Minne om ei velsigne fortid - |
Overskrifta er frå den vakre songen «Broder Aage» skreiv i 1963 (i). Første linjene lyder slik: «Det var ei noen blomst som ble lagt på den vei som Guds sønn måtte vandre en gang». I si varme skildring av Jesu liding og død, flettar han inn Jesu eigne ord: «Far, tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer.» (Luk.23,34).
Desse orda frå Aage Samuelsen har levt i tankane mine lenge, særleg i samband med den norske regjeringa sine handlingar mot Israel og jødane som kjempar for sitt «Eretz Israel». (ii)
Draumen om Jerusalem og «Eretz Israel» har levt mellom jødar mange tusen år. Kanskje blomstra han sterkast opp i jødiske hjarte etter øydelegginga av Jerusalem i år 70, og etter det siste jødeopprøret vart slege ekstremt hardt ned 60-70 år seinare. Det var då romarane fann opp namnet «Palestina.».
Draumen vart oppfylt då staten Israel vart fødd i Tel Aviv den 14. mai 1948. Den jødiske kalendaren viste den dagen den 5. Ijár i år 5708.(iii) Sidan har jødane kjempa mot krigerske arabarar. Fleire gonger mot ordinære hærar, men oftast mot arabiske terroristar. I tillegg har dei hatt kamp mot nasjonale og internasjonale styresmakter (iv).

- og ei velsigna framtid ut frå Guds Ord!
Passar «Broder Aages» ord på den norske regjeringa anno 2025?
Noreg godkjende den fiktive staten «Palestina» midt inne i Israel den 28.05 2024. I år inviterte dei PA (v) sin statsminister, Mohammad Mustafa, på offisielt besøkt til landet vårt 14. - 15. januar. Regjeringa som inviterte Mustafa, var den som nekta kongen å uttrykkja si medkjensle med Israel etter massakren 07.10.23. Dei ville heller ikkje kalla hendinga for terror og folkemord. Mohammed Mustafa har heller ikkje fordømt massakren 09.10.23, så slik sett «kom han til sine eigne».
Statsminister Mohammad Mustafa kom som representant for eit folk som historisk sett ikkje er eit folk (vi). Han er heller ikkje valt etter demokratiske reglar. Presidenten deira, Mahmoud Abbas vart vald i 2005, eit val der mindre enn 50 % av folket deltok. Etter det har Abbas styrt som diktator, trass mange lovnader om demokratiske val.
Muhammad Mustafa representerer eit diktatur som årleg får enorme summar frå mellom anna Noreg. Ein stor del går til eit skulesystem som oppfordrar til drap av jødar, og til terroristar som får lønn for drap (vii). Om terroristen vert drepen, får familien lønna (eller belønninga for drapa, om du vil). Dette er systemet Støre og regjeringa hans støttar.
Rike og styresmakter går til grunne, men Guds lovnader gjeld til evig tid! |
Arnulf Øverland (viii) skreiv diktet «Du må ikke sove!» då nazismen og jødehatet var aukande i Europa. Sitatet dukka opp i tankane mine under Muhammad Mustafas besøk her hjå oss.
Øverland skreiv også diktet «Eg trenger deg ikke nasireer», og hadde eit diametralt motsett religiøst syn enn Aage Samuelsen. Hans politiske syn var derimot i slekt med Støres, Barth Eides og "Rødt" som held denne regjeringa i live. Politisk sett høyrer dei til på same banehalvdel.
Diktet «En hustavle» kom i 1929 då børskrakk og økonomisk nedgang la grunnlaget for nazismens politiske framgang i Tyskland. Der står dei kjende orda: «Ingen kan resten av tiden stå ved en grav og klage. Døgnet har mange timer, året har mange dage».
Den som kjenner historia, veit at Hamas, Hizbollah og den regjeringa Muhammad Mustafa representerer, har som mål å fjerna «Eretz Israel» frå kartet. Dei har hatt tilbod om sitt «Palestina» tidlegare, men har sagt «Nei!» Kvifor? Fordi dei ikkje er nøgde før staten Israel er død og gravlagt!
Diktet «Du må ikke sove!» kom i 1937 då nazismen hadde vist sitt ideologiske fundament og sine destruktive mål. Øverland såg det og ville vekkja opp både det norske folket og den norske regjeringa. Men kven brydde seg om vekkingsropet hans? Det same kjenner eg på no då me har ei regjering og ei arbeidarrørsle som tydeleg viser sitt jødehat.
På denne bakgrunnen: Er det Arnulf Øverland som har rett, eller er det «Broder Aage»?
----
(i) Under dette navnet var han kjend som forkynnar mellom anna i Pinserørsla. Døypenamnet var Åge Kristian Samuelsen, (f. 23.01.1915, og d. 29.11.1987).
(ii) Store norske leksikon (Eretz Israel – Store norske leksikon) skriv: «Eretz Israel er et politisk og religiøst begrep som på hebraisk betyr «Israels land»». Dei skriv vidare at dette har sin bakgrunn i Det gamle testamentet. For dei truande av jødisk og ikkje-jødisk bakgrunn, er står derimot orda for det området på jorda som Skaparen gav jødane til evig tid. Kampen mot at jødane skal få ha det området, er den reelle bakgrunnen for arabiske terroristar sine angrep på jødane, heilt frå 1948.
(iii) Minnedagen Yom Ha’atsmaut (Frigjeringsdagen) har derfor fast dato på den jødiske kalendaren, men varierer på vår kalendar.
(iv) Her tenkjer eg både på den norske regjeringa, og på FN med sine underavdelingar.
(v) PA vert i dag meir og meir brukt om «det palestiske sjøvstyret». Det var vanleg tidlegare med bokstavane PNA.
(vi) Konstruksjonen av eit «palestinsk folk» er av nyare dato. Det same gjeld «palestinaren» Yasser Arafat som var fødd 4. eller 24.08.1929 i Egypt, og døydde 11.11.2004 i Ramallah. Han var egyptisk terrorist, men vart leiar for «det palestinske folket». Trass fredprisen, godkjende han aldri jødane sin rett til «Eretz Israel». Han fekk heller ikkje denne retten nedfelt i folket sin «grunnlov» (= «Charter») slik han lova.
(vii) Israel brukar uttrykket «Pay for slay» dvs. «Lønn for drap»!
(viii) Arnulf Øverland, f. 27.04.1889 i Kristiansund, d. 25.03.1968 i Oslo.
Merk: Bibelsitatet er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve. Bileta har eg teke sjølv.
Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.