søndag 26. mai 2024

 Eit umenneskjes død

Skjermdump frå

https://www.nrk.no/urix/vraket-av-helikopteret-til-irans-president-er-funne-1.16889150

I dag tidleg, 20.05.24, fekk verda vita at Irans president, Ebrahim Raisi, hadde omkome i ei helikopter-ulukke i fjella på grensa til Aserbajdsjan. Han, utanriks-minister Hossein Amir-Abdollahain og ei rekkje andre hadde vore og delteke i opninga av eit damanlegg Iran og Aserbajdsjan har bygt i lag. Dårleg ver, skodde og vanskeleg terreng gjorde leitearbeidet vanskeleg, men no har mannskapa kome til staden, og der var ingen overlevande.

Skjermdump frå

https://idag.no/slakteren-fra-teheran-skal-na-styre-iran/19.36626

Ebrahim Raisi vart president i 2021, 63 år gammal. I tida som president vart han kalla «den usynlege presidenten» fordi ayatolla Ali Khamenei hadde den reelle makta i landet. Etter ulukka vart kjend, har Khamenei sagt at «landet vil verta styrt som før».  Som venta, har visepresidenten overteke, og etter loven skal landet ha nyval innan 50 dagar.

Ebrahim Raisi var justisminister i ei årrekkje, men hadde lite formell utdanning. Han hadde problem med tal og med å lesa og skriva. 1980-åra var han med i den såkalla «påtale-komiteen» som dommar. Då vart tusenvis politiske fangar mishandla, torturerte og avretta. Dei fleste av desse høyrde til den politiske venstresida. Det er skrive at mange av dei hadde sona lange straffer og stod for tur til å verta lauslatne, men vart avretta for at dei ikkje skulle få spreia sine sosialistiske idear i det iranske samfunnet. Raisi fekk i den tida tilnamnet «Slaktaren frå Teheran». (i) Så langt me veit, har han heilhjarta støtta Khamenei si undertrykking innanlands, og oppbygginga av terrororganisasjonar med mål å øydeleggja Israel og drepa jødar, utanlands.

Kondolansar

Det har kome kondolansar frå mange land, og då særleg frå dei som har stått nært Iran politisk, til dømes Russland og Kina. Hamas har og kondolert:

«Hamas deler sine «dypeste kondolanser og medfølelse» med ayatollah Khamenei, iranske myndigheter og det iranske folk etter «dette ufattelige tapet». Hamas hyller Irans ledelse for bidraget i krigen mot Israel, og føler seg samtidig trygge på at Iran vil klare å komme seg gjennom tapet av presidenten.» (ii) 

Noregs utanriksminister, Barth Eide, sende straks ( i dag 20.05.24) kondolanse på våre (= Noregs) vegne: «– Vi kondolerer alle de berørte etter den alvorlige helikopterulykken som kostet livet til Irans president og utenriksminister, deres følge og mannskapet. Våre tanker går til de etterlatte, sier utenriksminister Espen Barth Eide i en epost til kanalen». (iii) 

Skjermdump frå Bergens tidende, Eide kondolerer etter helikopterulykken der Irans president mistet livet (bt.no)

 

Tenk om han hadde vore like snau i snuen 07.10.23, den gongen han motsette seg at kongen vår skulle få uttrykkja si sorg over terroren Hamas og Islamsk Jihad utførde i Sør-Israel? Eller var «Slaktaren frå Teheran» som arbeidde i kulissane bak 07.10.23-åtaket så uendeleg mykje meir verdifull for Bart Eide og regjeringa enn dei fleire tusen jødane som vart drepne, mishandla og / eller bortførde den dagen?

Ulike reaksjonar

Etter det eg ser på internett, er reaksjonane på ulukka svært delte og går frå den svartaste sorg til overstrøymande glede. Også iranarar busette i Noreg jublar.

I iranske media er både USA og Israel peikte ut som skuldige for ulukka, noko som begge nektar for. Og ut frå det som har kome fram med uveret dei tre helikoptera flaug inn i på heimvegen, ser det ut til at også iranske styresmakter seier det var årsaka. 

Eit annan spørsmål er om ulukka vart arrangert av personar i Iran. Den 85 år gamle Ali Khamenei slit med alvorlege helseproblem, og mange har sett på Raisi som den som ville få Khamenei sin rolle når hans tid var over. Men det er snakk fleire mot-kandidatar til stillinga. Den mest aktuelle er Khameneis eigen son, den 55 år gamle Mojtaba Khamenei, men der er og andre. Kanskje ulukka var arrangert – i god Putin-stil?

Blomster er viktige også når nokon døyr
Og min reaksjon på alt dette ?

Midt oppi informasjonen om ulukka og dødsfallet, stogga eg opp og prøvde å analysera min eigen reaksjon. Gjev denne ulukka grunn til glede, eller, som Barth Eide, gjeva grunn til å kondolera «alle de berørte» (iv) kven no det måtte vera?

I tankane mine dukka det opp eit salmevers:

            Gud er nådig, han vil ikke
            noen synders dom og død.
            Han vil hjelp og redning skikke
            når du er i sjelenød.
            La deg intet mere smerte,
            gi du Gud ditt bange hjerte,
            ta til deg det ord du lærte:
            Gud vil ingen synders død!

Denne salmen skreiv M.B. Landstad i 1861, og han påpeikar den viktigaste sanninga i heile Bibelen. 

'Profeten Esekiel, som talerøyr for Gud (Adonai) skreiv: «Skulle eg ha hugnad i at den gudlause døyr? seier Herren Herren. – Trur de ikkje eg heller vil at han skal venda om frå vegen sin og leva?»  (Esek 18, 23).

Paulus skreiv om Gud til den unge Timoteus: «han (Adonai) som vil at alle menneske skal verta frelste og koma til å kjenna sanninga.» (1.Tim 2, 4).

Peter skriv at Gud er tolmodig «for han vil ikkje at nokon skal gå fortapt, men at alle skal koma til omvending (2. Pet 3, 9).

Blomsten til mandeltreet vitnar om liv og framtid

Guds vil altså at alle menneskje skal bli frelst. Det inkluderer Putin, Raisi og Khamenei - og -  deg og meg!
---------------
PS. Dette blogginnlegget skreiv eg tidleg i veka fordi eg skal reisa vekk nokre dagar. No, på onsdag  (223.05.24), då eg gjer innlegget klart til søndag, høyrer eg at Noreg har godkjent ein palestinsk stat midt i Eretz Israel. 

Israel har kalla ambassadøren sin heim. Ambassadøren har sagt at Noreg har vorte eit av dei mest antisemittiske og jødefiendlege statane i verda!  Dette får eg koma tilbake til ved eit anna høve….

................
(i) Sjå elles:  https://www.tv2.no/nyheter/utenriks/irans-president-og-utenriksminister-dode-i-helikopterstyrt/16697752/

(ii) Kopiert frå:  https://www.tv2.no/direkte/jpybz/siste-nytt/664ae471c3659962661d8e98/hamas-kondolerer-etter-president-raisis-dod-et-ufattelig-tap

(iii) Kopiert frå:  https://www.nrk.no/nyheter/barth-eide-om-helikopterstyrten_---sjokkert--1.16889668

(iv) Kven er desse «berørte» og / eller «etterlatte»? Slektningane av Bart Eide sine politiske meiningsfeller som Raisi bokstaveleg «slakta»? Er det Israel og jødane som frå 19.05.24 har ein mektig fiende mindre? Eller Hamas? Eller berre nær familie til dei omkomne, og ingen andre?

Merk: Bibelsitata er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve. Blomsterbileta er mine eigne og er tekne i Israel.

Det er ikkje lov å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


søndag 19. mai 2024

 Om fridom og frigjering

Nesten alle land i verda har ein nasjonaldag, og som alltid, kan me finna informasjon om dette på internett. Der står mellom anna at desse datoane ofte er knytte til viktige hendingar i nasjonane si soge. Dette stemmer i alle fall med dei tre landa eg kjenner meg særleg knytt til.

Yom Ha’atzmaut
Skjermdump frå Jerusalem Post

Israels nasjonaldag var i år den 14. mai, til minne om den dagen då Israel «vart fødd på nytt». På deira kalender skjedde det den 5. Ijar i året 5708. Som i så mange land, er denne dagen kalla «Frigjeringsdagen» - «Yom Ha’atzmaut» på hebraisk. I år vart nasjonaldagen feira med «sordin» (i) då landet er i krig i Gaza og i grenseområda mot Libanon. 

FNs generalforsamling vedtok 29. november 1947 at det engelske mandatområdet skulle delast i «en uavhengig jødisk stat, en uavhengig arabisk stat, og en internasjonal sone rundt Jerusalem». (ii) Jødane godtok denne delingsplanen, men ikkje arabarane endå dei hadde fått Jordan som utgjorde størstedelen av det området som var lova jødane i Balfourerklæringa! I 1948 erklærte så Ben Gurion staten Israel, og arabarane gjekk med ein gong til krig mot landet. Det er denne krigen som framleis pågår….. 

Som truande ikkje-jøde, reknar eg Israel som «mitt åndelege heimland». (iii) Med den situasjonen som både Israel og verda står midt oppe i, har eg full forståring for den stille markeringa av landet sin 76. gebursdag. På linje med andre som trur på Abrahams, Isaks og Jakobs Gud, ber eg stadig for Israel og for jødane.  Full utfriing og fridom ligg hjå den Gud (Adonai) som baud Esekiel profetera over «dei døde beina» som låg spreidde utover i dalen. (iv)

«Dia de la Independencia».

Om lag 1/3 av livet mitt har eg butt i Paraguay i hjarta av Sør- Amerika, så det er mitt andre heimland. Dei har og sin «frigjeringsdag» - «Dia de la Independencia», i mai. Eigentleg feirar dei to dagar, for det var på natta mellom 14. og 15. mai 1811 at den spanske guvernøren vart tvinga til å gjeva frå seg makta. Paraguay vart dermed ein fri og sjølvstendig stat. 

Skjermdump frå

https://ipparaguay.com.py/dia-de-la-independencia-del-paraguay/

Etter at spanjolane hadde fått fotfeste i det som no er Argentina og Buenos Aires, segla dei opp elva Paraguay og fann fastbuande indianarar. (v) Spanjolane greidde å dominera desse (mest guaraniar), og fekk dermed tilgang på mat og kvinner. Det vart avgjerande for at dei slo seg ned og vart opphav til blandingsfolket eller «paraguayarane» som folket til vanleg vert kalla.

Buenos Aires måtte forlatast på grunn av matmangel og fordi spanjolane ikkje greidde å dominera dei nomadiske indianarane på pampasen. Det spanske koloniveldet i Sør-Amerika vart langvarig. Dei første som braut med Spania og fekk sin fridom, var Paraguay i mai 1811, så Venezuela i juli same år.
Då eg kom til Paraguay i 1970, var militærparaden den store hendinga. No er det meir folkefest med store talar og aktivitet for og med born og ungdom, slik ein frigjeringsdag bør ha det.

Slik såg det ut her i området i dag...
17. mai

Det er sagt at barnetoget i Oslo på 17. mai er nokså unikt internasjonalt sett. Her vart tradisjonen med folkefest og opptog forsterka etter at landet hadde vorte fritt i 1945. Sidan dette er det landet der eg vart fødd, har denne feiringa vore ein del av livet mitt frå eg var bitte liten. Då far min var lærar og skulestyrar, var det heilt naturleg at heile familien var engasjerte både i førebuingane og festen.

I dag, eg sit og skriv dette 17. mai, vaiar flagget fritt og fint framfor huset mitt, omkransa av blomster og skog. Her er steikjande sol og sommar å rekna. Nesten for varmt til å bruka bunad, men bunadskledde folk er det over alt både her, på bileta i media og i dei frå familien min rundt om i landet.

Eg kan hugsar år då me gjekk gjennom bygda og leitte etter bjørk med «musøyre» til portal på skuleplassen! Skilnaden frå då til dagen i dag, er enorm, enten det er resultat av generell oppvarming av kloden, eller eit produkt av klimatiske og naturlege svingingar. Ikkje veit eg.

Men det åndelege klimaet i Noreg har vorte kaldare, - til Israel og jødane, og til den Gud som er opphavet til den freden me kan nyta i Noreg i dag. Tenk berre på det 7. verset Bjørnstjerne Bjørnson skreiv i "Ja, vi elsker":

                                        Norske mann i hus og hytte, takk din store Gud!
                                        Landet ville han beskytte, skjønt det mørkt så ud.
                                        Alt hvad fedrene har kjempet, mødrene har grett,
                                        har den Herre stille lempet, så vi vant vår rett.

Norske jødar

Offisielt skal me ha rundt 1500 jødar i Noreg. Mange av dei kjenner seg som «norske» og har gjennom åra vore med i feiringa av 17. mai og elles. Det har dei all grunn til, trass i at Noreg på sin fridomsdag 17.mai 1814 grunnlovsfesta utestenging av jødar. 

Då Noreg skulle «stå på eigne bein» og berre ha konge saman med Sverige, mangla den norske regjeringa pengar til betala skulda si til den danske statskassen med. Som så mange kongar og regjeringar i Europa, gjekk dei då til jødane og bad om hjelp! Landet vårt fekk lån av firmaet C.J. Hambro og Søn i København. Då firmaet sin representant, Joseph Hambro, etter loven ikkje fekk koma inn i landet, vart forhandlingane førde i Svinesund, - i Sverige!

Dette var i utgangspunktet tenkt som ei kortvarig kriseløysing, men norsk økonomi var for dårleg til å betala det landet var skuldig. Då var hjelp frå dei danske jødane avgjerande for landet si framtid, og dei overtok mellom anna fleire norske statslån.(vi)

Seinare har norske jødar spelt viktige rollar både i norsk politikk, kulturliv og økonomi. Me som nordmenn står i skuld til personar som Hambro, Benkow med fleire, men dette har dei fleste nordmenn visst gløymt.

Faksimile frå Dagbladet "Dagen" 15.04.24

Med den sitjande regjeringa sin Israel-politikk, og med eit land der jødehetsen florerer både på universiteta og i gatene, har norske jødar liten grunn til å feira 17. mai. Dei kan heller ikkje kjenna seg trygge i dette landet der dei fleste av dei er fødde og oppvaksne!

Burde me feira 17. mai med flagget på halv stang?

---------

(i) «Sordin» er brukt på stryke- og blåseinstrument for å dempa lyden.
(ii) Sjå t.d. Opprettelsen av staten Israel – Store norske leksikon (snl.no) i avsnittet «Opprettelsen av staten Israel».
(iii) Joh. 4, 22 siste del.
(iv) Esek. 37.
(v) Dei dyrka mais og manjokk som treng frå 3 månader til 1 år for å verta ferdige til hausting. Dermed bygde indianarane landsbyar så dei kunne vakta og ta vare på åkrane sine.
(vi) Dette vert omtalt på side 54 i Oskar Mendelsohn si utruleg grundige bok: «Jødenes historie i Noreg gjennom 300 år». (Forlaget Press. Uten år og utgjevingsstad)                 

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.