![]() |
Sjølv gamle plantar spirar... |
I skulen lærde me om verb, og då først og
fremst hovudtidene fortid, notid og framtid. Fortida var eit uendeleg spenn av tid, bakover. I
daglegtalen delte me så fortida i «då-tid», men det hadde ikkje grammatikken
fått med seg. Men alle lagar me «då-tid» med «Den gongen då….» for å visa til ei
visst tidspunkt eller ein kortare
periode av fortida. Slik slepp me dra med oss alle tusenåra frå Adam. Det
er det snart 6000 år sidan, seier jødane. Dei fleste andre plussar på nullar
etter nullar til det går heilt rundt for ein stakkar.
Så gammal som eg no er, ville det kanskje vera
naturleg å vera mest oppteken med fortida, - den gongen alt var «så mye bedre».
Men der er eg ikkje komen, endå. Trur eg. Om eg lever så lenge, står det att å
sjå.
Til no har dagane kome og gått utan at eg har lagt merke til dei store forandringane.
Om dei omkring meg har merka noko, har det i alle fall ikkje ført til «påtale».
Så langt eg hugsar.
Men noko dukka gong på gong opp i tankane mine under
koronatida, skreiv eg sist. Tanken kom utan at eg bad han inn, men han vart
verande månad etter månad. Ubedt jamstilte han «dåtida» – koronatida - med «fortida»
for rundt rekna to tusen år sidan.
![]() |
Men helst vil me vera i "full blomst"! |
Vår venstrevridde statskanal fanga inn heile
hylekor frå Tromsø i nord til Kristiansand i sør. Alle ville gå konkurs og til
grunne personleg og økonomisk om ikkje dei fekk halda pubar, barar og andre
serveringsstader ope så lenge som råd, og framfor alt servera den etterlengta
alkoholen folket måtte ha. Det var som livet ikkje var verdt å leva utan.
Hadde koronaen vore som ei vanleg influensa,
hadde eg sikkert ikkje tenkt meir på det, men temaet kom opp att og oppatt
gjennom bortimot to år. Aldri har media og venstrepolitiske ytringar minna så
mykje om «hakk i plata» som i koronatida. Sektorar innan underhaldning og
servering fekk plass og vart påtenkt store hjelpepakkar av staten sine
oljepengar. Det var der media – og opposisjonen – sette fokuset. Dag etter dag,
veke etter veke, månad etter månad.
Om det hadde eksistert, ville eg gjerne lese ein
statistikk over kor mykje både pengar, plass og tid i media underhaldnings- og
utelivsbransjen fekk jamført med aktiviteten i kyrkjer og bedehus, inkludert hjelpearbeid
i innland og utland. I mine auge må det vera som å samanlikna ein elefant med
ei mus. Elefanten er så tung at han trakkar musa flat som eit frimerke om han
får ho under foten, og det trur eg så gjerne denne «elefanten» og hadde gjort
om han kunne!
Men er elefantar er redde mus! Det har eg
høyrt, men kva veit eg som nordmann om det? Derimot veit eg at mus er kvikke og
ikkje lette å fanga. Det same kan me seia om det manglande fokuset kristne forsamlingar
og hjelpeorganisasjonar fekk under pandemien både frå staten og NRK. Trass
minimal merksemd på vanskane koronatida skapte i samband med kristent arbeid,
lever det vidare i beste velgåande. Drivkrafta i det er ikkje avhengig av
staten eller oljefondet, men Gud og dei som lever med Ham.
Eg trur at media og særleg venstresida i det
politiske miljøet som NRK representerer, gjorde dette bevisst. Den nye
regjeringa som fekk oppgåva med å føra landet tilbake til normalen, gjer sitt beste
for å neglisjera kristent liv og –arbeid, i tillegg til å motarbeida kristne
initiativ i skule- og helsesektoren, og særleg på område innan etikk og moral.
Men det får eg koma tilbake til under «Brød og sirkus»…..
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar