om teorien ved å visa til ting Sanchez og Don Quijote seier. Ofte er dette omskrivingar av gamle jødiske ordtak eller lærdommar. Ben Itzak skriv om temaet ut frå jødisk mystisisme – kábala. (v) Han skriv:

«Boka (den han refererer til), som i tillegg til å vera grundig fundamentert, er eit tydeleg bevis på at forfattaren, slik han sjølv seier om Cervantes, kjenner desse jødiske kjeldene «altfor godt til ikkje å vera jøde, eller i alle fall ein «hemmeleg jøde». (vi)

Ut frå sin eigen kunnskap skriv han artiklar for å understreka det same, - at Cervantes i realiteten var jøde…

Gåvene eg har kjøpt med heim til oldeborna...
Endå eit eksempel

På internett fann eg «Enlace judío», ei side som er oppteken av jødedom og jødedommen sine forskjellege forgreiningar. Artikkelen eg las, er skriven av Santiago Trancón. Han skriv:

«Den jødiske arven i vårt land har vorte viska ut på uforståeleg vis. Til dømes dekkjer litteraturhistoria over at Luis Vives, Antonio de Nebrija, Jorge de Montemayor, Fray Luis de León, Juan de la Cruz, Teresa de Jesús, Vélez de Guevara, Tirso de Molina, Luis de Góngora, Fernando de Rojas, Francisco Delicado, Mateo Alemán og til og med Miguel de Cervantes, var etterkomarar av jødar. Der finst mange fleire.»

Vidare viser han til Américo Castro som «beviste» at Cervantes hadde jødisk bakgrunn:

 «Don Quijote seier ikkje til dømes, i motsetning til Sancho, at han er gammal kristen, berre at han er kristen. Han et ikkje grisekjøt, med unnantak av «duelos y quebrantos de sabados». Tallerkenen med dette rare namnet er laga av «egg med bacon og pølse». Men kvifor heiter retten «duelos y quebrantos»? Fordi «duelos y quebrantos» er ord som spelar på omvende jødar som bryt Loven – Toraen - ved å eta grisekjøt, og arbeida på sabbaten, den dagen som er avsett til kvile og bønn. Dette var ein måte å uttrykkja seg på for å visa at ein ikkje er jøde.» (vii)

«Cervantes viser og at han kjenner Det gamle Testamentet som han siterer frå fleire gonger, men aldri Det nye Testamentet. I Don Quijote er berre nemnt ei kyrkje ein gong, og den treffer han og Sancho på nattestid. Han seier og at hebraisk er eit betre språk enn arabisk». (viii) 

Ut frå kjelder som desse ser det ut til å vera slege fast at Cervantes – og Don Quijote – eigentleg er «jødar». Og kvifor ikkje? Då er dei i slekt med Carl Marx, Mor Teresa, Albert Einstein og ei uteljande rekkje av andre i verda si kultursoge!

---------------

(i)  Miguel Cervantes, f. 1547, d. 1616. Truleg Spania sin mest kjende forfattar gjennom tidene. Var eigentleg militær. Bokproduksjonen var «fritidsprosjekt» i den tids «moderne spansk».

(ii)  Funne på Pezvolador.wordpress.com: «Blog de literatura de Martín Cristal.» 

(iii) Mi omsetjing av: “…creo, firme y verdaderamente en Dios y en todo aquello que tiene y cree la santa Iglesia católica romana, y el ser enemigo mortal, como lo soy, de los judíos, …”

(iv) Jødane vart utviste frå Spania i 1492, og frå Portugal i 1497. 

(v) Han skriv om boka «Los refranes esotéricos del Quijote, La Cábala en la obra de Cervantes (Ediciones Obelisco)» av Julio Peradejordi.

(vi) Original tekst: «El libro, además de estar debidamente fundamentado, es una muestra evidente de que el autor, tal como el mismo lo dice de Cervantes, conoce las fuentes judías “demasiado bien para no ser judío, o al menos, marrano”.» (Ein «marrano», var ein urein, eller gris. Ordet vart brukt om jødiske, «falske kristne» vurdert ut frå katolsk lære.)

(vii) Mi omsetjing av: «Don Quijote nunca afirma, en contra de lo que hace Sancho, que él es cristiano viejo, sino sólo cristiano. Nunca come cerdo, salvo “duelos y quebrantos los sábados”. Este plato, tan extrañamente llamado, se compone de “huevos con tocino y chorizo”, pero ¿por qué llamarlo “duelos y quebrantos” y comerlo, precisamente los sábados? “Duelos y quebrantos” para los conversos, por quebrantar la ley que prohíbe comer cerdo, y en sabbat, día de descanso y oración. Era una forma obligada de demostrar que no se era “judaizante”. No hay otra forma de explicar este nombre.» “Judaizante” var eit ord liknande «marrano» som vart brukt om jødar som hadde vorte kristne / kristna.

(viii) «Mi omsetjing av:  «Cervantes muestra conocer bien el Antiguo Testamento, al que cita varias veces, pero no al Nuevo. En todo el Quijote sólo aparece una iglesia, y con ella “se topan” él y Sancho “de noche”. Dice también que la lengua hebrea es superior a la árabe.»

--------------- 

Bileta er mine eige som eg har teke på turen i Spania i år.

Det er ikkje lov å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar