![]() |
Første eg fekk boka av Josefus |
Etter kvart som eg har lese om jødefolket gjennom tidene, har eg innsett at alt ikkje er så enkelt som då eg gjekk på skulen. Me las bibelsoga og lærde om den forferdelege kong Herodes, - som eg den gongen trudde var romar, han som drap alle småborna i Betlehem berre for å ta livet av Jesus. I tillegg øydela romarane templet, raserte Jerusalem og drap ei uhorveleg mengd jødar. Alt var klåre bevis på kor «fælt» romarane for åt!
I Paraguay fekk eg eit brukt eksemplar av Josephus: «The jewish war». (i) I den tida var det misjon og indianarar som opptok meg. No, etter eg vart pensjonist, har eg vorte «hekta» på alt som har med jødar å gjera. (Har du har fylgt bloggen min ei stund, veit du det….)
Josephus
Innleiinga i boka av Josephus, er eit resyme av livet til forfattaren. Hans eigentlege namn var Joseph ben Mattias, men han tok det romerske namnet Flavius Josephus, «ein skikk frigjevne slavar brukte ved å ta namnet til herren sin». (ii) Josephus var fødd i år 37 f. Kr. og vart 63 år gammal, var av jødisk presteslekt på farssida og av hasmoneisk kongeslekt på morssida.
Han hadde ein vanleg oppvekst i Jødeland, og med sin familiebakgrunn høyrde han til overklassen. Han var i Roma i år 64 då Nero brende byen, og i år 66 vart han utnemnd til guvernør over Galilea. Dette hindra ikkje at Vespasian fekk han fengsla. Trass dette var Josephus trufast mot romarane, og ved enden av maktmaktkampen hadde han imperiet si fulle støtte. Vespasian gav han jord som var konfiskert frå andre jødar i Jødeland. Sjølv budde han i Roma, skilde seg etter romersk skikk frå ho som var mor til sønene hans, og gifte seg med ein rik romersk arving.
![]() |
Ei bok som gjorde sterkt inntrykk |
Barnemordaren Herodes
Josephus levde i ei tid då det føregjekk kamp om kven som skulle styra både Jødeland og Roma. Cesar vart drepen og Augustus kom til makta. Ein av jødane som kjempa om makta i Jerusalem, Herodes, hadde rømt til Rom, og makthavarane i Roma fann at han var den «ideelle» kandidaten til å styra Jødeland. Simon Schama skriv: «Herodes var den typen jøde dei (romarane) kunne lita på. Hans evne til å føreta uhyggelege drap (mot sin eigen familie om nødvendig) var eit anna teikn på kor avhengig han var av makt. Det skadde heller ikkje at han hadde ein spesiell karisma: Smilet til eit rovdyr».
Octavian som seinare tok namnet Augustus, likte Herodes, og senatet utnemnde han offisielt til «Konge over jødane». Dei utvida også området han skulle styra. (iv) Det var denne Herodes og sønene hans me lærde om i Bibelsoga i gamle dagar….
![]() |
Baksida av same boka... |
Heile den tida romarane styrde Jødeland, ulma det opprør mot makthavarane slik det og hadde gjort i den greske perioden. Eg vil ikkje gå vidare inn på dette, men for deg som vil vita meir enn det som finst i norske sogebøker, vil eg tilrå: På dansk Karen Armstrong si bok: «Jerusalem. Tro, historie (og) politikk». (v) Den andre er: «Jerusalem. The biography» av Simon Sebag Montefiore». (vi) Denne siste gjorde sterkt inntrykk på meg.
Jødar og romarar i Spania.
Me veit ikkje når jødane kom til Spania. Nokre meinar dei første kom då det første templet vart øydelagt i 587 f. Kr. Romarane la under seg Nord-Afrika og deretter Spania rundt år 200 f. Kr.. Då var der fastbuande jødar forskjellege stader. Landet var først to provinsar, men keisar Augustus delte halvøya i tre under namnet «Hispania». Romarane rådde der heilt til rundt år 400 e. Kr.
Etter at templet og Jerusalem vart øydelagt i år 70, auka talet på jødar sterkt. Det fanst jødar mange stader på fastlandet og på dei spanske øyane i Middelhavet. Dei fleste historiske bevisa frå denne tida er knytte til den katolske kyrkja som meinte jødane dreiv proselyttisme. (vii) Grunnen til desse klagene var truleg mange ekteskap mellom jødar og ikkje-jødar.
Det synest å vera klårt at jødane ikkje utgjorde noko eiga etnisk gruppe, eller var knytte til spesielle yrke. Joseph Peres skriv:
«Jødane utgjorde heller ikkje noko eigen sosial klasse. Der var rike og fattige, og jødar på alle (sosiale) nivå. Nokre var handelsmenn, men det ser ikkje ut til at dei dreiv med utlån av pengar. Me veit mange hadde skaffa seg jord og dreiv den med slavar eller hadde landarbeidarar. Kort sagt var den yrkesmessige fordelinga av jødane lik kva som helst folkegruppe i området. Ser me bort frå religionen, skilde dei seg ikkje ut frå resten av folket».
![]() |
Om jødar i Spania |
Kyrkjemøtet i Nikea (i 325) la premissane for den religiøse utviklinga i Romarriket, og det er ikkje lett å skilja mellom kyrkjeleg og politisk makt. Restriksjonar mot jødane kom sjølv om dei hadde budd i landet i mange hundre år og kjende seg like «spanske» som alle andre. Forfylginga var ikkje frå dei «verdslege», romerske styresmaktene, men frå kyrkja. Her er eit døme:
Kyrkjemøtet i Elvira (Iliberis) forbaud kristne kvinner å gifta seg med jødar, kristne og jødar hadde ikkje lov å sitja med same bord å eta, og kristne menn hadde ikkje lov å driva hor med jødiske kvinner…» (viii)
------------------
(i) Pinguin Books Ltd. Baltimore, 1960.
(ii) Sitat frå side 9 i boka. Han vert kalla «Joseph bar Matthias», s. 130 i «The History of the Jews», av Simon Schama, Harper Collins ed., New York 2013.
(iii) På norsk kan du lesa meir om denne mannen og samtida hans i Paul L. Maier: «Josefus hovedverk. Illustrert utgave med oppdatert tekst, kart og tegninger». Dette er ei engelsk bok omsett av Ole Henry Halleraker og utgjeve på Hermon forlag i 1998.
(iv) Utsnitt frå «The story of the Jews. Finding the words. 1000 BC – 1492 AD». Volum 1. Harper Colin, New York, frå kapitlet «Classical jews ?», s.130 og utover.
(v) Frå Munksgaard – Rosinante, Danmark 1996. ISBN 87-16-16104-1.
(vi) Weidenfeld & Nicolson, London 2011. ISBN 978-0-297-85265-0.
(vii) Jødedommen er den einaste av dei tre monoteistiske religionane som ikkje arbeider for å vinna menneskje over til si tru. Både kristendommen og islam har som mål å vinna «heile verda» for si tru, noko som gjennom soga har vorte gjort både med ord og våpen.
(viii) Informasjon frå side 112-120 i Joseph Perez si bok.
Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar