Eugenikk
- Vitskapeleg ugras eller dødeleg gift?
Ein av grunnbøkenen for norsk rasehygiene |
Kor stor plass fekk eugenikken ved norske
undervisnings- og forskingssentra?
Svaret var ein heil del. Av det eg fann, valde eg ut
to bøker eg ville lesa. Den første var "Rasehygiene" av biologen Jon
Alfred Mjøen[1].
Mjøen var utdanna og hadde doktorgrad frå Leipzig, fekk Vitskaps-selskapet sin
gullmedalje i 1899 og fleire stipend og utmerkingar. Han var og redaktør for
bladet "Den Nordiske Race - Tidsskrift for racebiologi og folke-forskning".
Boka eg las, kom ut så seint som i 1938, og hadde
føreord delvis på tysk av Ernst Rüdin, Herman Nilsson-Ehle, Hans Virchow og Torsten
Sjøgren. J. A. Mjøen hadde før skrive boka "Det norske program for
rasehygiene" i 1932, året før Hitler kom til makta.
Idealet for "eugenisk avl" ? |
I føreordet i "Rasehygiene" (s. 13-19)
står mellom anna dette? Ein grunnregel er:
"I
enhver sammensatt befolkning, som f. eks. det menneskelige samfund, spiller
utvalget - seleksjonen - en avgjørende rolle. Jo strengere seleksjon, desto
bedre vil arten holde seg". (s.15).
Som ein naturleg konsekvens av dette, kjem
spørsmålet:
"Hvem
er den "ideelle" type? Hvem er det som skal forplante slekten?"
Innleiinga går ikkje så langt som den tyske
eugenikken, men seier: "Har den
humane tidsalder lært oss at intet liv er så verdiløst at det ikke bør
beskyttes, så har rasehygienen lært oss noe nytt: Å skjelne mellom retten til å
leve og retten til å gi liv".
Dette var den "vitskaplege" grunnen til
tvangs-sterilisering av psykisk sjuke, kriminelle, urbefolkning og andre som
samfunnet meinte ikkje burde ha lov å få barn.
Kortfatta lærebok - for kven? |
Den som vil, kan låna boka sjølv. Mjøen var ein
pådrivar innan denne "vitskapen", og sentral i "Den konsultative
norske komité for rasehygiene" der arbeidarparti-politikaren og journalisten
Alfred Eriksen var med, statsadvokat Haakon Løken, professor Nordal Willie,
historikar Wilhelm Keilhau, formann i den norske legeforening Jørgen Berger og
prof. dr. med Kalus Hansen mellom andre.[2]
Den andre boka eg valde ut, var frå Det norske
arbeiderpartis forlag: "Hovedpunktene i arvelæren", utgjeve av
"Arbeidernes oplysningsforbund" i 1932. Ei mykje mindre bok både i
volum og luftige teoriar.
Scharffenberg var psykiatar og kriminolog mellom
anna. Etter det Wikipedia skriv[3],
hadde han i Arbeidarbladet i 1933 diagnostisert Adolf Hitler som "paranoid psykopat, profet på grensa
til sinnsjukdom"! Det var året
etter denne boka kom ut.
På nytt vil eg oppfordra dei som vil vita meir, om å
låna boka. Eg tek berre med avslutninga på side 109-110.
Dette er Scharffenberg sin slutt-konklusjon! |
JoAnn's undervisningsmateriell seier:
"På utsida av Edens hage, er
vi alle ei herleg blanding".
Dette erkjende eugenikarane og.
Men målet deira var - gjennom styrt avl - ein dag å kunna
dra opp av sekken det perfekte menneske......
"Rase-mennesket!"
----------------------
Det er forbudt å bruka heile eller deler av denne bloggen utan skriftleg løyve frå Inge Bjørnevoll.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar