søndag 25. mai 2025

På veg opp frå Middelhavet
 Det vakraste av Spania?

Ein treng ikkje heita Don Quijote for å synast at «Castilla La Mancha» er vakker!

Etter nokre timars flytur frå Flesland, landa me i turistbyen Alicante. Middelhav og bading stod ikkje på vårt program, så etter å ha teke ut leigebil på flyplassen, bar det nordover gjennom eit grått og tørt landskap. Det hadde snøa i Sierra Nevada, fortalde media, og regna i sentrale delar av landet, men lite hadde nådd skråningane der nede. Nokre slott frå mellomalderen viste seg i åsane, men heller ikkje dei me var komne for å sjå på.  Lange rekkjer av vindmølner på åstoppane, inviterte heller ikkje til nærar studium. Dermed gjekk reisa for full fart – stort sett 120 km/t – på eit heilt anna vegnett enn vårt vesle land byr turistane sine!

Då åsane og kysten var lagt bak oss, opna det flate, grøne og vakre «Castilla La Mancha» seg. Ei høgslette på rundt 80 000 kvadratkilometer og eit folketal på godt og vel 2 millionar. I gjennomsnitt ligg ho 696 meter over det blå Middelhavet bak oss.

Spansk vegkanvegetasjon
Jorda såg ut til å vera raud sandjord, og etter regnet var landskapet grønt og frodig. Eit landskap som minte om Sør-Amerika. Det var nesten som å koma heim!

Lengst sør låg store vidder med grågrøne oliventre eller endelause rekkjer med sterkt tilbakeskorne drueplantar. Det er trass alt vår på desse kantar og! Innimellom såg me «åkrar» der dei dyrka solenergi, mange så avanserte at skjermane føl sola som siglar si evige reise frå aust til vest. Sikkert god økonomi i desse åkrane i dette sol-landet! Og vegkantane lyste av raude og kvite anemonar mellom tistlar og strå.

Me hadde leigd hus i Fuensalida, ein landsby ein halv times køyretur nordvest frå Toledo. Ein roleg by med godt 11 000 innbyggjarar og lågare prisar enn i turistmagneten Toledo. I omlandet ser det ut til at bøndene satsar mest på kornproduksjon, men regnet – særleg i går kveld - la flatt mykje av det som var kome lengst. Eg vonar det reiser seg att så det modnast på skikkeleg vis. Aksa verkar tunge, men er grøne framleis.

Toledo

Utsikt over Tajo nær «La juderia»
Elva Tajo, eller Tejo som ho heiter når ho renn over til Portugal, er lengste elva på Pyrenehalvøya med  sine 1007 kilometer. Ho har grave ein dal gjennom høgsletta og vore ein barriere for både sivil og militær aktivitet. Derav namnet.

Ein eller annan gong slo ein eller annan seg til der elva buktar seg rundt ein liten ås. Andre kom etter, og med tida vart husa til ein by. Toledo. Store murar i tilegg til elva, gjorde byen bortimot uinntakeleg.

På toppen av byen ligg borga med det veldige militærmuseet. «La juderia» litt lenger nede har merke i asfalten eller mellom gatesteinane. Suvenirbutikkane ligg tett i tett mellom museum der du kan læra om El Grecos liv og produksjon, to eks-synagogar, eit utal kyrkjer og så vidare. Alt tilrettelagt på beste turist-industri-vis, og med god mat etc. til varme og slitne turistar.

Eg, einspora som eg er, var komen for å læra om livet til jødane som ein gong budde i denne delen av Spania. Eg vart «djupt vonbroten» som han sa, gamle og trauste Bondevik då politikken vende vrangsida til. Alt eg fann var museum i to gamle synagogar.  Om det reelle livet jødane gjennom hundreår etter hundreår hadde levt fram til 1492, hadde dei lite å fortelja.

Gatemerke rundt
Kva tid jødane slo seg ned her, veit ingen. Profeten Jonas levde 900 år før vår tidsrekning. Han motsette seg Guds ordre om å dra mot aust til Ninive. «Men Jonas stod opp for å røma til Tarsis, bort frå Herrens åsyn. Han drog ned til Joppe, og der fann han eit skip som skulle til Tarsis. Så betalte han for ferda og gjekk om bord for å fara med dei til Tarsis, bort frå Herrens åsyn.» (Jon 1,3).

Ingen veit heilt sikkert kvar denne Tarsis var, men mange trur det var byen Tharsis i Andalucia, litt vest for Gibraltar og ikkje langt frå grensa til Portugal. Her var gruvedrift frå gammalt av, og kanskje det den gongen var eit viktig handelssentrum? Bibelen fortel om kong Salomo: «For kongen hadde skip som fór til Tarsis saman med mennene åt Hiram. Ein gong kvart tredje året kom Tarsis-skipa heim, lasta med gull og sølv, elfenbein og aper og påfuglar.» (2.Krøn 9,21.) (i)

«La juderia»

Obadias, eller Abdias som han vert kalla på andre språk, levde rundt 100 år etter Jonas. Han profeterte: «.. dei bortførde frå Jerusalem, dei som er i Sefarad, skal ta i eige byane i landet mot sør.» (Obadias vers 20).

Denne profetien vert knytt til jødane i Spania og Latinamerika, dei såkalla «sefardiske» jødane. Det vert sagt at mange av jødane som slo seg ned i Spania, var frå Judea og Jerusalem. Dei hadde ein intellektuell gullalder då det vart snakka om «Sefarad» som «det nye Jerusalem». Men alt vart øydelagt under forfylgingane frå den katolske kyrkja og utvisninga jødane frå Spania i 1492, og frå Portugal i 1497. 

«..byane i landet mot sør» vert i dag sett i samband med Negevøydemarka. Beersheba med fleire byar er plogspissar i utviklinga av det moderne Israel, slik Ben Gurion drøymde om. Ut frå Obadia-profetien er det venta at når dei spansktalande jødane for alvor vender heim til Eretz Israel, vil det skje til Negevområdet. (ii)

Sefardisk litteratur

Jødisk soge på den iberiske halvøya, eller Pyrenehalvøya, må eg lesa meir om. Bøker fekk eg kjøpt på musea i Toledo, nokre på den jødiske bokhandelen i Madrid, og andre på ei årleg bokmesse i same byen. Det skal du få lesa meir om neste veke om alt går etter planen….











(i) Det same står i 1. Kong.10,22.

(ii) Eg har sjølv kjøpt varer i Beersheba av sefardiske jødar frå Argentina. På badestranda i Asdod trefte eg andre frå same landet. Dei sola seg og nytte sin argentinske, grøne mate-te.

Bibelsitata er frå Norsk Bibel, Nynorsk utgåve. Bileta er mine eigne.

Der er forbode å bruka bilete edller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


søndag 18. mai 2025

«Gud signe Noregs land»

I går var det 17. mai. Fedrelandssongen og fedrelandssalmen vart sunge og spelt, og det vakre flagget vårt vaia over landet frå nord til sør. 

Det var ein dag til å takka både Gud og menneske for i eit land som har vore fritt i heile 80 år! Mange ofra livet for at me skulle få det så godt desse åra. I krigsåra var det mange som søkte Gud og bad for både landet og dei som ofra alt for å gjera landet fritt att. Endå har me mange som hugsar jubelen 17. mai 1944, ei veke etter at tyskarane hadde kapitulert. 

For litt sidan var nokre frå Frelsesarmeen på eit senter for eldre her på Vestlandet. Der var det eldre som sa at dei aldri hadde sett så mange samla nokon gong som 17. mai 1944. Det har vel heller aldri vore ein 17. mai der folket så samstemt takka Gud for fridomen.

Det er lett å setja uynskte spor etter seg!
Korsflagget må aldri slutta å vaia over Noreg!

Fleire gonger siste åra har eg sett og høyrt vaksne og oppegåande menneske seia at dei vil ha korset vekk frå flagget vårt. For dei er det såkalla «regnbogeflagget» viktigare enn korsflagget, også på offentlege bygg. Dei liknar trolla i eventyra som ropte: «Her luktar det kristenmannsblod!»

Opphavet til flagget.

Den danske kongen Valdemar 2 ville leggja områda langs austkysten av Østersjøen under dansk herredøme. Han gjorde fleire reiser austover med hæren sin, reiser som vart kalla «korstog» sidan han også skulle kristna dei heidenske livlendarane, vert det fortalt. Livlendarane var dei som budde i det me kallar Estland i dag.

I året 1208 stod danskane og livlendarane mot kvarandre i eit stort slag, og det såg ut til at danskane skulle tapa. Dei fromme danskane ropte då til Gud om hjelp, og som svar på bøn kom eit raudt og kvitt korsflagg dalande ned frå himmelen, og dei høyrde ei røyst som sa at ved dette flagget skulle dei sigra. Og det gjorde dei! (i)

Dette flagget med kvitt kors på raud botn, «Danebrog», er – så langt ein veit, det eldste nasjonalflagget i verda. Det vart også heist over Noreg i dansketida. Då landet vårt vart «gjeve vekk» til Sverige under Kielfreden i 1814, skulle det blå og gule korsflagget verta «vårt».

Vakker vår
Men som me veit, var ikkje nordmennene så glade for denne løysinga. Grunnlovssamlinga på Eidsvoll vart organisert, og me fekk ein nasjonaldag takka være ikkje minst Henrik Vergeland. Mellom dei ting han – eg hadde nær sagt ofra livet for, var at me skulle feira som nasjonaldag den dagen i 1814 då den norske grunnloven vart underskriven.

Dei norske stortingsmennene ville ikkje ha Danebrog eller det svenske flagget på flaggstonga her til lands, men dei vart ikkje enige om korleis flagget vårt skulle sjå ut. Eit forslag var å setja den norske løva i gull i øvste firkanten inn mot stonga. Det godtok ikkje kongen me hadde i lag med svenskane, og me fekk for ei tid eit flagg som på folkemunne heitte «sildesalaten».

I 1821 foreslo så stortingsmannen Frederik Meltzer at me skulle få eit nytt norsk flagg. Han ville flagget skulle ha «fridomens fargar»: raudt, kvitt og blått, slik som flagga til Frankrike, Nederland, England og Amerika. Dette vart vedteke, og Noreg fekk første korsflagget med tre fargar, det Island, Færøyane og Åland har teke etter. Totalt har me sju korsflagg i Norden, og det gjer både regionen og flagga unike i verdssamanheng. 

Wergeland og jødane

Ved sida av kampen for 17. mai, er det kampen for jødane Henrik Wergeland vert hugsa for. Det vesle landet der nede i Midtausten, Israel, feirar sin nasjonaldag, Jom ha’atsmaut, nesten samstundes med oss. (ii) 

Israel vart «fødd» 14. mai 1948, men fekk sitt flagg 29. oktober same år. Deira sentrale symbol er ikkje korset, men Davidsstjerna, - «Magen David». Fargane er kvitt og blått, sentrale fargar i den jødiske tradisjonen heilt frå Sinai og vandringa i øydemarka. Dei går att også i det jødiske bønnesjalet. 

Davidsstjerna, slik eg forstår det, vitnar om trua på Abrahams, Isaks og Israels Gud, han som ein dag – snart – skal senda Messias til verda som evig konge etter sin trufaste lovnad.

Eit flagg som fortel noko- lik vårt!

Og dei to stripene?

Den eine symboliserer Middelhavet og den andre Eufrat, yttergrensene for det landområdet som Gud kallar sitt, og som han gav jødane til Eretz Israel. Me som les vår Bibel (iii), veit at det har vore Satans store prosjekt å gjera ende på alle jødar (iv) og hindra at jødar vender tilbake til Eretz Israel etter at dei har vore spreidde utover jorda.

Men ein dag skal profetiane gå i oppfylling. Satan og hans medarbeidarar skal få sin dom, uansett kva politisk og eller religiøst program dei gøymer seg bak.

Trur du at Guds Ord er sant?  Be inderleg for Noreg – og for Israel! Den kursen dei leiande, politiske og religiøse, i landet vårt føl, vil enda i ulukke om ikkje Gud ser i nåde til oss slik han har gjort før. 

Det er Guds store nåde flagget, fedrelandssongen og fedrelandssalmen vår vitnar om.

----------------- 

(i) Der er og ein annan versjon av denne soga. Den fortel at 15. juni 1219 hadde Valdemar eit stort slag mot livlendarane, og danskane heldt på å tapa. Med på «korstoget» var erkebiskopen, og når han heldt armane opp mot himmelen, hadde danskane framgang, og når dei seig, var det livlendarane som hadde framgang. Med andre ord ein «moderne» versjon av 2. Mos.17, 8-13. I den samanheng skal også korsflagget vera nemnt.

(ii) 14. mai (1848) på deira kalendar var den 5. Iyar (5708). Datoen varierer frå år til år på vår kalendar. 

(iii) Då meinar eg alt frå 1. Mosebok til Johannes openberring.

(iv) Det var jødehataren Hamans draum (Ester 4,8), - og Hitlers. 

------------------ 

Bileta er mine eigne. (Eg sit no i Toledo, Spania, og skriv. Er her nede i von om å læra meir om dei sefardiske jødane i soge.)

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


søndag 11. mai 2025

 Gud signe vårt dyre fedreland!

Så er me komne til mai. Om nokre dagar skal me feira nasjonaldagen og minnast generasjonane som har gått føre oss. Noreg har hatt 80 år med fred og ein framgang på dei aller fleste område som ingen i 1945 hadde tenkt var mogeleg. Eg hugsar det var snakk om pakkar frå Amerika då eg var liten. Eg er fødd i siste krigsåret, og det var mangel på mange ting i butikken heime. Enklare var det i Bergen, i «bydn», men der reiste mange berre ein gong i året. Det var når Bergen Nordhordland Trafikklag, BNT, hadde årsmøte.

Det hadde seg slik at då trafikklaget vart starta, kjøpte mange ute på bygdene eit andelsbrev for at det heile skulle koma i gang. På det hadde dei rett på gratis tur med båt, buss eller begge deler, så dei kunne vera med på generalforsamlinga som vart halden i Bergen. Kor mange som gjekk der, veit ikkje eg, men dei fleste brukte nok byturen til å gjera ærend dei hadde samla opp gjennom året.

Mange av strilane handla på jødiske butikkar der dei kunne få nødvendige ting litt billegare. Eg hugsar me handla i Strandgata, og der var eigaren jøde. Elles var me i Muren, og sidan han far var lærar, hjå C. Monsen Bokhandel ved torget.

No er alt dette berre minne som ingen av i dag veit noko om, - slikt berre gamle gubbar som meg mimrar om i stille stunder.

Gerhardsen si glanstid

Mine første minne er naturleg nok frå etterkrigstida, ei tid då det var snakk om heltane frå krigen, om dei som sveik landet, og om dei som gav livet for det. Me hadde krigsseglarar som sleit med etterdønningar av farten over Atlanteren og som døyvde vonde minne og marerittfylte netter med sprit. Og me hadde «tyskarungane» som leid vondt og måtte gjennomgå for ting dei absolutt ikkje hadde skuld i. 

Det var den tida den norske sosialistiske rørsla hadde sterke band til Israel. Einar Gerhardsen var i Jerusalem og trefte «sin gode og nære venn» Ben Gurion, eit vennskap så sterkt at Israel sin statsmininster stod opp midt på natta og køyrde til Tel Aviv for å seia adjø med Gerhardsen då flyet gjekk klokka 4 om morgonen!

Og rett skal vera rett, hadde ikkje den sosialistisk-komunistiske rørsla kome med kibbutsane og den sterke ofringa av individuell fridom til fordel for fellesskapet, - for Eretz Israel og sionismen, trur i alle fall eg at landet der nede aldri hadde kome så langt som det er i dag.

Nasjonaldagar til takk og ettertanke

Israel og Noreg har nasjonaldagar om lag på same tid. Israel vart fødd den 5. Iyar som var 14. mai 1948, men sidan dei har ein kalendar som er utrekna etter månen, fall nasjonaldagen, Jom Haatzmaut 2025, på 1. mai på vår kalendar.

Israel mintest sine døde, sine krigsskadde og gislane som endå er i Hamas og dei andre terror-organisasjonane si vald. Ein sorgens dag for jødane, men og ein dag der samhald og kjærleik til Eretz Israel fekk stor plass. Og under det heile låg otten for nye rakettar frå Jemen, og terrorangrep frå dei såkalla «palestinarane» både innanfor og utanfor landet sine grenser. I tillegg press frå jødefiendlege regjeringar som vil redusera det vesle landet til eit minimum. FN, veit me, går desse regjeringane sine ærend og vil ha Judea og Samaria «judenrein» slik Hitler-Tyskland ynskte sitt ariske rike!

Den same boykott-ånda lever i Noreg i dag!

Ei regjering som fører ulukke over landet vårt?

Den sitjande regjeringa har meir enn noko anna regjering markert seg som anti-israelsk og har teke på seg ein leiande rolle for å ta frå Israel dei gamle kjerneområda Judea og Samaria. Kva konsekvensar kan dette få for oss og landet vårt?

«Difor, alt det de vil at menneska skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei!» (i) 

For den som trur på ein sann Gud som står for det han har sagt, er den naturlege fylgja av regjeringa sitt arbeid for å dela Israel, at Noreg vert delt!

Kanskje eg har vore inne på det før, men eg hugsar frå år tilbake ein profeti som sa at Russland skulle ta Nord-Noreg heilt ned til Trondheim. Då lo mange og sa at Russland ikkje eksisterte lenger. Då var det Sovjetunionen… 

I dag snakkar endå sindige politikarar og militære om Russland som ein trussel for både Noreg og andre europeiske land. Ja, til og med at me er meir utsette enn dei fleste land i Europa på grunn av grensa i nord, gode hamner mot Atlanteren og i tillegg radararar m.m. som kontrollerer alt det russarane gjer i vår del av verda.!  

I Matteusevangeliet snakkar Jesus også om dommen over nasjonane. Då er han komen tilbake til jorda som kongen av Davids ætt, den herleggjorde Messias. Der seier han:  «Sanneleg seier eg dykk: Alt de gjorde mot ein av desse minste brørne mine, det gjorde de mot meg.» (ii)

Regjeringa sitt arbeid for å gjera ein av dei minste statane i Midtausten endå mindre og i realiteten uråd å forsvara mot deira fiendar, kan opna for at dommen over Noreg står for døra.

Kven veit om dette er siste året me kan feira 17. mai som eitt land og i fred?

-------------- 

(i) Matteus 7,12, første del av verset. 

(ii) Matteus 25,40, siste del av verset. 

Bibelsitata er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve. Bileta er mine eigne. Dei tre øvste er frå Sogn. Dei to nedste tok eg i Auschwitz - Krakow.


Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 4. mai 2025

Framsida på boka eg lånte
 Limbo

Tittelen på ei bok eg fekk låna på biblioteket, er: «I limbo. Norge og de jødiske flyktningene 1933-1945». (i) Ein forunderleg tittel, spør du meg.

Framandordet «limbo» vert gjerne forklart som «det store ukjende», - ein tilstand der alt er usikkert. Uttrykket vert i katolsk saman-heng brukt for born som døyr før dei er døypte. Dette byggjer på den katolske og for så vidt lutherske læra om at frelsa er knytt til dåpen. Spørsmålet er då kvar dei udøypte borna hamnar, - i himmelen eller helvetet. Sidan Bibelen ikkje gjev noko svar, er – eller vart - det tenkt at borna hamna «på ein ukjend plass»,  - «i limbo».

Forfattaren av boka, Jan Alexander S. Brustad, knyter biletet til Dante:

«Sannelig befant jeg meg på kanten av dalen med den sørgelige avgrunn, som larmet sterkt av klager uten ende. Den var så mørk og dyp og tett av tåke, at samme hvor jeg stirret ned i dypet, så kunne jeg ikke skjelne noe.» (ii)

Ein slik introduksjon vekkjer og undring, i alle fall hjå meg. Kva er det forfattaren vil ha fram med dette sitatet? Er det at «dalen med den sørgelige klage», minner om nazistane sine dødsleirar? I så fall har Brustad rett:  Dei var eit sant «helvete» for dei som hamna der, enten dei hamna i krematoriet, eller var mellom dei få som slapp unna… 

Dei menneskja Brustad har valt å fokusera på gjennom 273 sider, levde bokstaveleg «på kanten» av avgrunnen. Ingen tvil om det. Der var mange som hjelpte til med å støyta desse ulukkelege ned «i avgrunnen» - enten motiveringa var ideologisk arisk eller truskap mot ein uvillig stat og ein rigid administrasjon.

Bilete eg tok av ein av illustrasjonane i Auschwitz
2. verdenskrigs holocaust

Ordet «holocaust», ser eg på internett, vert tillagt gresk opphav og refererer til ofring  der dyret vart heilt opp-brent. For meg har ordet opphav i dei jødiske brennoffera slik me finn dei omtalt i Mosebøkene. Etter at dei grufulle gjeringane til nazistane vart kjende, fekk ordet ei ny meining der det var menneske som vart brende. Det store fleirtalet av desse var jødar, rundt 6 000 000, men og andre «ofra» Hitler for å oppnå sitt ariske ideal.

Holocaust anno 2023

I dagens Israel vert uttrykket brukt om terrorangrepet 07.10.23. Den dagen vart 1195 menneske drepne, og mange både levande og døde, vart førde til Gaza som gislar hjå terror-organisasjonen Hamas og deira likesinna. Ein del av offera vart brende, nokre og levande slik nazistande gjorde det, men i det aller fleste tilfelle var det ikkje eit «holocaust» med eld. Men målet for ugjerningane var det same: - å drepa alle jødar og å skapa liding og gru. 

Står dagens jødar «på kanten av avgrunnen»?

Det som kanskje er mest skremmande i etterkant av 07.10.23, er det sterke anti-jødiske haldninga som har breidd seg, og den ukritiske og feilinformerande mengda av data som vert spreidd over heile kloden.

Høyrde i går kveld på ILTV ein forskar som hadde analysert BBC sin omtale av 07.10.23 og tida etter. Over 80 gonger hadde dei kalla Hamas for ei «motstandsrørsle». Tenkjer me på norsk krigssoge, hadde motstandsrørsla ein viss glorie sidan dei kjempa mot den tyske okkupasjonsmakta. Med denne ordbruken vert Hamas heltane og israelarane forbrytarane! Men, - var det eit bevisst ordval, eller berre serverte dei det Al Jazeera og Hamas-propagandistane sende dei?

Eg trur personleg ikkje at NRK er så mykje betre – eller rettferdigare - i sin omtale av Israel og jødane. Men det skal eg ikkje seia så mykje om. Om du har fylgt med på bloggen min, veit du at eg kutta ut NRK for lenge sidan. På meg verka det som Yama Wolasmal og dei andre såkalla «midtausten-spesialistane» driv anti-israelsk propaganda. Kanskje dei har kontaktar og venner mellom dei BBC kalla «motstandsrørsla»? Eg fekk i alle fall nok av NRK si anti-israelske haldning og kutta ut alt bortsett frå «Vestlandsrevyen»!  

Mine nyheiter får eg frå internettet. Israel-info får eg gjennom «Jerusalem Post», ILTV på engelsk, CBN News, "Jerusalemdateline" og andre.

Detalj frå tysk uniformshue utstilt i Auschwitz
NRK bør gravleggjast NO!

Tanken var visstnok ein gong at NRK skulle gjeva folket sann og politisk nøytral informasjon og kunnskap. Om det har vore tilfelle nokon gong, kan eg ikkje uttala meg om. Frå eg vart så stor at eg fylgde med, - og det var i Gerhardsens glanstid, har mediet vore først og fremst venstresida i norsk politikk, og dei radikale kreftene sitt talerøyr. 

Eg sit og skriv dette 1. mai. 

Dagen i dag skulle vore feira med ærleg arbeid og innsats i fokus, - og relatert til rettferdig lønn for utført arbeid. Men eg treng ikkje gå til NRK for å vita at i dag vert propalestinske og anti-jødiske / anti-israelske utsagn og parolar publiserte både i 1.maitoga landet rundt, - og i statsmediet.

Nei, fri oss frå NRK! Lat landet vårt få nøytral informasjon og kunnskap utan jøde- og Israels-hat! Og om NRK sine «Midtausten-medarbeidarar» (iii) skulle verta arbeidslause, kanskje Al Jazeera finn plass til dei? 

Synest du eg bør gjeva meg no?

Du har rett!   

Eg vonar å skriva bloggar i vekene framover, men er litt usikker. Fekk som julegåve ein tur til Toledo av nokre som visste eg var interessert i området der mykje jødisk kunnskap var samla etter at Jerusalem var øydelagt i år 70, etter år 133, og fram til utvisinga av jødane frå Spania i 1492.

Eg vonar turen kan gjeva både meg og lesarane mine litt tankearbeid frå det eg får oppleva og læra der nede.

--------------

(i) Jan Alexander Svoboda Brustad: «I limbo. Norge og de jødiske flyktningene 1933-1945», Cappelen Damm AS, Oslo 2023.

(ii) Dante Alighieri, italiensk middelalderforfattar og poet, mest kjend for «Den gudommelege komedie» som kom ut i 1321. Sitatet er teke frå første delen av verket, «Inferno» eller på norsk: «Helvete».                                                                                                                                                  

(iii)  Eg set «Midtausten-medarbeidarar» i hermeteikn for slik eg lærde dei å kjenne då eg såg NRK, var eg aldri i tvil om kven sine «medarbeidarar» dei var. Det var ikkje jødane eller Israel sine!!!!!

Bileta har eg teke sjølv

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.